Jolehelsing 2020

Slekt, vener og kjende,

Solsnu er refleksjonen si årstid. Det er tid for årsoppgjer, rett og slett.

For meg har dette vore eit veldig spesielt år. Jordboka II kom i mars. 400 deltakarar frå 16 land kom til lanseringsseminaret. Verdas fremste på det regenerative feltet innleia. Strålande seminar og fantastiske tilbakemeldingar. Boka har fått særs gode meldingar. Som tilfellet er med den første Jordboka, har også denne selt i fleire tusen eksemplar.

Men eg har i inneverande år også for alvor fått kjenna på kor ekstremt regressivt og endringsvegrande delar av det såkalla «tradisjonelle» landbruksmiljøet kan vera. Og kor sterke verkemidlar ein er villig å ta i bruk for å stansa annleistenkjande. Delar av hausten gjekk bort i sjukdom som følgje av til dels alvorleg hets.

Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Tida heime har vore nytta til å ta fram att ein gammal hobby, til intensiv utforsking av regenerative dyrkingsteknikkar i hagen, og til å skriva to bøker. Den eine vart ei ebok om naturnært hønsehald, den andre vart Kompostboka. Om å byggja natur. Denne siste har vore planlagd og etterspurt lenge, og kjem ut på eit nytt stort lanseringsseminar – Kompostfest 2020 – i mars.  Bloggtekstar har det også blitt fleire av. I joleutgåva lanserer eg biokratiet som styresett. Komposten har no over 300 000 lesingar og over 200 000 lesarar. Dette er inspirerande tal for ein blogg med til dels «tunge» filosofiske tekstar.

Eit anna høgdepunkt i år har vore oppstarten av vårt nye høgskulestudium i regenerativt landbruk. Dette er unikt i Skandinavia. Det første kullet med studentar er verkeleg ein engasjert og flott gjeng. Til hausten blir heile bachelorgraden vår lagt om i regenerativ retning.

Når det gjeld Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), vert denne lagt ned ved nyttår. Eller, for å seia det litt mindre dramatisk, me endrar organisasjonsform frå samvirkeselskap til sjølveigande stifting. Frå 01.01.20 heiter me Høgskulen for grøn utvikling (HGUt). Det er eit namn som langt betre reflekterer kva me arbeider med.

2020 blir veldig spennande for oss, og det er ein samla gjeng som står klare med oppbretta ermar for å setja endå større fart på arbeidet for grøne verdiar og eit regenerativt framtidssamfunn.

No ser eg fram til nokre rolege dagar her heime, dagar som mellom anna skal nyttast til å plukka ut bilde til den komande Kompostboka. Gode samtalar og turar med familien blir det og.

Eg og Anne-Mette er jo til vanleg aleine i huset no, men heile familien er heldigvis samla i jola. Nevø Per Sveinung er på plass frå Stord slik han pleier, og borna, Mikkjell og Maia, er gjeninstallerte i sine respektive barnerom. Båe har eigne bustader og båe har kjærastar, men det er veldig kjekt at dei framleis prioriterer å halda jol med foreldra (og alle våre firbeinte og fjørkledde husdyr – hundar, katt, gjess og høns).

Takk for godt samvær (reelt og virtuelt) i 2019, ei retteleg God Jol! til dykk alle, og aldri gløym verdien av det kritiske og nyskapande blikket på verda!

Beste helsing

Dag Jørund m fam.