Den aller viktigaste naturkampen blir ikkje kjempa

Av prof. Dag Jørund Lønning

Dette er første artikkel i serien Nødvendige steg på vegen mot Grøntida. Den omhandlar sjølve naturomgrepet, og syner korleis den snevre og reduksjonistiske forståinga av natur, fullstendig dominerande innanfor politikk, forvalting og faktisk også naturvernsarbeid, opnar for storskala og vedvarande nedbygging. Alternativet blir også introdusert: natur kan ikkje reduserast. Den er ramma for alt liv. Når menneske øydar natur øydar me like mykje for oss sjølve som for alt anna levande.

I mi nyaste bok, Andre Losebok. Det såande mennesket, viser eg korleis fundamentalt naturstridig materialistisk verdidyrking, og tilhøyrande praksisar, er dei grunnleggjande årsakene til dei mange krisene me no står overfor. Men også at det finst alternative verdisett som kan omdanna arten vår frå brutalt naturøydande til produktiv og byggjande innanfor naturen sine rammer. I Losebøkene utgjer desse kontrastane Skamtida og Grøntida.

Forfattaren med fleirårig bladkål dyrka i skogkanten.

At menneskeverda er kulturelt konstruert og at desse konstruksjonane styrer dominerande perspektiv, verdidefinisjonar og dermed handlingar, er knappast reflektert i miljøkampen i dag.

Så lenge denne grunnleggjande refleksjonen manglar kjem me ikkje vidare. Dei reelle, grunnleggjande problema vert ikkje adresserte. Me vert verande i putlete og inkjeverkande grønvasking og/eller rein symbolpolitikk.

«Me må jo ta natur»

Politikaren, utbyggjaren, og representanten for næringslivet seier alle det same: «Me må jo ta natur for å utvikla samfunnet vidare!» Påstanden står u-utfordra i Skamtida. I den grad protestar i det heile kjem, handlar det om kva område som er best eller verst eigna til å byggjast ned, ikkje om påstanden eller premissen for den.

Dette er i seg sjølv symptomatisk for den ekstremt standardiserte og standardiserande Skamtida, tidsalderen for den «frie» forbrukaren, han og ho som kan velja mellom minst 19 ulike kulørar på mobilcoveret, og til og med ei rad ulike mønster på toalettpapiret, men som er fullstendig ute av stand til å sjå at det å velja eit liv utanfor og bortanfor masseforbruket er fullt mogleg. Skamtida er tidsalderen når ingen etablerte sanningar om forholdet vårt til naturen, og difor heller ingen maktposisjonar og -basar, blir utfordra.

I røynda er politikarpåstanden over ei ekstrem fallitterklæring. Den uttrykkjer rein gjenskaping og er ei total avvising av menneskeleg kreativitet og av at alternativ i det heile finst. Slik var det og slik blir det, seier politikaren. Naturnedbygging til evig tid.

Slik vart skamtidsmennesket – homo messis, den reindyrka materialisten og Haustaren – det truleg første vesenet i planethistoria som gjorde øydelegging av eige livsgrunnlag til føresetnad for eiga utvikling. Med det me no veit om kva artar som varer ved over tid, nemleg dei som er best på samarbeida og samspela med andre artar, er det ingen grunn til å tru at eit slikt uhyre paradoksalt vesen kjem til å eksistera særleg lenge..

Antroposentrisk etikk og reduksjonistisk naturforståing utgjer ein dødeleg kombinasjon

Problemet er at den nemnde politikaren, samt dei to næringskumpanane hans, ikkje ser slik på dette. Eg har hatt nokre samtalar med slike, og funne at dei ikkje meiner å gjera noko etisk problematisk i det heile uansett kor mange bulldosarar og dynamittGubbar dei sender ut i skog, fjell, myr eller hei. Dei ser rett og slett ikkje natur som føresetnad for menneskelivet. Kjekt å tusla tur i på søndagen, kan hende (om ein no interesserer seg for slikt), men sjølvsagt langt mindre viktig enn full fyr i kapitalismen, asfalt, betong, raskare vegar og fleire og større næringsområde.

Absurd, ja, men på ein snever måte har dei sitt på det tørre. For dette handlar om dominerande kulturelle konstruksjonar av oss og verda rundt oss. Og ikkje minst om etikk; kven eller kva som er innanfor og utanfor det etiske universet.

I røynda er det to uhyre reduksjonistiske konstruksjonar som her blir kombinerte. To konstruksjonar som høver saman som hand i hanske og som effektivt opnar for masseutrydding av naturmiljø og artar.

Etikken her er klassisk antroposentrisme, fullstendig dominerande i lang, lang tid. Mennesket er etikken sitt subjekt. Det ikkje-menneskelege ligg derimot utanfor det etiske feltet. Mennesket står over både anna liv og over leveområde og har all rett til å hausta, byggja (ned), kontrollera og styra for å fremja eigne mål.

Naturomgrepet som blir nytta, natur som det motsette av kultur/det menneskepåverka, er også veldig gammalt. Det går tilbake til ei tid der natur var noko ukjent, uendeleg stort og ukontrollerbart, og i tillegg fullt av farlege skapningar. Til ei tid der menneska var få, spreidde og gjerne gøymde bak høge murar. Natur blei konstruert som noko anna, som noko der ute og der borte. Noko ein kunne gå fysisk inn og ut av.

Desse to konstruksjonane bana veg for massekolonialisering. Som heva over og plassert utanfor naturen låg planeten klar for å bli erobra. Og det gjorde Homo Messis så til dei grader. Havet, fjella, skogane, vassdraga, heiane, og alt det andre som måtte vera av naturlandskap fall. Eitt etter eitt blei dei  brende ned, sprengde, bulldosiserte, asfalterte, pløgde, gravne opp og gravne bort.

 

Dette skjer mange, mange stader samstundes. Skog og myr må vika for dynamitt og gravemaskin. Ofte små stykke i slengen, men til saman blir det enorme areal. Og naturen stoppar endå litt meir opp..

Norge byggjer ned meir natur pr innbyggjar enn noko anna land i Europa

Dette er ikkje berre ei historie om fortid. Den er vel så mykje om s(k)amtid. For nedbyggingsfarten går ikkje ned. Den går opp. Her heime og der ute. Ja, hjå alle dei som dyrkar same antroposentriske natursyn og etikk. Og det gjer dei som har makt i dag. Noreg er blant dei aller «flinkaste» i klassen. Få eller ingen byggjer ned så mykje natur pr innbyggjar og så fort som oss. Næringslivstalspersonen heiar det fram, entreprenøren tener seg søkkrik på det (slå gjerne opp i skattelistene i kommunen din og sjekk i kva ende av skalaen naturøydeleggjarane blant oss legg seg), og maktpolitikaren godkjenner direkte eller dispenserer for dei eventuelle lovparagrafar som måtte stå i vegen. OG strør på store mengder med sand.

Skal dynamitt og bulldosar haldast borte trengst ein raudlisteart eller to..

Den vedvarande masseøydinga er mogleg fordi dette same arkaiske og ekstremt snevre natursynet ligg til grunn for plansystemet i Skamtida. Natur er ikkje overordna føring. Tvert om. Den er redusert til ei av tre, oftast konflikterande, interesser i sekkeposten «LNF-område». Eg skriv konflikterande, for dagens dominerande/konvensjonelle land- og skogmisbruk er av dei praksisar som øydar aller mest natur. Og «friluftsliv», slik dette vert praktisert i Skamtida, handlar i stor grad om «tilrettelegging». Om grusvegar med god breidde og ikkje for kraftig stigning, samt masse benkar og bord, grillplassar og gapahukar (Tipps: Eg kjem snart med ein artikkel om indignerte hundeeigarar som reagerer på manglande offentlege bossbøtter og renovasjonsteneste i myr, skog og fjell, og som derfor heng plastposen med hundeskit i eit tre i staden..). Kjekt for dei som elles ville slite med å koma seg rundt og for oss som vandrar mykje, men særleg positivt for medskapningane våre kan det jo knappast seiast å vera.

Og medan både L’en og F’en i LNF-kategorien er svært så godt representerte med tunge interessegrupper med direkte tilgang til makta, er N’en fullstendig urepresentert og dermed heilt avhengig av at spesielt engasjerte og dedikerte menneske snakkar for seg (denne utfordringa kjem eg tilbake til i ein annan artikkel i same serie).

Som om ikkje dette var nok, er det i ettertid innført ei rad planindikatorarar som gjer det mogleg å kategorisera og rangera dei «naturområde» som måtte vera att, slik at landskap som kan byggjast ned utan for store konfliktar kan tydeleg identifiserast. Omgrepet «sårbar natur» er eit av fleire døme på slike indikatorar. Har det aktuelle arealet spesielle eller sjeldsynte naturtypar eller enkeltartar, rykker det oppover på lista over område som ikkje bør takast. Dette skjer då på kostnad av andre naturareal som ikkje kan skilta med slike spesialitetar. Her kan t.d. raudlistene koma inn som den avgjerande tyngda på vektskåla i arealsaker. I valet mellom to økonomisk rimeleg likestilte potensielle trasear for den nye, «uhyre nødvendige motorvegen», skal ein i prinsippet velja den der det ikkje hekkar hubro eller veks huldrestry. Slike argument, altså det å halda fram enkeltartar eller sjeldsynte naturtypar, blir også nytta aktivt av natur- og miljøvernorganisasjonar i enkeltsaker. Det er både trist og paradoksalt at både naturnedbyggjar og naturvernar på mange vis argumenterer utifrå det same snevre natursynet.

Naturomgrepet som i dag dominerer i politikk og forvalting er direkte feilaktig og fangar ikkje opp den reelle grunnen til at natur ikkje skal byggjast ned

«Kjekt med tydelege retningsliner» tenkjer kanskje både politikaren, planleggjaren og forvaltaren. Og det er det sikkert. Problemet er likevel at denne reduksjonistiske tilnærminga er milevis frå å fanga opp kva fenomenet natur eigentleg er og kvifor den ikkje bør byggjast vidare ned i det heile – sjølv der hubroen ikkje hekkar.

Ein liten omveg først: Tilbake i mine tidlege dagar som antropologistudent raste det ein viktig fagdebatt. Den klassiske antropologien blei skulda for å eksotifisera. «Butterfly collection» vart nemninga på det å reisa rundt og «samla på» framande og meir eller mindre eksotiske skikkar og folkeslag. Omgrepet som kom i staden, eit omgrep som har vore viktig for meg i heile mi etter kvart lange forskarkarriere, vart «experiments in living». Her står det fellesmenneskelege i fokus. Den dominerande vestlege levemåten, forbrukarsamfunnet, er berre ein av veldig mange moglege.

Det er på skyhøg tid at den same kritikken blir retta mot måten me forstår natur og forholdet vårt til den på. Altfor lenge har «butterfly collection»-tilnærminga (eller «frimerkesamlartilnærminga») fått dominera. Me reiser svære distansar og trampar rundt i flokk for å registrera og dokumentera sjeldsynte artar og konsentrerer stort sett all vernekamp om landskap der desse sjeldsynte oppheld seg («sårbar natur»). Dette kan vera vel og bra. Våtmarker med storsalamander skal sjølvsagt bevarast, men det betyr på ingen måte at våtmarker utan dette amfibiet er mindre viktige.

I den grad natur «er» noko, er dette produserande samanhengar, samspel og samarbeid. Det viktigaste er likevel kva natur gjer. Ikkje berre for sjeldsynte artar, men for alt levande på planeten. Oss sjølve inkludert. Natur kan best skjønast som eit enormt verdi- og meiningsproduserande nettverk, der enkeltindivid og artar utgjer små og litt større nodar. Kvar einaste node har roller. Den vesle jordbakterien eg studerer i mikroskopet mitt er oppteken av å skaffa eit utkome til seg og sine, ja, men samtidig utfører den oppgåver (omdanning av organisk materiale frå det daude til det levande) som alt anna liv er heilt avhengig av.

Naturleg utvikling er å finna si eiga skapande rolle. Dei artar som gjer det varer ved, dei som ikkje gjer det forsvinn. Kvar nettverksnode er del av motoren i den einaste evigheitsmaskin me kjenner til, den levande naturen. Når artar og leveområde blir øydelagde blir motoren svekka. Livsnødvendige prosessar, som t.d. fangst og lagring av det karbon framtidslivet skal veksa fram frå, går seinare eller stoppar til og med opp. Alt levande blir skadelidande. Det er dette som no er i ferd med å skje, både lokalt og globalt.  Dei menneskeplanta skogane, som er totalt dominerande i dag, lagrar knappast karbon i det heile. Naturen er rett og slett i ferd med å stenga ned. Konsekvensane av dette kjem til å bli brutale.

Naturnedbygging er så til dei grader å saga av greina ein sit på. Kvar einaste kvadratmeter som blir øyda er eit nytt tak med saga. Den kortsiktige skamtidsgevinsten, endå eit nytt kjøpesenteret og/eller endå ein ny motorveg, kjem komande generasjonar av liv, menneskeleg og anna, til å måtta betala ein skyhøg pris for. Eventuelt vern av såkalla «sårbare område» gjer heller ingenting for å vega opp for skadegjeringa så lenge nedbygginga av område som blir definerte som «mindre sårbare / ikkje-sårbare» held fram. Natur kan ikkje reduserast til verken sjeldsynte artar eller spesielle biotopar. Den kan ikkje reduserast i det heile. Den er livsgrunnlaget vårt.

Ein kan ikkje trø ut av naturen. Ein er alltid midt i

Ikkje noko levande vesen kan trø ut av naturen, og det uansett kor mykje dette vesenet konstruerer eller kulturaliserer falske avstandar. Ein er alltid midt i den. Og fullstendig avhengig av den. Den kartesianske dualismen, den det dominerande reduksjonistiske naturomgrepet til sjuande og sist byggjer på, er grunnleggjande falsk. Ikkje berre er me, på eit overordna nivå, heilt avhengige av at naturen får gjera den vedvarande fornyingsjobben den skal gjera, me er natur. Kroppane våre er dekka av livsnødvendige mikroorganismar. Utanpå og inni. Slik det er også for alle andre levande vesen på planeten. Plantar, dyr, amfibiar, fiskar, fuglar og insekt. Me er i nettverket og me er nettverket.

Dette er det ekte naturomgrepet, og Grøntida oppstår først når mennesket byrjar å handla utifrå denne kunnskapen. Når me sluttar å øyda. Når me blir bidragsytarar. Når me blir samspelarar, samarbeidarar og samanhengsbyggjarar. Det etiske oppi dette er også krystallklart: Mennesket har aldri blitt tildelt noko overordna rolle i naturen. Det «eigarskapet» me praktiserer over areal og anna liv er tilrana.

Sjølvsagt går det an å byggja velfungerande menneskesamfunn utan å øyda natur

Losebøkene utviklar dette ekte, holistiske naturomgrepet vidare til å bli både lokalsamfunn, næring og politikk. Desse bøkene er eit forskingsprosjekt i seg sjølv: Går det an å byggja eit velfungerande og produktivt menneskesamfunn utan å øydeleggja natur? Etter to bøker er svaret eit rungande JA! Ikkje berre går det an, det samfunnet som veks fram innanfrå naturen er eit langt rikare samfunn. Rikare på verdiar, på glede, på samvær og samspel, på kreativitet og nyskaping, på moro, på nærdyrka mat, på energi. På alt det som betyr noko.

Neste gong du høyrer politikarar seia at «me må jo ta natur for å utvikla oss vidare» eller «me skal verna om sårbar natur»  – les:  «ikkje-sårbar natur» kan byggjast ned – så PROTESTER! Det kan godt vera at den som vil verna om det «sårbare» har dei beste hensiktene av desse to, men båe predikerer, årsak at eg seier det, i røynda vrøvl.

Følgjande setning dukkar opp i prologen i Andre Losebok. Det såande mennesket, og blir ein slags premiss for boka: Det menneske har skapt kan menneske endra. Skamtida og alle krisene som følgde av denne oppstod fordi mennesket konstruerte seg sjølv som over og utanfor naturen. Denne konstruksjonen MÅ rekonstruerast. Og det hastar.

Steg 1 mot Grøntida er kampen for å løfta natur frå særinteresse og sekkepost til det den eigentleg er: sjølve ramma for menneskelivet og menneskesamfunnet. NATUR SKAL IKKJE BYGGJAST NED!

Punktum.