Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB).

Han har ein dr.philos – grad i prosessfilosofi / antropologi frå NMBU (2007), og ein cand.polit. i sosialantropologi frå UiB (1994).

Han har arbeidd som forskar, forskingsleiar og leiar ved fleire norske forskingsinstitutt. Dei siste åra har han også vore knytt til EU-kommisjonen som ekspert på landbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og kulturarv.

Lønning har skrive ei lang rekke bøker og artiklar om det skapande mennesket, om forholdet mellom menneske og mold, og om det å utvikla garden og bygda nedanfrå.

Lønning vart kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og Årets bygdeprofil i 2015. Både i 2015, 2016 og 2017 stod han på Nationen og Bondebladet si liste over «Dei 100 mektigaste i norsk landbruk».

Han vaks opp på garden Lønning på Stord. Far var potetbonden og foredragshaldaren Per Lønning, og mor, Selma, var ein av pioneerane både lokalt og nasjonalt i bygdekvinnelags- og husflidslagssamanheng.

Saman med kona Anne-Mette og dei to borna Maia og Mikkjell har han opp gjennom åra drive som småbrukar både på Sotra i Hordaland, i Kviteseid i Telemark og i Skaun i Sør-Trøndelag. Dei seinaste åra har det vesle som er av fritid vore nytta til å drifta ein to måls staude- og kjøkenhage sør på Jæren.

ENGLISH:

Dag Jørund Lønning is Professor of Innovation and Rural Development and Rector at The Norwegian University College for Agriculture and Rural Development (HLB).

He is doctor of anthropology and process philosophy, and has worked as researcher, research leader and leader at several Norwegian research institutions. He has also been connected to the EU Commission’s research and entrepreneurship programmes as expert, mostly within the fields of agriculture, rural development, cultural heritage and entrepreneurship/innovation.

Lønning has written more than 10 books and a range of articles on bottom-up development, rural development,  entrepreneurship and on the multifaceted relations between humans and soil. The last few years he has worked intensively on the development and innovation opportunities linked to the new knowledge on the Living Soil, and his book on this issue has become a bestseller in Norway.

Lønning was Rural Blogger of the Year in 2014, Rural Name of the Year in 2015, and he has been, as one of few researchers, on the list of the “100 most influential persons in Norwegian agriculture” for the last three years.

He grew up on a small farm on the Norwegian West Coast. With his own family he has been running several small farms, and is now running a food garden in the agricultural region of Jæren.