Stad: Bryne Mølle

Tid: Laurdag14 mars 2020, kl. 10.30 – 16.00

Det postmoderne bruk-og-kast-samfunnet må avviklast. KOMPOSTFEST 2020 feirar det som må koma i staden; det kompostmoderne framtidssamfunnet der mennesket byggjer og fornyar natur framfor å øydeleggja den.

Ordet kompost kjem frå det latinske componare, og tyder å setja saman på nytt. I Jordboka og Jordboka II viser prof. Dag Jørund Lønning vegen til den kompostmoderne framtida – tida når det meste må setjast saman på nytt. Ikkje minst mennesket sitt forhold til naturen. Dominans og øydelegging må erstattast med samarbeid og gjenoppbygging.

14 mars kjem Lønning med ei ny bok om dette nødvendige paradigmeskiftet. Kompostboka. Om å byggja natur er både ei praktisk retta bok om kompostering og bruk av kompost i hage og åker, og ei bok om det å finna meining og livsglede i den natur me alle har tett på oss.

Det å kompostera er verdfullt i seg sjølv, og samtidig eit uttrykk for den rolle mennesket må ta i naturen i framtida. Mennesket, hevdar Lønning i boka, kan bli ein aktiv naturbyggjar.

I samband med utgjevinga, arrangerer Høgskulen for grøn utvikling KOMPOSTFEST 2020 i Bryne Mølle. Arrangementet blir ei storstilt feiring av både naturmangfald, naturnært jordbruk, kompost/kompostering og sirkulærøkonomi.   

Innleiarar

Dag Jørund Lønning

Professor Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for grøn utvikling, innleiar om det naturbyggjande mennesket. Han går gjennom ulike måtar å kompostera på, og viser gjennom dei korleis denne nesten magiske praksisen opnar dørene både for ei skapande rolle for mennesket i naturen og for ei fortsett grøn framtid. Undera og mirakla si tid er så definitivt ikkje forbi, skriv Lønning i boka, det er berre me som må læra oss å sansa dei.

Kompostboka. Om å byggja natur er Lønning si tredje om korleis menneske kan spela på lag med det fantastiske livet i matjorda i naturnær matproduksjon og kamp mot naturmangfaldstap og klimaendringar. Dei to første, Jordboka og Jordboka II, har båe blitt storseljarar i Noreg, og Lønning har halde fleire hundre svært godt besøkte foredrag om livet i molda dei siste åra. Han vil i si innleiing trekkja vekslar på alle dei tre bøkene.

Richard Perkins

Samspel med naturen sine produktive krefter, kan gje eventyrlege avlingar. Regenerativ, naturbyggjande, dyrking, er eit fantastisk columbi-egg: ved sida av å dyrka mykje mat fangar ein karbon og byggjer mold, natur og liv.

Richard Perkins er truleg den som har kome lengst i Skandinavia på dette feltet. På sitt regenerative småbruk i Sverige (med grønsaker og kjøttproduksjon), oppnår han ei økonomisk verdiskaping pr arealeining som er heilt i verdstoppen. Med kompost, men utan pløying, sprøyting og gjødsling. Og det i eit klima som berre gir rom for nokre få månaders aktiv drift pr år.  

Perkins har skrive fleire internasjonale bestseljarar om høgproduktivt regenerativt landbruk, han er svært populær i sosiale media, og i tillegg ein ettertrakta foredrags- og kurshaldar. Gled deg, for no kjem han til Bryne! I foredraget sitt fortel han om korleis aktivt samarbeid med naturen – inkludert produksjon og bruk av kompost – er sjølve kjernen i suksesshistoria Ridgedale Permaculture.

Margunn Ueland

Margunn Ueland si inspirerande forvandling av ein keisam og gjengrodd leikeplass i Stavanger til eit fruktbart, og etande, grønt paradis, har gjort henne til den truleg mest følgde norske hagebrukar i sosiale media i dag. Boka Margunns kjøkkenhage har blitt svært så populær, og det same er Ueland sine fargerike og praktisk orienterte foredrag.

Margunn får fram store mengder grønsaker, pluss urter, bær og frukt i hagen sin. Dette utan å bruka korkje kunstgjødsel, sprøytemiddel eller sekkevis med torv. Og med minimalt med graving. Metodane har ho lært av naturen, det er derfor dei funkar så bra! Sjølvsagt handlar det om kompost…Her blir det mange gode tips å få med seg!

Opning av konferansen

KOMPOSTFEST 2020 blir offisielt opna av fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chessak (AP).

Kan me opna porten til den naturnære, kompostmoderne framtida?

Stand/utstillingsplass

Det vil bli sett av rikeleg areal til stands og utstillingar frå bedrifter og frivillige organisasjonar som arbeider med tema som kompostering, naturnær hage- og jordbruksdrift, resirkulering og gjenbruk, natur- og miljøvern.

Bedrifter og organisasjonar som ønskjer standplass, kan ta kontakt med Høgskulen for grøn utvikling på post@hgut.no for vilkår og bestilling av plass.

Logistikk

Bryne Mølle ligg i Reevegen 1, i enden av Storgata i Bryne sentrum (mot M44). Det er under 10 minuttars gange frå jernbane/togstasjon. Det går flybuss frå Sola til Bryne (Jaerlines), og Bryne ligg langs Jærbanen mellom Egersund og Stavanger. Toga frå Oslo og Kristiansand stoppar også på Bryne.

Det er rike høve til overnatting på og rundt Bryne.

Signering av bøker

Forfattaren signerer bøker i pausane mellom innlegg, og vil også stå på stand og svara på spørsmål om kompostering og naturnær dyrking.

Billettar

Inngang kr 549,- per person. Billett inkluderer lett lunsj.

Billett kjøper du her.