Om skurkar og planteheltar i nitrogenørkenen

Av Prof. Dag Jørund Lønning

Eit industrielt jordbrukslandskap er eit uhyre goldt landskap. Naturen sine produktive prosessar er sette ut av funksjon gjennom intensiv mekanisk og kjemisk jordarbeiding. Det grøne me ser er i røynda ein slags illusjon. Produsert av store mengder mennesketilført nitrogen.

Meldestokken har blitt framstilt som skurk, men er i røynda det motsette. Den veks der den veks grunna menneskeskapt nitrogenoverskott og er del av naturen sitt oppryddingsvesen.

Nitrogenureining i naturen er den «nye» framveksande globale krisa. Den som kjem på toppen av og forsterkar alle dei me kjenner frå før. Som dei er den menneskeskapt, og som dei skuldast den i all hovudsak eit groteskt og naturfiendtleg jordbrukssystem, der det å produsera med liv og levande jord blir underlagt same økonomiske system som det å masseprodusera daud materie.

To tredelar av nitrogenet “forsvinn”

Mest ufattelege mengder nitrogen blir tilført industrielt drivne jordbruksareal kvart år, også her i Noreg, og berre ein tredel av dette blir teke opp av plantane. To tredelar (!!) går ut i naturen. Dette overskottsnitrogenet er drepen for liv i vatn og vassdrag, det utryddar planteslag etter planteslag, det tek knekken på insekt- og dyreliv, og det har ein øydeleggjande effekt på mikrolivet i molda.

I lang tid har enorme offentlege midlar blitt nytta til å subsidiera innkjøp og tilførsle av kjemisk nitrogen. Dette skjer framleis. Som om nitrogenkrisa ikkje eksisterer. Seinast i fjor vår gjekk store milliardbeløp som tilleggssubsidiar til bøndene her i landet grunna høge gjødselprisar internasjonalt. Både landbrukspolitikk og landbruksorganisasjonar har omfamna det kjemiske nitrogenet.

Frå subsidiering av nitrogengjødsling til det motsette

Denne offentleg finansierte miljøøydelegginga møter no endeleg motbør. Fleire og fleire kunnskapsmiljø peikar på behovet for drastisk reduksjon i nitrogentilførsla i landbruket. Det har og kome forslag om å snu subsidiane på hovudet: Der du lenge vart subsidiert for å gjødsla med nitrogen, skal du no subsidierast for å fjerna den. Ein eigen skatt på nitrogen (slik det no er på CO2) er andre forslag.

Slike snunadsframlegg er uttrykk for at fleire og fleire no ser at industrilandbruk og storskala kunstgjødselproduksjon ikkje er svaret på noko som helst. Ikkje er det produktivt (sett i høve til innsatsfaktorane), ikkje er det robust, og effektane på både naturen og lokalsamfunna er katastrofale.

På jobb for Mor Natur

Tilbake i vandringa mi i nitrogenørkenen ser eg brått at Mor Natur ikkje er fullstendig utslått likevel. Med sitt enorme tolmod prøver ho å bøta på nok eit menneskeskapt miljøproblem. Landskapet framfor meg består av hundrevis av mål med prikk like salathovud, men inne blant dei har det dukka opp store mengder av ein skapning som nok i utgangspunktet er lite velkomen i monokulturelle jordbrukskrinsar.

Ja, ikkje i hagekrinsar heller, forstår eg når eg slår opp for å lesa om meldestokk på Hageselskapet sine heimesider.

Her les eg følgjande: «Meldestokk trives på … næringsrik jord; særlig om den er gjødslet og nitrogenrik. Planten er et plagsomt ugress på åpen jord, … da den tapper jorda for store mengder næringsstoffer».

Meir antroposentrisk, menneskeorientert, enn dette blir det ikkje. Og meir går det knappast an å misforstå naturen.

Nei, molda eksisterer ikkje for mennesket sin del. Den er sjølve livet si kjelde, og me har ikkje meir rett på den enn det andre artar av levande har. Og nei, meldestokken er slett ikkje ein «tjuv» som stel næringsstoff den ikkje har rett på. Som alle grøne plantar driv den fotosyntese og tilfører betydelege mengder med karbon til molda. Den har også ei kraftig pælerot som sprenger opp pakka jord (les: industrilandbruksjord). Men endå viktigare i denne samanhengen: Den veks der den veks på grunn av store mengder med overskottsnitrogen, og den tek opp veldig mykje av dette nitrogenet. Utan den ville nitrogenureininga frå den monokulturelle salatproduksjonen blitt endå verre enn det den er. Den er, med andre ord, del av Mor Natur sitt ryddevesen. Slik høymola, neslene, og mange fleire med dei, er det. Ein finn dei knappast «ute» i naturen. Ein finn dei der menneske har snudd opp-ned på molda, pakka den med svære maskinar, og/eller tilført den store mengder kjemikaliar og gift.

Naturinnsikt

I mi siste bok, Første Losebok. Naturanto, introduserer eg omgrepet naturinnsikt. Det handlar om evna til å «lesa» og fortolka naturen, og om å bli del av Mor Natur sine produktive prosessar. Den med naturinnsikt skjønar at ein åker full av meldestokk i røynda er naturen som ropar til oss og innstendig oppmodar oss til retningsskifte. Skal me som art ha noko von om å koma oss slik nokolunde heilskinna gjennom Katastrofetida som ligg føre, treng mange fleire menneske mykje meir naturinnsikt.  

Industrilandbruket og monokulturane, derimot, høyrer heime på historia sin skraphaug, i avdelinga for «Særs øydeleggjande og farlege utviklingsidear».