Møt homo satorem, det såande mennesket
Boka som filleristar s(k)amtida og snur opp-ned på forholdet mellom menneske og natur er no ute
Me lever midt i ei akselererande global naturkrise. Artar og mangfald døyr ut i rekordtempo. På dei siste 50 åra er 73% av våre viltlevande medskapningar borte, melder WWF. Og
likevel held nedbygginga av natur fram, både heime og ute. Men kva ville skjedd om me ikkje lenger fekk lov til å øydeleggja natur? Ville samfunnet, slik me kjenner det, ha kollapsa totalt?
«Tvert om», seier professor Dag Jørund Lønning med den nye Andre Losebok. Det såande mennesket, «me ville faktisk kunna levd både betre, rikare, friskare og, ikkje minst, langt meir kreative liv».
Me har grodd fast i eit mønster som burde vore skrota for lenge sidan, hevdar forfattaren. Tidsalderen han kallar «Skamtida» er tidsalderen når mennesket løyser alle oppgåver motsett av naturen. Som om naturnedbygging er svaret på absolutt alt.
Skamtida er ein keisam og gold tidsalder der verkeleg nyskaping er fullstendig fråverande. Flokken vandrar kvilelaust i den evige rundkøyringa. Politikk er rein gjenskaping. Det er ingen nye idear. Ingen nye initiativ. Det er alltid berre meir og meir (eventuelt litt mindre) av akkurat det same, og det i eit stadig større tempo. Og alltid er det naturen som står i vegen. Alltid er det naturen som taper.
Men mennesket må ikkje vera ein øydeleggjar. Liv kan levast svært annleis og langt meir meiningsfullt. Med bokserien Losebøkene er det nettopp dei reelle utviklingsalternativa Lønning ønskjer å løfta fram. Og det før det er altfor seint: Mennesket treng ikkje vera ein passiv kopimaskin. Kva er poenget med kreativitet om ein ikkje brukar den?
I Andre Losebok. Det såande mennesket legg han fram eit nytt og radikalt annleis verdiskapingsprogram, eit program for å skapa det me treng av verdiar og byggja gode lokalsamfunn utan at dette går på kostnad av medskapningar og deira leveområde. Boka utviklar eit breitt sett av verktøy og praksisar for korleis menneske – som enkeltpersonar, lokalsamfunn, kommunar, nasjonar og menneskeætt – kan gjera den produktive naturen til viktigaste allierte og samarbeidspartnar.
I fleire generasjonar har skamtidsmennesket levd haustande. Det har teke oss til kanten av stupet. Men kva om me vender om og lever såande i staden? Då er ikkje mennesket lenger ein øydar, men ein byggjar. Andre Losebok. Det såande mennesket syner korleis dette skiftet kan skje.
Grøntida kallar Lønning tidsalderen der mennesket går frå haustande og øydande til såande og byggjande, altså til ein nyttig art i naturen. Lesaren blir teken med til den lystige Grøntidsgrenda, eit norsk kystsamfunn der innbyggjarane møter utfordringa å skapa verdiar utan å øyda natur med både glede og verkelyst. Det lokale vaknar til live att ettersom ein oppdagar at alt det ein treng i røynda finst tett på.
«Å skriva fram eit verkeleg naturnært menneskesamfunn har vore svært gjevande, fordi eit slikt samfunn i langt større grad kan gje det lokale, meiningsfulle og tett-på-natur-livet veldig mange menneske eigentleg vil ha», fortel forfattaren. «Fleire og fleire er trøytte, slitne og leie av vedvarande masseforbruk. Av stress, angst, kriseredsle og kjensle av å aldri strekkja til. Det er nettopp dette som gjer at Grøntida framleis er mogleg. Mange menneske er klare for djup og grunnleggjande endring».
Boka fekk si nasjonale lansering i Kulturhuset på Stord laurdag 14 mars. Under dyktig, sildahovudspelande, programleiing av eldstebror Kjell Lønning blei det ein flott ettermiddag.
Ei rekkje grøne organisasjonar hadde stand, og Dag Jørund Lønning blei bokbada av spesialrådgjevar i grøn omstilling ved UiB, Jane Jünger. Etterpå heldt han foredraget «Kvifor blei mennesket ein naturøydeleggjar, og korleis kan me bli det motsette?».
Eit sentralt tema i føredraget og i Losebøkene er dette: Det menneske har skapt kan menneske endra. I Skamtida bøyer ein seg i støvet for den dominerande makta sine kulturelle konstruksjonar: «Vekst», «framsteg», «utvikling», «nedbygging», «den heilt nødvendige motorvegen», «den heilt nødvendige skulenedlegginga», «den heilt nødvendige opprustinga og krigen», «den heilt nødvendige kyllingfabrikken», osv., osv. osv. Naturen sine grenser, derimot, betyr lite eller ingenting. Dei kan når som helst brytast.
Slik grev ein raskt og effektivt si eiga grav.
Mellom linene i Andre Losebok kan ein lesa følgjande: Det herskande skamtidsmennesket er både det minst intelligente og det farlegaste vesenet som nokosinne har sett sine føter på planeten vår.
Og nei!, ingen kjem til å endra for oss, me må endra sjølve! Som verdas fremste (og einaste) rockeband frå Grøntida, HinmannFråHel, seier i første låta på albumet Grøntidsrock.
Me treng absolutt alle på lag i overgangen frå ein naturøydande til ein naturbyggjande menneskekultur. I overgangen frå Skamtida til Grøntida.


likevel held nedbygginga av natur fram, både heime og ute. Men kva ville skjedd om me ikkje lenger fekk lov til å øydeleggja natur? Ville samfunnet, slik me kjenner det, ha kollapsa totalt?

