Frå rørsle til sekt? Om «norsk landbruk» ved inngangen til eit nytt tiår

Eit «norsk landbruk» som kan definera kjærleik til jord, natur og dyr som «landbruksfiendtleg», har gjennomgått ei svært alvorleg degenerering. Etisk, moralsk og kunnskapsmessig, så vel som i forholdet til naturen.

Av prof. Dag Jørund Lønning

Eg har vore knytt til jordbruket store delar av livet. Til naturen og kulturen rundt garden. Oppvekst, ungdomstid, studietid, og familieliv på 3 småbruk og 1 minibruk. Forsking, utvikling og publisering av artiklar, bøker, kronikkar og bloggar for levande bygder, for fleire bønder, for vern om livet i molda og for betre velferd for husdyra våre. Eg har alltid brent for jordbruket, for bygda og for garden sin rolle som produsent av bygde-/kulturlandskap og stadleg trivsel. Det har vore ein livslang kjærleik.

Dei siste to åra har eg også skrive to bøker om den fantastiske matjorda, Jordboka og Jordboka II, bøker som har opna opp det rike og verdfulle molduniverset for eit allment publikum i Norge. Bøker som har selt i mange tusen eksemplar.

Eg har hatt år med rike opplevingar og møte med fantastiske menneske i bygd og by.

I haust opplevde eg likevel noko heilt nytt. Noko mykje mindre hyggeleg. Eg opplevde sjikane, hets og trakassering. Til og med å bli kalla «landbruksfiendtleg». Av personar som er høgt på strå i det som i dag titulerer seg sjølv som «norsk landbruk». Kvifor? For å ha gjort, sagt og stått for det eg har gjort, sagt og stått for sidan eg begynte å delta i den offentlege debatten om landbruk for 25 år sidan. For å ha uttrykt meir eller mindre nett det same som eg har uttrykt i meir enn tusen foredrag: nemleg at naturen, trivselen og hendene i molda må stå i sentrum i jordbruket, ikkje maskinane og kjemien. Me må samarbeida med naturen, ikkje kjempa mot den. Eit landbruk som utarmar natur, er eit landbruk som utarmar menneskesamfunnet og alt anna levande.  

Dette har alltid vore mi historie. Eg har fortalt den over heile landet, og veldig mange av tilhøyrarane opp gjennom åra har vore jordbrukarar med heilt andre driftsopplegg. Det var aldri eit problem før. Eg kan ikkje hugsa negative tilbakemeldingar. Verken frå bønder eller andre. Før no dei siste to åra. Og særleg no i haust.

Eg vaks opp med, og har heile livet prøvd å formidla, at jordbruk er og må handla om noko langt meir enn dei uhyre få tinga i tilværet som kan teljast, vegast og reknast.

Mangfald var ein sentral del av det norske landbruket. Mangfald i produksjonar, driftsmåtar, storleikar, haldningar. Eg vaks opp med, og har heile livet prøvd å formidla, at jordbruk er og må handla om noko langt meir enn dei uhyre få tinga i tilværet som kan teljast, vegast og reknast.

Far min, bonden, var potet- og grønsakdyrkar, historietolkar, eventyrforteljar, poet, forfattar, kvardagsfilosof og kunstnar. Garden var bakteppet for alt dette. Eg vaks opp med Vinje, Vesaas, Garborg, Olav H. Hauge, og ei lang rekke diktarar, forfattarar og filosofar som også hadde garden som utgangspunkt og basis for tankeverksemd og ideutvikling. Frå dette rike samspelet mellom menneske og natur som ein gard kan vera, vaks det fram ei radikal, nyskapande verd, ei verd tufta på kreativitet og store visjonar om kva mennesket ein gong kunne bli.

Frå mi tidlege småbrukartid hugsar eg ei lang rekke landbruksmøte prega av Vømmøl og allsong, av økofilosofering, diktdeklamering (det meste på sparket) og lange ideologiske utvekslingar. Dette var møte utan ein einaste referanse til verken traktorar, robotar eller mangeskjærsplogar. Fokuset var i staden på mennesket og naturen, på interessa for og kjærleiken til dyra. Det var debattar om alternative samfunnskonstellasjonar, om grøn utvikling, om «utkantproletarar» og om «jamvektssamfunn». Store idear, levande engasjement.  

Det er djupt sjokkerande å oppleva kva heilt sentrale delar av «norsk landbruk» har avvikla seg til. Borte er songen, filosofien, diktinga, visjonane, dei levande bygdene. Berre tonnasjen og kunnskapen om den er tilbake.

Med dette rike kulturelle mangfaldet som bakteppe, er det djupt sjokkerande å oppleva kva heilt sentrale delar av «norsk landbruk» har avvikla seg til. Borte er songen, filosofien, diktinga, visjonane, dei levande bygdene. Berre tonnasjen og kunnskapen om den er tilbake.

Det Norske Akademis Ordbok definerer ordet degenerere på følgjande måte: «utvikle seg til det verre sammenlignet med foregående generasjoner; miste sin arts, sin slekts eller sitt biologiske opphavs verdifulle egenskaper i løpet av utviklingen». Eit «norsk landbruk» som kan definera kjærleik til jord, natur og dyr som «landbruksfiendtleg», har gjennomgått ei svært alvorleg degenerering. Etisk, moralsk og kunnskapsmessig, så vel som i forholdet til naturen.

Korleis er dette i det heile mogleg? Me kan sjølvsagt trekkja fram ein landbrukspolitikk som over ei lang rekke år no har premiert den som i størst mogleg grad har behandla liv som om det var daud materie; altså overført den industrielle gjenskapingsmodellen til forvaltinga av den levande molda. «Rasjonalisering» (tidenes eufemisme??) har ein kalla det: ein politikk som har premiert store bruk og store avstandar, avstandar både ned til molda og til nærmaste foredlingsanlegg.

Men politikk er langt frå einaste forklaringa. Det filosofisk og økologisk fokuserte jordbruket eg skildra over var ei rørsle. Ei rørsle har eit mål. Gjerne eit mål om endring. Det kan handla om rettar for ulike grupper i samfunnet, om naturvern, eller, som i dette tilfellet, om samfunnsendringar som i større grad løftar opp og fram det naturnære og rike livet på garden og småbruket. Eit heilt sentralt kjenneteikn på ei rørsle er at den er retta utover. Den ønskjer å veksa. Den vil ha fleire eigne medlemmer, men den søkjer også alliansar med menneske og grupper som deler det same verdigrunnlaget. Ei rørsle som skal veksa, må opna for mangfald. Mangfald av idéar, samt mangfald av enkeltmenneske og grupper som meir eller mindre deler den same målsetjinga. Me ønskjer oss alle til Rom, og dit går det, som kjent, veldig mange vegar. Dess fleire vegar me held opne, dess fleire kjem og fram.

Det eg har møtt har vore noko heilt anna. Noko innsnevra, visjonstomt, kunnskapslaust, usakleg, mørkt, brutalt og destruktivt. Noko som ønskjer å trampa på mangfaldet, på det som er nytt, på det som er annleis.

Men det er så definitivt ikkje ei rørsle eg har møtt i haust. Ikkje ein positiv, utoverretta organisasjon med ønskje om å veksa. Det eg har møtt har vore noko heilt anna. Noko innsnevra, visjonstomt, kunnskapslaust, usakleg, mørkt, brutalt og destruktivt. Noko som ønskjer å trampa på mangfaldet, på det som er nytt, på det som er annleis. Noko som ønskjer å riva deg ned, skada deg eller i beste fall latterleggjera deg Noko som primært går til åtak på deg som person og lar saka liggja. Noko som trivst langt betre med å bryta ned andre sitt enn med å byggja opp sitt eige.

Då talar me om ei sekt. Ei sekt er på mange vis det motsette av ei rørsle. Den har ingen spesielle ønskje om å veksa. Fokus er innover, ikkje utover. Mangfald er problem, ikkje løysing. Ordet sekt har to opphav. Det eine handlar om å følgja ein doktrine, det andre om å dela opp og snevra inn. Begge er gode skildringar av kva ei sekt er. For sekta er det viktige å forsvara dei etablerte sanningane, doktrinane. I dette tilfellet dei som seier at den «innovative bonden» (ja, eg har også blitt skulda for ikkje å ha «respekt for innovative bønder») er den som følgjer doktrinen fullt ut (blir endå større, med endå meir av den nyaste effektiviseringsteknologien). «Innovasjon» blir altså oversett med å gjera endå meir av det du gjorde i går, i førgårs og i fjor.

«Me har ikkje val», er eit favorittuttrykk innanfor jordbrukssekta/-sektoren, «me berre bli større», «me berre bli færre», og «me berre ta i bruk den til ei kvar tid nyaste og mest effektive teknologien».

Eit anna kjenneteikn på ei sekt er at dess færre ein blir, dess meir doktrinær blir ein. Jordbruket har gått frå over 150 000 gardsbruk i drift i 1970, via 75 000 i år 2000 til kanskje under 40 000 i dag. Ein skulle tru at denne massive avviklinga og nedgangen skulle utløysa handling for å snu trenden, for å rekruttera fleire. For å opna opp. Men dette siste skjer berre innanfor meir «usentrale» delar av «norsk landbruk». Den offisielle responsen er den same som den har vore i lang tid no. Ein vil halda fram med å «løysa» problema ved hjelp av dei tiltak som i utgangspunktet skapte problema. «Me har ikkje val», er eit favorittuttrykk innanfor jordbrukssekta/-sektoren (orda sekt og sektor har same opphav), «me berre bli større», «me berre bli færre», og «me berre ta i bruk den til ei kvar tid nyaste og mest effektive teknologien». Ein ser på menneskeskapte sanningar som om dei var naturlover, og framstiller mennesket, det einaste reelt veljande levande vesenet på denne planeten, som om det var fullstendig viljelaust og vallaust. Dette har ein gjort i fleire tiår, og no endå meir enn nokon sinne. Dess færre ein vert, dess færre vil ein verta.

Det ligg i sekta sin natur at den går mot all verkeleg nyskaping, altså verdiendringar og endring av overordna målsetjingar. I kampen mot det nye, sluttar ein i staden rekkjer. Det blir etter kvart stadig lågare under taket, og «overløparar» blir i aukande grad frosne ut og/eller trakasserte. Innanfor nokre sekter kan den sosiale kontrollen tendera til det ekstreme. Det blir så lågt under taket at dei kritiske røystene meir eller mindre forstummar heilt. Det må krypast på magen og kviskrast i krokane.

Det blir så lågt under taket at dei kritiske røystene meir eller mindre forstummar heilt. Det må krypast på magen og kviskrast i krokane.

Eit like sikkert kjenneteikn på ei sekt er konstruksjonane av «den andre». Igjen er det store skilnader til rørsla som organisasjon. Det som skil den som er innanfor ei rørsle frå den som er utanfor, er sakleg usemje. Dei som er innanfor deler sentrale verdiar og målsetjingar. Dei som er utanfor ikkje. Enkelt og greitt. Men slik er det ikkje i ei sekt. Sakleg usemje forvitrar og fiendebildet veks fram i staden. Ein fokuserer på den andre sine «vonde» intensjonar. Han og ho blir «fiende». Det blir viktigare å ta mannen enn ballen fordi «den andre» er ute etter å ta/skada «oss». Og «gjev me han litlefingeren, så…».

Diverre så florerer denne typen sekterisk konspirasjonsretorikk i dagens «landbruksdebatt». I kommentarfelta i sosiale media, vår tids spybøtte, boblar det rett og slett over til tider. Men også blant ein del (det finst heiderlege unnatak) såkalla «kommentatorar» i sentrale landbruksmedia (media som kjem ut under ulike namn, men som blir produserte under same tak i Oslo og som alle er eigd av same konsern). Det går knappast ei veke utan at ein eller fleire av desse nyttar tildelt spalteplass til å rakka ned på og latterleggjera menneske utanfor sekta som uttrykkjer meiningar som ikkje høver 100% med sekta sine. Slikt fører sjølvsagt til mykje jubel blant eigne (stadig færre) medlemmar, men ein vekststrategi er det så definitivt ikkje..

Miljøvernarar er veldig populære skyteskiver. Det er trist å observera korleis det som ein gong var ein endringsproduserande allianse mellom jordbrukarar og miljø-/dyrevernarar, i staden har utvikla seg til ein djuptgåande, alvorleg konflikt.

Når ein samanfattar sakene og les samtidskommentarane, verkar det heller som om det er miljø- og dyrevernarane som også har skulda for dei katastrofale falla i talet på bønder og gardsbruk. Knapt nokon får så mykje spye som desse.

Ein gong var jorbruksrørsla sin hovudmotstandar alle dei økonomiske, politiske, miljørelaterte og sosiale prosessar og strukturar som har kasta næringa inn i tilsynelatande evig nedgang. Arbeidet innanfor rørsla handla om å produsera alternativ, finna nye vegar som kunne snu nedgang og pessimisme til framgang og optimisme. Då var miljørørsla ein heilt naturleg alliert. Sjølv om ein ikkje er heilt samd om alt, så deler ein sentrale målsetjingar. Brorparten av alle organisasjonar og menneske innanfor den norske miljørørsla ønskjer eit sterkt distriktslandbruk, langt sterkare og meir mangfaldig enn det me har no.

Dette alliansebyggingsarbeidet er likevel meir eller mindre usynleg i dag. Når ein samanfattar sakene og les samtidskommentarane, verkar det heller som om det er miljø- og dyrevernarane som også har skulda for dei katastrofale falla i talet på bønder og gardsbruk. Knapt nokon får så mykje spye som desse.

Og her me også ved ytterlegare eit karakteristisk kjenneteikn på sekta. Hovudfienden for sektmedlemmene er ikkje den ikkje-truande, det er den truande som ikkje er rett-truande. For den framveksande jordbrukssekta er det ikkje dei som vil kutta i overføringane til landbruket og setja endå større fart på nedleggingane ein går til åtak på. Ein går på dei som faktisk vil auka landbruksstøtta, som vil ha fleire hender i molda og ljos i fleire hus. Altså dei som arbeider for framtidsretta og heilt nødvendige endringar, m.a. ut i frå djup kjærleik til jorda og landbruket. Desse vert hovudfiendane.

Dette er uhyre trist, det er uverdig, og det er direkte framtidsøydeleggjande.

Sektifisering er ein gold og illeluktande rotningsprosess, styrt av ypparsteprestar med djup aversjon mot endring og det nye. Som organisasjonsform er sekta, p.g.a. forståingane og strategiane den nyttar, dømt til å bli stadig mindre. Mange forsvinn heilt. Slik kan det fort gå her også. Ideane sektmedlemmane forfektar er for lengst utgått på dato. Dei er også fullstendig i konflikt med dei store utfordringane i tida; akselererande klimaendringar og katastrofale naturmangfaldstap. Når industrilandbruk er ein av dei aller fremste årsakene, er ikkje meir industrilandbruk løysinga..

Sektifisering er ein gold og illeluktande rotningsprosess, styrt av ypparsteprestar med djup aversjon mot endring og det nye.

For å unngå medvitne misforståingar (ein av spesialitetane til trakasseringsklikken): eg seier definitivt ikkje at heile landbruket her i landet har blitt redusert til noko så innsnevra som dette. Det er framleis sterke motkrefter; menneske som evnar å løfta blikket og sjå større samanhengar. Eg trur så absolutt at desse endå er i fleirtal. Då hatkampanjen var på sitt aller verste tidleg i haust, fekk eg veldig mange hyggelege støttemeldingar frå bønder og småbrukarar over heile landet. Det får eg nesten dagleg også no. To tema går att. Det eine er oppmodingar om å halda fram arbeidet med å løfta fram den levande matjorda. Det andre er at ein tek sterk avstand både frå personåtak og frå det alvorlege åtaket på mangfaldet som sekta sine høgtropande talspersonar står for.

Måten maten vår blir produsert på, og naturen og landskapa våre forvalta på, er allmenne interesser. Dei vedkjem oss alle. Det er pr i dag eit ekstremt demokratiunderskott på mat- og jordbruksfeltet. Enorm makt er konsentrert på uhyre få hender. Dette er skummelt. Det er farleg. Og det må utfordrast.

Dette er i røynda ein verdikamp om korleis framtidslandbruket skal framstå og kor samfunnsrelevant det skal vera. Eg har ei sterk von om at motkreftene til den undergangsproduserande, men akk så dominerande, forteljinga om «færre og større for æve og all æve» blir meir synlege framover. Solidaritet og alliansebygging bør ikkje gå innover mot den snevre sekta, men utover i samfunnet. Måten maten vår blir produsert på, og naturen og landskapa våre forvalta på, er allmenne interesser. Dei vedkjem oss alle. Det er pr i dag eit ekstremt demokratiunderskott på mat- og jordbruksfeltet. Enorm makt er konsentrert på uhyre få hender. Dette er skummelt. Det er farleg. Og det må utfordrast.

Og det blir utfordra. For denne mørke og tragiske historia om organisatorisk degenerering og avvikling har ein motsats. Motsatsen er ei historie om håp og ljos, om regenerativ (fornyande) utvikling. Ei ny rørsle veks fram i samtida. Ei folkerørsle som sprenger både sektorar, sekter og landegrenser. Den blir skapt av menneske som vil ta tilbake den levande matjorda og bruken av denne frå reduksjonistisk industrialisering og multinasjonal utarming. Av menneske som ønskjer å drastisk kutta avstanden mellom den som dyrkar og den som et.

Denne rørsla er bygd på kjærleik. Til mold, til menneske, til natur, og ikkje minst til dei intrikate og mangfelte samanhengane mellom desse. På kjærleik til heilskap, rett og slett.

 Dei som byggjer den er jordbrukarar, hagebrukarar, miljømedvitne menneske generelt og elles «folk flest». Dei er born, dei er unge og dei er vaksne i alle aldrar. Dei er regenerative  gardbrukarar, dei er heimeforedlarar, dei plantar matvekstar i blomebedet, dei driv parsellhagar og andelsjordbruk, dannar marknadshagar og etablerer Reko-ringar.

Eg møter dei når dei kjem på besøk i hagen heime, når dei tek kursa eg tilbyr i regenerativ hagedrift. Eg møter dei når eg reiser rundt i landet og held foredrag om mennesket og molda, Dei er mange, og dei blir stadig fleire.

Me har ikkje tal for Norge, men om den same trenden er gjeldande her (alt tyder på det), så talar me om fleire hundre tusen nye jordbrukarar.  

I USA dyrkar kvar tredje familie no mat heime. Noko tilsvarande finn ein i England og Australia. Tala har stege rekordraskt, og held fram med å stiga. Me har ikkje tal for Norge, men om den same trenden er gjeldande her (alt tyder på det), så talar me om fleire hundre tusen nye jordbrukarar.  

Sett frå denne vinkelen, er «norsk jordbruk» difor i sterk vekst. Der sekta rotnar på rot, veks det i vår tid fram ei ny folkerørsle med basis i molda. Ressursane ein brukar er lokale, verdikjedane ein byggjer er også lokale. Dette er eit jordbruk som igjen byggjer lokalsamfunn, som skaper møteplassar mellom menneske. Og ikkje minst er det eit jordbruk som dyrkar store mengder mat. Denne dyrkingsforma kan vera så mykje som 15 gongar meir produktiv pr arealeining enn «tradisjonelle» gardsbruk, fortel FAO. Det kan produserast opptil 20 kg mat pr kvadratmeter. Dette er fascinerande høge tal. Og på verdsbasis? Vel, alt i 2011 antok Worldwatch Institute at denne raskt framveksande småskalasektoren stod for 15 – 20% av verda sin matproduksjon.[1] Veksten i dei åra som har gått etter dette, har truleg vore formidabel.

For naturen, molda, mennesket, trivselen, nærleiken og lokalsamfunnet. Mot framandgjering, klimaendringar og naturmangfaldstap.

Dei bønder som ikkje vil inn i sekta (eg både trur og vonar at det gjeld fleirtalet) kan finna uhyre spennande alliansepartnarar i denne framveksande mangfaldige småskalarørsla. Saman kan ein utgjera meir eller mindre fullverdige verdikjeder, og ikkje minst utvikla jorbruksuttrykk og praksisar som motiverer og inkluderer nye generasjonar. Matmakta kan takast tilbake. Får ein også miljørørsla med på laget, talar me om ei verkeleg storskalamobilisering. For naturen, molda, mennesket, trivselen, nærleiken og lokalsamfunnet. Mot framandgjering, klimaendringar og naturmangfaldstap.

«Norsk landbruk» er i ferd med å bli forandra frå det som var ei byggjande og open folkerørsle til å bli ei innsnevra, avviklande og destruktiv sekt. Ved å venda blikket utover mot dei nye dyrkarane, kan denne avviklinga nedkjempast og utvikling nok ein gong bli tema. I lokale verdikjeder og samarbeid med naturen sine produktive krefter ligg kimen til optimisme og eit landbruk som er attraktivt for nye generasjonar. Ja, til ei grøn framtid.

Den nye moldbaserte folkerørsla vil veksa vidare. Raskt. Det er no opp til landbruket om ein vil vera del av denne veksten eller om ein vil gå inn i sekta og venda ryggen til. I så fall vender ein også ryggen til framtida, dei unge og naturen.

Foto: Shutterstock og privat


[1] Ikerd, John, 2017: The Urban Agriculture Revival. Journal of Agriculture, Food Systems, and Community Development ISSN: 2152-0801