Det er på tide å fjerna «ugraset». Frå vokabularet, vel å merka
Om kvifor verkeleg plantevern er det motsette av «plantevern», og om kva ein tur i skogen lærte meg om skvallerkål
Av professor Dag Jørund Lønning
Å skulda på andre er noko me menneske gjer frå me er små. «Det var ikkje eg, det var han», ligg i veldig mange av oss. Det er likevel eit langt sprang derifrå til å skulda plantar for eigne synder og brotsverk mot naturen. Det er dette dei dominerande industrielle plantedyrkingsmiljøa og deira «kunnskapsleverandørar» gjer.

Forfattaren på eit areal med frøproduserande, fleirårige grønsaker. Desse plantane gjev mykje mat samtidig som dei aukar naturmangfaldet både oppå og under bakken. Ikkje trengst verken jordarbeiding eller kjemikaliepåføring.
Den svartelista ved turvegen
Denne teksten starta på ein av mine daglege morgonturar med hundane. Fuglar og plantar er alltid i fokus, og denne dagen såg eg ein plante eg ikkje har lagt så mykje merke til før, amerikahumleblom. Eg gjekk inn på mobilen for å lesa meir om den ganske så staselege planten og fann der at den er svartelista og sett som ein stor fare for naturmangfaldet. Eventuelle innsamla plantedelar bør også til næraste avfallsstasjon.
Det var då veldig. Så fryktinngytande ser då trass alt ikkje denne planten ut? Fortrengt alt rundt seg har den heller ikkje der den står. Så les eg og at amerikahumleblomen har vore i landet i 150 år, så då er det vel eigentleg ikkje så mykje som tyder på at framtida til naturmangfaldet rundt oss står og fell med den likevel?
Og kvifor står det ikkje noko om dei menneskeleg praksisane som har ført den hit? Det er vel dei som i så fall burde svartelistast? Den har vel knappast hoppa over Atlanterhavet av seg sjølv?
«Plantevern» viser seg å vera eit anna ord for plantedrap
Dette er eit interessant tema, så vel heime att søkjer eg vidare. Der tek det heile ei ny retning. Den svartelista kan forvekslast med den gode, gamle marikåpa, står det på ei landbruksrelatert side. Jo, jo, ein viss likskap er det vel.. Neste opplysning er likevel langt meir oppsiktsvekkande, for, les eg, også denne kjære, tradisjonsrike og definitivt heimlege planten er registrert som «skadegjerar», og det på ei databaseaktig nettside som framstår som offisiell og som kallar seg «Plantevernleksikon».
No er nyfikenheita mi vekt for alvor. Kva er dette for noko? Eg går inn i den aktuelle databasen og les her og der på ymsande sider og undersider. Uansett kor mykje eg les finn eg absolutt ingenting om vern av plantar. Tvert om, faktisk. Nettsidene er i staden eit oppkome av oppskrifter på korleis ein mest mogleg effektivt kan drepa ei lang rekke medartar i naturen med gift.
Visste du at ei marikåpe kan senka ein traktor, at ein løvetann er farleg glatt og at engkarse er ein «skadegjerar» som ikkje gjer skade?

Her står den sleske marikåpa og berre ventar på å få seinka ein forbipasserande traktor..
Eg søkjer meg inn på nettopp marikåpe. Kva i alle dagar slags brotsverk kan denne nydelege blomen ha gjort seg skuldig i for å ha hamna i ein database over plantar på «death parole»? Grunngjevinga som blir presentert for å sprøyta den i hel er smått utruleg. Eg siterer direkte:
«Opptrer som ugras i eng og beite. Marikåpe har dårlig evne til å binde jorden, slik at det blir dårlig bæreevne ved kjøring med traktor. Da er det lett å få skader av traktortrafikk».
Stopp litt! Kva står det eigentleg her? Eg som trudde at sundkøyrte åkrar, djupe traktorspor, pakking og øydelagt jord handlar om industrilandbrukspraksisar og alt for tunge maskinar på alt for ueigna jord? Så feil kan ein altså ta. Det er i staden den farlege marikåpa du skal skulda på neste gong du ser alvorleg pakking og djupe hjulspor på det som ein gong var levande jord.
Men kva med ein art alle kjenner? tenkjer eg og søkjer opp løvetann. Her blir eg om mogleg endå meir sjokkert. Det er ikkje manko på råd om kva slags gift ein kan sprøyta med, men grunngjevingar for kvifor ein lyt forgifta løvetanna (og med det omgivnadene og mikrolivet rundt røtene) er det likevel langt dårlegare med. Eller, rettare, den eine konkrete grunngjevinga som blir gjeven er, mildt sagt, høgst oppsiktsvekkjande:
«Løvetann opptrer som et ytterst brysomt ugras i eng og beite, men spesielt i plener, hager og parker, langs hekker og gjerder. I bratte frukthager kan løvetann skape problemer med glatt underlag».
No har ikkje eg teke noko ringerunde til landets ortopediske sjukehusavdelingar, men eg kan med handa på hjartet seia at eg aldri nokosinne har høyrt om nokon som har sklidd på ein løvetann. Og det uansett kor bratt terrenget har vore. Men dersom «glatt løvetann» faktisk er eit problem for ein eller to ein eller annan stad, skulle ein jo elles tru at plenklippar/slåmaskin måtte vera både langt rimelegare og meir effektivt som mottiltak enn giftsprøyting?
Og kva med ein av favorittvårblomane mine, engkarsen? Jo da, den er her den og. På den same lista over «skadegjerarar». Forslag til aktuell gift får du og. Men kva skade gjer den? Eg blar nedover, og finn denne eine, korte setninga: «Opptrer som ugras i eng og beite». Kva? Ein «skadegjerar» som ikkje gjer skade? Det er knappast tilfeldig at den heiter engkarse og ikkje skogkarse eller fjellkarse. Det er rett og slett i enga den veks og trivst. Den «opptrer» ikkje, det er i enga den har vore og er. Der den står og gler oss med sine vakre fargar er den berre seg sjølv, rett og slett. Men «skadegjerar» som kan forgiftast er den tydelegvis like fullt.
Eit kolonialistisk natursyn
Den selekterande tilnærminga til anna liv som ein finn i dette «plantevern»-leksikonet (og sjølvsagt først og fremst i dei dominerande plantedyrkingsmiljøa som leksikonet skal tena) seier mykje om kvifor naturkrisa berre blir verre og verre. Menneskelege næringsinteresser er totalt overordna omsynet til natur og mangfald.
Å bortdefinera ein annan art som «skadegjerar» er ei eigenrådig og kolonialistisk naturtilnærming. Konsekvensane er også brutale. Plantar som hamnar i denne kategorien er heilt utan eigenverdi og kan legitimt drepast med gift.
Det minste ein då burde forventa er ein ganske så presis definisjon på kva ein «skadegjerar» er. Ein slik finn eg ikkje. Døma over viser at det er nok å ha glatte blad, eller, påstått, for lite jordbindande røter. Ja, ein treng faktisk ikkje gjera «skade» i det heile tatt.

Engkarse; planten som er «skadegjerar» utan å gjera skade.
Men kva når eg utvidar til «ugras»? Då får eg treff, men presise er dei definisjonane definitivt ikkje. Hos organisasjonen som står bak databasen med det ekstremt eufemistiske namnet les eg følgjande: «Ugras er planter som er uønsket». Ok?? Er den store utsiktshindrande eika til naboen altså eit «ugras»? Kjekt å vita. Det argumentet skal eg leggja fram om eg ein dag ber om felling..
I Store norske leksikon opererer dei med følgjande: «Ugress er uønskede planter, eller planter som gjør skade på en eller annen måte, og som man derfor ikke liker å ha stående der de er».
«Gjør skade på en eller annen måte»??? «Ikke liker å ha stående der de er»??? Det er mest som ein ikkje trur det ein les. Er misjonsbefalinga i så fall å gå ut og utradera alle plantar som ein ikkje likar eller som ein meiner står på feil plass? Dette er rett og slett Skamtida i eit nøtteskal.
I den grad det finst skadegjerande plantar er dei alle menneskeskapte
Om eg no likevel legg til side indignasjonen min på vegner av naturen, så er problem nummer to med denne ugrasdefinisjonen at den eigentleg ikkje er ein definisjon i det heile. Kravet til ein slik er nemleg at den konkretiserer og difor kan fungera som ei tydeleg referanseramme. Denne gjer det motsette. Ikkje avgrensar den, og den seier heller ingenting om kva desse «ugras»plantane eventuelt gjer skade på?
Så la meg i staden introdusera presiseringa som i praksis snur det heile på hovudet: På naturen.
Dette er nok slett ikkje konkretiseringa den rådande makta på plantedyrkingsfeltet primært ser føre seg, men no blir det i alle fall betydeleg enklare å identifisera uønskte artar:
Både marikåpe og løvetann er ute. Det er også bortimot alle andre organismar eg les om i den omtalte databasen. For ingen av dei gjer skade på natur. Tvert om er mange av dei sentrale i å reparera det jordsmonnet og å få attende det biologiske mangfaldet som dominerande menneskelege jordbrukspraksisar øydelegg.
Amerikahumleblomen frå vegkanten langs turvegen kvalifiserer dersom det viser seg at den i praksis legg under seg store areal og fortrenger lokal vegetasjon. Men det er ingen prov for dette så langt eg kan sjå. Eg går langs veldig mange turvegar i heimemiljøet, og har funne blomen ved eit par av desse. Men då berre i vegkanten. For veldig mange av dei såkalla svartelista artane gjeld det same. Ja, dei kan i verste fall utgjera ei utfordring heilt lokalt. Kanskje tek dei over litt areal her og der, slik gyvelen gjer det, men nokre timar med motorsag eller anna ryddereiskap tek i så fall desse kvadratmetrane tilbake. I den store naturkrisesamanhengen me lever i, er det definitivt ikkje desse som bør bekymra oss mest.
Om me no skal halda oss til plantar, er det andre som representerer vesentleg større naturfare. Det paradoksale er at me talar om dei einaste plantar eg mistenker at «plantevernleksikonet» faktisk vil verna, dei menneskeskapte: Industrilandbruksplantane, plantane som veks i monokulturelle dyrkingssystem tufta på massiv jordarbeiding og storskala tilføring av naturskadelege kjemikaliar som kunstgjødsel og gift.
Dette er plantane som dominerer i verdas volumlandbruk; høgtytande hybridar av raigras, eittårige grønsaker, kveite og bomull. I den grad det finst naturfarlege plantar der ute, er det desse. Dei er kortlivde og tærar brutalt på jordsmonnet, dei er avla til å bli særs nitrogenkrevjande (men to-tredelar av nitrogenet dei blir tilført «forsvinn»), dei dannar ikkje sopprot (og lagrar dermed knappast karbon), og dei dekker enorme, og stadig større, areal på planeten. Heime og ute.
I den grad plantar øydelegg natur, er det slike me først og fremst lyt få bort.
Tilbake til start: plantar er ikkje problemet
Samtidig har eg ikkje kome lengre enn tilbake til der eg starta. For sjølvsagt kan heller ikkje naturøydande industrilandbruk skuldast på plantar. Ingen av vekstane i slike regime er utvikla i naturen. Dei er skapte av personar i kvite frakkar i sterile laboratorium; gjennom hybridisering, standardisering, ofte genmanipulering og stort sett alltid sterk nitrogenfôring. I den grad noko skal forbydast eller svartelistast her, bør det vera slike naturfjerne og -fiendtlege handlingar, og ikkje plantane som er resultatet av dei. Definisjonar av «skadegjerarar», «ugras» og «svartelista plantar» er slik sett berre ansvarsfråskrivande distraksjonar.
Me må rett og slett slutta å skulda på plantar eller andre organismar for problem som er 100% menneskeproduserte. I dette tilfellet handlar det om det dominerande industrilandbrukskomplekset sitt forkvakla og øydeleggjande natursyn. Det må avslørast og tilbakevisast.
Men samtidig vil den største jobben me som representerer den regenerative, naturfornyande, rørsla står overfor, alltid vera å lansera dei gode, naturnære og giftfrie alternativa. For dei finst.
Kva du gjer når hagen er infisert av skvallerkål? Framfor å søkja på nettet etter gift tek du deg ein tur i skogen

I dette bedet har ein søkt å gjenskapa skogbotnen sitt karbonrike og soppdominerte miljø. Då stoppar skvallerkålen (og høymola) ved bedkanten.
Noko av det viktigaste eg lærer studentane mine i regenerativt landbruk er å stille gode og nyttige spørsmål i omgang med natur. Korleis ein blir «kvitt» den og den planten eller den og den organismen er ikkje eit nyttig spørsmål. Når skvallerkålen eller høymola tek over hage, eng eller åker finst det ei djupareliggjande årsak, og kjemisk krigføring vil berre vera eit uhyre mellombels tiltak. Om ein ikkje gjer noko med årsaka, er den u-inviterte tilbake før ein veit ordet av det.
Det gode spørsmålet er i staden kvifor dei kjem?
Ja, kvifor er eigentleg hagen full av skvallerkål? I mi siste bok, Jordboka for hagen, skriv eg mykje om dette. Plantar som skvallerkål, engsoleie, brennesle, høymole, meldestokk, vassarve har noko til felles. Dei elskar nitrogen. Og det er noko hageeigarar (og industribønder), samt mange hagesentereigarar (dei siste primært pga. pris og inntekt), elskar minst like høgt. Ein praktisk tala pøsar på (ja, ordet er presist) med nitrogen, og gløymer at det aller viktigaste byggjematerialet i naturen er karbon.
Nitrogen og karbon er gjensidig avhengige av kvarandre, men karbonet skal alltid dominera. Det gjer det ikkje i norske hagar eller åkrar. Dei er til dels svært bakterie- og nitrogendominerte. Karbon har blitt noko ein taper og ikkje noko ein tilfører. Og difor kjem dei nitrogenhungrige vekstane. Som aller andre skapningar har dei roller i det store samspelet. Dei representerer naturen sitt oppryddingsvesen. Dei tek opp overskottsnitrogen. Utan dei ville endå mykje meir av det potensielt forgiftande stoffet skapt ubalanse i molda og/eller runne ut i bekkar og vassdrag.
På vandringane mine ser eg mykje skvallerkål. På akkurat dei same stadene; på dei areal menneske har tilført nitrogen: I hagar, parkar, langs vegkantar, i skogkanten. Innover i skogen finst den derimot aldri. Kvifor ikkje? Fordi skogbotnen er tungt sopp- og karbondominert, og det likar ikkje denne veksten.
Dette er komplekst (det handlar mykje om forholdet mellom bakteriar og sopp i molda, jmf. bøkene mine) men oppgåva treng ikkje vera det: Kan eg skapa eit skogbotnliknande – altså eit karbondominert – økosystem i hagen? Det har eg gjort, og resultatet talar for seg sjølv: skvallerkålen har trekt seg attende.
Det eine bildet til denne artikkelen viser korleis skvalderkålen, som me kallar den her (namnet kjem av at den etter seiande spreier seg like fort som skvalder), stoppar momentant ved bedkanten. Det gjorde den ikkje tidlegare, for å seia det mildt. På to år er eit skvallerkålinfisert areal omdanna til eit areal utan skvallerkål. Dei få utløparane som framleis prøver seg er små, skrinne og lette å fjerna. Og det er ikkje nytta noko form for kjemisk «hjelpemiddel». Det er berre tilsett karbon frå omgivnadene. Greiner, gamle stokkar, gamle morkne fjøler, mykje eigenkverna flis, og så eit lite lag med kompost til å så i på toppen.
Tunge motbakkar ligg føre, men opp skal me
Dei naturnære, regenerative, løysingane er i røynda enkle, logiske og i dagen for den som har eit minimum av naturinnsikt. Ein set fart på naturlege prosessar og styrkar naturen si evne til eigenfornying. Alt ein treng av innsatsfaktorar finst i nærmiljøet.
Det er likevel tungt å tenkja på at sjølv i naturkriseåret 2025 er den dominerande tilnærminga til medartar i naturen framleis den ekstreme eufemismen «plantevern». Dei er «skadegjerarar» eller «ugras» og kan legitimt ryddast bort med gift.
Dette seier mykje om mennesket som art. Og det seier mykje om jobben me regenerative står overfor.
Det blir tungt. Men å gi opp kan ein ikkje. Til det er innsatsen for stor. Det står om framtida vår.




