Om gyvel i det vesle og det store bildet

På bildet ser ein nitrogennodulane mellom røtene på gyvelplanten.

Det å skulda naturmangfaldstap på plantar er like lite treffsikkert som det å skulda klimaendringar på kyr.

Tekst og bilete: Dag Jørund Lønning

Dei siste dagane har handla om gyvel. I praktisk hagedrift, men også i eit langt større perspektiv.

Det første først. For ein ressurs denne planten er! I den internasjonale litteraturen om skoghagar, blir gyvelen veldig ofte presentert som den ideelle startkulturen. Som mangeårig belgvekst kan den fiksera nitrogen over lang tid. I eit av dei mange magiske, verdiproduserande samspel i naturen, hentar den nitrogen ned frå atmosfæren og samarbeider med rhizobium-bakteriar for å lagra den i molda.

Når ein då kuttar den tilbake, kan nytteplantane våre profitera på det nitrogenet gyvelen har henta ned. Dette er teorien. Samtidig har eg også kome over forskingsartiklar som hevdar at gyvelen tek mykje av nitrogenet den fikserer opp att og lagrar det i plantematerialet over bakken.

Gyvel let seg fint flisa opp. Men bruk ei kompostkvern med knivar. I ei valsekvern vil det vera stor fare for at dei mjuke toppgreinene set seg fast.

I vår vil eg prøva dette ut. Eigedomen me kjøpte i fjor var overgrodd med gyvel. Ja visst lyser det vakkert, men me treng trass i alt areal til andre plantar og. No i vår er difor mykje av gyvelen rydda bort. Dei nedkutta plantane har eg køyrt gjennom fliskverna (hugs at dette må gjerast før frøsetnad), og den grøne flismassen har blitt blanda med like delar råkompost og ferdig kompost.

Ved oppstart av ein ny hage har ein stort sett alltid for lite kompost til å gjennomføra den ideelle regenerative tilnærminga; papp på bakken og kompost oppå. For å unngå å måtta kjøpa inn for mykje kompost, tok eg difor i bruk ein «hybridmetode». Eg laga ei nyplanting med sukkererter midt i det tidlegare gyvelfeltet. Dette gjorde eg ved å laga eit lite hol i grasbakken til kvar erteplante og ved deretter å fylla holet med gyvel-/kompostblandinga.

Deretter la eg ut ein del setjepoteter oppå bakken mellom sukkerertene. Desse skal få arbeida med å omdanna grastorva til plantenæring og humus. Oppå der att la eg meir av den oppkverna, nitrogenrike, gyvelen. Etter kvart skal dei veksande plantane få sitt eige klatrestativ av brakjepålar frå skogen her.

Sukkerertene får plass nede i små hol fylte gyvel-/kompostblanding. Potetene blir lagt oppå bakken.

Det same prinsippet ved potetsetjing (minus klatrestativet). Eit lite hol fylt med gyvelblanding til kvar potet av spanande sortar som Sarpo Mira, Picasso og Blå Valdres, og så setjepotetrestar av litt meir «ordinære» typar til å gjera grovjobben oppå torva. På toppen la eg endå meir av blandinga, samt kompostert grastorv og halvvisna lauv frå skogkanten.

Sukkererteplanten bør få ein god start her.

Ettersom eg her ikkje nyttar papp eller papir for å dekka torva, må ein forventa ein god del oppslag av gras og anna. Dette stressar meg lite. Grunna komposten og gyvlane bør det vera nok næring til både det som overlever av opphavlege plantar og til nytteplantane eg vil dyrka. Røtene etter gyvlane står att, og det som var over bakken blir tilbakeført som flis. Neste år kan ein eventuelt nytta papir for å omdanna det som overlever i år.

Uansett er dette eit eksperiment, eit eksperiment som går inn i skriverekka mi om forsvar av «forhatte» plantar (for ikkje lenge sida skreiv eg om alternativ bruk av skvallerkål, og i siste boka mi, Første Losebok. Naturanto, har eg eit kapittel som heite «Å forelska seg i høymol»).

For det er ein slik me står overfor her og. Gyvelen er uønskt og svartelista så det held. Den spreier seg i skogen og utgjer visstnok «stor økologisk risiko». På grunn av den same evna eg utnyttar i dyrkingseksperimentet mitt; evna til å fiksera nitrogen. Faren skal etter seiande handla om at den potensielt kan endra økosystemet rundt seg.

Ordet «potensielt» er likevel viktig her, for det eksisterer knappast døme på at den faktisk har gjer det. I alle høve her i Norge. For eigen del arbeider eg no ganske intensivt med skadeeffektane av store nitrogenoverskott i naturen. Dette er miljøtragedien me høyrer altfor lite om her heime, og eg kjem difor til å skriva ein god del om dette framover. Alt i dag kan eg likevel gje dykk ein hovudkonklusjon: Det å skulda naturmangfaldstap på plantar er like lite treffsikkert som det å skulda klimaendringar på kyr (begge delar blir gjort i den offentlege debatten i dag).

Eit større areal med gyvel er rydda og teke i bruk til dyrking av nytteplantar. No gjenstår det å sjå korvidt nytteplantane gjer seg nytte av den nitrogenfikserande jobben gyvelen har lagt ned.

Når det gjeld beitedyra, har dei vore på planeten i uminnelege tider utan å påverka klimaet. Det er moderne industrielle jordbrukspraksisar som har gjort dei til «klimaverstingar». Tilsvarande gjeld for organismar som byrjar å dominera og skapa trøbbel for oss lokalt: Verken «skadedyr» eller «ugras» eksisterer for å plaga og irritera oss menneske, det er vår bruk av molda som er årsaka til at dei kjem. To utløysande jordbrukspraksisar går att; monokultur og overdriven nitrogengjødsling.

Poteter er lite næringskrevjande og det ein har tilgjengeleg er godt nok som overdekking. I dette tilfellet grastorv og visna lauv.

I det store bildet er det smått utruleg at det blir gjort såpass stort nummer av dei særs avgrensa mengdene med nitrogen som gyvelen evnar å fiksera, organisk nitrogen som er bunde i organiske samband i molda, medan den til dels ekstreme bruken av lett tilgjengeleg kjemisk nitrogen (den definitive hovudskurken!) får halda fram meir eller mindre ukritisk. Norge er i dag høgt oppe på lista når det gjeld kunstgjødselmengder pr arealeining. Den plasseringa er det lite grunn til å vera stolt av.

Det må takast monumentale endringsgrep i jordbruket, men sjølvsagt også i hagen. På sistnemnde arena treng me eit totalforbod mot kunstgjødsel. Det er absolutt ingen grunn til å bruka verken kjemisk nitrogen eller gift i ein hage. Innanfor det regenerative verktøyskrinet finst det langt betre, livsfremjande, alternativ. Eitt av dei er å tufta dyrkinga vår på naturen sine eigne nitrogenkjelder. Slike finst det mange av både over og under bakken. Gyvelen, og dei andre belgvekstane, er ei av desse. «Ugraset» som spreier seg i jord med mykje nitrogen er ei anna (det tek opp overskottsnitrogen). Me kan hausta dei og bruka dei. Då held me bestandane av såkalla uønskte plantar i sjakk, nyttevekstane våre får det nitrogenet dei treng, samtidig som me reduserer overskottet i molda.

Til beste for oss, hagane våre og naturen rundt oss.