Me lever i Skamtida
Om å tvihalda på vona i ein misantropiframkallande tidsalder
Av prof. Dag Jørund Lønning
Skamtida er den desidert mest gjenskapande og minst kreative av alle epokar i mennesket si historie på planeten. Den dominerande aktøren, forbrukaren – homo consumptor, lever i eit vedvarande modus passiv. Han/ho er ein viljelaus robot, styrt av kommersielle interesser og trendsetjarar, og fullstendig ute av stand til eit liv utanfor det ferdigpreparerte. Ja, til og med til å sjå eit slikt liv føre seg.
Det er ei overordna årsak til dette. I Første Losebok. Naturanto definerer eg Skamtida som tidsalderen når menneske gjer det meste (nesten alt) motsett av både våre medartar på planeten så vel som av Gaia; altså naturen som verdi- og meiningsproduserande heilskap, som system av system.
Gaia: Der livet sprudlar, fremjar og skaper
Gaia er som ei flod av liv som alltid er på veg vidare, skriv Predrag B. Slijepčević i den fascinerande og lærerike boka Biocivilisations: A new look at the science of life. Den finn nye retningar undervegs, den eksperimenterer og utviklar. Nokre biologiske eksperiment lukkast og blir med vidare, andre mislukkast og forsvinn. Det å lukkast er å bli drivkraft, å bli del av samspel, samanhengar og stadig breiare samarbeid. Innanfor rammene av Gaia uttrykkjer kvart enkelt liv og kvar art livet sitt prinsipp. Som er å leggja til rette for og fremja livet.
Å leva er lærande eksperimentering utan noko endeleg mål. Men kvart skapande liv er alltid del av noko større. Av samanhengar. Og dei er alltid lokale. Stadlege. Natur er samspel, samanheng og samarbeid på lågast mogleg nivå. Natur er myriadar av velfungerande, mangfaldige (i ordets rette forstand) lokalsamfunn. Sjølv det minste grasstrå har eit enormt økosystem rundt røtene sine beståande av milliardar av individ og eit veldig artsmangfald. Som igjen er del av andre økosystem. Lag på lag, system på system på system, enorme nettverk der kvart liv og kvar art finn oppgåver og meining.
Natur, Gaia, er ein evigheitsmaskin som heile tida søkjer etter å bli endå meir robust og effektiv. Etter å skapa meir overskott og meir verdi. Ikkje eksklusivt for enkeltartar eller enkeltindivid, men for heilskapar og samanhengar.
Det vestlege mennesket, forbrukaren i Skamtida, var ein gong ein lokal art. Me vart fastbuande for om lag 10 000 år sidan, og i bortimot 9950 år etterpå levde me brorparten av liva våre og utøvde dei aller fleste av aktivitetane våre tett på naturen og menneska rundt oss. I denne lange perioden levde me også i all hovudsak i balanse med naturen. Me hausta, ja, men, sjølvsagt med nokre unnatak, sjeldan meir enn det naturen evna å fornya.
Refleksjonar ved eit femtiårsjubileum
Tidlegare i haust deltok eg i eit veldig hyggeleg jubileum. Det var 50 år sida ein gjeng forventningsfulle smårollingar starta på den vesle bygdeskulen Ås i Stord kommune. I helsingsinnlegget mitt til dei gamle klassekameratane mine valde eg å ta utgangspunkt i korleis verda vår her såg ut den gongen tidleg på 1970-talet.
Vel, oljealderen var jo i oppstartsfasen, og store endringar var på gang ute i verda. Men her heime levde me likevel i stor grad i Lokaltida enno. Skulen me gjekk på hadde tre trinn, ein klasse på kvart av dei, og 50-60 elevar til saman. Slike skular fanst det mange stader. Fleire av dei var endå mindre, fordi bygda dei tente var mindre. Lokalskulen fungerte som lim og samlingsstad i lokalmiljøet. Til dels også i fritida. Mange små grender hadde dessutan eigne møtestader i form av forsamlingshus og heimelaga leike-/idrettsplassar. Slik var det også i det vesle nabolaget der eg vaks opp. Trass i ein samla bygningsmasse på berre to små gardsbruk og nokre få einebustader hadde me eigen idrettsplass og vårt eige fotballag. Ja, ei tid seint på 70-talet hadde me faktisk to av kvar.
Ein skulle heller ikkje gå langt for å finna den næraste butikken. Nærbutikk var standarden ikkje unnataket. Veldig mykje av maten ein fann der hadde også lokalt opphav. Vår gard leverte grønsaker i nærbutikken og inntektene blei avstemte ein gong i året mot det andre me handla.
Det var ein stad mellom 150 000 og 160 000 gardsbruk i drift i Noreg tidleg på 70-talet. Deira rolle var først og fremst lokal matvaretryggleik. Difor var dei og i all hovudsak små og lokalt tilpassa. Gardbrukaren dreiv si eiga jord, ikkje nabogardane si. Meieri, bakeri og kjøttforedlingsbedrifter fanst det i hopetal, og avstandane frå jord til bord var korte i ordets rette forstand. Sentrum i heimkommunen vår hadde åtte bakeri (i tillegg var det fleire i bygdene rundt) og sju kafear.[1] For alle oss ute ved kysten var det dessutan særs lett å skaffa seg blodfersk fisk. Ved kaien i sentrum låg salsbåtane tett. Dessutan var det tradisjon at hobbyfiskarar med overskottsfangstar køyrte rundt i nabolaga og selde for ein særs låg pris.
Veldig mykje av sko og klede var og produserte i vårt eige nærområde, anten lokalt, regionalt eller nasjonalt. Teknologien me nytta kom i verste fall frå naboland. Og gjekk noko sundt, det vere seg radioapparat, miksmaster eller fjernsyn, blei det reparert lokalt.
På kultursida song Vømmøl Spelemannslag om at ingenting kom av seg sjølv, noko dei aller fleste menneske på den tida truleg visste veldig godt. Skulle noko skje måtte ein engasjera seg. Ingen kom og gjorde det for ein. Møtestader måtte skapast, dei vart ikkje vedtekne. Den krevjande og passive forbrukaren eksisterte knappast. Det galdt like mykje for born som for ungdom og vaksne.
Kort sagt kunne lokalsamfunnet her i 1974 framleis gå inn i den definisjonen av skapande natur, Gaia, eg gav over: samspel, samarbeid og samanheng på lågast mogleg nivå. Mest mogleg lokalt, og elles innafor så korte avstandar som råd. Ja, naturforbruk og utslepp var på veg opp, men framleis ikkje så mykje at det påverka andre artar i monaleg grad. Det ser me på følgjande tal:
I 1974 var det 73% fleire ville fuglar og dyr enn det er i dag. Det var 83% meir liv i vatn og vassdrag. Det var 80% fleire fuglar i norske fuglefjell. Det var 50% fleire insekt og kanskje 70% fleire insektartar. Plantelivet var også særs mykje rikare.Så kva skjedde sidan eigentleg? Kva gjorde at me gjekk frå nokolunde balanse til å bli brutale naturutryddarar på berre 50 år?
To berande skamtidsprinsipp: Anti-lokalt og anti-natur.
I 2024 lever me i tidsalderen når det nærast har gått prinsipp i å utføra alle oppgåver så naturfjernt som råd. Mat skal fangast eller haustast på den eine enden av planeten, sendast til den andre for foredling, og så tilbake til den første for sal i butikk. Den billegaste maten i butikken er den som kjem langvegs frå. Alternativt den ultraprosesserte. Den som er riven i fillebitar og er full av tilsetjingsstoff. Den som er laga på ein gigafabrikk. Kvar? Kven veit?
«Lokal mat» har fått hermeteikn og blitt for dei med særs god råd. Gardane, det er no 120 000 færre av dei her i landet, har blitt storskala eksportbedrifter. Alt som blir produsert skal ut og bort frå garden så fort som råd. Produksjon skjer etter industrielle samlebandsprinsipp, og nyskaping/kreativitet, sjølve drivkrafta i Lokaltida, er bannlyst (Prøv å kritisera industrilandbruk og industrilandbruksapologetar, så skjønar du fort kva eg meiner!). Forvaltings- og foredlingskunnskap som vart bygd opp gjennom mange generasjonar er radert bort på rekordtid. Borte er også dei lokale meieria, bakeria, nærbutikkane, fiskeseljarane og slaktarbutikkane. Sentrum etter sentrum rundt om i distrikta tømest for folk og liv.
Klede og sko kjem frå andre sida av kloten. Det gjer og fjernsynsskjermar, mobiltelefonar og datamaskinar. Ingenting blir heller reparert. Går noko sundt, blir det hive. Eller, det treng ikkje gå sundt ein gong, det er nok at ein ny modell kjem ut. «Gleda» over den nye telefonen varer elles berre dei få dagane det tek før neste versjon kjem, og det er alltid den du må ha for å bli lukkeleg.
Å leggja ned lokalskular synest nesten å ha blitt mål i seg sjølv. Spesialiserte «ekspertar» blir henta inn for å legitimera at sektoriseringstanken – alt skal delast opp og vurderast for seg og ikkje i samanheng – dominerer her og. I Lokaltida skjedde læring i lokalsamfunn, tett på og med menneska og det kulturelle landskapet rundt ein. Slik all læring skjer i naturen. I Skamtida skjer den tydelegvis i eit slags konstruert, mest mogleg isolert vakuum. Når lokaltilknytinga blir oppheva, kan elevane og skulen «rasjonaliserast» og skaltast og valtast med nesten i det uendelege. Då er det kostnad per eining som gjeld, og vipps!, neste gong byråkrat og politikar lyt kompensera for eige overforbruk eller for nok ei skamtidsnedbygging av natur, så er den vesle, lokalt forankra skulen borte.
Og det gjeld mykje meir enn berre skulen. Gjennom Skamtida har lokalsamfunnet blitt ribba for funksjonar og drenert for verdi og meining. «Bled dry», som det heiter på godt engelsk. Minst mogleg skal no skje lokalt. Skal ein noko anna enn å sova, lyt ein bort rett og slett. Til skamtidsbyen, vår tids desidert viktigaste arena for passivt forbruk og nyting. Vegane har blitt mange fleire og mykje breiare, ja, men dei går frå og ikkje til grenda og bygda.
I Skamtida blei «utvikling» eit anna ord for primitiv fatalisme. Menneske med vekselvis byråkratisk, politisk eller økonomisk makt – eller, i seinare tid, makt over media og sosiale plattformar – fortalde folket alt det «me» berre måtte ha eller måtte gjera (og kvifor). Argumentasjonen var heile tida den same enkle: Me måtte berre leggja ned småskulen (elles ville det gå oss ille), me måtte berre radera bort småbruket (elles ville det gå oss ille), meieriet måtte leggjast ned (elles ville det gå oss ille), me måtte berre slå saman dei fire nabokommunane (elles ville det gå oss ille), og me måtte berre ha den nye motorvegen (elles ville det gå oss ille). Slik kunne ein halda fram med døme etter døme. I løn skulle ein få «større valfridom», altså fleire underhaldningskanalar, endå fleire slag billege kunststoffklede og eit langt rikare utval av fargar til mobilcoveret.
«Ja vel, og gje oss meir av det same med det same», sa skamtidsmennesket – gjenskaparen, forbrukaren, roboten – til alt dette, og trampa vidare på blindvegen.
Det vil gå med skamtidsmennesket som det gjekk med den europeiske kjempehjorten
Kvar leier så den? Jo, beinveges mot avgrunnen. Årsaka finn me om me går attende til Slijepčević og hans definisjon av naturleg utvikling. Gaia er evig kreativitet og utprøving. Å mislukkast er å ikkje finna si samarbeidande rolle innanfor den skapande floda. Skamtida appellerer til det aller verste i oss. Til grensesetjing og reinspikka egoisme. Samarbeid med andre artar er det ikkje snakk om. I den grad ein i det heile samarbeider, er det berre med ei lita, privilegert gruppe av sin eigen art. For at forbrukaren skal kunna halda fram med å forbruka og leggja under seg, er ein heilt avhengig av at brorparten av menneskja på planeten vert verande fattige, underbetalte produsentar av alt det den rike forbrukaren kjøper og hiv frå seg.
Til sjuande og sist er det likevel naturen som betalar den største prisen. Overforbruksdagen, dagen menneskja har brukt opp den mengd naturressursar som naturen evnar å fornya, er no 1. august. Resten av året vert det minus og øydelegging. Og difor vil skamtidsmennesket mislukkast på alle baugar og kantar. Utviklingshistoria, held Slijepčević fram, viser at alle artar som framstår slik, blir utstøytte av Gaia og går til grunne. Det er ingen unnatak. Den europeiske kjempehjorten er eit veldig høvande døme i så måte. I si utvikling gav den opp samarbeid og satsa på forfengelegheit i staden. Geviret berre vaks og vaks, og hjorten med det største geviret var den mest ovundra og den som fekk føra arten vidare. Til sist vart hornpryden så stor at dyret stupte framover og døydde ut.
Nyskaparen er den einaste som kan visa oss vegen til Grøntida
Her eg sit og skriv kikar eg og på to klassebilete med meir eller mindre dei same personane. Det første, litt falma, er teke ein gong midt på 70-talet. Det andre vart teke på jubileet vårt no i haust. Det lyt vedgåast at me nok ser litt eldre ut i dag, ja, men verda har likevel endra seg langt meir enn oss på desse 50 åra. Den er i røynda snudd på hovudet. Vel har menneskje fått meir pengar å rutta med, men hjelpe meg kor mykje fattigare me har blitt likevel. På framtidstru, på meining, på lokalsamfunn og på natur. På alt det som verkeleg betyr noko.
Eg slit med å finna eit einaste forsonande trekk ved Skamtida. Grunnen til at eg likevel nektar å la misantropen i meg ta over fullstendig, er at tidsalderen me er inne i er konstruert av menneske og at den difor kan endrast av menneske. Det treng slett ikkje vera slik det er. Det kan vera heilt annleis. Eg har vigd mi akademiske karriere til studiet og utviklinga av alternativa, til nyskaparane, til dei som tek til motmæle og seier at me i røynda ikkje må noko av det makta hevdar. Verken å byggja motorvegen, å avskaffa småstaden eller å leggja ned skulen. Ikkje går det oss ille når me avstår heller.
Nyskaparen[2] viser i praksis at mennesket kan vera eit veljande vesen og at endring berre kjem når ein vel annleis enn det flokken gjer. Menneskelivet treng ikkje levast i rundkøyringar. Det finst nærast uendeleg mange andre måtar å leva det på. Utryddingstruga i det rike vesten, ja, men andre stader på planeten eksisterer det skapande og tette lokalsamfunnet i beste velgåande. Historia er og stappfull av døme på det same. Og det som var kan sjølvsagt bli. Dei korte avstandane og verdikjedene frå 1974 kan etablerast på nytt. Me ber kunnskapen og modellen med oss. Menneskeskapt «utvikling» er ikkje naturlov. Den kan endrast og reverserast. Arbeidet kan starta i morgon om me vil.
Skamtidsmennesket, homo consumptor, er det mest destruktive vesen som nokosinne har sett sine bein på denne planeten. Tyrannosaurus Rex var reine kosedyret i forhold. Arbeidet mitt med regenerativ nyskaping dei siste ti åra[3] har likevel overtydd meg om at mennesket faktisk kan vera det diametralt motsette. Me kan vera ein kreativ og produktiv naturbyggjar. Ein som samarbeidet tett med artsmangfaldet rundt seg og evnar å skapa meir liv både i molda og over bakken.
Det er difor også nyskaparen som fortel meg at Skamtida enno kan erstattast med noko anna, betre og langt meir naturnært. Bokserien Losebøkene har blitt eit forskingsprosjekt i seg sjølv. I den regenerative tidsalderen Grøntida, tema for bøkene, er det ikkje lenger lov å øyda natur. Lokalsamfunn må byggjast og verdiar skapast utan at det går på kostnad av livet rundt oss. Er dette i det heile mogleg?
Andre Losebok er no under arbeid. Tema der er mat, næringsutvikling og energi. Dette er tre av dei aller mest naturøydeleggjande menneskeaktivitetane i Skamtida. Det er likevel ingenting av det eg har funne til no som tilseier at dei må vera det. Tvert om. Rikeleg med sunn mat kan produserast samtidig som ein byggjer natur, og energi kan haustast utan at noko som helst treng å raserast.
Eg har faktisk framleis til gode å koma over ein viktig menneskeleg aktivitet som krev naturøyding. Det heile er eigentleg ikkje så veldig «vanskeleg», for oppskrifta har eksistert og vore nytta i millionar av år. Den er å aktivt søkja Gaia. Bli del av den skapande floda. Bli del av naturen – som alltid er lokal.
Grøntida er mykje meir enn berre redninga. Den er potensialet til å noko nytt, større og uhyre mykje viktigare. Første Losebok slutta med å introdusera homo satorem, det såande mennesket. Det er det vesenet me både kan og må bli.
[1] Tala her er frå boka Vikjo. Då og no frå 2016 av lokalavisveteranane Steinar Hystad og Tor Resser.
[2] Møt han og henne i boka Kva er nyskaping? frå 2010. Boka er basert på dr.philos-avhandlinga mi frå 2007.
[3] Jordboka kom i 2017, Jordboka 2 i 2019, Kompostboka i 2020, Første Losebok. Naturanto i 2021 og Jordboka for hagen i 2024.