Menneskekrigen mot mangfaldet og dei livstrugande konsekvensane

Kampen for framtida er kampen for mangfaldet, for det opne, for nyskaparen, for naturen. I mangfaldet ligg enorme utviklingspotensial; alle dei utenkte tankane, dei nye ideane og praksisane. Håpet rett og slett.

Prof. Dag Jørund Lønning

Kausalitet handlar om årsakssamanhengar. For å finna effektive løysingar på eit problem, er det naudsynt at dei reelle årsakene til at problemet oppstår blir identifiserte. Det er her tiltaka må setjast inn. Problemet i seg sjølv kan nemleg berre vera ein verknad, eit symptom.

I våre menneskeproduserte miljø- og klimakrisetider er det skrikande viktig at me klarar å identifisera dei reelle, bakanforliggjande årsakene. Eg uthevar reelle, for samanhengen mellom ein årsak og ein verknad treng slett ikkje vera direkte. Det kan liggja lag på lag med verknader mellom den opphavlege årsaka og dei effektar me opplever på kroppen.

Bruk av fossile ressursar kan vera eit døme: Oppumping og bruk av olje og gass medfører store klimautslepp. Akkurat denne årsaka er lett å peika på. Men kva er så årsaka til at me held fram med denne oppumpinga, trass i at me er fullstendig klar over verknadene? Svara på dette spørsmålet vil leia til fleire årsaker. Og slik kan ein halda fram med å nøsta. Endringsbehovet vil då visa seg å trengja stadig djupare inn i vår måte å konstruera verda vår på, vår økonomi, vårt levesett og vårt forbruksmønster.

Dei siste åra har eg arbeidd inngåande med forholdet vårt til den ikkje-menneskelege verda rundt oss. I bøker, artiklar og bloggar har eg peika på fleire grunnleggjande årsaker til at vår naturøydelegging held fram med uminska styrke. Ein av desse vil eg søkja litt djupare ned i her:

Det handlar om mangfald.

Ordet har ein sterk tendens til å dukka opp i fest- og nyttårstalar, men historia om mennesket er like fullt ei historie om ein lang og brutal kamp mot mangfaldet. Mangfaldet i naturen og mangfaldet hos oss sjølve.

Mangfald er eit av naturen sine aller viktigaste prinsipp. Det er sjølve livets prinsipp. Økosystem er lag på lag med verdiskapande samspel og samarbeid. Over og under bakken. Gaia vil alltid søkja mot meir mangfald, og når mangfaldet av ymsande årsaker blir sett tilbake, vil ho arbeida utrøytteleg med gjenoppretting.

Me menneske har derimot forelska oss i einfald og einsretting. I det modernistiske og mekanistiske industrilandbruket har monokultur blitt mål i seg sjølv. Det er «enklast» og «mest effektivt» slik; tusenvis på tusenvis av dekar med same vekst. Alternativt med så få vekstar som råd. Drifta må jo vera «rasjonell» og «lettvint».

Men verknadane av denne forenklinga vil fort bli det motsette av lettvint. Billig blir det heller ikkje. Når Gaia sitt enorme mangfald gradvis kollapsar og det næringsskapande og plantevernande livet i molda døyr, må den dyre kjemien inn i staden. Ein har gjort seg avhengig av gift og kunstgjødsel. Og den mangfalds- og moldøydande spiralen berre held fram.

Gjennom mange generasjonar har naturen, altså framtidsbanken, blitt vedvarande robba, for at me skulle kunna bli, og kan halda fram med å vera, nytande forbrukarar. Nedhogging av skogane, oppdyrking av dei store slettene, øydelegging av våtmarksområda. Nedbygging og uttømming heile vegen. Mangfald blei redusert til noko «eksotisk», noko som berre fekk lov til å eksistera bak høge gjerde og innanfor avgrensa enklavar. Noko me kunne betrakta på frydefull avstand.

Dette dominerande synet på mangfald blir endå klarare når me analyserer den interne historia om menneskesamfunnet. Den/dei som var oppfatta som «annleis», har alltid vore fritt vilt. Me har forfølgd dei og drepe dei, kasta dei i fengsel og torturert dei. Alternativt har me arbeidd intenst for å endra og «omvenda» dei, få dei tilbake i flokken, tilbake innanfor den snevre normaliteten.

Frontane mot mangfaldet er minst like mange i vår eiga tid. «Oss-versus-dei»- og «innanfor/utanfor»- kategoriane er framleis like populære. Populistiske politikarar som presenterer enkle bodskap om at «du må bli som oss, eller så må du dra heim att» blir det stadig fleire av.

Hatarar i mange valørar, dei som hetsar og trakasserer alt dei oppfattar som annleis, er også ei veldig tydeleg gruppe.

Og kampen mot «det nye» er like sterk i dag som den alltid har vore. Nyskaparen – han som utfordrar dei etablerte sanningane og forfektar det nye og alternative  – både var og er mangfaldsmotstandarane sitt fremste hatobjekt. Ingen har lidd så mykje som han opp gjennom historia. Det einaste som er annleis i dag er metodane. Tortur er nok langt mindre vanleg no, men hatet og hetsen er der i rikt monn framleis (noko eg sjølv har eg fått oppleva sterkt på kroppen denne hausten, etter å ha skrive om behovet for betre dyrevelferd og betre vern av det fantastiske livet i molda).  

Dei med makt oppfattar mangfald som trugande. Mangfald står for «kaos», for det stadig endrande og uventa. Deira eiga maktbase er tufta på det motsette: På definerte kategoriar, tydelege kommandolinjer og hierarkiske maktstrukturar. Evige sanningar, rett og slett: Slik var det, og slik blir det.

Her er me ved eit av menneskesamfunnet sine aller største endringsbehov. Krigen vår mot mangfaldet er ei av dei viktigaste grunnleggjande årsakene til både klimaendringar og katastrofale tap i biologisk mangfald. Denne krigen er i ferd med å ta oss utfor stupet. Me øydelegg naturen rundt oss, me drep kvarandre og me stryper effektivt dei nye ideane som kunne teke oss vidare. Me har bygd dyrkinga av det permanente og «sanne», og med det mangfaldshatet, inn i våre kulturelle og religiøse kosmologiar, vår sosiale organisering og vår næringsutøving. Og heile vegen har me då fjerna oss både frå naturen og frå våre eigne potensial til å løfta oss mot noko større og betre enn det å vera fastlåst i evige konfliktar, evig forbruk og evig ressursuttøyming.

Kampen mot mangfaldet må ikkje berre opphøyra, me må snu 180 grader. Framfor å kjempa mot mangfald, må me leggja til rette for det og fremja det. Me må læra oss å bli glade i det, glade i det ukjende og uventa. Glade i det som er annleis. Kampen for framtida er kampen for mangfaldet, for det opne, for nyskaparen, for naturen. I mangfaldet ligg enorme utviklingspotensial; alle dei utenkte tankane, dei nye ideane og praksisane. Håpet rett og slett.

Foto: Shutterstock og privat