Det konvensjonelle landmisbruket

Om kvifor landbruket døydde (og litt om korleis det eventuelt kan vekkjast opp att)

Av professor Dag Jørund Lønning

Brorparten av den maten ein finn i butikken er produsert på måtar som raskt og effektivt øydelegg natur. Den uheilage alliansen mellom stadig meir storforlangande (over)forbrukarar, ein reint materiefokuserande landbruksindustri, servile politikarar og mekanistisk orienterte «kunnskaps»miljø, raserer planeten vår i rekordfart.

Eg har lenge kjent på eit behov for å skriva denne teksten. Men eg har og kvidd meg og skyve på det. For dette handlar om å møta seg sjølv i døra. I brorparten av livet mitt har eg kjempa for den aktivitet me har blitt vane med å kalla «landbruk». Det kreative og personleg utviklande møtet mellom mennesket og naturen som garden kan utgjera, har vore oppveksten min, hovudinteressa mi og mykje av arbeidet mitt.

Ja, mykje av identiteten min og. Eiga drift og personlege erfaringar, historier, poesi og litteratur, alt dette som var med og forma kven ein vart, har i stor grad sitt opphav i det småskala bygde- og landbrukslandskapet.

Men så er det likevel noko som har skurra alvorleg. Meir og meir ettersom åra har gått. Heilt til det ein dag stod der klart og tydeleg for meg: Det fenomenet eg observerer framfor meg no er ikkje verken ei forlenging eller ei relativ vidareutvikling av det eg ein gong brann for. Det er noko radikalt anna. Det landbruket eg vart glad i var organisk og byggjande. Det me no kallar «landbruk» er derimot mekanistisk og nedrivande. Både for natur og lokalsamfunn.

Det «å satsa» og «den gode bonden» er i dag 100% materielle storleikar. Det gjeld storskalainvesteringar, gigamaskinar og robotar. Volumtenkinga er på det næraste einerådande. Det same er monokulturane. Det levande er redusert til tal, liter, kroner og kilo. Ikkje noko meir. Diktinga, forteljingane og den agrare filosofien er heilt (!) borte. Handverket og husfliden, dei som følgde garden gjennom mange, mange generasjonar, forsvann og. Og bygda og bygdeutviklinga gjekk med i det store dragsuget (Kva tid høyrde du sist orda «landbruk» og «bygdeutvikling» i same setning?).

Det gir ikkje lenger meining å nytta det same omgrepet på aktivitetar som eksisterer på kvar si side av ein avgrunn. Farleg er det og. Fordi skadar og øydeleggjande konsekvensar, og dermed dramatiske endringsbehov, ikkje kjem fram.

Men viss ikkje «landbruk» er landbruk, kva er det då?

Om bruk og misbruk av natur

Natur er til for å brukast. Den er til for alle oss levande som deler denne planeten. Men det er eit ufråvikeleg vilkår, som også gjeld for oss alle: Minst like mykje må gjevast tilbake (i form av karbon, mangfald og/eller andre økosystemtenester) som det ein haustar. Om ikkje oppstår øydeleggjande ubalansar.

Natur er ekstremt komplekse samspel, samanhengar og samhandlingar, nettverk av verdi og meining. Kvart individ har ei rolle i dette veldige mangfaldet. Natur byggjer verdiar fordi kvart enkeltindivid byggjer verdiar. Når eg ser på den ivrige jordbakterien i mikroskopet mitt, ser eg natur i miniatyr: Ja, som alle andre levande søkjer den etter føde til seg og sine, men for å skaffa det omdannar den det som var til det som skal bli. Og slik skaper den avgjerande verdiar for absolutt alt anna liv.

Når mangfaldet og samspela er på plass, gjeld det same for alle levande eg møter på vandringane mine i skogen. For soppen som breier seg utover i molda, for hjorten som beitar, for plantane, insekta, fuglane, osv.

Derimot: Når desse nettverka/samspela – som det kan ha teke millionar av år å finutvikla – blir  øydelagde eller kollapsar, stoppar verdiskapinga opp. Karbon blir ikkje lenger omsett og lagra. Plyndring og utarming tek over for verdisåing. Individet mistar si byggjande rolle og alt liv lir.

Dette er i røynda produksjonsrammene for mesteparten av den maten me finn i butikken i dag, norsk og importert. Driftsforma som i dag blir kalla «konvensjonell» – altså dominerande/«vanleg» – fell definitivt ikkje inn under bruk av natur, slik dette er definert over.

Det mekanistiske natursynet, det som forenklar komplekse heilskapar og reduserer dei til formlar og tal, har vore nærast einerådande innanfor landbruksindustrien dei siste tiåra. Dette med katastrofale konsekvensar. Materieproduksjonen har gått opp, ja, men enorme naturområde er dels raserte, dels på veg mot å bli raserte.

Monokulturar over stadig større areal, storskala tilsetjing av snever kjemisk næring, utprega og gjentakande mekanisk jordarbeiding, samt utstrekt bruk av gift, er praksisar med dødelege effektar på både karbonlagera og det livsviktige, mangfaldige livet i molda. Livet over bakken blir også sterkt lidande. Til dels direkte forvist og fordrive.

Arealmisbruksnæringane

Å kalla dette «landbruk» er sjølvsagt grovt misvisande. Langt meir presise nemningar vil vera landforbruk eller landmisbruk. Den «konvensjonelle» globale matproduksjonen er i dag ein av dei mest naturøydande av alle menneskelege notidsaktivitetar. Det seier ikkje lite.

Dei andre arealbruksnæringane følgjer tett på. Den mangfaldige, karbonfangande naturskogen kollapsar over heile planeten og blir erstatta av golde og karbontapande monokulturar. Insekt, fuglar og dyr forsvinn i rekordtempo. 73% på 50 år, seier World Wildlife Fund. I havet står det like ille til. Fiskebestandane kollapsar. Også utanfor våre eigne kystar.  Mangfaldstapa er no så store at sjølve motoren i naturen kan vera på veg til å stansa. Då stansar alt.

Ettersom det er dette næringsfeltet eg kjenner best, skal eg likevel halda meg til «landbruk» i det vidare. Den globale situasjonen er tragisk, men det er sanneleg ikkje mykje å ropa hurra for her heime heller. Verken på den eine eller den andre måten. I 2026 er Noreg eit av landa i verda med desidert mest økonomisk støtte pr næringsdrivande gardbrukar (no har ein rett nok «lukkast» med å fjerna dei aller fleste, men likevel), og samtidig eit av landa i verda med lågast sjølvforsyning. Snakkar me tidenes aller mest mislukka landbrukspolitikk?

Kva skjedde eigentleg? Kva tid gjekk det gale? Kva tid blei den storskala matproduksjonen naturfiendtleg? Eller, for å seia det på ein annan måte, kva tid døydde det konvensjonelle landbruket?

Årsakene er openbert mangfelte og samansette, og mange av dei er ikkje nødvendigvis direkte knytt til landbruk. Eg vil likevel peika på nokre forklaringar som eg trur har vore altfor lite framme, og eg startar med å kasta eit nytt, og betydeleg meir kritisk, ljos over ei av dei mest myteomspunne etterkrigshendingane på landbruksfeltet.

Dødsstøyten: «Opptrappingsvedtaket» var i røynda eit nedtrappingsvedtak

Det såkalla «Opptrappingsvedtaket i jordbruket» frå 1 desember 1975 har vore feira opp og ned og i mente. Eg anar ikkje kor mange gongar eg har høyrt følgjande opp gjennom åra (når det har gått imot, og det har det jo stort sett gjort heile tida sida 1975): «Me treng eit nytt opptrappingsvedtak!».

Eg er ikkje i tvil om at det var gode hensikter bak det opphavlege opptrappingsinitiativet, men for norsk matproduksjon, norske bygder og husdyra våre har vedtaket i røynda vore ein vedvarande katastrofe. Alle landbruksoppgjer etterpå har handla om nedgang, og slett ikkje om «opptrapping».

For kva var det eigentleg Stortinget vedtok denne djupt lagnadstunge dagen? Vel, det går fint an å vedta med røyster for og mot at bonden skal tena like mykje som industriarbeidaren. Det høyrest jo flott ut! Men eit slikt vedtak skal jo helst også gjennomførast, og når vedtaksfattar, Staten, får ansvar for denne gjennomføringa, blir konsekvensane enorme.

For ein lyt ha eit grunnlag for å kunna samanlikna det organiske (det å dyrka plantar i levande jord) med det materielle (industriarbeidarløna). Då vel ein det materielle. Det kan trass i alt teljast, vegast og reknast.

Og då går raset for det organiske. Og det raset vil berre halda fram.

Det ein i røynda gjorde her, var å prøva å pressa ein levemåte som hadde eksistert i mange tusen år ned i ein så ekstremt snever kategori som «yrke». «Bonde» tyder buande. I mange, mange generasjonar levde den buande i balanse med naturgrunnlaget rundt seg. Ein kunne ikkje bruka meir enn det naturen evna å levera det eine året, for då vart det sveltihel året etter.

Men med eit politisk vedtak endra alt seg. Derifrå blei alt materielt. Derifrå gjekk naturreknestykket i minus.

Når det blir vedteke politisk at gardbrukaren skal tena like mykje som røyrleggaren, set ein to vesensulike fenomen opp mot kvarandre. Og då er det naturen som i røynda lyt betala prisen: Det er soppen i jorda, insekta, plantane, grisen, høna, kua og alt anna liv som må lida.

Han bytte bort kua, fekk ingenting igjen..

Eg vaks opp med historier om den fantastiske vestlandskraudkoll-kua Litladokkå. Ho var stjerna i fjøset heime. Fantastisk gemytt, lydig som ein hund, snill som eit lam, lengelevande. Både far min og alle dei som var eldre enn meg i familien, hadde mange historier om henne (eg innbiller meg at eg hugsar henne der eg som småtass stod mellom kalvane i bingen medan mor mi mjølka).

Men så: over natta vart ho verdlaus. Med «opptrappingsvedtaket» vart ho «økonomisk irrasjonell» (når det skal tevlast med industriarbeidarar økonomisk og dermed handla om time- og årsverksprisar, kan me jo ikkje halda på og «dulla» slik) og burde, i følgje den framveksande overklassen, landbruksøkonomane, ha vore slakta raskast råd.

Litladokkå var eit levande familiemedlem som gav unike naturopplevingar og historier for mange år framover. Men med eit brutalt, livsfjernande politisk vedtak, vart det mangfaldige livet hennar redusert til kilo og liter.

Denne vakre og unike kua var likevel heldig. Ho vart sett. I dag er det ingen som ser henne, der ho trampar rundt i ein flokk med 100, 200, 300 eller 500 rundt seg. Dei gardbrukarane som ein gong såg henne og gav henne namn, er skvisa ut for lenge sidan. Ein har ikkje tid til slikt. Timeprisane skal jo haldast oppe..

I dei mange åra som har gått etterpå har eg sjølv, gjennom småskala gardsdrift, møtt mange unike dyr som henne: Moskusandriken Torleiv (han blei 15 år gamal!), hanane Sindre (han blei litt av ein sosial media-kjendis!) og Kompis, islandshøna Pica Pica (ho blei 14 år!), røroskua Mildrei (ho var jamleg med på tur i utmarka og likte seg elles særs godt på kjøkenet), fjordhesten Brage, og mange fleire gardsdyr med dei.

Felles for alle desse er at eg aldri hadde møtt dei som dei unike individ dei var om eg hadde gjort det landbruksøkonomane rådde meg til. Då hadde dei vore daude før vaksen alder. Liva deira hadde ikkje vore verde meir enn det dei leverte på ei økonomisk botnline.

I dag lever difor 10 000 fjørfe superkorte liv tett i tett på betong, utan namn, utan så mykje som eit nummer. Og det berre for inntekta til eitt – 1! – menneske.

Ei høne kjenner igjen maksimum 50 andre. Enkelthøna i denne betonggigaflokken lever altså heile det korte livet sitt – det varer så lenge ho klarar å skvisa ut maksimum tal egg pr egg – blant berre framande. Det høyrest ut som eit uhyre attraktivt liv, gjer det ikkje?

Eg får vondt i magen når eg ser butikkjeder reklamera med «dyrevennleg kylling» berre fordi stakkaren får høve til å leva 14 dagar eller tre veker lengre enn den «ikkje-dyrevennlege».

Seigpininga: Våre komparative fortrinn forsvann eitt etter eitt

Den dramatiske omdefineringa som opptrappingsvedtaket representerte, fungerte som ei Pandoras øskje. Er denne øskja først opna, spreier elendet seg uvilkårleg og tiltakande over folk og land. Det blir berre verre og verre og verre, og ein etter ein etter ein lyt bita i graset.

Tida etter 1975 har i røynda vore ei lang seigpining. Avskaling og uttynning, avskaling og uttynning. Alt for å kunna følgja opp det vedtaket la opp til: røyrleggjarløna, ikkje naturgrunnlaget, skal vera malen. Naturen må i staden betala prisen.

Landet som ein gong gjorde dette skjebnesvangre bedriftsøkonomiskpolitiske vedtaket, og som seinare har følgt det opp med å skvisa ut litt fleire gardbrukarar år for år, består ikkje av hovudsakleg innmark, slik Danmark, Nederland eller Belgia gjer det. Det består av fjell, fjordar, hei og skog. Ein gong evna menneska å leva balansert i slike omgivnader. Alt dette fekk eit alvorleg skott for baugen, for når måleeininga blir reint materiell og økonomisk er dei einaste moglege «vinnarane» dei områda som til ein viss grad kan minna om Danmark, Nederland og Belgia.

Dei norske «produksjonsmiljøa» i 2026 ligg i delar av Trøndelag, på sentrale delar av Austlandet og på Jæren. Det lokalt tilpassa småskalalandbruket i resten av landet er nesten heilt rasert. På vegen til denne ulukksalige tilstanden forsvann den eine merkesteinen etter den andre.

Det konvensjonelle landbruket døydde litt meir ..

  1. då mangesysleriet blei fasa ut

Gjennom det eg i bøkene mine kallar Lokaltida – altså dei nesten 10 000 åra der den fastbuande, bonden – eksisterte i balanse med omgivnadane, utvikla det seg ei tilpassing me har lært å kalla mangesysleri. Bonden måtte kunna og praktisera veldig mykje ulikt for å overleva. Det galdt å meistra ei lang rekke forskjellige landbrukspraksisar, men og tenesteproduksjon for andre. Bonden var snikkar, lærar, fiskar, apotekar, idrettsutøvar, diktar eller vevar. Og veldig mykje meir. Og det gjekk heilt fint, for slik heldt bygda seg levande.

I dag rår monokulturen. Og med den kan verken landbruk eller bygd eksistera.

  1. då omsynet til og ærefrykta for den levande molda forsvann

Bestefar min tok av seg huva då han skulle så. Det var ei heilag handling.

Dette verkar frykteleg lenge sida no. I dag, alt medan miljøkrisene blir stadig fleire og stadig meir alvorlege, er det desidert viktigaste økosystemet på landjorda, den levande molda, utan noko form for vern. «Jordvern» er ikkje vern av levande jord, men av ei form for arealdisponering framfor ei anna form for arealdisponering. Korleis ein som grunneigar driv molda legg ingen seg opp i. Moldlivet blir massakrert og drepe med gigaplogar, gift og enorme mengder kjemiske næringsstoff.

«Vekstmedium» blir molda kalla, som om det berre er for menneske den finst..

  1. då naturgleda blei irrelevant

På slutten av 90-talet skreiv eg mi første bok om landbruk. Den handla om årsaker til rekrutteringssvikt. Då eg skreiv at landbruk måtte handla om meir enn berre vanskeleg økonomi og lite fritid for å nå ut til dei yngre, blei eg kalla inn på kammerset til den største av fagorganisasjonane i landbruket (dei sat med leiarskapet i styringsgruppa – slik dei stort sett alltid gjer). Slikt kjetteri skulle ein då slett ikkje skriva!

Etterpå har det berre blitt verre. (Dårleg) Økonomi dominerer alle «konvensjonelle» landbruksdebattar og landbruksforum. Dernest kjem maskinprat.

Det må vera tiår sida sist eg høyrte ein «konvensjonell bonde» fortelja om gleda ved å koma tett på natur og liv

  1. då familien og naboane forsvann

Som levemåte samla landbruket familien. Også på tvers av generasjonar. Då måleininga gjekk over til å bli berre økonomi og materie, drog ein i røynda ut proppen. På uhyre kort tid forsvann først borna, så dei andre generasjonane, så ektefellen. Så var det naboane sin tur til å forlata garden. Dei to attverande einskildbrukarane i bygda ende opp med å slå bakkane til resten. Til slutt gav den eine av dei opp. Røyrleggjarløna synte seg uoppnåelege, og all gleda var jo borte uansett. Så kvifor skulle ein då halda fram?

  1. då sjølve debatten døydde, og det blei så lågt under taket at ein nærast laut krypa

Me har ikkje hatt landbruksdebatt i Noreg på veldig mange år. Kritiske mediekanalar finst ikkje (dei eksisterande er alle sandpåstrøarar, og samla under den same offisielle næringsparaplyen midt i det mest urbane Oslo). Skilnadene på dei politiske partia er og heilt minimal. Dei heiar i større eller mindre grad på status quo, ja, men ingen tek til orde for ein verkeleg naturnær snunad. Med unnatak for ein bitteliten høgskule for grøn utvikling, eksisterer det heller ikkje alternative kunnskapsmiljø.

Og om ein som enkeltindivid skulle våga å hiva seg uti det med alternative idear, er latterleggjeringa og hetsen massiv og unison.

Takhøgd er i det heile eit framandord på dette kritisk viktige samfunnsområdet i dag. Dei etablerte sanningane er einerådande. Så lenge det er slik, vil alt sjølvsagt berre bli endå verre.

  1. då ein mista kontrollen på nitrogenet, la alle egga i feil korg og gjekk til breifrontskrig mot naturen

Eg tek med ei siste forklaring, som eigentleg står fullgodt på eigne bein. Den er både konkret og meir overordna.

For når ein mangetusenårig levemåte skulle gjevast opp meir eller mindre over natta, måtte ein finna ei anna festehistorie. Problemet er at historia ein valde var rein vankunne, og dessutan ei brutal krigserklæring mot naturen og livet. «Landbruket» dei siste 50 åra har i røynda bygd på ideen (utvikla og heia fram av kunstgjødselindustri og såkalla «kunnskap»smiljø) om at molda (samt skogane, vassdraga og hava) er til for menneske, at menneske veit betre, og at kunstig framstilte innsatsfaktorar overgår dei naturlege. Vidare at naturen eigentleg ikkje har skjøna nokon ting (t.d. når den byggjer mold oppover og stolar på mikroliv framfor å i staden snu livet på hovudet med plogen og stola på kjemi..).

Det er berre det at historia (og miljøa) ein festa lit til – og framleis festar lit til – er rett og slett rein løgn. Det hjelper ikkje at politikarar, media og «kunnskaps»miljø flokkar seg rundt den. Den er framleis løgn. Og ikkje berre det. Denne løgna er livsfarleg i ordets aller rettaste forstand. Den har allereie radert ut store delar av livet rundt oss og trugar med å radera bort resten.

Både politikarar, landbruksaktørar og «kunnskaps»leverandørar treng verkeleg å gå i seg sjølve: Har de ikkje sett blindvegen de styrer nedover eller har de berre ignorert den?

Frå Skamtid til Grøntid

Så kor går me herifrå? Kan det konvensjonelle landbruket vekkjast til live att? Det korte svaret er nei. Det lange er ja.

Til de som framleis måtte vera vekstpositive der ute (for framtida sin del vonar eg sterkt at de er uhyre få!): NEI! Det finst ingen måtar å sameina kapitalisme og natur på. Dei to går rett og slett ikkje i hop. Då finansminister Jens Stoltenberg la fram siste statsbudsjett i haust «skvatla» han i veg på velkjent vis om at alt går betre i verda og at kapitalismen har hjelpt så og så mange menneske opp av fattigdom. Det han IKKJE nemnde, var at alt dette går på kostnad av naturen – som kollapsar i akselererande fart rundt oss.

Det lange svaret er difor at både Jens Stoltenberg og resten av menneskeverda må snuast opp-ned. Kapitalismen er global, natur er alltid lokal. Det må sjølvsagt landbruket og alle våre andre aktivitetar vera og.

Mennesket har minst like store føresetnader som alle andre artar til å vera naturbyggjande. Korleis? Svara får du i mi komande bok «Andre Losebok. Det såande mennesket».

Velkomne til Grøntida og med den det konvensjonelle landbruket si gjenoppståing!