Foto: Shutterstock

Om hat, hets og motet til å skapa

Av Dag Jørund Lønning

Det som skulle bli eit «opplysingssamfunn» har blitt eit «hetsesamfunn» i staden. Hetsing og hatretorikk er gjort til del av sjølve den sosiale organisasjonen som me skal leva og verka innanfor i tida framover. I ein slik samfunnskonstruksjon har nyskaparen elendige vilkår, og det i ei tid då me treng han og henne meir enn nokosinne.

Eg skriv denne teksten nokre dagar etter at ei 16 år gamal jente frå Sverige stod på FN sin talarstol og heldt ein av dei sterkaste og viktigaste appellar i verdshistoria. Med kjensle og engasjement tala ho forbrukarsamfunnet midt i mot, og poengterte det alle eigentleg veit: at vårt overforbruk er i ferd med å fråvrista dei som kjem etter oss høvet til å leva fullverdige liv.

Eg skriv etter å ha lese om alt det hat, all den sjikane og alle dei konspirasjonsteoriar denne motige ungdomen har blitt møtt med i etterkant. Eg skriv for å prøva å kasta ljos over kva kamp som i røynda no spelar seg ut framfor augo til ei heil verd.

Den amerikanske eksistensfilosofen og psykologen Rollo May har forfatta eit av dei fremste verka om menneskeleg kreativitet og skaparkraft. Tittelen, Mot til å skapa, avslører fokuset og vektlegginga. Mot er det aller viktigaste for den skapande, skriv May, fordi det som møter det genuint nye aldri er interesse og omfamning, men motstand. Til dels betydeleg motstand. Maktbruk til og med. Den skapande må ha både mot og styrke for å stå oppreist i dette.

Rollo May har vore ei viktig inspirasjonskjelde for meg i det har skrive opp gjennom åra om nyskaparen og hans/hennar kamp mot dei etablerte sanningane og desse sine mange, ofte maktsterke, vaktarar.

Nyskaping er ikkje produktutvikling. Eit nytt produkt stadfester berre eit system. Nyskaping er å utfordra systemet, å utfordra etablerte måtar å handla og tenkja på. Nyskaparen er den eigentlege «eldsjela». Brannen fører det nye inn i verda, skreiv Heraklit. Brannen er her uttrykk for det nyskapande menneskelege engasjementet for endring og for ei betre verd.

Nyskaparen avslører at den verda me kjenner og oppfattar som «naturleg» i røynda er konstruert av menneske, ofte menneske med makt, og at den difor like vel kan konstruerast på heilt andre måtar. Nyskaparen utvidar rammene for det menneskeleg moglege, viser veg til stader der ingen før trudde det var mogleg å dra. Nyskaparen er ein verdsetjar, ein som endrar eit samfunn sitt verdisystem.

Og difor har det etablerte «samfunnet» alltid møtt nyskaparen med motstand og sanksjonar. Ingen blir oppfatta som så «farleg» som han og henne. Nyskaparen – den som utfordrar det etablerte – har vore møtt med fysiske mottrekk som vald, tortur, heksejakt, fengsling og steining, men like ofte med forakt, latterleggjering og demonisering. Historia er full av døme, og eg har sjølv skrive om mange av dei opp gjennom åra. Kampen mot det nye har alltid hefta ved menneskesamfunnet. Denne kampen er del av vår tragiske, valdelege og konfliktfylte historie. I tusenvis av år har den ført til uendeleg undertrykking og liding.

Men kva så med vår eiga tid, notida som ein del tusenårsskifteoptimistar ein gong valde å kalla for «opplysningssamfunnet»? Korleis ser me på den nyskapande i dag, her i vår eiga heimlege sfære?

Vel, Rollo May er meir aktuell enn nokosinne. Kvifor? Fordi «den kompakte majoritet» som Ibsen sin dr. Stockmann (En Folkefiende) ein gong møtte, i dag i prinsippet omfattar «alle».

«Alle» sit no på den nødvendige teknologi og kompetanse for å vera aktive hetsarar og hatarar. I det sosiale nettverkssamfunnet blir alt forsterka. Ekstreme overdrivingar, bevisste mistolkingar, konspirasjonar, latterleggjeringar, og så definitivt hat og hets. Ein spreier andre sitt hat, ein legg til litt av sitt eige. Det er ingen krav til forkunnskap eller sakskunnskap, og ingen kvalitetskontroll. H C Andersen si fjør som vart til fem høns fungerer ikkje lenger som analogi. No snakkar me i beste fall om ei fjør som vart til eit hønsehus (og dei består i dag som kjent av mange, mange tusen dyr).

Aldri har det heller vore lettare for dei hetsande og hatande å gøyma seg. Ein slepp å trø fram i ljoset. Oppildna av «likes», smile- og latterfjes, serverer ein frå mørke krokar og krikar det eine saftigare åtaket på personen ein ikkje kjenner etter det andre. Frå den neste mørke avkroken blir åtaket forsterka og sendt vidare.

Den offisielle makta er i ferd med å bli slukt opp i det same. Enkeltpolitikarar og enkeltrøyster åtvarar og står fram som gode føredøme (ære vere dei!), men fleire og fleire maktpersonar (politikarar, forskarar, journalistar, «samfunnsdebattantar») blir del av det sosiale nettverksspelet. Ved å ta mann og ikkje ball, ved å krydra innlegg med latterleggjering og personsjikane, produserer ein «klikkvinnarar». Slik er ein med og legitimerer vedvarande eskalering. Hataren i kråa får stadfestinga og dytten han treng for å dela og leggja til litt ekstra: «Når han kan uttrykkja seg slik, så kan sanneleg eg og!»

Og kven er så mest utsett for alt dette? Vel, akkurat der har ingenting endra seg. Makta og den kompakte majoritet sitt hatobjekt nummer ein var alltid, og er framleis, nyskaparen. Han og ho som utfordrar dei etablerte sanningane og målber dei nye ideane.

Aldri har kostnadane ved å vera nyskapar vore større. Aldri har det å uttrykkja og handla det genuint nye kravd meir mot. Den nyskapande sin kamp har fram til vår tid i all hovudsak vore retta mot makta/«sanninga» og makt-/sanningshavarane. Nettopp fordi måla var definerte, var det ein kamp som gav høve til pusterom mellom slaga. Desse pusteromma finst ikkje lenger.

Aldri har det vore meir utmattande å vera nyskapar. Fordi ein aldri får høve til å trekkja pusten. Ein har aldri fristunder. Uansett kor ein er. Ein veit aldri kor det neste åtaket kjem frå, kva tid det kjem, eller i kva kanal det blir uttrykt.

Og diverre: Aldri har kampen mot det nyskapande vore meir effektiv. Samtida er full av historier om engasjement som sløkna, om idear som aldri fekk modnast, om unge som engasjerte seg men som vart skremde til tystnad, om eldsjeler som «brann opp».

Eg har i det siste vore heilt open om at eg sjølv har opplevd dette. Eller, rettare, at eg opplever dette. Mitt arbeid for eit naturnært/naturbyggjande jordbruk og for betre dyrevelferd, har utløyst bevisste misrepresentasjonar og hatefulle personåtak i media, latterleggjering og nye mistolkingar i sosiale media, og så mykje kampanjeaktig trakassering (telefonar, sms’ar og freistnader på å påverka folk rundt meg) at «motet til slutt svikta». Dette siste er ein metafor for det å bli sjuk. Møtet med makta og den kompakte majoritet på felta eg arbeider med, vart rett og slett for tøff. Eg er framleis ganske dårleg, og kjem til å vera heilt eller delvis borte frå arbeid ei god stund. Hetsarane «vann», med andre ord.

I denne vanskelege perioden har eg fleire gongar fått høyra følgjande, og det frå såkalla «maktpersonar»: «Du er jo ein offentleg person, og då må du tola dette!» Kvar gong nokon seier slikt, så søkk det i meg. Skjønar dei konsekvensane av det dei seier? I røynda er jo dette offisiell legitimering av hets, ei kraftfull åtvaring til alle som arbeider for reell endring: Gjer det gjerne, men då må du også ta konsekvensane!

Det som skulle bli eit «opplysingssamfunn» har då blitt eit «hetsesamfunn» i staden. Hetsing og hatretorikk er gjort til del av sjølve den sosiale organisasjonen som me skal leva og verka innanfor i tida framover. I ein slik samfunnskonstruksjon har nyskaparen elendige vilkår, og det i ei tid då me treng han og henne meir enn nokosinne.

Dette er sjølvsagt både djupt tragisk og ekstremt framtidsøydeleggjande. Me kan ikkje sitja stilt og berre akseptera at det skjer. Kampen mot hat, hets og personsjikane må løftast heilt øvst på agendaen. Fordi me aldri vil vinna kampen mot klimaendringar og kollaps i naturmangfald utan større tom for nyskaparen. Me treng at så mange som råd går føre, tek nye steg og lanserer nye idear, men dette vil aldri skje så lenge det å stå fram fører til at ein risikerer å bli hetsa helselaus.

Dette er så definitivt ein kamp for det offentlege. Om det nokon gong var behov for «reformar» og handlingsplanar så er det no. Politikarar må så absolutt gå i seg sjølve. Personfokuset må reverserast, og sakene må fram på ein heilt annan måte. Media må også revidera eigne handlemåtar, både i forhold til kva dei slepp til på trykk og i forhold til kva dei deler vidare i sosiale media.

Men kvar og ein av oss kan me også gjera mykje i vårt eige verke på ymsande sosiale plattformar: Gi tydeleg beskjed når du kjem over hat, sjikane og stygge konspirasjonsteoriar. Tenk deg om både vel og lenge før du gir slikt «likes» eller sender det vidare. Og aldri gløym at dette sjikanerande innlegget like så vel kunne ha handla om deg!