La naturen koma til deg

Tekst og foto: Prof. Dag Jørund Lønning

Når landet og verda no, våren 2020, gradvis stenger ned, bør me benytta stilla som senkar seg til å reflektera. Over at planeten slik me kjenner den degenererer rundt oss.

Nettverket. Det grunnleggjande designet i naturen.

Den romerske diktaren Ovid (43 fKr – 17 eKr) fortel i det mytologiske storverket sitt («Ovids Metamorfosar») at medan dyra på jorda blei skapte med blikket mot bakken, gjekk den første generasjon menneske med blikket oppover mot stjernene og planetane. Gudane ville skapa eit edelt og fromt vesen, men i staden skapte dei vesenet som alltid ville ha meir og som ville leggja under seg alt.

Konsekvensen vart at verda degenererte. Den første alder, «gullalderen», blei avløyst av nye tidsperiodar med stadig mindre edle namn. Fred blei avløyst av krig, samarbeid med konflikt, og det å leva av og med naturen blei avløyst av den totale erobringa av denne. Til slutt hadde ikkje gudane noko val. Menneska måtte utryddast. Ein enorm flaum som strekte seg over heile jorda, gjorde denne jobben.

Gudane ville skapa eit edelt og fromt vesen, men i staden skapte dei vesenet som alltid ville ha meir og som ville leggja under seg alt.

Mange menneskekulturar har utvikla mytologiske forteljingar av denne typen, forteljingar som skal minna oss om at vesenet som hevar seg sjølv over dei samspel og samanhengar av liv me gjerne kallar natur, vert frykteleg sårbart. Det utviklar ikkje ei økologisk byggjande rolle, og oppnår difor ikkje det vern det gir å vera del av eit økosystem. Dette vesenet vil før eller seinare utrydda seg sjølv.

Som eg skriv om i Jordboka II og i Kompostboka , manglar me vestlege menneske i dag eit naturomgrep som inkluderer oss sjølve. Me har gjort natur til noko utanfor mennesket. Til noko me går ut i når me har tid og lyst. Til vakre kulissar. Natur er til for oss (til å hausta utbytte av, eventuelt å nyta), ikkje motsett. Dette natursynet har gjort oss til erobrarar og øydeleggjarar. Det vart mennesket mot naturen.

Når landet og verda no, våren 2020, gradvis stenger ned, bør me benytta stilla som senkar seg til å reflektera. Over at planeten slik me kjenner den degenererer rundt oss. Over hav som døyr, skogar som forsvinn, mold som blir utarma og mistar alt liv, over dramatisk naturmangfaldskollaps, over vår eiga hjelpeløyse og kollektive retrett når me no er under åtak frå det minst avanserte vesen på kloden.

Vilje til liv og fornying

Me kan rett og slett bruka stilla til å starta på den viktigaste av alle oppgåver: å reorientera oss i forholdet til det ikkje-menneskelege livet. Utan denne reorienteringa kan ikkje degenereringa stoppast og regenereringa – fornyinga – ta til.

Me kan rett og slett bruka stilla til å starta på den viktigaste av alle oppgåver: å reorientera oss i forholdet til det ikkje-menneskelege livet.

Eit skogholt, stort eller lite, kan vera ein god øvingsarena i så måte. Eg er heldig å ha eit slikt like utanfor hagegjerdet. Det ein med ein gong oppdagar når ein set seg under det litt unnselege treet ein har gått så ofte forbi, er at «natur» ikkje er «der borte». Ein må ikkje vandra over sju blånar for å finna den. Natur er alt. Rundt alt, over og under alt, utanpå alt, inni alt. Treet ved sida av meg er natur, men det er også fullstendig omslutta av natur. Synleg og usynleg for menneskeauget. Slik er det med kroppen min og. Den er kolonisert av andre artar av liv, dei aller fleste nyttige og byggjande.

Når eg legg meg ned ser eg den store skogen

Natur er Verdsaltet, den livgjevande krafta, ur-energien som har som oppgåve å alltid fornya seg sjølv.

Natur er enkeltindivid og enkeltartar OG det intrikate samspelet mellom dei. Samtidig. Du kan ikkje forstå den eine utan den andre. Natur er oppgåver, roller, balansar og komplementaritet. Natur er Verdsaltet, den livgjevande krafta, ur-energien som har som oppgåve å alltid fornya seg sjølv.

Natur er og sterk vilje. Vilje til fornying og mangfald, vilje til å byggja reservar av næring og energi for det liv som skal koma.

Ved sida av der eg sit er det ei tuve med bjørnemose. Når eg ser ned på den, ser eg stjernehimmelen. Legg eg meg ned og ser bortover eller oppover, ser eg den tette skogen. Det store speglar seg av i det vesle. Natur er avspeglingar og mønster. Livet strøymer gjennom alle desse uendeleg mange små og store nettverka. Gjennom blodårar, røter, nerver og kapillarar. Dette er naturen sitt grunnleggjande design. Det bitt deg til alt anna levande, og alt anna levande til deg.

I det spirande frøet bur sjølve løyndomen

Eg ser det i vengja til det vesle lønnefrøet og i det visna bladet eg finn i mosen. Eg ser viljen til fornying og liv i museøyrebladet på den vesle bjørkerenningen ved foten min, i dei vakre ørsmå konglene til lerketreet på veg inn i vårskrud, og i frøet som spirer midt i mosetuva. Eg ser organismar som byggjer opp og som bryt ned. Berre på ein liten kvadratmeter rundt meg er det store mengder med liv. Plantar, insekt, mosar, lav. Og under meg er livet enormt. Bakteriar, rovdyr, kilometervis med sopphyfar. Det største universet av liv på planeten.

Natur er avspeglingar og mønster. Livet strøymer gjennom alle desse uendeleg mange små og store nettverka.

Natur er alt for uendeleg til at den let seg fanga i enkle definisjonar. Natur er ikkje skapt. Den er skapande. For oss menneske er natur først og fremst erkjenning. Det er først når me sansar dei mange band som bitt oss til livet rundt oss, at me vil evna å byggja dette inkluderande naturomgrepet som me har så ekstremt behov for i vår tid.  

Livet er mangfelt

Det handlar ikkje om å dra «ut i naturen», det handlar om å la naturen koma til deg. Som erkjenning.

Det handlar ikkje om å dra «ut i naturen», det handlar om å la naturen koma til deg. Som erkjenning. Som ei kjensle av samanheng. Som respekt for livet i seg sjølv. Som ei kjensle av å høyra til. Å «vera i naturen» er ikkje først og fremst oppleving. Natur er ikkje eit objekt du kan observera på avstand for underhaldningas skuld. Å vera i naturen er innleving. Og det er innsikt. Det er ei reise inn i deg sjølv, ei reise som utfordrar det verdsbildet dei aller fleste av oss har vakse opp med; Erobraren sitt.

Det arrogante erobrarmennesket vender – som dei første menneska i romersk mytologi – blikket oppover og bort frå den natur det er ein del av og heilt avhengig av. Konsekvensen er den same som den Ovid åtvara mot. For det mennesket grev si eiga grav.