Mektige mikrofiendar og korleis me kanskje kan slå dei. Naturfilosofi i koronatid

Prof. Dag Jørund Lønning

“Men kven er så denne uhyre mektige fienden? Den som gjer det ingen menneskeskapt armé til no har klart, nemleg å setja store delar av menneskesamfunnet ut av funksjon i løpet av fire månader?”

Me gjennomlever smått uverkelege dagar. Grenser blir stengde, portforbod blir innførte og skular og barnehagar stenger ned. Det same gjer alt frå frisørar til barar og serveringsstader. Den eine bedrifta etter den andre permitterer. Mange verksemder går konkurs, og arbeidsløysa går i taket.

Alle arrangement og folkesamanstimlingar blir forbodne. Soldatar i uniform står klar til å møta folk som landar på flyplassane våre og senda dei i retur. Stadig større delar av befolkninga er internerte i eigne heimar.

Men det stoppar ikkje der. Kommunar i nord innfører karantene for dei som har besøkt kommunar på Sørlandet, Austlandet og Vestlandet. Det blir meir eller mindre ulovleg å reisa på hytta, og forordningar er på plass som seier at det å innlosjera seg i eigen fritidseigedom kan straffast med bøter eller 6 månaders fengsel. Ja, me er så strekt til det ytste at me til og med gir 10 000 kroner i bot for å hosta i det offentlege rom.

Over heile verda skjer det same. Soldatar i gatene, stengde grenser, menneske i verneutstyr. Det meste stenger ned. I land etter land i Europa, i Asia, i Amerika, i Australia og etter kvart også i Afrika.

Berre ein forsvinnande liten del av befolkninga vår har opplevd noko liknande. Det er dei få nolevande som endå hugsar 9 april 1940, dagen då jernhælane marsjerte inn i Noreg.

“Verken atom- eller nøytronbomber har noko som helst effekt mot dei som no invaderer. Sjølv verdas største militærmakter er hjelpelause.”

I åra etter 1945 har me brukt enorme summar på å rusta oss mot nye åtak. Andleta våre har vore vendt delvis austover og delvis mot Midt-Austen. Den definerte fienden har alltid kome frå innanfor vår eigen art. Slike som kan nedkjempast med maskingevær, kanonar, mellomdistanserakettar, atombomber og grøn sminke i andletet.

Men slikt hjelper ikkje mot corona. Ikkje i det heile. Verken atom- eller nøytronbomber har noko som helst effekt mot dei som no invaderer. Sjølv verdas største militærmakter er hjelpelause. For dette åtaket kjem ikkje frå  skyttargraver, bombefly eller langdistanserakettar. Det kjem heller ikkje frå der tusenvis av science fiction romanar og teikneseriar spådde det ville koma frå; det ytre rom. Det kjem frå heilt andre og uventa kantar. Det kjem innanfrå, utanfrå, ovanfrå, nedanfrå – alt på same tid. Det kjem på kjøpesenteret, på restauranten, i skulen, på eldresenteret, på bussen, toget, flyet, ja til og med heime i stova. 

Den “minst” avanserte organisme i naturen okkuperer no den “mest” avanserte

Men kven er så denne uhyre mektige fienden? Den som gjer det ingen menneskeskapt armé til no har klart, nemleg å setja store delar av menneskesamfunnet – over heile planeten – ut av funksjon i løpet av fire månader?

For det første er det ein fiende som, om den kunne ha mobilisert alle individ av eigen art, berre i tal ville ha skremt vitet av ein kvar: 10,000,000,000,000,000,000,000,000,000,000 soldatar ville dei vore. Korleis ein uttalar dette talet veit eg ikkje, men om alle eksemplar frå dette artsuniverset hadde stilt seg ved sida av kvarandre, blir det hevda at rekkja hadde strekt seg frå den eine sida av galaksen vår til den andre.

Og likevel, talrike som dei er, er dette ein fiende som er lite fryktinngytande i klassisk forstand. Rett og slett fordi den ikkje er synleg. Når eg sit og betraktar mikrolivet i molda med 400x forstørring i mikroskopet mitt, ser eg enorme mengder med liv. Titusenvis av levande vesen på under ein halv millimeter av ein ørliten vassdrope med ein knapt synleg klump kompostjord i. Men desse – fienden vår – får eg likevel ikkje auge på. Eg veit at dei er der, som eit nanolag under eit mikrolag, men for å få auga på dei trengst spesialutstyr: Elektronmikroskop som forstørrar opptil fleire hundre tusen gongar.

“Me har blitt vane med å sjå oss sjølve på toppen av alle næringskjeder, som det øvste, kontrollerande vesenet i naturen.”

For det finst eit univers, eit enormt univers, som er endå mindre enn det som består av sopphyfar og bakteriar på 0,00001 mm. Og det er faktisk frå dette «mini-mikro-nano»-universet me er under åtak! Den organismen som no set heile menneskesamfunnet ut av spel er så liten at det krevst mellom 33000 og 500000 (!) enkeltindivid ved sida av kvarandre for å nå 1 centimeter i breidde.

Me har blitt vane med å sjå oss sjølve på toppen av alle næringskjeder, som det øvste, kontrollerande vesenet i naturen. Men når me inkluderer mikrolivet i denne likninga, altså dei desidert største økosystema, ser det heile annleis ut. Dei hierarkiske presentasjonane me er så glade i, kollapsar. Sjølvbiletet vårt kollapsar med dei. For no er det aller mest «avanserte» vesenet på planeten under åtak frå det kanskje aller «enklaste». Og det avanserte er på raskt vikande front.

Er okkupanten vår i det heile levande?

Det herskar faktisk stor usemje om denne enormt effektive okkupasjonsmaktfienden i det heile er «i live». Og då snakkar me ikkje om levande daude frå filmen si verd, men om definisjonen vår for kva «liv» eigentleg er. For kva minimumskriterium skal me bruka? Mange forskarar har hevda at celler representerer dette kriteriet. Liv har celler. Bakteriar har celler. Så livet startar difor der.

Den fienden me no står overfor, derimot, har ikkje celler. Så er den dermed livlaus? Lite tyder på det når talet på smitta stig eksponentielt og samfunnet stenger ned lynraskt rundt oss. Og det over heile planeten.

For vel har ikkje virus eigne celler. Men dei har genetisk materiale. Og dei formeirar seg. Uforståeleg kjapt når forholda ligg til rette (slik dei tydelegvis gjer i menneskesamfunnet a la 2020). Men då innanfor andre organismar sine celler. Faktisk er dei avhengig av andre organismar sine celler for å kunna eksistera i det heile.

liv? For eigen del meiner eg ja. Me må ikkje la definisjonane våre stå i vegen for forståing. Dette er ein organisme, den formeirar seg, og den finst «der ute» i naturen, som del av økosystem me i forsvinnande liten grad har hatt fokus på og interessert oss for. Altså mikroverda.

Denne så desidert største av alle dei lag av liv som natur består av, husar våre verste mareritt, men også potensielt våre viktigaste allierte. Dette siste er det avgjerande viktig at me ikkje gløymer når denne pandemien ein gong er over og diskusjonane om korleis me skal unngå ein ny kjem i gang.

Kunsten å balansera

«Balanse» og evna til å balansera er eit sentralt tema i veldig mange av dei rike kosmologiar menneske har produsert. I balinesisk kultur, t.d., er det utvikla eit eige intrikat filosofisk program rundt nettopp denne kunsten; Rwa bhineda, balansefilosofien. Verda, heiter det her, og i mange andre naturfokuserte kulturar og kosmologiar, består av motstridande krefter som balanserar. Desse kreftene kan ikkje eksistera utan kvarandre, men den eine krafta kan heller ikkje dominera for sterkt over den andre. I så fall oppstår kaos og sjukdom.

I den nye Kompostboka. Om å byggja natur skriv eg om korleis både matjorda og kompostbingen er full av yin’ar og yang’ar : tilsynelatande motsetnadsfulle krefter og prosessar som i røynda utviklar seg i avhengiheit og nær relasjon til kvarandre.

Mikroorganismar spelar hovudroller i desse prosessane. Eit aerobt (med lufttilgang) mikrounivers har sin motsetnad i eit anaerobt (utan lufttilgang), bakteriar og nitrogen i sopp og karbon, «nyttegjerarar/oppbyggjarar» i «skadegjerarar/nedbrytarar». Og det finst mange, mange fleire døme. Heile vegen er det ulike roller og oppgåver, det er kontrastar og komplementaritet, og «balanse» er til sjuande og sist avgjerande for produktivitet og verdiskaping.

Patogene mikroorganismar i molda, fører til enorme avlingsskadar og tap kvart einaste år over heile planeten. Problemet aukar etter kvart som monokultur vinn fram som dyrkingsform. Då legg ein til rette for at skadegjerarar som trivst på enkeltartar får optimale forhold for å bløma opp. Ja, til og med veksa til nesten epidemiske bestandar. Dei siste tiåra har det vanlegaste svaret vårt vore bruk av gift. Mennesket har drive defensiv krigføring mot naturen. I denne striden kan ein kanskje vinna enkeltslag, men aldri krigen.

Om å spela på lag med naturen

I regenerativt landbruk snur me difor totalt om. Framfor å sjå natur som fiende, er strategien i staden å leggja aktivt til rette for at dei nyttige og oppbyggjande mikroorganismane i naturen får dominera i molda. Det gjer ein ved å

  • sørgja for optimal lufttilgang,
  • ved å minimera eller heilt kutta ut mekanisk jordarbeiding,
  • ved å sørgja for at molda alltid er dekka av plantar,
  • ved å dyrka mangfald framfor monokultur,
  • ved i størst mogleg grad å unngå bruk av kjemikaliar,
  • og ved å tilføra organisk materiell slik naturen sjølv gjer det, altså på overflata.

Med slike metodar kan ein raskt og effektivt byggja både biologisk mangfald, mold og natur.

“I regenerativt landbruk snur me difor totalt om. Framfor å sjå natur som fiende er strategien i staden å leggja optimalt til rette for at dei nyttige og oppbyggjande mikroorganismane i naturen får dominera i molda.”

Gjennom utprøving og praktisering av stadig fleire regenerative dyrkingsteknikkar, får me no raskt meir kunnskap om det fantastiske, skapande mikrolivet. Dette er kunnskap «tradisjonelle» vitskaplege metodar ikkje kan gje oss. Rett og slett fordi mikroverda er alt for mangfaldig, og fordi verdiskaping skjer i samspelet mellom artar og artsgrupper, ikkje gjennom isolasjon av enkeltartar. Knapt 1 prosent av bakterieslaga i molda let seg isolera og dyrka i laboratorium.

Men gjennom regenerative dyrkingsteknikkar kjem ein i kontakt med veldig mange av desse artane likevel – som produsentar av næring og som beskyttarar av nytteplantane våre.  Fleire og fleire som tek regenerative strategiar i bruk, rapporterer såleis om både avlingsvekst og kostnadsfall. Og natur byggjer ein i same slengen.

Me er her berre heilt i starten av det som kan bli ein stor balansekunnskapsrevolusjon. Regenerativt landbruk er no i rask vekst over heile verda.

Dei nyttige bakteriane i kroppane våre

Ein tilsvarande revolusjon skjer i forhold til korleis me forstår kroppane våre og helsa vår. For den same balanseringa mellom konkurrerande mikrounivers som skjer i molda og i naturen elles, skjer også inne i kvar av oss. Kvar einaste time, utsondrar me og tek me inn millionar av bakteriar. Nyttige bakteriar er heilt avgjerande for fordøying, for vern mot sjukdomar, ja kanskje til og med for vår psykiske helse. Ikkje minst er dei nyttige bakteriane viktige for å halda dei patogene på avstand.

Balansekunnskap blir avgjerande viktig for framtidshelsa vår når fleire og fleire bakteriar og sopp no viser seg å bli immune mot antibiotika og andre medisinar. Sjølvsagt må den tradisjonelle medisinske forskinga og utviklinga på dette feltet både halda fram og styrkast, men våre fremste allierte i kampen mot patogene bakteriar kan rett og slett visa seg å bli andre bakteriar. Nyttegjerande bakteriar.

Inn i den skremande og spennande virusverda

Går me frå mikro-universet til nano-universet, altså virusverda, er situasjonen endå meir krevjande. I denne ekstremverda finst dei mest dødelege organismar på denne planeten. Slangar, skorpionar, giftmanetar og kvithaiar er ingenting mot fryktinngytande virusartar som Marburg, Ebola og HIV. Blir du infisert med ein av dei to første, er du særs heldig om du slepp frå det i live. Me snakkar om dødsrater frå 70% til 100%. Immunforsvarsøydeleggjaren HIV har teke fleire titals millionar liv. Også influensavirus-pandemiar kan gje store tap. Den såkalla spanskesjuka mellom 1918-1920, forårsaka av eit influensavirus med veldig spreiingskapasitet, tok livet av mellom 50 og 100 millionar menneske. Dette er langt fleire enn dei som døydde i dei to verdskrigane til saman. I nyare tid har me Corona-viruset MERS med ei dødsrate på mellom 30 og 40%. Dette viruset skapte avgrensa, men svært dødelege, epidemiar i 2012 og 2015 i Midt-Austen og Korea.

Slike dødsratar er uansett skyhøgt over det den virusfienden me møter no, SARS-CoV-2, er i stand til å påføra oss. Det er den gode nyheita! Dette viruset er, isolert og historisk sett, ikkje! veldig farleg (om me samanliknar med dei som er nemnde over). Det har pr medio mars 2020 ei gjennomsnittleg dødsrate på 2,3%. Spesialistar ved UiO estimerer elles at dødsraten truleg ikkje blir høgare enn 1% av dei som blir smitta – då i land med godt utbygd helsevesen. Nye tal frå Tyskland indikerer og at 91% av dei smitta berre får lette symptom.

Den dårlege nyheita er likevel at denne nye (for oss) mikroorganismen, synest å ha formidable spreiingsevner i menneskepopulasjonar (presisering igjen: dette gjeld det me veit pr. medio mars 2020). Og difor kjem truleg tapa av menneskeliv også ved denne pandemien til å bli forholdsvis store.

Men den vil sjølvsagt gå over. Som alle andre pandemiar har gjort. Spørsmålet er likevel om situasjonen er den same no som det den var i 1920, eller ved avslutninga av tidlegare pandemiar og epidemiar?

Virusa som har forsaka desse pandemi-øydeleggingane opp gjennom åra kjem alle «frå naturen». Dei har vandra over frå andre artar, artar som gjerne har hatt immunitet i mange generasjonar, og inn i menneskeverda. T.d. muterte det ekstremt dødelege Marburg-viruset inn i menneskeverda ved import av ein flokk aper frå Uganda til Tyskland i 1967.

“Den ikkje-menneskelege verda er under enormt press. Mennesket er over alt og kontrollerer alt. Dette faktumet påverkar sjølvsagt framtidig smittefare.”

Situasjonen i 2020 er at me også står midt oppe i ei dramatisk naturmangfaldskrise. Det biologiske mangfaldet kollapsar rundt oss. Berre omgrepet «urørt natur» er i ferd med å bli utryddingstruga. Så kor skal desse virusa me kanskje lukkast med å fordriva, eigentleg trekkja seg tilbake til? Og kor kjem me ikkje i kontakt med dei?

Den ikkje-menneskelege verda er under enormt press. Mennesket er over alt og kontrollerer alt. Dette faktumet påverkar sjølvsagt framtidig smittefare.

Og det er frå nano-universet av «enkle» organismar me eigentleg ser som ikkje-levande, at det ultimate trugselbildet trer fram. Me talar om eit skrekkscenario som bles vekk alt me har vore i stand til å sjå føre oss av elende; frå atomkrig og svoltkatastrofar via invasjonar frå rommet, til filmen sine massive giftslange- eller skorpionregn. For kva om eit «supervirus» ein dag skulle oppstå og vandra inn i menneskeverda? Eit som kombinerer den ekstreme dødelegheita til Marburg og den nesten like ekstreme spreiingsevna til SARS-CoV-2 (eller influensavirus i det heile)?

Berre tanken får det til å gå kaldt nedover ryggen på ein. La oss rett og slett håpa at dette ALDRI! skjer.  

Så ja, det må satsast tungt på vidare medisinsk forsking. Og ja, me treng medisinar og vaksinar. Men me kan ikkje stoppa der, for den veldig avgrensa kunnskap me pr i dag har om virus (me kan skildra om lag 5000 virus, samtidig som me er ganske sikre på at det finst mange, mange millionar), indikerer at det også i nano-verda kan finnast allierte.

 På same vis som i mikroverda av bakteriar og sopp, føregår det i nanoverda ein vedvarande «kamp» mellom byggjande og patogene krefter. Og igjen både i molda og i kroppen vår.

Her er nokre få døme på nyttige virus:

Slike fascinerande funn er berre starten på noko som kan bli veldig stort. Denne typen balansekunnskap kan gje oss heilt nye verktøy i kampen for å forstå og skapa alliansar innanfor verda av nyttige og byggjande mikroorganismar.

Tradisjonell medisinsk forsking er ikkje nok

“Er det eigentleg daudebringande bomber, tanks og maskingevær me har mest bruk for i åra som kjem?”

Me har eit enormt kunnskapsbehov knytt til dei mikro- og nano-økosystem som omgir oss alle. Her er nokre av dei spørsmål me bør finna svar på for meir effektivt å kunna førebygga nye pandemiar:

  • Korleis spreier patogene virus og bakteriar seg frå dyreverda og inn i menneskeverda? Og kan me i større grad unngå at dette skjer?
  • Er det samanheng mellom måtar menneske held og behandlar andre levande vesen på og fare for nye virus?
  • Kva tilhøve gjer at patogene mikroorganismar spreier seg lynraskt og skaper epidemiar og pandemiar?
  • Kva konsekvensar kan den raske urbanisering av befolkninga som no skjer over heile verda ha?
  • Kva betydning har det at ein stadig større del av verdas befolkning reiser meir og meir?
  • Korleis verkar klimaendringane inn på virusverda?
  • Kva betydning har det at me øydelegg stadig meir av leveområda til andre artar? Kan dette gjera oss meir utsette for virus som hoppar over frå dyreverda og muterer?
  • Korleis samarbeider me mest mogleg effektivt med dei nyttige og byggjande mikroorganismane som omgir oss?

Medan pandemien føregår, følgjer me sjølvsagt råda frå smittevernmyndigheitene og unngår sosial kontakt så mykje som me kan. Og det til virusspreiinga er på nedgåande. Men deretter bør me så raskt som råd sjå framover. Me bør svara på spørsmåla over, og me bør byrja å drøfta kven «fienden» vår i røynda blir framover. Og difor også kva type forsvar det er viktig å byggja opp.

Er det eigentleg daudebringande bomber, tanks og maskingevær me har mest bruk for i åra som kjem? Kanskje blir eit langt meir effektivt “forsvarstiltak” rett og slett å starta gjenoppbygginga av den natur me har bygd ned og øydelagd gjennom så mange år?