Professor Dag Jørund Lønning med kompaktometeret

Kompost, mikroliv og jordpakking

Av Dag Jørund Lønning

Skikkeleg kompost – altså liv i store mengder – er ikkje berre det beste ein kan dyrka mat i, kompost kan og vera ein av dei mest effektive måtar å bli kvitt jordpakking på. 

Her kjem nytt frå HLB sine forsøksfelt – der me dyrkar grønsaker og meir etter jordbokmetoden. Me har no teke prøvar av jordbiologien frå heile området. Resultata er oppsiktsvekkande: Det er 700% meir liv i molda i dyrkingsfelta der me nyttar kompost enn det er i områda utanfor.

Her er det den inste sirkelen som gjeld, og resultatet er langt inne i raud sone. Med så mykje pakking er det få, om nokon, røter som klarar å veksa. Me måla raudt på store område av denne enga.

Området me leiger er ei ganske «vanleg» eng på Jæren og Vestlandet. Dette er relativt tung og djup moldjord. Før me kom har arealet vore drive som slåtteeng. Det er nytta rågjødsel frå svineproduksjon, og elles tunge maskinar i slåtten. Sommaren 2017 var som kjent veldig våt.

Kombinasjonen mykje regn, ukompostert husdyrgjødsel og tunge maskinar er meir enn sårbar natur (for det er det mold eigentleg er) tåler. Når jorda blir pakka forsvinn dei nyttige mikroorganismane (mange sporar seg i påventa av betre tider), og plantane mistar sine mest effektive hjelparar. Me måler no minimalt med liv under torva der me ikkje har brukt kompost. Kontrasten til dyrkingsareala – der kompost er lagt rett på bakken – er rett og slett enorm.

I dag var eg ute på dyrkingsfeltet att for å finna årsaken. Eg hadde mistanke om alvorleg pakking, og dette fekk eg bekrefta gjennom ein runde med kompaktometeret. Dette geniale instrumentet måler motstand og  pakking. Som de ser på den eine bildet, er pila langt inne på

Denne brokkoliplanten har vakse seg svær både over og under bakken. Bildet viser korleis røtene har vakse ned i moldlaget under komposten. Og mikrolivet har blitt med!

det raude feltet (det er den inste sirkelen som gjeld). Jorda er då så pakka at få eller ingen planterøter kan trenga gjennom. Dette blei stadfesta då eg spadde bort litt torv. Her var det knappast djupe røter i det heile.

Desto meir gledeleg er det å sjå kva som skjer når ein tilset biologi. Røtene på kålplantane våre har trengt godt ned i moldlaget under det om lag 30 cm djupe kompostdekket (sjå bildet).

Mikrolivet følgjer sjølvsagt med når røtene veks (hjelp frå mikrolivet er jo og grunnen til at røtene veks). Prøvane mine viser tre gongar så mykje biologi i det gamle moldlaget under kompostsengene som det er i den molda som ikkje har fått kompost i det heile. Og pakkinga er og vesentleg redusert (sjå det andre kompaktometerbildet).

Det har vore ein utruleg sesong på jordbokfeltet. Først viste metoden seg å vera uslåeleg i møte med tørkekrisa, så har me hausta fantastiske avlingar gjennom heile sommaren (ikkje noko ekstra næringsstoff er tilsett enn komposten me la ut i mai). Naturen har stått for all drifta. Me har ikkje måtta luka ugras. Meir lettvint driftsmetode enn dette finst knappast. Du kan sjå oppskrifta i ein film ein annan stad her på Komposten.

Under kompostsengene er jordpakkinga vesentleg redusert. Her er det ikkje brukt verken, plog, grubb eller fres. Naturen har gjort jobben!

Og som om ikkje dette var nok, viser det seg no altså at mikrolivet i komposten også hjelper oss med å løysa opp mold som er sterkt pakka. Og dette går fortare enn det ein skulle tru var mogleg. Allereie i løpet av neste sesong bør det meste av pakkinga under sengene våre vera meir eller mindre borte.

Og så er det så utruleg spennande dette her! For kvar dag som går lærer me meir om naturen sine fantastiske krefter og om korleis me kan spela på lag med desse – for høg produktivitet og langt meir miljøvennleg matproduksjon.

Snakkar om kinderegg!

Men så gjeld det å unngå ny pakking. Me må fara langt finare med den levande matjorda enn det me gjer i dag. Som eg skriv i Jordboka: Me har reglar for kor tunge maskinar som kan køyra på asfalt, ikkje på mold. Dette siste er ei stor skam!