Frå HLB sine regenerative prøveareal i Klepp på Jæren

Prøvedyrking etter jordbokmetoden: Knallresultat utan å vatna i tidenes tørkesommar

 

Av professor Dag Jørund Lønning, rektor ved HLB

Ingress: Resultata frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) sitt regenerative prøvedyrkingsprosjekt er så langt svært så lovande. Grønsakavlingane er gode og plantane er både friske og velsmakande. Og i tidenes tørkesommar har grønsakplantane vakse seg rekordstore heilt utan kunstig vatning.

Kål og nitrogenfikserande dekkvekstar i tett samvære. Desse plantane har ikkje vore vatna sidan kålen var utplantingsplante. Dekkvekstane vart vatna sist som frø. På bildet er det 7 veker sidan vatning. Perioden har vore svært varm og nesten utan regn.

Ofte er det uføresette den beste læremeisteren. Då me ved HLB byrja planlegginga av det jordbokinspirerte prøvedyrkingsprosjektet vårt, hadde me fjorårets søkkvåte sommar i friskt minne. Vassmangel var i alle fall ikkje noko me tenkte for mykje på. Men midt under plantinga i mai, sette varmen inn for fullt. Dagevis med steikande sol og bortimot 30 grader.

Dette er tøft for små kålplanter, og strategien måtte leggjast om frå flaumvern til det å takla tørke. Det er ikkje vatningsanlegg tilknytta lånearealet me dyrkar på, men ein bekk renn rett gjennom. Me kjøpte difor inn bensindriven (noko anna var ikkje å få tak i ettersom straum ikkje er tilgjengeleg) pumpe og sette i gang med vatning med denne bekken som kjelde.

Så langt så godt. Men så skjedde endå noko uføresett. Eg vart sjuk, og måtte vera heime frå arbeid dei siste tre vekene før ferien. Deretter vart det då tre veker med ferie.

I denne perioden har kollegaer og grunneigar sørga for å slå rundt dyrkingsareala. Vatning har det likevel ikkje blitt, ettersom pumpa synte seg for vanskeleg å få til å verka.

Det var difor med bange aningar at eg møtte opp på garden no midt i juli, seks veker sidan eg var der sist og sju veker sidan det sist vart vatna. Med tidenes tørkesommar som bakteppe, var det noko liv att i det heile? Men for eit fantastisk syn som møtte meg! Velvaksne kål og salatplanter i seng etter seng bortover, samt dekkvekstar som verkeleg har slått til. Og det heile innkransa av flotte bestandar av ringblomar, honningurt og store solsikker.

Der vatningsanlegga har gått meir eller mindre konstant i den «konvensjonelle» produksjonen i heile sommar, har altså våre prøvedyrkingsareal gitt det som må karakteriserast som knallavling utan noko form for vatning på heile 7 veker. Og det i ein intensiv varmeperiode der det knapt har kome noko vått ovanfrå i det heile.

Korleis er dette mogleg? Vel, naturen er fantastisk. Jordboka handlar jo om dei utrulege medhjelparane som potensielt finst i molda. Medan mange av desse skaffar planten næring, driv andre og hentar vatn når det er for tørt (eller fraktar bort vatn når det er for vått). Men dei treng optimale tilhøve for å gjera jobben sin. Det har dei tydelegvis fått i dette tilfellet. Så kva har me gjort i  dyrkingsprosjektet så langt? Her er nokre enkle prinsipp me har nytta:

  • Først og fremst; absolutt ingen forstyrring av molda! Me pløyer ikkje og fresar ikkje. Torva er ikkje fjerna.
  • Dernest brukar me kompost. I første fase av prøveprosjektet har me brukt kompost frå ein produsent i nærområdet. Komposten er lagt rett på marka/torva, med berre eit tynt lag papir som underlag. Det er ikkje tilført kompost meir enn ein gong. Ikkje noko anna gjøding er tilført.
  • Det er sådd i med ulike dekkvekstar. Svært tett. Nokre av desse er nitrogenfikserande. Her prøver me ut ulike artar og sortar, og det er alt for tidleg å konkludera rundt kva som verkar best.

Kva skjer når ein plantar kål- og salatplanter rett ned i eit slikt underlag? Vel, småplantane skjønar fort at dei er heilt avhengige av eit rikt og velfungerande økosystem i molda for å få både næring og vatn. Det er rett og slett ikkje noko lettoppløyseleg (kunstgjødsel eller uomdanna husdyrgjødsel) å henta ovanfrå, og difor må dei søkja nedover for å overleva.

Erfaringane så langt er difor samanfallande med resultat frå regenerative dyrkingsprosjekt i andre land: plantane i slike dyrkingssystem utviklar fleire, større og djupare røter. Rett og slett fordi dei må arbeida langt meir for næringa. Dess djupare røter, dess sterkare vert dei naturleg nok også mot tørke. Og truleg er det med plantar som med folk; aktivitet er sunt! Eg kan i første omgang stadfesta at den salat som har henta næringa si frå dei naturlege økosystema i molda smakar svært så godt. Korleis dette påverkar næringsinnhaldet, er elles noko me skal finna ut meir om seinare i prosjektarbeidet.

Mikkjell Lønning frå HLB i ivrig arbeid i den regenerative åkeren. Dyrkinga i 2018 er ei første prøvesatsing. Areala skal foretettast og utvidast gradvis. Frå 2019 vert det opna for visning og kursaktivitet.

Prøvedyrkingsprosjektet skjer på ein gard i Klepp kommune, og inngår i HLB sitt nye forskingsprogram Naturnær matproduksjon. Målet med programmet er å utvikla måtar å dyrka mat på som både mobiliserer og gjev rom for fleire hender og verkar positivt inn på biologisk mangfald både nede i og oppå molda. Me skal prøva ut ei lang rekke dyrkingsmetodar som alle har til felles at innsatsfaktorane er lokale og meir eller mindre fritt tilgjengelege for alle. Motstandskraft mot både flaum og tørke blir naturleg nok også viktige tema.

Eg kjem til å skriva langt meir om dette framover, både her i Komposten og i den andre Jordboka (der arbeidet no er godt i gang). Så det er berre å følgja med!