Helsing ved inngangen til biokratiets (?) tiår
Gode vener,
Me skriv nyttårsafta, kvelden for å sjå framover.
Me går inn i eit tiår der me vil møta dei største utfordringar me nokosinne har stått overfor. Både som arten menneske og som det samveldet av artar som utgjer denne planeten.
I mange tiår no har fokuset i det offentlege vore på oss sjølve. På våre rettar og vår velferd. Dette har vore viktig. Menneskeverdet har vunne mange viktige kampar mot dei krefter som ville undertrykking og utbytting. Den skandinaviske velferdsstaten, når den fungerer, er noko av det beste mennesket har kome opp med. Både når det gjeld ressursfordeling og tenesteutvikling. Dei skandinaviske landa generelt, og Noreg spesielt, skårar skyhøgt på alle globale velferdsstatistikkar.
Men baksida – eller prisen for velferda – snakkast det lite eller ingenting om. At vår nasjonale overforbruksdag kjem i april, blir forbigått av stort sett alle media og brorparten av alle heimlege politikarar kvart einaste år. Men det stiller seg altså slik: Før me er komne til midten av april, har me her heime brukt opp vår tilmålte del av verda sine naturressursar.
No i januar 2020 blir det lagt fram ei heilt ny rangering over verdas land. Dette er den viktigaste statistikken nokosinne, ettersom den rangerer land i forhold til kor mykje naturressursar dei forbrukar.
For oss i Noreg er denne statistikken dyster og skremmande lesing. Det har jo blitt «så typisk norsk å vera god», men no får me rett i trynet at me ikkje er gode i det heile. Snarare tvert om. Me er elendige! Nesten verst i verda. Me hamnar faktisk på 157. plass av dei 163 land som er med i målinga. Der karakteren 1.0 er definert som «berekraftig», hamnar Noreg på 0.200. Me er rett og slett ein miljø- og klimaversting.
Statistikkar kan sjølvsagt skuldast for å vera snevre, både dei som måler Noreg på topp og dei som måler oss på botnen. Tal er i seg sjølv avgrensa måleverktøy. Det verkeleg viktige i verda let seg verken teljast, vegast eller reknast. Men utslaga her er likevel så sterke, at me ikkje klarar å snakka oss bort frå dei, sjølv med alle moglege atterhald.
Så ja, klimaendringane og miljøøydeleggingane er menneskeskapte, men nokre menneske har eit betydeleg større ansvar enn andre. Og dei bur i det vestlege forbrukarsamfunnet. Dei fattigaste 50% av verda sin befolkning er ansvarlege for berre 10% av klimautsleppa, fortel britiske Oxfam. Dei rikaste 10% av verdas befolkning er derimot ansvarlege for 90% av utsleppa. Den nye globale statistikken fortel svært så tydeleg at nasjonen Noreg diverre i all hovudsak hamnar i denne siste kategorien.
Så kva no? Diverre har verdsmeisternasjonalismen festa seg så djupt her heime, at eg fryktar at mykje verdfull tid kjem til å gå tapt i fornekting. Vår olje og gass er jo så mykje reinare enn den alle andre produserer, kjem mange til å hevda. Og ditto for landbruket vårt (For å koma nokre av argumenta i forkjøpet: det er sjølvsagt fantastisk bra at me brukar så lite antibiotika som me gjer, men me er samtidig eit av dei land i Europa som nyttar mest kunstgjødsel pr dekar. Kunstgjødsel er fremste kjelde til den mest potente av alle klimagassar, lattergass).
Framfor å gøyma oss bak fornektingar, bør me ta dette slaget i trynet og bruka det konstruktivt. Me kan ikkje gjera noko med fortida, men veldig mykje med notida og framtida. La oss setja oss mål om raskt å avansera oppover på denne statistikken: Om 5 år skal me vera blant dei 100 beste, og om 10 år blant dei 50.
Korleis me gjer det? Vel, sjølvsagt må me kutta radikalt både i forbruk og utslepp. Men det å spara seg sjølv til fant, er verken verdiskapande eller motiverande. Me snakkar pr i dag alt for mykje om «skam». Ja, statistikken viser absolutt at me burde skamma oss, men skamkjensle er ei passiviserande kjensle. Og det me treng no er aktivitet og handling.
Me treng det regenerative – fornyande – blikket på verda. Det blikket er så definitivt verdiskapande, men regenerativ verdiskaping skjer i samarbeid med naturen sine eigne produktive krefter. Det går an å produsera mat og byggja natur samtidig. Det går så definitivt an å byggja menneskesamfunn og natur samtidig. Me byggjer no meir og meir kunnskap om korleis den regenerative, kompostmoderne framtida kan skapast. (Jordboka og Jordboka II presenterer noko av denne kunnskapen, den komande Kompostboka. Om å byggja natur kjem til å presentera endå meir.)
Me treng også å utvikla heilt nye styresett, styresett som i ein heilt annan grad tek omsyn til at mennesket berre er ein av eit nesten uendeleg tal artar på denne planeten. Som eg skreiv i jolebloggen på Komposten: 2020-talet må bli biokratiet sitt tiår.
Vener, me går inn i eit nytt tiår. Det meste krevjande og spennande nokosinne. Utfordringane er enorme, men det er også verdiskapingspotensiala knytt til eit aktivt, byggjande samarbeid mellom mennesket og Gaia, naturen.
Eg ønskjer dykk alle eit godt, naturnært og verdiskapande tiår!
Beste helsing
Dag Jørund
31.12.19