Frå berekraftig til regenerativt: det store paradigmeskiftet
Av Dag Jørund Lønning
I mi nyleg utgitte Jordboka II. Nærare naturen. Inn i det kompostmoderne gir eg det teoretiske (og praktiske) grunnlaget for overgangen frå industrilandbruk og postmoderne forbrukarsamfunn til eit regenerativt jordbruk og ei kompostmoderne framtid. I etterkant har mange bede meg om å skriva ein tekst der eg i nokre hovudpunkt summerer opp skilnaden på det eg definerer som regenerativt og det me tradisjonelt oppfattar som «berekraftig».
Eg startar med å utheva følgjande: reell berekraft kan vera steg på vegen mot det regenerative. For grunntanken er god. Me skal ikkje hausta, bruka og forbruka meir enn naturen si bereevne. Vår hausting i dag skal ikkje gå på kostnad av komande generasjonar.
Forbrukarsamfunnet og den store illusjonen om berekraft
Problemet er at denne reelle berekrafta har vist seg nærast umogleg å oppnå. Berekraft-omgrepet har vore med oss lenge no. Det har vore nytta på ei rad ulike felt, men har sitt tydelegaste utgangspunkt i den såkalla Brundtland-kommisjonen frå 1987.
Då rapporten frå kommisjonen kom, skapte den engasjement og optimisme. Realiteten var likevel at me globalt hausta meir enn naturen si toleevne alt 20 år før Brundtland-rapporten vart lagd fram. Med andre ord, skulle berekraft ha blitt meir enn ord, måtte me alt på slutten av 80-talet ha reversert uttaket av naturressursar kraftig. Alle veit kva som skjedde i staden; massiv vekst. Gro Harlem Brundtland leidde sjølv landet til endå meir «velstand» (les: enorm forbruksvekst finansiert av fossile ressursar) i den tida ho var statsminister. Veksten har halde fram i ettertida og. I same periode har det globale industrijordbruket medført kolossale, vedvarande tap av matjord, enorm avskoging og eit gigantisk eksodus frå bygder og lokalsamfunn.
Når noko er «dømt til å mislukkast», er det umogleg i utgangspunktet. Det er ein slik situasjon me står overfor her. Berekraftsideen blei innført for å dempa forbrukaren sitt forbruk. Men dette er ei alvorleg sjølvmotseiing. «Forbruk» betyr å bruka opp. «Å konsumera» kjem frå gamalfransk, og tyder å suga ut og leggja øyde. Forbrukaren, den dominerande kulturelle aktøren i det postmoderne samfunnet, er han/ho som aldri får nok, han/ho som vil ha større, breiare, billegare, som alltid vil ha meir, som aldri blir mett.
Me har levd med illusjonen om at det mogleg i over 30 år no, men ingen verken har kunna eller kan styra og avgrensa forbrukaren. Tvert om. Økonomien vår er tufta på han. For-/oppbrukaren har fått stadig større makt, og dei fleste – politikarar, forskarar, «kommentatorar» – både var og er livredde for å kritisera og utfordra. Sjølv i ei samtid som trass alt byrjar å bli i alle fall litt oppteken av klima og miljø, er rollemodellen nærast totalfreda.
Den popularitetssøkande samtidspolitikaren lograr for forbrukaren som hunden for herren. «Forskaren», han/ho som er avhengig av offentlege midlar for å halda fram med verksemda si, er livredd for å utfordra noko som helst, og lograr i det lengste med. Og pressa – altså den delen som ikkje skriv om realityseriar, «kjendisar» og livsstilsplager – kvart vart den i det heile av?
Den globale kampen om berekrafta; alles kamp mot alle
Internasjonalt har kampen om berekrafta utvikla seg til ein slags global «allmenningens tragedie». Dette omgrepet vart i si tid utvikla av den amerikanske øko-filosofen Garret Hardin. Hardin såg korleis me menneske rimeleg konsekvent set eigeninteresse først. Også i vår omgang med natur og miljø: «Ola» ser heilt klart at den nære fiskebanken er i ferd med å bli fiska tom, men han insisterer samtidig på at «Ikkje fan om naboen Per kjem til å slutta å fiska, og derfor sluttar ikkje eg heller!»
Nasjonalstatar har også lært seg å tenkja slik. Ikkje minst den me sjølv bur i, Noreg. Ja, vedgår me, klimaendringane er reelle, men vår olje og gass er jo så mykje reinare enn alle andre si. Vår landbruksbruksproduksjon er jo og så mykje meir miljøvennleg enn alle andre sin. Så difor lyt me halda produksjonstrykket oppe. Andre lyt kutta, ikkje me.
Slik argumenterer me for sektor etter sektor. Problemet? Alle andre land og nasjonar argumenter på same vis. Me blir alle «Ola» som spionerer på «Per». Me veit kva veg det går, den vegen høna sparkar, men ingen ønskjer å ta det første steget mot noko nytt og anna.
Moralisme er dårleg mobiliseringsgrunnlag
I praksis var eit berekraftig menneskesamfunn aldri noko meir enn ein draum. Oppgjeret med forbrukarsamfunnet kom aldri, og me klarte heller ikkje å omsetja berekraft til daglegliv og lokalsamfunn. Målesystema for kva som er berekraftig eller ikkje, vart liggjande utanfor oss sjølve. Andre definerer standardane (desse «andre» blir heller aldri heilt samde), og sjølv er eg, som enkeltindivid eller kollektiv, dømt til evig tilpassing til noko eg ikkje har eigarskap til og ofte kjenner som framandt. Kampen for berekrafta vart moralisme, framlagd som «lister» over alt det me ikkje burde gjera. Då datt dei fleste av. Moralisme er aldri eit godt mobiliseringsgrunnlag.
Meir enn 30 år etter Brundtland-rapporten –når planetklokka no er i ferd med å tikka på overtid – veit me faktisk framleis ikkje kven som eigentleg «bestemmer» kva som er berekraftig eller ikkje, eller kven sit med fasiten for kva tid forbruket mitt og vårt er «innanfor» eller «utanfor». Når nokon i dag nyttar nemninga «berekraftig utvikling», er det nett like utydeleg kva dei eigentleg meiner som det var då.
Frå det å balansera til det å fornya
Tida er rett og slett overmoden for endring. Radikal endring. Og den er på veg. Det eg i jordbøkene kallar Den nye grøne revolusjonen, er ein kamp for eigarskap, for å ta makt og handlekraft tilbake til enkeltmenneske og lokalsamfunn. Der berekraft er tilpassing til noko utanfor ein sjølv, er det å planleggja og handla regenerativt, fornying. Ordet regenerare betyr i seg sjølv fornying. Naturen er inspirasjons- og kunnskapskjelde. Den er evig omdanning og fornying. 24 timar i døgeret, 365 dagar i året. Millionar av år etter millionar av år. Natur handlar langt meir om å så for framtida enn om å hausta i notida.
Der berekraft i åkeren handla om å erstatta/balansera – med kjemisk gjødsel – det ein etter sigande tok ut av næringsstoff (myta om at plantar er «tærande», er ei av dei mest seigliva i såkalla «moderne» jordbruk), fokuserer den regenerative jordbrukaren på å lagra karbon og byggja mold og biologiske mangfald. Regenerativt jordbruk er å spela på lag med naturkreftene og sørgja for at naturen alltid får rom til å fornya seg sjølv.
Den regenerative jordbrukaren observerer korleis naturen fungerer, og inviterer dei fantastiske, produktive kreftene i naturen inn i hage og åker. Ressursane finst rundt henne allereie, og kunnskapen om den levande molda og naturen sine gjeremål er fritt tilgjengeleg for alle som genuint søkjer den. Gjennom sine observasjonar og erfaringar kjem han og ho fort fram til følgjande:
- Nei, plantar er ikkje tærande, men nærande. Tettare planting gjev meir fotosyntese og meir karbon ned i molda.
- Nei, mold skal ikkje vera naken. Naken mold er i strid med alle naturens prinsipp.
- Nei, molda, det største økosystemet på planeten, kan ikkje lenger reduserast til noko så snevert som «vekstmedium» for våre interesser. Nøkkelen til god vekst er ikkje å snu opp ned på sjikta i molda med fres eller enorme plogar, heller ikkje å drepa mikrolivet med gift. Det er tvert om å leggja mest mogleg til rette for at livet i molda kan få gjera arbeidet det er meint til å gjera, omdanning og fornying (og difor frigjering av næringsstoff til plantane).
Innanfor nyskapingsfaget skil me mellom reaktiv og transformativ handling, eller mellom gjenskaping og nyskaping. Den som handlar reaktivt handlar på basis av mål andre har sett. Me snakkar om passiv tilpassing; du produserer det kunden vil ha uavhengig av dine eigne verdiar, interesser og ønskjemål. Transformativ handling derimot, er i seg sjølv endrande. Bak ligg engasjementet og brannen. Autensitet i eksistensialistisk tyding. Brannen som endrar verda.
Frå å bremsa til å setja fart
Berekraft har blitt redusert til det å bremsa, til dels av årsaker som ikkje er klare for oss. Regenerativ utvikling er å setja fart. Det er transformativ, nyskapande handling. Den har ikkje eit definert og avgrensa mål. Den utvidar, sår og fornyar: Natur, økosystem, bumiljø, menneskesamfunn.
Å handla regenerativt er å byggja og skapa. Ressursgrunnlaget skal byggjast opp att, ikkje tærast vidare på. Den regenerative jordbrukaren, den regenerative designaren og arkitekten, den regenerative nærings- og samfunnsutviklaren, alle legg dei grunnlaget for at ressursar kan sirkulera, akkumulera og for at stadig fleire difor kan delta i verdiskapinga. I den regenerative forretningsplanen er fokuset på frøet langt meir enn på frukta.
Å planleggja og handla regenerativt er i røynda noko me alle kan gjera. Det er målsetjingar og vurderingar me kan ta eigarskap til og leggja på oss sjølve i daglegliv og lokalsamfunn. Skal me koma oss ut av det postmoderne forbrukarsamfunnet, må oppgåva vår i verda og naturen endrast. Me må gå frå å vera forbrukarar – dei som brukar opp og øydar – til å bli omdannarar og fornyarar – dei som byggjer. Dette er ei gjennomgripande og fundamental omvelting som totalt endrar forholdet vårt til alt anna liv rundt oss. Fleire og fleire menneske over heile verda deltek i dette enorme skiftet.
Berekrafta ligg på dødsleiet. Utan oppgjeret med forbrukaren, var den aldri anna enn ein illusjon. Men draumen om og trua på ei framleis grøn framtid veks seg likevel stadig sterkare. Dei mange menneska som no skaper den regenerative revolusjonen er i ferd med å gjera denne draumen til røyndom.