Elektrisk stemning då 400 deltakarar frå ei rekke land feira utgjevinga av Jordboka II og starten på den kompostmoderne tidsalderen

  • “Eg trudde ikkje at det i det heile var mogleg, men denne lanseringa blei endå betre enn den første.
  • “Tusen, tusen takk! Håpet er tent att. Eg og me har fått gnisten og trua tilbake.
  • “Alle menneske burde høyra dette! Born, vaksne, ikkje minst politikarar. No har me ein livgjevande bodskap å spreia. Me har eit verkeleg alternativ!”

Dette er nokre få av svært mange entusiastiske kommentarar etter den to-dagars lanseringkonferansen for Jordboka II, oppfølgjaren til storsuksessen Jordboka. Konferansen på Bryne vart eit møte med grensesprengande og banebrytande idear, lagt fram av foredragshaldarar frå aller øvste internasjonale hylle. Den vart også eit enormt boost for den nye grøne revolusjonen – overgangen frå eit jordbruk som behandlar levande mold og natur som om den var daud materie, til eit jordbruk som byggjer mold og gir naturen rom til å fornya seg sjølv.

Dag Jørund Lønning og den kompostmoderne framtida

Forfattar av jordbøkene, professor Dag Jørund Lønning, var første talar fredag. Innlegget hans var bygd rundt mennesket sitt kompliserte forhold til naturen. Me har gjort den til noko utanfor oss sjølve, noko me trør ut i eller inn frå, noko for dei dyre og -friluftsinteresserte, noko me kan velja å verna eller å byggja ned. Me har teikna hierarkiske næringskjeder etter mal av våre eigne hierarkiske maktstrukturar, og gjort større dyr viktigare og meir verneverdige enn små. Og der våre næringskjeder stort sett alltid startar med graset, skjer i røynda det aller meste av verdiskapinga av naturen før graset. + 99% av alt liv er usynleg for oss. Me trør i røynda på eit uendeleg, usynleg univers som me meir eller mindre har ignorert.

Natur kan rett og slett ikkje definerast, sa Lønning. Den omsluttar oss. Den har inga byrjing eller ende. Den er uendeleg, endrande, skapande. Den ER ikkje, den GJER.

Våre grunnleggjande misforståingar og feilaktige naturomgrep, har også gitt oss legitimitet og rom for å øydeleggja natur. Ein kan øydeleggja det som ligg utanfor ein sjølv, ikkje det ein sjølv er del av. Me har sett oss sjølve som betre gartnarar enn naturen, og øydelagd dei ekstremt produktive kreftene i den levande molda. Der natur vil mangfald, vil me det motsette, monokultur. Då set me naturen tilbake til nullpunktet, til der produktiviteten er på det aller lågaste; i den nakne molda.

Men håpet er likevel større enn på lang tid, sa Lønning vidare. Det raskt framveksande regenerative jordbruket, jordbruket som byggjer natur framfor å øydeleggja den, gir mennesket ei skapande rolle i naturen. Det byggjer på ei sirkulær, ikkje-hierarkisk naturforståing. Det er eit samspel mellom menneske og veldig mange andre artar av levande.

Dei siste hundreåra har mennesket bevegd seg frå det tradisjonelle bondesamfunnet, der alt organisk materiell måtte nyttast, via moderniteten med si hylling av standardisering, store ideologiar og maskinar, sterilitet og kjemikaliar, til postmoderniteten, individualiteten og masseforbruket sin tidsalder. No står me overfor eit nytt hamskifte. Me står overfor dei største endringar nokosinne.

Så kva kjem etter postmoderniteten? spurte Lønning. Svaret: kompostmoderniteten.  Å kompostera kjem frå det latinske componare og betyr å setja saman på nytt. Frå i dag og inn i framtida må alt setjast saman på nytt. Heile forholdet vårt til naturen må endra seg. Me kan ikkje lenger vera herrearten. Komposten er symbolet for den skapande rolle me må ta. I det regenerative jordbruket blir denne rolla utvikla i praksis. Her ligg håpet vårt, avslutta Lønning, og lanserte med det boka han vonar skal bli ein vegvisar ut av forbrukarsamfunn og industrielt jordbruk og inn i ei naturnær, kompostmoderne framtid.

Elaine Ingham og den levande matjorda

Neste innleiar var verdas truleg fremste jordbiolog, dr. Elaine Ingham. Hennar innleiing handla om det fantastiske økosystemet i den levande molda, og korleis vår framveksande forståing av korleis dette systemet verkar kan revolusjonera matproduksjonen. Ikkje berre kan me dyrka utan å utarma og øydeleggja jordsmonnet, me kan også auka produksjonen monaleg på dei areala me har i dag, sa Ingham.

Ho fortalde inngåande korleis planten sjølv styrer næringsopptaket sitt i samspel med mikrolivet. Karbon produsert gjennom fotosyntesen går ned i røtene og ut att i molda som sukkerstoff. Planten kan produsera svært mange forskjellige blandingar av sukkerstoff avhengig av kva type næring den treng og difor kva type organisme den treng hjelp av. Plantane får all den næring dei har behov for gjennom dette systemet, den får og vern mot sjukdomar. Det viktigaste me menneske kan gjera er difor å sørgja for at den nødvendige biologien alltid er til stades. Dette, seier Ingham, gjer me med kompost eller kompost-te.

Ingham fortalde vidare om korleis natur bevegar seg i suksesjon frå nullpunktet, den nakne molda, til dei mest mangfaldige økosystem me kjenner til, dei gamle urskogane. I den nakne molda er det lite liv og lite som veks. I naken mold er det berre nokre få bakterieslag og nesten ikkje sopp. Ettersom mangfaldet aukar, blir det meir og meir sopp. Og då vil fleire og fleire artar av plantar trivast. Som dyrkarar må me difor undersøkja kvar i suksesjonen planten vår opphavleg kjem frå, og deretter sørgja for den at molda me skal dyrka den i har den rette blandinga av sopp, bakteriar og rovdyr. Får ein biologien på plass, får plantane det dei treng, understreka Ingham.

Charles Dowding og den høgproduktive Homeacres

Tredje talar var ein av dei mest følgde hagebrukarar i verda på sosiale media, Charles Dowding. Han gav deltakarane ei fotografisk reise gjennom sin fantastiske hage, Homeacres, i Somerset.

Hovudbodskapen var klar: Så lenge me tek vare på molda, tek den vare på plantane. Dette betyr først og fremst ingen pløying eller graving. For kvar gong me pløyer eller grev, må økosystemet under oss starta opp meir eller mindre på nytt att med å etablera sine ekstremt produktive samspel. I staden skal komposten leggjast rett på bakken. Når han startar opp eit bed, byrjar Dowding alltid med eit lag papp. Dette tek knekken på gras og ugras, også kveke, fortel han.

Dowding «leikar» mykje med molda. Han utfører ei rekkje forsøk, og har lenge samanlikna utbytte frå gravefrie bed («no-dig») og gravebed. Heile vegen ligg utbyttet frå det gravefrie høgare. Under tørken i fjord, låg det langt høgare.

Eit sentralt punkt ved Homeacres er intensiv produksjon på små areal. Alle areal er fylde ut med nytteplantar. Samplantingar er vanleg, ikkje fordi nokre plantar trivst betre saman, men for å fylla ut hol. Slik finn høgdeveksarar rom blant breiddeveksarar. Alt skal fyllast, slik at ikkje ugraset – det som dekkjer den nakne molda – finn noko rom.

Joel Salatin og Polyface Farm

Siste innleiar fredag var Joel Salatin, ein av verdas mest berømte bønder. Han fortalde korleis arbeidet med Polyface Farm, har handla om å reveresera alt det dei industrielt orienterte brukarane som dreiv areala tidlegare gjorde. Industrielt landbruk øydelegg og utarmar jordsmonnet. Det blir ein kamp mot naturen. I staden kan beitedyr brukast til å byggja jordsmonn. Ein sørgjer for at dei heile tida er i rørsla, at det heile tida står att nok gras til effektiv fotosyntese og karbonbinding. Regenerative beiteteknikkar etterapar rørslene til dei ville beitedyra. Ein tredel av graset blir beita, ein tredel trampa ned og overflatekompostert, ein tredel står att til å starta den skapande syklusen på nytt.

Bak beitedyra kjem dei frittgåande verpehønsa. Dei har reine matfesten på insekta som klekker i kurukene. Dei sparkar opp og spreier gjødsla. Anaerobe flekkar som beitedyra vill unngå, blir i staden aerob kompostering. Slik kan ein, fortel, Salatin, gjera kuskit om til 300 000 dollar i egg..

Salatin sitt hovudpoeng er heile vegen at økologi og økonomi kan gå hand i hand. Landbruk skal byggja opp jordsmonn og biologisk mangfald, ikkje riva det ned. Alle tener på dette, både bonde, samfunn og natur. Når dyr trivst, trivst menneske og. På den regenerative garden skal både dyr og menneske få utøva sine naturgitte roller.

Programleiar for fredagen var redaktør i Bondevennen, Bothild Åslaugsdotter Nordsletten. Ho losa både innleiarar og publikum trygt gjennom ein konferansedag for historiebøkene.

Det var også stor aktivitet i lobbyen i Storstova under heile arrangementet. Ei rekke lag, organisasjonar og bedrifter hadde stand. Og ikkje minst blei Jordboka II seld til lanseringspris. Fleire hundre signerte kopiar gjekk ut i løpet av seminaret.

Dag 2 og vidare

Laurdagen hadde dei fire foredragshaldarane kvar sin parallellsesjon. Tilbakemeldingane frå dei ulike sesjonane var eintydige: Det einaste «problemet» med konferansen var at ein var nøydd til å velja. Helst ville deltakarane vore på alle parallellsesjonane samtidig..

I tillegg til å leggja fram ein ny naturnær, kompostmoderne, filosofi om det skapande mennesket i naturen, presenterer Jordboka II mange konkrete døme på kva alle kan gjera i eigen hage og åker. Boka presenterer også arbeida og tilnærmingane til både Elaine Ingham, Charles Dowding og Joel Salatin.

Boka er no ute og den nye grøne revolusjonen rullar vidare. Den let seg ikkje stoppa. HLB medverkar med nytt høgskulekurs i regenerativt landbruk. Dette inkluderer studietur til Singing Frogs Farm! Høgskulen medverkar også til å byggja kunnskaps- og utviklingsnettverk rundt regenerative og naturnære praksisar innanfor jordbruk og samfunnsutvikling. Den som ønskjer å motta nyheiter og kunnskap, og kanskje også å delta i komande prosjekt, kan registrera seg her.