Artisjokk og strandkål med blomkarse (beste salatplanten som finst!) i bakgrunnen.

Den nye grøne revolusjonen: frå eittårige til fleirårige matvekstar

Tekst og bilde: Prof. Dag Jørund Lønning

Den neste boka mi, Andre Losebok (vidare tittel kjem etter kvart), presenterer eit flett nytt program for korleis maten vår må dyrkast og framstillast om menneskje flest og planeten vår (slik me kjenner den no, i alle fall) skal ha noko grøn framtid. Me treng eit dramatisk endra landbruk/hagebruk, og eit ditto endra forhold til dei andre skapningane, «ville» og «tamme», me deler denne planeten med.

Forfattaren med fleirårig kål med opphav i Danmark. Slike bladkål blir massive skapningar etter kvart. Denne er framleis berre nokre månader. Legg merke til korleis den produserer ny vekst innanfrå som erstatning for dei blad som sniglar og andre uinviterte kål-likarar tygg på.

«Revolusjon» er total omvelting. Internt i menneskeverda er dette stort sett ein lite vellukka endringsmodell. Fordi, som det presist heiter i ordtaket, «revolusjonen et sine eigne». Gjennomførarane av revolusjonen er like fanga av vald, våpen og drap som metode som dei det vert gjort revolusjon mot. Dei nye makthavarane har kanskje anna politisk farge, men det tek sjeldan lang tid før status quo – undertrykking og meir eller mindre vilkårleg fengsling – er tilbake (etter 200 000 år har mennesket endå ikkje lært at vald alltid avlar vald).

Og likevel er det full revolusjon eg kjem til å kalla på i den nye boka. Fordi, og her er den STORE skilnaden, landbruk og hagebruk handlar i røynda berre i særs liten grad om «internt i menneskeverda». Landbruk er bruk av land me deler med millionar av andre artar av levande. Mikrobane er den største og viktigaste gruppa. Dei er i plantane me dyrkar, i dyra me avlar, dei er over bakken, og ikkje minst i enorme tal under bakken. Industrilandbruksaktørane, -apologetane, -økonomane, -forskarane og -politikarane har aldri verken indikert eller vedkjent dette, men desse artane er faktisk heilt avgjerande for oss og vår evne til å overleva framover.

Det er i framskaffinga av mat homo sapiens burde vore tettast på livet/samanhengane i naturen, slik alle andre artar er det, men i røynda er det her mennesket, som kollektiv – og det siste hundreåret spesielt – har fjerna seg mest. Det «kostnadseffektive» landbruket/hagebruket som dominerer i dag, sagar raskare og meir effektivt gjennom greina me alle sit på enn nokon annan menneskeleg aktivitet nokosinne. Det er eit direkte åtak på livet under, over og rundt oss. Karbon går tapt i katastrofale mengder. Det same gjer naturmangfald.

Det livet som no forsvinn, som me altså er heilt avhengig av for å overleva, kan ikkje «ta til våpen». Det kan ikkje verken protestera eller forsvara seg innanfor eit kommunikasjonsapparat som det dominerande, brutale og erobrande, arealbrukssystemet bryr seg om og/eller forstår.

Når det forsvinn, forsvinn me og. Difor behovet for revolusjon, for total omvelting.

Den kortlivde planten er meint å forsvinna raskt. Men det er DEN industrilandbruket hegnar om

Andre Losebok vil presentera ei lang liste over radikale endringsbehov på jordbruksområdet. I denne teksten vil eg fokusera på berre eitt av dei: forholdet mellom eittårige og fleirårige vekstar.

Eg lanserte dette poenget i Jordboka for hagen, og tek det vidare her: Kortlivde plantar er i stort mindretal i naturen. Dei utgjer maksimalt 6% av den totale plantebaserte biomasse pr år. Det er lett å forstå kvifor. Deira oppgåver er å koma fort og forsvinna fort. Dei skal dekka naken jord, t.d. etter eit jordras eller ein skogbrann (eller etter menneske sine årlege storskala åtak på den levande molda med maskinar som knuser den i fillebitar eller snur den opp-ned), men deretter skal dei vika og gje rom for fleirårige, naturbyggjande vekstar.

Kortlivde plantar skal oppnå noko her og no. I all hovudsak over bakken. Det er der veksefokuset deira er. I løpet av den korte tida dei lever skal dei også formeira seg. Rotbygginga blir difor svært avgrensa. Slikt har dei verken tid eller ekstra energi til. Og difor blir det forsvinnande lite karbonlagring med eittårige plantar. Faktisk kan ein enda opp med eit reknestykke som går i minus, med plantar som hentar opp meir frå molda enn dei gjev tilbake.

Dette siste skjer spesielt med menneskeleg manipulering. Eller, meir presist, med tvangsfôring over mange generasjonar. Ein plante som berre skal leva i ein eller maksimalt to sesongar kan i prinsippet blir så stor som helst berre den blir tilført nok nitrogen. Dagens landbruk og hagebruk er dominert av denne typen groteske plantemisfoster, digre over bakken men relativt sett minimale under.

Fleirårig bladbete og fleirårig fenikkel. Legg merke til at denne bladbeten vender tilbake til opphavleg grønfarge (men så smakar den ganske mykje betre enn dei farga og eittårige).

Det er berre å ta seg ein tur i sommarblomavdelinga på eit hagesenter. Den overveldande bløminga som gjerne møter ein kjem frå plantar med ørsmå røter. Ørsmå fordi deira einaste oppgåve er å suga til seg av det flytande nitrogenet som stadig renn forbi i strie straumar.

Mykje av det same skjer i den pløgde og kunstgjødsla åkeren. Næringsstoffa blir tilførte ovanfrå og er lett tilgjengelege. Matplantane har difor lite grunn til å byggja røter og samarbeida med den livsviktige soppen og resten av mikrolivet (som eitt- eller toårige er dei og i mindre grad i stand til dette). Det er difor lite byggjande mikrobar i denne typen «mold», og konsekvensane over tid blir berre meir og meir utarming. Areal som ein gong var levande og mangfaldige blir reduserte til nitrogenørkenar. Utan at dette synest å leggja dempar på galskapen. For dei same degenererande praksisane held berre fram. På alle nivå. Faktisk verkar det å verta verre, ikkje betre.

Ved at ein hegnar om og avlar på dei eitt- og toårige plantane, har både industrilandbruket og sentrale næringskjeder på hagesida snudd naturen og karbonlagringsarbeidet ryggen. I landbruket i dag kjem 70% av planteslaga og 80% av den mat ein produserer frå eittårige vekstar, altså frå plantar som samarbeider dårleg med livet rundt seg og som knappast lagrar karbon i det heile. Dette er absurde tal.

Einsretting og kvantitet vinn, kvalitet og mangfald taper. Naturen lir, og det gjer faktisk helsa vår og. Når avlsmålet heile tida er storleik og volum må nødvendigvis noko anna bli nedprioritert. Og dette anna er innhaldet av næringsstoff. Veldig mange av dei grønsaksslaga som dominerer i vår tid er resultat av lange avlsprogram der kortlivde plantar sine evner til å ta opp lett tilgjengeleg nitrogen og dermed veksa over bakken er utnytta til det ekstreme. Alt av fleirårige eigenskapar blir avla bort. Estetisk ser både den digre savoykålen og den ditto blomkålen svært så lekre ut, men næringsinnhaldet er på langt nær som i den planten dei ein gong kom frå, den europeiske villkålen, eller denne sin nolevande næraste slektning, fleirårig bladkål.

Grøntidslandbruket

Losebøkene handlar om Grøntida, den som veks fram etter Skamtida og Katastrofetida som følgde den. Det som først og fremst karakteriserer Grøntida er at menneske ikkje lenger har lov til å øyda natur. Me må rett og slett byggja gode samfunn og skapa verdiar utan å gjera meir skade på naturen rundt oss.

Då lyt det sjølvsagt tenkjast både nytt og annleis. Mor Natur er den dyktigaste av alle gartnarar. Ho er også den med desidert lengst erfaring. I Grøntida er ho læremeister og samarbeidspartnar.

Dette er svære skapningar som kan stå og produsera mat i ein god del år framover. Dei blir endå mykje større enn dette og treng god plass.

Eit skifte til fleirårige matplantar er sjølvsagt for alle som studerer dei mangfelte og uhyre produktive samspela i naturen. Gevinstane frå dette ganske så «enkle» skiftet er også både mange og store. For det første er dette plantar som samarbeider aktivt både med soppen, bakteriane og ei rekkje andre mikrobeslag i molda. Planten fører fotosyntesekarbonet ned i molda der svoltne mikrobar ventar. I byte får planten ei lang rekke næringsstoff. For dyrkaren handlar det primært om å halda molda dekka med karbonrikt materiale. Nitrogen er det lite behov for (det får planten frå bakteriane).

For det andre blir behovet for jordarbeiding kraftig redusert. Skamtida sin grønsaksproduksjon er/var basert på pløying og kjemiske tilsetjingar. Grøntida sine fleirårige grønsaker treng berre litt hjelp ved planting. Eit lite hol er meir enn nok. Opparbeidd bed treng dei ikkje. Og dei blir ståande der ein set dei ned. I år etter år.

Vidare er fleirårige grønsaker/matplantar ofte store plantar med betydeleg matproduksjonspotensiale. Det trengst ikkje store areal for å levera det ein familie treng av grønt. Varsam hausting toler dei godt, og dei aller fleste regenererer kjapt. Det same gjeld ved åtak frå sniglar og kålsommarfuglar. Den kortlivde planten er verdilaus og snart daud etter hausting, men slik er det definitivt ikkje med dei fleirårige.

Ein får rett og slett eit forhold til desse over tid. Dei vert permanente delar av hagen, slik buskar og tre også vert det.

Ein utforskingshage for fleirårige grønsaker

For å utforska og synleggjera korleis denne delen av hagebruket i Grøntida kan framstå, er delar av hagen heime no omgjort til dyrkingsareal for fleirårige grønsaker. Her skal det drivast aktivt frøavl for å få fram sortar som er særleg godt eigna til vårt klima. Ingen frøfirma ser ut til å engasjera seg i dette viktige arbeidet (å dyrka for større genetisk mangfald av fleirårige matplantar er nok ikkje særleg trendy i dei krinsane..). Mitt utgangspunkt er såleis frø eg har sikra meg frå andre entusiastar med same mål. Her i Noreg, i Danmark, i England, i USA

Fleirårige grønsaker samarbeider effektivt med livet i molda, og treng lite eller inkje av tilført nitrogen. Dei kan veksa overalt, men det løner seg med eit godt karbonlag på toppen.

og i Tyskland.

Eg har no fleirårig salat, fleirårig bladbete, fleirårig fennikel, artisjokk, strandkål (den norske villkålen) og fleire ulike typar fleirårig bladkål. Dei sistnemnde er særleg flotte. Faktisk har dei, på berre eit par månader, vakse seg så store på det karbonrike materialet eg planta dei i at fleire no må flyttast til nye stader. Dei ser ut til å trenga minimum ein kvadratmeter med vekseplass, men får dei det klarar dei seg stort sett sjølve. Dyrkaren kan då konsentrera seg om å nyta, både dei estetiske sidene ved desse fantastiske skapningane og den gode maten dei leverer.

Det er og historisk sus over dette. Kåldyrking starta truleg for om lag 4000 år sidan i det gamle Grekenland. Villkål blei flytta frå skrinne berghyller ved havet og inn i byhagar. Dette var robuste, fleirårige plantar som etter kvart blei viktige matleverandørar. Om lag 600 år før Kristus dyrka keltarane for første gong ein av dei sortane eg no har i hagen, Shetlandskål. Ein annan robust fleirårig vekst med tett slektskap til den opphavlege villkålen.

Eg kjem til å rapportera jamleg frå dette spennande dyrkingseksperimentet. Både i bloggar, bøker og til studentane mine (årets kull i regenerativt landbruk ved Høgskulen for grøn utvikling).Komande vinter blir jo den første store prøvesteinen. Kor mykje av det som no bognar kjem opp att til våren? Korleis vert livet i molda under dei fleirårige grønsakene? Kor mykje av næringa dei treng vil dei evna å skaffa seg på eiga hand?

Plantane som både smakar godt, produserer i mange år, fangar og lagrar karbon og samarbeider med livet under og rundt seg finst. Også blant grønsakene. Når fleire og fleire tek desse i bruk – i staden for dei kortlivde nitrogenmonstera som dominerer så totalt i Skamtida – då talar me verkeleg om ein grøn dyrkings- og matrevolusjon.

Då kjem me betydeleg nærare Grøntida.