Å kompostera er å byggja natur

Tekst og foto: prof. Dag Jørund Lønning

Å kompostera er å byggja det viktigaste av alt. Mold. Det alt kjem frå, og alt skal tilbake til. Basisen i det me kallar natur.

Boka eg gav ut no i mars 2020, Kompostboka. Om å byggja natur, er difor ei «lærebok» i naturbygging.

Gaia er den eigentlege læremeisteren i boka. Det er hennar råd teksten formidlar. Ho som har mange milliardar år med erfaring i å gjera gammalt til nytt, daudt til levande. Ho som gjer dette 24 timar i døgeret og 365 dagar i året. Alltid, rett og slett.

Omdanning er naturens grunnleggjande og viktigaste prinsipp. Alt organisk er på veg til å bli mold. Til å bli opphavet til nytt liv. Natur vil omdanning.

Bakteriar, sopp og virus (!) er alle sentrale og nødvendige aktørar i denne alltid pågåande fornyinga. Den enorme, og for det meste usynlege, mikroverda, utgjer sjølve grunnmuren for alt levande. Utan den kan ikkje liv eksistera. Verken menneskeliv eller anna liv. Mikroorganismane er over alt. Inni og utanpå alt som eksisterer. Heile tida opptekne med å utføra den jobben dei er sett til; omdanning, fornying, å byggja morgondagen og framtida. Dei bryt ned og dei byggjer opp. På vegner av det livet som skal koma.  

” Eg bøyer meg den og bøyer varleg til side litt gras og barnåler. Og der finn eg den fantastiske soppen på jobb. Hyfane omsluttar gamle barnåler, kvistar og grasstrå. Dei er på veg til å bli mold.”

Den som vil bli god til å kompostera, legg til rette for at fornyinga får spela seg ut. At den får optimale vilkår. I form av tilgang på organisk materiale i eit balansert forhold mellom nitrogen og karbon. I form av rikeleg med lufttilgang.  

Den som vil bli god til å kompostera, opnar heile sanseregisteret til naturen rundt seg. Til kva den gjer. Til korleis fornyingsaktiviteten skjer over alt.

Også der eg står nett no, ved sida av eit grantre like utanfor mitt eige hagegjerde. Eg bøyer meg ned og legg varleg til sides litt gras og barnåler. Og der finn eg den fantastiske soppen på jobb. Hyfane omsluttar gamle barnåler, kvistar og grasstrå. Dei er alle på veg til å bli mold.

Inne i hagen finn eg den att i den store stubben nede ved hagegjerdet. Denne er gammal, stor og tørr. Å omdanna den kjem til å ta lang tid. Men sopp tenkjer ikkje i menneskeår. Den gjer det den er sett til: Å omdanna og fornya. Og smått om senn vil også denne store stubben bli mold.

“Denne er gammal, stor og tørr. Å omdanna den kjem til å ta lang tid. Men sopp tenkjer ikkje i menneskeår.”

Kjappare vil det gå med den vesle pinnen eg plukkar opp frå bakken. Fargen avslører at soppen her er i ferd med å vinna. Pinnen er kolonisert. Den er i ferd med å gå frå kvarandre. Den er mold i løpet av månader.

” Fargen avslører at soppen her er i ferd med å vinna. Pinnen er kolonisert. “

Også den halvfulle sekken med fyringspellets som vart attgløymt ute ein dag det regna er på veg i same retning. Fukt har trengd inn i trevirket, og gitt soppen gode vilkår for å spreia seg. Om denne sekken framleis får stå under open himmel, vert innhaldet fort langt betre eigna til bedet enn til omnen inne..  

“Også den halvfulle sekken med fyringspellets som vart attgløymt ute ein dag det regna er på veg i same retning.”

Den som verkeleg vil bli god å kompostera, reflekterer over korleis desse enorme, verdiskapande kreftene kan mobiliserast i våre eigne dyrkingsprosjekt.

Ein kort tur gjennom marshagen viser døme etter døme. Forrige haust vart « tøybedet» vårt fylt med store mengder visna lauv. I dette visna lauvet vart det lagt tulipanlauk. På toppen la me litt tørr halm. Såpass mykje at det danna eit beskyttande lag.

Forrige haust vart “tøybedet” vårt fylt med store mengder visna lauv. I dette visna lauvet vart det lagt tulipanlauk.

Lett graving viser no kva Gaia og hennar milliardar av usynlege hjelparar har gjort for oss gjennom vinteren. Nesten alt av visna lauv er «borte». Tulipanlaukane spirer no frå livgjevande humus og mold. Store mengder meitemark vitnar om vitalitet, forynging og produktivitet.

” Nesten alt av visna lauv er borte. Tulipanlaukane spirer no frå livgjevande humus og mold.”

I Komposthuset ligg det som i fjor haust blei køyrt inn frå hønsegarden. Då var det halm (karbon) iblanda hønsemøkk (nitrogen). Over vinteren har mikroorganismane arbeidd full tid. No angar der det av humus og liv.  

Og livsmirakelet er endå tydelegare når eg opnar tømmeluka i varmkompostbingen min. For to månader sidan var det eg ser på matrestar frå kjøkenet og bortgløymd innhald inst i eit kjøleskåp. No er det rik mold, klar til å dyrka mat- og prydvekstar i.

” Over vinteren har mikroorganismane arbeidd full tid. No angar der det av humus og liv.”  

Den som komposterer er sjølv ein omdannar og fornyar. Det eg i dei to jordbøkene presenterer som «kompostmoderne framtidsfilosofi», er å leva menneskelivet etter ein slik mal.

I den kompostmoderne framtida har mennesket gått frå å vera ein rein haustar og naturøydar til å bli ein fornyar av natur. Vårt forhold til naturen har blitt regenerativt – fornyande. Me har lært oss å skapa verdiar og å byggja natur – i ein og same operasjon.  

Lærer me oss å kompostera – som praksis, kultur, filosofi og levemåte – kan framtida endå bli grøn.