Å dyrka på myr utan å dyrka opp myr
Kan jordbokmetoden vera med og løysa myrdilemmaet og gjengroingsdilemmaet i ein og same operasjon?
Av professor Dag Jørund Lønning
Forbodet mot å dyrka på myr er svært krevjande for landbruket langs store delar av kysten. At myr ikkje skal kunna nyttast til matproduksjon men framleis kunna byggjast ned til andre føremål, er særleg krevjande å forhalda seg til. Mange stader er det lite anna enn myrområde att av tilgjengeleg areal for nydyrking.
Samtidig er det lite tvil om at myra er særs viktig i ein klimasamanheng. Myrområde held på store mengder lite omdanna organisk materiale. Oppdyrking betyr betydeleg utslepp av karbon (og metan) til atmosfæren.
Men finst det ei heilt anna tilnærming til dette? Går det rett og slett an å nytta jordbokmetoden – moldbygging i høgda, slik naturen gjer det – på myr? Går det an å dyrka på myr utan å dyrka opp myr? Dette ønskjer Magne Larsen, småbrukar i Hareid på Sunnmøre, no å finna svar på.
Vellukka erfaring med poteter
Etter å ha lese den første Jordboka bestemte Larsen seg for å prøva ut dyrkingsideane frå denne i praksis. Han gjorde det første gong sommaren 2018. Settepoteter blei lagt rett oppå bakken i ei lang seng. Oppå dei la han kompost, laga av nokre øydelagde rundballar blanda med husdyrgjødsel. Resultatet blei svært så bra. Riset blei rekordkraftig og sterkt, og potetavlinga særs god. Og det trass sterk tørke.
Den fantastiske flisa
Eg og Magne Larsen har hatt god kontakt på telefon gjennom året. Det har vore kjekt å høyra om dei positive erfaringane hans. Sjølv har eg fortalt om eigne forsøk. Ikkje minst med flis, det organiske materialet det finst tilnærma «uendelege» mengder av etter kvart som gamle landbrukslandskap gror att over heile landet.
Flis frå attgroingsvirke er ein enorm ressurs for å byggja ny mold. Alt organisk materiale blir til mold før eller seinare. Dette skjer både med lauvet som fell til marka og med det gamle rotvelta treet. Dei fantastiske moldbyggjarane, bakteriar og sopp, omdannar det som fell til bakken til humus. Mold blir bygd oppover. Ein byggjer ikkje mold gjennom å omkalfatra eksisterande økosystem ved å spa eller å pløya nedover.
Ved å køyra trevirket gjennom ei kompostkvern legg me til rette for at omdanninga går fortare. I Jordboka II skriv eg om korleis me kan produsera ny mold på rekordtid berre ved hjelp av gjengroingsvirke og ein fliskuttar. Dette blir og mold med svært høgt soppinnhald, mold som veldig mange av nytteplantane våre vil stortrivast i.
Ny mold på myr?
Magne blei inspirert av desse eksperimenta, og ønskjer no å prøva dei ut i større skala. Han har såleis sikra seg tilgang på rikelege mengder gjengroingsvirke. Ein skogsentreprenør vil levera direkte til garden. Det er tale om hundrevis av kubikk i slengen. Magne får til og med betalt for å ta det i mot. Ei nyinnkjøpt, traktormontert kvistkvern skal omdanna gjengroing til flis.
Målet er ny mold. Men korleis?
Like bortanfor garden ligg ei myr på om lag 20 dekar. Det er ei ganske typisk vestlandsmyr. Delar av den er djup og ganske våt, andre delar er grunnare og tørrare. Djupe og våte søkk, tørre og høge tuver. Denne myra er ei av dei mange som kunne vore grøfta ut og dyrka opp, men som definitivt ikkje bør bli det i ei tid der det er kritisk viktig at det som er att av karbon under oss vert verande under oss.
Men dette treng vel ikkje bety at ikkje skal kunna dyrka oppå myra, tenkte Magne Larsen.
Det er denne ideen han no vil testa ut. Framfor å grava seg ned i myra, vil han heller byggja ny mold i høgda. Det me på Vestlandet kallar «strongar», lange stammer av gjengroingsvirke, blir lagt på kryss og tvers i tjukke lag. Særleg tjukke der myra er våtast. Slik løftar ein det nye organiske laget over den våte myra, og slik kan ein også etter kvart koma inn på myra med lettare, maskinelt utstyr. Den oppkverna flisa blir så lagt oppå strongane. Her snakkar me om eit lag på fleire titals centimeter. Øvst legg ein eit lag med ferdig omdanna kompost. Det er i dette kompostlaget nytteplantane først skal veksa. Etter kvart blir også flisa under omdanna til ny humus.
Slik skal ein arbeida seg innover. Meter for meter. Litt kvart år.
Ei likning med svært mange ukjende
Om Magne Larsen kjem til å lukkast, veit me sjølvsagt ikkje. Vil myra sine «hermetiserande» eigenskapar gjera at ein klarar å behalda eit bærande lag av strongar over tid? Her er det mange ukjende ute og går, og kanskje også fleire rundar med prøving og feiling. Eg gler meg i alle fall til å følgja det spennande forsøket i Hareid framover. Jordbokmetoden har alt vist seg å fungera svært så godt på «tørt land». Kan den også gjera det mogleg å dyrka på myr utan at dette går på kostnad av myra som karbonlager. Kanskje kan ein til og med evna å fanga og lagra meir karbon?
Eit kompostmoderne forsøksprosjekt
Magne er definitivt ein pionér. Dette er eit pilotforsøk, eit naturnært og motstraums pilotforsøk i ei tid der genmanipulering, kjemi, dronar og endå meir høgteknologi verkar å vera dei dominerande svara på det meste av utfordringar.
For oss som heller trur at dei viktigaste svara finst i naturen, gir det ny kveik å observera at stadig fleire tenkjer i same bane som Magne. Regenerativt, naturnært landbruk er i rask framvekst over store delar av verda. Menneske leikar igjen med molda, leikar med naturressursane, byggjer nye naturnære erfaringar, set trivsel og meistringstru tilbake i høgsetet.
I Jordboka II lanserer eg den nye tidsalderen, kompostmoderniteten. Ordet kompost kjem frå det latinske componare, og betyr å setja saman på nytt. I kompostmoderniteten må det meste setjast saman på nytt. Ikkje minst forholdet vårt til naturen. Me må framleis dyrka og produsera store mengder mat, men denne produksjonen kan ikkje lenger skje på kostnad av naturen og karbonlagera i matjorda. Magne Larsen si «myrdyrking» er slik sett eit uhyre spennande kompostmoderne forsøksprosjekt.