2020. Året då Erobraren vart erobra
Av prof. Dag Jørund Lønning
Fleire og fleire røyster frå heile verda seier no rett ut det mange kanskje har tenkt i løpet av året som har gått: Pandemien me står i er naturen som slår tilbake mot ein destruktiv art.
Nok eit år ebbar ut.
2020 vil for all tid bli hugsa for det store og mektige mennesket si hjelpeløyse i møtet med viruset, det aller minste vesenet i naturen.
Mennesket er van med å vera Erobraren. I år vart dette snudd på hovudet. Erobraren vart erobra. 2020 vart året då også den rike del av verda for alvor fekk kjenna på naturkreftene.
Så kva lærdom trekkjer me av dette?
Vel, det er uhyre vanskeleg å ikkje sjå virusåtaket i samanheng med nokre andre dramatiske fakta om året som no ligg bak oss:
- 2020 vart det varmaste året som nokosinne er målt her i Noreg.
- Tiåret 2011 – 2020 vart det varmaste som nokosinne er målt på planeten.
- Talet på øydeleggjande stormar, hetebølgjer, flaumar og tørkeperiodar er stadig stigande.
- Naturmangfaldstapa held og fram med uminska styrke. WWF sin siste rapport (kom i haust), fortel om nesten 70% nedgang berre sida 1970.
Både FN, WHO og WWF har i løpet av året gjeve uttrykk for at pandemien til sjuande og sist skuldast mennesket sine mange åtak på naturen. Mange forskarar tek også til orde for dette.
Fleire og fleire røyster frå heile verda (inkludert FN sin generalsekretær) seier no rett ut det mange kanskje har tenkt i løpet av året som har gått: Pandemien me står i er naturen som slår tilbake mot ein destruktiv art.
Ein slik påstand kan sjølvsagt aldri «provast» (i positivistisk tyding), men den gjev likevel djup meining for dei stadig fleire som ser Natur først og fremst som heilskap. Som summen av dei mange delane. Som samspel, samanheng og samarbeid.
Me har veldig mange døme på at daudebringande epidemiar bryt ut i bestandar som har blitt for store og difor balanseøydeleggjande. Så kvifor i alle dagar skulle mennesket (den mest øydeleggjande arten av dei alle) bli forskåna for det same?
Det me uansett kan seia med rimeleg visse, er at dette definitivt ikkje vert den siste pandemien. SARS CoV2, og stadig fleire mutasjonar av dette, kjem truleg til å bli verande blant menneskja i lang tid. Og sjansen er elles betydeleg for at det neste viruset som utviklar spreiingsevner tilsvarande det koronaviruset som plagar oss no har, blir langt farlegare. La oss ikkje gløyma at SARS CoV2 har ein dødelegheit på under 1% av dei som blir smitta. Det er eit relativt sett svært mildt virus som har råka oss denne gongen. (Me kjenner virus med dødelegheit på mellom 80% og 100%.)
Kan me så unngå ein ny, og langt farlegare, pandemi?
Vel, det er ingen garantiar, men løysinga er like enkel å formulera som den er vanskeleg å gjennomføra: Mennesket sitt forhold til naturen må endrast. Og det dramatisk.
I går og i dag: Me ser på naturen som ressurs for å fremja våre eigne verdiar og mål. Slik tek me frå den all eigenverdi. Me har gjeve oss sjølve «retten» til å øydeleggja anna liv og deira leveområde i vår vedvarande arealkrevjande ekspansjon (vindfabrikkområda er berre endå eit døme på nettopp dette).
Den brutale sanninga er følgjande: Denne «retten» har absolutt ingen legitimitet. Me har rana den til oss. I den grad «retten-til-å-ta-oss-til-rette-i-naturen» er forankra i noko i det heile, er dette i mytar og overtru.
I morgon: Naturvern må bli noko meir enn berre vern av natur mot menneske. Me må innsjå og relatera oss til at våre verdiskapande aktivitetar ikkje kan gå på kostnad av anna liv. Tvert om. Me må bli ein naturbyggjande art. Slik alle andre kjende artar på ein eller annan måte er det.
Me må på leit etter nye verdiar og nye mål. Me må, for aller første gong, utvikla eit naturomgrep som inkluderer oss sjølve.
Og sidan dette er ein nyttårsblogg har eg eit par særs gode nyheiter:
Jolebloggen min for eitt år sida handla om biofili; vårt potensiale for kjærleik til og empati for anna liv. No like før jol i år, kom det ut ein tysk forskingsrapport som seier noko meir om nettopp dette. Den viste at nærleik til anna liv – i dette tilfellet fuglar – er like viktig for vår livskvalitet som inntekta vår. Tygg litt på den og kva dette inneber!
God nyheit nummer to kjem direkte frå meg:
Dei siste tre åra har vore fantastiske. Jordboka (2017), Jordboka II (2019)og Kompostboka (2020) har alle fått svært god mottaking. Eg har halde fleire hundre foredrag over heile landet i denne perioden, og i dei fleste tilfelle har det vore fulle hus.
No kjem ein heilt ny bokserie. Denne tek opp følgjande tema: Korleis kan eit naturnært menneskesamfunn sjå ut, og korleis kjem me dit? Korleis blir me eigentleg naturbyggjarar? Kan mennesket kommunisera med andre artar? Kan me endra menneskelege aktivitetar og yrke til minimum å ikkje øydeleggja naturen rundt oss?
Første bok kjem etter alle solemerke til hausten. De lesarar vil bli kjende med ein reflektert og lystig gjeng med nyskapande naturbyggjarar, ein gjeng eg håpar og trur de vil bli glade i. Dei er ute på eit globalt oppdrag på vegner av alle menneskje, men dei ser og at dette oppdraget først og fremst må løysast lokalt.
Eit utvalt lokalsamfunn blir difor prøveklut for idear og praksisar som over tid kan koma ei heil verd til gode. Då er det svært kjekt at denne gjengen har valt å slå seg ned i det same sunnhordlandske øyriket som mi nye skrivestove Løynli (kjøpt i 2020) ligg i ..
Eit godt og sterkt endringsprega 2021 til dykk alle!