Dag Jørund Lønning april 2018

Velkomsthelsing: Nyskaping vrs Gjenskaping

Kva eg vil med Komposten.no? Eg vil visa at mennesket er eit veljande vesen, og at me kan velja å leva liva våre som anna enn lydige, ressursøydande forbrukarar.

For å starta med litt “jordbokterminologi”: «Kunstgjødsel» og «kompost» kan brukast som metaforar for to grunnleggjande ulike menneskelege måtar å skapa på. På den eine sida gjenskaping. Målet er klart. Middelet er kjent. Oppskrifta kan kopierast frå andre. Gjer A så skjer B. Kvar einaste gong (i teorien i alle fall). Kunstgjødsel blir tatt direkte opp av planten. Molda er berre eit mellombels medium, eit nødvendig vonde. Som «dyrkingsmedium» kan også molda erstattast; av kokosplater, steinull, ja av berre vatn (hydrokultur). Det viktige er Gjer A! (hiv på kunstgjødsel) så skjer B (planten veks). Reduksjonisme. Alt her blir framstilt som beintfram og kjent. Det ukjende (naturen) skaper støy og må bekjempast.

Dette siste er eit sentralt poeng. Gjenskapingsmodellen fungerer godt når den blir brukt der den opphavleg vart utvikla, i vår omgang med daude objekt me sjølve har skapt. Det å bygga oljeplattformar, eller å laga blekkboksar, bilar eller datamaskinar, handlar i all hovudsak om gjenskaping. Det er når den enkle reduksjonistiske gjer-A-så-skjer-B-filosofien blir overført til også å gjelda i vår omgang med naturen, at potensialet for masseøydelegging opnar seg. Natur er mangfald, lag på lag av váre samspel og samanhengar. Motstandskrafta overfor menneskeleg maskinfilosofi er svært liten. Reduksjonismen har såleis gjort oss menneske i stand til å erobra planeten på veldig kort tid, til å fortrengja alle andre vesen. Den har opna opp for den æra som på engelsk blir kalla “the anthropocene” – æraen der mennesket kontrollerer alt og har blitt alle tings mål og meining.

Globalt så har me menneske no øydelagd snart 40% av matjorda vår – fordi me har redusert det største universet av liv på denne planeten (molda) til reint medium for menneskelege behov og interesser. Fordi me har reindyrka denne gjenskapingsmodellen.

På den andre sida nyskaping. Dette har vore mitt forskingstema gjennom mange år: Menneske som aktivt søkjer og trivst i lag med det ukjende, menneske som utfordrar etablerte sanningar og lanserer sine eigne som alternativ. Menneske som brenn, som engasjerer seg.

Det vart tidleg klart for meg nyskaping er noko fundamentalt og eksistensielt annleis. Nyskapingsfilosofen Friedrich Nietzsche brukte brua over avgrunnen som bilde på mennesket sitt potensial til både det passive og det aktive. På den eine sida flokkdyret, dei mange, gjenskaparane. På den andre dei frie åndene, dei få, nyskaparane. Potensialet ligg i oss alle, men nyskaparen får merka konsekvensane av å trø ut av flokken. Sanksjonane kan bli harde og skræmer dei fleste. Samtidig er det ei djup glede me møter på her, glede over det å skapa i seg sjølv. Denne gleda gjer det langt lettare å bera sanksjonane.

Målet er ikkje definert for nyskaparen. Eventuelt har ho berre ei utydeleg skisse føre seg. Nyskaping er  ein måte å leva på. Å dikta sitt eige liv. Nietzsche igjen. Nyskaparen er ved tida sin knivsegg og kjenner på ein grenselaus fridom og djup motivasjon. Det er å kjenna seg som del av noko uendeleg stort. Det er å stå midt i verda og kjenna at ein evnar å bevega den. Det er aktivt å verdiskapa framfor passivt å bli verdiskapt.

Og difor «kompost»! Kompost er først og fremst liv. Handlinga «å kompostera» er å spela på lag med livet rundt oss i ei vedvarande omdanning. Det er å trø inn i denne, bevega livsskapande prosessar. Det daude og utbrukte, det visna, blir vekt til live att.

Ikkje to humusmolekyl der ute er like. Ein veit aldri heilt kva resultatet blir av omdanninga. Og det er også det spennande: å vera i rørsle.

Den jordbrukar som tenkjer slik, dyrkar først og fremst mold. Molda er ikkje redusert til medium for noko anna. I staden søkjer ein seg stadig tettare på molda – livet – sine utrulege løyndomar. Kompost er i seg sjølv liv og samtidig mat til det enorme universet som alt eksisterer i molda. Den rike og levande molda gir dei beste og mest levande plantane. Vegen er målet, sa Gandhi. Men også den velkjende metaforen blir for «tydeleg» i denne samanhengen. Nyskaparen er ikkje på nokon definert «veg». Nyskaparen søkjer det den amerikanske filosofen Robert Pirsig kalla den ultimate kvaliteten: «Vast emptiness, and nothing sacred!». Sjølv har eg kalla dette for «nyskapingsrommet»; det sterke og motiverande møtet med det potensialet ein som menneske har til å omvurdera, overkoma, sprenga seg ut av orwellianske kulturelt konstruerte sanningar om kva me alle «må», «bør» og «skal».

Tilbake til Nietzsche, og den aforismen (ordbildet) eg har blitt aller mest glad i. Fordi den er den mest presise definisjonen av nyskaping som nokon gong er gitt: Alle trur, seier Nietzsche, at treet er opptatt av frukta. Slik er det ikkje, held han fram, for treet er oppteken av frøet. Og der er skilnaden på den reine forbrukaren og gjenskaparen på den eine sida og nyskaparen på den andre.

Me lever i ei oppbrukings- og haustingstid. Forbrukarsamfunnet og industrilandbruket sitt hovudbodskap er: Færre og færre skal så, fleire og fleire skal passivt berre hausta. Me blir oppmoda til å leva som om me er siste generasjon. Dette er ei oppskrift som er i ferd med å øydeleggja planeten vår.

I realiteten har me aldri hatt så stort behov for nye såmenn, for fleire frie ånder. Skal me lukkast, må me finna tilbake til gleda i omdanninga, gleda over prosessen, interessa for å læra meir om korleis dei skjøre men uhyre produktive næringskjedene i naturen fungerer, kjærleiken til molda, gleda over det ukjende potensialet som ligg i frøet.

Målet med tekstane som skal liggja på Komposten.no er å skapa og formidla slik glede. Tekstane er møte mellom menneske og mold – direkte og metaforisk. Mennesket si viktigaste rolle i naturen er å aktivt byggja molda – rommet for sjølve livet. Å kompostera er både eit direkte uttrykk for slik aktivitet, men og eit metaforisk uttrykk for nyskaparen sin aktive måte å leva menneskelivet på: Omdanning. Transformasjon. Metamorfose. Frå noko til noko heilt anna. Det i fleirtalet sine auge «daude» eller «utbrukte» får nytt liv gjennom nyskaparen sitt omdanningsarbeid.

Det er dette krevjande men fantastiske landskapet Komposten skal utforska.

 

Beste helsing

Dag Jørund Lønning

Jæren, april 2018