Kor fører denne vegen? Til fridom? Til tvang?

Per Bufast i ei ny tid

Dag Jørund Lønning

Denne teksten vart skriven i 2002 og blei publisert i Varden (Telemark Tidend) og magasinet Jordvett. Eg var på den tida forskar ved Telemarksforsking-Bø og småbrukar i Kviteseid i Vest-Telemark.

For om lag 70 år sidan, skreiv ein av våre største forfattarar, Tarjei Vesaas, sin fantastiske roman Det store spelet. Romanen sin hovudperson er odelsguten Per Bufast, som gjennom heile oppveksten kjempar ein indre meiningskamp i skjeringspunktet mellom garden og den store verda. I romanen gjev Vesaas eit gripande inntak til menneskesinnet sitt søk etter meining, og, ikkje minst, til kvar denne meining er å finna.

eitt nivå er det ein avgrunn mellom Per Bufast og dagens unge. Ein kan nemna bilen, romraketten, Beatles og Aqua-Lene, radioen, fjernsynet, diskoteket og internettet. Per vaks og opp i eit pliktsamfunn. Dei unge i dag, derimot, veks opp i samfunnet der alt er mogleg – eit samfunn prega av valsituasjonar. Plikt er negativt sanksjonert. Lyst og interesse dominerer som handlingsgrunnlag. Det å «gjera det ein eigentleg vil» er forventa.

Men Vesaas var ein framsynt og tidlaus forfattar. Det han får fram om menneskesjela og denne sine mange og løynde krokar er like aktuelt. For kva var det som til sjuande og sist avgjorde for Per? Lenge var han i tvil. Men så opna det store spelet seg for den vaksne odelsguten. Augo og hugen opna seg for samanhengen, for det store økologiske samspelet på garden – mellom liv, død, jord, dyr og menneske. Per oppdaga meining, han oppdaga at det var dette han ville. Han fekk lyst. Då var han ikkje lenger i tvil.

Frå tida sin morgon har mennesket søkt etter meining i tilværet. I dag kan hende meir enn nokon gong. Keisemd pregar overflodskvardagen vår. Forbruket er enormt. «Livet er ei reise», fortel samtida. Ein skal vera på farten heile tida. Me har tilsynelatande mista evna til å lokalisera verkeleg meining – den meining som finst der i Det store spelet i vår eigen vesle krok av verda.

Difor har Per Bufast framleis uendeleg mykje å læra oss. I mitt forskingsarbeid har eg funne overraskande positive holdningar til gard og grend blant ungdomen. Både i by og bygd er det mange som kan tenkja seg ei framtid på garden. Det som skil dei frå Per er først og fremst dei postmoderne argumenta: Ein vil driva gard fordi ein vel det sjølv, ikkje fordi ein må. Gardsdrift er på mange vis ei interesse blant mange andre moglege. Når ein grunngjev valet slik, vert det også i større grad akseptert i samtida. Men, den djupare grunngjevinga til desse ungdomane er likevel opprørsk. Forbrukarsamfunnet sitt babelstårn kjennest tomt og meiningslaust. Forbrukarsamfunnet kan kjennast som ei tvangstrøye i ei fridomsfokusert tid. Ein ynskjer noko radikalt annleis – ein alternativ måte å leva på. Ein søkjer djupare meining. Nett slik Per og gjorde.

I det tradisjonelle samfunnet som skapte Per Bufast, var garden livsform; heilskapleg samspel mellom arbeid, levemåte og bustad. Bonde tydde, nettopp, «ein som budde fast». I industrisamfunnet, derimot, vart «bonde» freista omgjort til «yrke» i meir snever forstand – eit yrke som skulle målast etter same kriteriar som andre yrke i høve løn og fritid. Og trass i at freistnaden har vore ein gigantisk fiasko, er dette synet framleis dominerande i vide landbrukskrinsar.

Men i vår postmoderne tid er garden i ferd med å innta ei ny rolle. Mange unge er svært så klare over at det økonomiske utbyttet frå gardsdrift i dei aller fleste tilfelle vil vera avgrensa. Gardsinntekta lyt supplerast, anten gjennom meir kreativitet rundt garden sine ressursar eller gjennom eksternt arbeid. Dei som vurderer garden berre utifrå inntekt, er også dei som fortast gjev avkall i dag. For dei unge familiar som er på jakt etter gard, derimot, er det nettopp meiningssøket som ligg til grunn. Det er Det store spelet som trekkjer, ynskjet om å få verta del av ein meiningsbærande krinslaup.

Den objektiverte, intensiverte, monokultiverte, og «yrkesorienterte» garden synest ikkje vera nokon rekrutteringsvinnar. For brorparten av dei ungdomar eg har vore i kontakt med, er dette ikkje lenger noko gard. For desse, som for Per Bufast, gjev berre gardsdrift meining som samanhang. Gardsdrift er ikkje anten næring eller busetnad, men både dette og mykje meir. Gardsdrift er kultur, økologi, sosialitet, tradisjon, estetikk, trivnad, og ikkje minst kunnskap. Kunnskap om røyndomen. Ein måte å leva på.

Per Bufast fekk ei fridomskjensle då spelet og hans eiga rolle i det opna seg for han. Han leita og fann. I den fåfengde leitinga sin tidsalder er kunnskapen om det å ha funne truleg det viktigaste landbruket kan medverka med.

Men først lyt me sjølve innsjå at me faktisk har noko verdfullt. Som samfunnet elles, er ein også i landbruket og bygda så alt for flink til å fokusera det ein ikkje har. Mangelfokusering er effektiv vaksinasjon av neste generasjon. Me lyt og verta flinkare til å lytta til dei unge. Industrisamfunnet sine verdiar er ikkje naudsyntvis deira. Der me ser problem, skal ein ikkje sjå bortifrå at dei unge ser utfordringar og potensial. Eit viktig poeng er også at dei som har lyst slepp til, uavhengig av odel og avstamming.

I det postmoderne meinings- og identitetssøk vaknar gamle tradisjonar og driftsformer. Økologisk landbruk og lokal foredling er på frammarsj – støtta opp av ny teknologi. Større fleksibilitet på arbeidsmarknaden gjer at små og forfalne bruk i distrikta brått har vorte ettertrakta av ein ny generasjon ungdom.

Og før ein avviser desse unge som «naive romantikarar», kan det vera ein god ide å ta fram att soga om Per Bufast frå bokhylla. Ingen har betre enn Vesaas skildra kva det er å vera ung og søkjande. Dei landbruksinteresserte ungdomar eg har hatt i tale – ungdomar med ynskje om å verta Per Bufast i ei ny tid – stadfester Vesaas sin viktigaste bodskap: Som samanhang – det store spelet – gjev garden meining. Det ligg potensiale til fridom i det å driva gard. Også i dag!