Industrilandbruk og lagnadstru går saman som hand i hanske. Hovudbodskapen er at stadig større einingar nærast er ei naturlov, og at det ikkje er noko me menneske kan gjera for å endra dette. Men all lagnadstru, også denne, er sjølvsagt løgn! Politikk kan vera å gjera aktive val (framfor å berre la seg passivt tilpassa). Då kan det framleis opna seg ei dør til ei anna og grønare framtid.

Nei, avisa Nationen, nye idear og aktørar trugar ikkje norsk landbruk. Det er snarare tvert om!

 

Kommentar til leiarartikkel i Nationen 08.08.18

 

Av Dag Jørund Lønning, professor/rektor

 

Det er sjeldan avisa Nationen kjem så tydeleg ut som apologetikar for industrilandbruk, og all den lagnadstru som er knytt til denne produksjonsforma, som det den gjer på leiarplass 08.08.18. Leiarskribenten utviser ein veldig og ukritisk iver etter å forsvara alle etablerte landbrukssanningar og tilsvarande slå tilbake alle forslag om å justera dagens retning og praksis. Hovudbodskapen synest å vera at reelle endringar i retning meir dyrevelferd er av det vonde, og at dei som ønskjer slike endringar definitivt ikkje må få litlefingeren. Nei ikkje så mykje som ei nagl ein gong. For om dei det får, så er det ikkje berre heile handa som ryk, det er resten av kroppen og..

Eg må vedgå at teksten får meg til å lura på om dette faktisk er Nationen si offisielle linje, eller om ytringa er eit arbeidsuhell som skuldast ferieavvikling og uklare vikarinstruksar? I alle fall er tonen og bodskapen i denne leiaren såpass graverande, og så potensielt øydeleggjande for framtida til ei næring som er heilt

Dag Jørund Lønning april 2018

avhengig av brei folkeleg støtte, at det er naudsynt å ta til motmæle.

For å byrja med omgrepsbruken i leiaren. Kanskje eit litt trivielt tema i seg sjølv, men i dette tilfellet set omgrepsbruken standard for ein artikkel som osar av mistillit mot alle som tenkjer utanfor det etablerte. Teksten innleiar med eit åtak på den sitjande regjeringa sitt pelsdyrhaldforbod, eit forbod skribenten påstår er brikka som kan starta det store dominoraset, raset som til sjuande og sist vil spenna bein under norsk landbruk. Snakkar om konspirasjonsteori! Uansett, «tarvelig» er adjektivet leiarforfattaren brukar om forbodet. Uavhengig av kva ein måtte meina eller ikkje meina i pelssaka er dette eit uhyre merkeleg ordval. Ordet kan bety «lettvint», «enkelt» eller «billig». Ingenting passar her. Ikkje noko av dette er enkelt i det heile. Det har vore utgreiingar opp og i mente i mange år om pelsdyrhald, og ei rad ulike komitear har vore i arbeid.

Når vedtaket blei som det blei, speglar det til sjuande og sist av ein verdiforskjell i befolkninga, ein verdiforskjell som er meint å koma til uttrykk gjennom det indirekte demokratiet vårt. Ein kan lika det eller ikkje, men det representative systemet synest å ha verka i dette tilfellet. I ei undersøking i 2016 sa 64% av befolkninga nei til pelsdyroppdrett. Avisleiaren nemner ikkje dette med eit ord. Som alle andre står Nationen sjølvsagt heilt fritt til å arbeida for å endra forbodet, men då bør avisa gjera det med sakleg argumentasjon, og ikkje ved å kalla meiningsmotstandarar, samt lange og grundige utgreiingsprosessar, for «tarvelege».

Dernest fyrer leiaren laus mot røyster som tek til orde for ein husdyrproduksjon med meir frittgåande og utegåande dyr. Den politiske organisasjonen Grøn Ungdom får gjennomgå fordi dei vil leggja om kyllingproduksjonen i slik retning. Nationen påstår, utan å presentera noko form for dokumentasjon i det heile, at dette vil gje høgare prisar og difor meir import. Utfordringa skribenten møter når han eller ho argumenterer slik, er sjølvsagt at argumentet slår tilbake på anna hald. For kva då med den massive, uhyre viktige, men samtidig svært kostnadskrevjande innsatsen for å redusera antibiotikabruk i norsk landbruk? Kva med alle andre kostnadskrevjande tiltak for betre matvaretryggleik og dyrevelferd? Skal me avvikla alle slike kvalitetssatsingar grunna «faren for auka prisar og meir import»??

Eg noterer meg elles at leiarskribenten bevisst (?) unnlèt å nemna at Grøn Ungdom (faktisk som del av det same vedtaket) ønskjer eit stort løft for norsk grønsaksproduksjon, ein sektor der importen i dag er på 70%! Å utelata denne informasjonen er særs lite tillitsvekkande.

Nationen skriv i leiaren at talet beitedyr i Noreg må opp. Dette er eg hjartans einig i. Men semja stoppar brått når leiarskribenten så tydeleg meiner at fridomen ute berre skal vera eit tilbod til få utvalde husdyrrasar. Meir utegåande kylling eller fleire frilandsgris er ikkje del av løysinga for å få bukt med dyrevelferdsproblem i det heile, i følgje leiaren. Og korleis kjem ein så til denne kategoriske konklusjonen? Jo, heiter det mellom anna, «dersom kylling i større grad skal slaktes som individer, fordrer det en desentral og mindre rasjonell foredling».

Klare ord og ingen forsøk på å skjula eigen ideologiske agenda i alle fall. Det skal skribenten ha! Me som er mindre overtydd om at verken meir industrilandbruk (ei driftsform som ber eit vesentleg ansvar for dei miljø- og klimautfordringar verda i dag står overfor) eller reindyrka bedriftsøkonomi er framtida sine svar på korleis me menneske skal forvalta naturressursane rundt oss, tillèt oss likevel å stilla nokre spørsmål:

«Rasjonell» tyder fornuftig. For kven er sentralisering og massiv nedlegging av foredlingsanlegg med ditto arbeidsplassar i distrikta fornuftig? For husdyra (som no må stå timevis på slaktebilen)? For bygda? For bonden? For kulturlandskapet? For den lokale mattryggleiken? For dei stadig fleire som vil ha korte verdikjeder og reelt lokal mat?

Vidare vil meir fokus på frilandsgris ifølgje leiaren «kreve enormt mange, små produsenter, dyreholdere som i dag ikke finnes». Ja vel? Dette er høgst interessant, for det går faktisk godt an å snu argumentet på hovudet og peika på at industrialiseringa av landbruket har pressa ut «enormt mange, små produsenter», ja, til dels jaga dei frå gard og grunn. Store dyrkbare areal ligg i dag brakk grunna dette. Dersom det då er sant, slik leiarskribenten hevdar, at produksjon av frilandsgris vil gjera at det er behov for desse igjen, så står me faktisk overfor eit vektig ekstra argument for politisk satsing på småskalaproduksjon av gris ute.. (I parentes: eg er redd den som forfektar og dyrkar den lagnadstru som heng så tett saman med industrilandbruk – trua på at utviklinga mot stadig større og færre einingar er ei naturlov – vil slita med å skjøna dette siste argumentet)

Leiaren kastar seg deretter over eit poeng eg har sett stadig bli gjentatt av dei som ikkje vil sleppa husdyr ut; nemleg at frittgåande høns og grisar er utsette for sjukdomar. Ok, la oss seia at me til ein viss grad godtek dette argumentet (noko effekt bør jo dagens smitteregime med obligatoriske kvite frakkar, munnbind, overtrekkssko og gjennomgang av tryggleikssonar for å kunna nærma seg husdyr, trass alt ha). Men er det grunn god nok for å halda dyr inne? Ein treng ikkje overføra argumentasjonen til menneskeverda, det held å visa til meir «tradisjonelle» beitedyr som hestar, storfe og småfe. Også desse blir sjuke og/eller døyr av parasittar og sjukdomar på beite, men me låser dei ikkje inne for det. I staden lærer me av negative erfaringar og arbeider med å forbetra oss som dyrehaldarar.

Sjølv har eg i mi småbrukarkarriere vore med og hatt gris ute nokre gongar, og opplevd for eit fantastisk (og nyttig!) dyr dette er når det får vera i sine naturlege omgivnader (heldigvis har det i seinare år blitt meir og meir fokus på aktivisering også i innedrift, så det går rette vegen!).

Og høns? Eg har hatt utegangarar samanhengande no i 25 år. Eg har endå ikkje opplevd at dyr har dauda ute av anna enn naturlege årsaker (nokre få har gått til hauken opp gjennom åra). Men då let eg sjølvsagt ikkje gjødsla byggja seg opp i utegarden, med dei anaerobe og ideelle forhold dette gir for oppbløming av patogene organismar. I staden flyttar eg dyra ofte, eller finn løysingar for å fanga opp gjødsla etter kvart. Slike ordningar blir også brukte med suksess i langt større dyreflokkar enn dei eg har og har hatt.

Utgangspunktet er uansett at utedrift er minst like kunnskapskrevjande som innedrift. Opp gjennom åra har eg diverre sett mange tilfelle der utegåande høns lever under svært kritikkverdige og sterkt sjukdomsframkallande tilhøve (ofte hos «hobbyoppdrettarar» med samlemani – les: som har meir interesse av å skaffa seg så mange rasar som råd enn av å ta skikkeleg vare på enkeltindivid). Men det ville vore like meiningslaust å generalisera frå desse tilfella som det er å generalisera frå dårlege enkelttilfelle i andre produksjonar og næringar.

Det aller verste med denne Nationen-leiaren er det overordna signalet den sender ut til dei nye røyster som måtte koma på banen i landbrukspolitikken. Signalet er ikkje til å misforstå: «Hald dykk borte! Her skal dei etablerte sanningane og dei etablerte aktørane råda grunnen!»

Skribenten går faktisk så langt som til å påstå at dei som arbeider for meir dyrevelferd «vil dagens landbruk til livs». Ein uhyrleg påstand og potensielt djupt sårande for dei det gjeld. Nokre av dei aktørar ein her råkar går faktisk inn for ei monaleg auke i støtta til norsk matproduksjon i forhold til dagens nivå. I beste fall er påstanden i leiaren «tarveleg» – altså enkel og billig..

Ei avis med nasjonale ambisjonar på landbruksfeltet burde heia fram mangfald, ikkje prøva å knebla det. Det Nationen bidreg til i denne leiaren, er ytterlegare sementering og innskrenking av ein sektor som definitivt er snever nok frå før av. Korleis natur- og kulturlandskapa våre blir brukt og korleis maten vår blir produsert, er i realiteten spørsmål som vedkjem absolutt alle i dette landet.

I ein nyleg bloggtekst her på Komposten skreiv eg om det gigantiske og framleis veksande demokratiske underskottet på landbruksfeltet. Der presenterte eg og eit lite «fyndord» om kva landbrukspolitikk i dag er. Eg gjentek det her: Aldri har noko som er så viktig for så mange blitt redusert til å gjelda for så få!

Olav H Hauge dikta vakkert om «draumen me ber på, draumen om at noko vedunderleg skal skje». Både eg og mange med meg ber på draumen om meir mangfald, breiare involvering og langt meir demokrati på matfeltet. Draumen om eit reelt berekraftig framtidslandbruk som blir sett på og fremja som avgjerande viktig både for mattryggleik, landskapsforvalting, naturkunnskap, biologisk mangfald, jordvern, identitet og trivsel og for fleire arbeidsplassar og auka busetnad i distrikta.

Dette er berre mogleg dersom me ønskjer alle positive og kreative røyster og aktørar hjarteleg velkomne på banen. Me kan vera usamde i enkeltsaker, men har same overordna mål: meir mat basert på lokale ressursar utan at naturen rundt oss tek skade. Dess fleire me blir, dess større er sjansen for at det vedunderlege for norsk landbruk ein dag vil skje.