Nærleik
Tekst og foto: prof. Dag Jørund Lønning
Å stå opp i gryinga ein sundagsmorgon, og ha heile verda for seg sjølv i fleire timar.
Å reisa ut dit der lydane er annleis. Dei kjem frå havet sjølv og frå fuglane ved havet. Hettemåseskrik, vadarplystring, gravandlatter. Og ikkje minst den mektige lyden av svanevenger.
Å kjenna på nærleik til noko som er uendeleg større enn ein sjølv. Å kjenna glede ved å føla seg liten.
Å montera telelinsa og kjenna på spenninga. Kva dukkar opp i dag? Grunnen til at eg aldri heilt har funne meg til rette i hobbyornitolog-miljøet, er dette vedvarande, rastlause jaget etter det sjeldsynte. Etter å kryssa av endå ein ny art. Med det blikket ser ein ikkje det vakre i det «vanlege», i dei artar som høyrer naturleg til i eit miljø.
Det er desse eg finn i dag: raudstilken, linerla, den eineståande vakre tjelden, den like vakre gravanda (dotter mi foreslår at ho heller bør heita «flaggand» – noko som er lett å forstå når ein ser henne på nært hald), sandloen, storspoven, vipa, fiskemåsen og hettemåsen. Og flokken med småvadarar over hovudet på meg. På trekkveg i rett retning, heldigvis.
Det å setja seg ned i svanelandet i elvegapet, og oppleva desse store og mektige fuglande på nært hald. Høyra dei kommunisera, og høyrekjenna det veldig bruset når dei lettar frå vatnet og legg i veg innover land. Inn over gardshus, bøar og steingardar.
Å oppleva at eg blir godtatt så lenge eg sit i ro. Så lenge eg tydeleg aksepterer at dette først og fremst er deira land.
Slike morgonar er gode å leva. Dei gjev innleving og ny innsikt. Ein kjenner på djup takksemd for at denne heilskapen, dette levande landskapet, endå eksisterer. Ein blir motivert til å kjempa vidare. For ei naturnær menneskeframtid.
Menneskelivet er meiningssøk. I fleire generasjonar har «vekst» og materielle gode dominert dette søket. Kapitalismen vart suksessoppskrift for å heva mange menneske sin levestandard, men samtidig ein ufatteleg tragedie for naturen. Den vart den store, store taparen. Konsekvensane vart galopperande artsmangfaldstap, øydelegging av hav, skogar og matjord. Akselererande klimaendringar. Fjell av rotnande avfall.
Framover må me finna andre verdiar og anna meining. I det endå rike livet i naturen rundt oss. I å byggja den opp att (slik eg skriv om i Jordboka, Jordboka II og Kompostboka). I å gje den større rom. I å la den læra oss kva samanheng er. Læra oss at heilskapen – naturen – aldri kan skjønast ved å dela opp og sjå kvart element for seg.
Skal me koma «nærmare naturen» må me klatra ned frå den pidestall me har sett oss sjølve på i forhold til den ikkje-menneskelege verda. Me treng ny og utvida respekt for livet. Ikkje berre menneskelivet. Alt liv!
Stå opp i vårgryinga du og! Høyr jubelen rundt deg for den dag som skal koma. Kjenn på nærleiken til det «mystiske» som gjennomstrøymer alt levande. Frå den ørvesle, byggjande bakterien i molda, til fuglen, mennesket og den svære kvalen.
Kjenn på gleda over å høyra til.