Modell3L: for mangfald og trivsel i hage og åker


Tekst og foto: prof. Dag Jørund Lønning


Modellar er aldri meir enn halvgode avspeglingar av verda, men dei kan likevel vera nyttige for styring og planlegging. Her får du eit enkelt men effektivt verktøy for å kunna leggja til rette for den mangfaldige og bognande, naturnære hagen

Den naturnære hagen er både kjemikaliefri og uhyre produktiv. Gaia er den viktigaste gartnaren.


Når Gaia tek over som gartnar


Natur VIL mangfald, og dersom du som dyrkar vil det same, kan det liggja an til eit uhyre fruktbart partnarskap. Dyktigare og meir kunnskapsrik gartnarhjelp enn Gaia/Mor Natur sjølv, vil du aldri finna.

For den som lukkast med å kalla på henne er løna stor. I den regenerative/naturbyggjande hagen, har Mor Natur tatt på seg det meste av plantedyrkingsarbeidet. Ho medverkar med såing, planting, vatning, ugrasskydd, plantevern, moldbygging og næringstilgang.

For deg som hage-/åkereigar vil arbeidsbehovet og kostnadene gå ned medan veksten berre vil gå opp. Din viktigaste jobb blir no å leggja mest mogleg effektivt til rette for at naturen sine mange produktive krefter kan få verka fullt ut på ditt areal.

Og korleis gjer du så det?



Suksesjon i naturen: Gjennom tre ulike landskap på under eit minutt

Kystlyngheia er grøn og fager ein solrik forsommarkveld. Men det er eit vindutsett og tøft landskap for ein plante å veksa opp i.

For å svara på dette spørsmålet treng me å forstå litt meir om korleis naturen verkar. Dei fleste av bilda til denne teksten er tekne mindre enn 60 meter frå kvarandre, men syner tre svært ulike landskapstypar.

Det er for det første den sterkt vindutsette lyngheia. Plantane som veks her er gjerne låge, og planteartsmangfaldet er også relativt sett ganske lågt.

Vidare er det eit vegetasjonsbelte med brakjebuskar og lauvtre. Her er artsmangfaldet raskt aukande, både når det gjeld blomar, grasslag, urter, buskar og tre. Dette beltet er også uhyre viktig for fuglar, dyr, insekt og amfibiar.

Når vind blir stoppa og beiting avgrensa, set suksesjonen ny fart. På kort tid kan mangfaldet auka monaleg.

Det tredje landskapet er hagen vår. Her er mangfaldet av levande endå større. Dette gjeld både for blomar (eittårige og fleirårige – «ville» og «tamme»), buskar og treslag. Ei lang rekke matvekstar kjem i tillegg. «Eksotiske» plantar finst også i rikt monn; mandeltre, aprikostre, ferskentre, ulike typar kiwi, ulike druesortar, tempeltre, valnøttre, oliventre, pasjonsblom, fikentre og svartmorbærtre. Alle står dei ute heile året.

Enorme endringar på berre nokre få titals meter, med andre ord. Svært få av dei vekstane som står i hagen ville overlevd i lyngheia, knappe 30 meter utanfor hagegjerdet. Så kva er årsakene til desse veldige skilnadene? Korleis får ein plantar ein vanlegvis assosierer med «syden» til å trivast i det opne og sterkt vindutsette jærlandskapet?

Svartmorbærtre (opphav: Levanten) i “Det eksotiske hjørnet”. Treet kjem med mykje bær i år!

Det bilda i røynda illustrerer, er det ein innanfor landskapsøkologi gjerne kallar «suksesjon» : naturen si vedvarande og utrøyttelege utvikling mot det meir og meir mangfaldige – både under og over bakken.

Naken mold (som mennesket paradoksalt nok har lagt sin elsk på) er naturen sitt absolutt nullpunkt. Her er det minst liv (berre nokre få bakterieslag), og her vil færrast planteslag veksa (i alle fall ikkje utan betydeleg med tilført næring og ein nesten like ressurskrevjande innsats mot såkalla «skadegjerarar»; dei som eigentleg berre gjer jobben sin, å gjeninnføra mangfald). I den andre enden finn me dei gamle urskogane, dei mest avanserte og mangfaldige av alle dei system av liv me kjenner til.

Det er dit naturen vil. Eller eventuelt til endå ikkje utvikla system som er like eller endå meir mangfaldige. Natur vil meir mangfald. Heile, heile tida.

Om kvifor ikkje heile landjorda er ein urskog

Men vegen dit er ikkje beintfram. «Disturbance» er faguttrykk for alle dei naturlege eller menneskapte hendingar og prosessar som påverkar suksesjonen, og som har gjort og gjer at ikkje alle økosystem er urskogar. Dette kan handla om at mennesket ryddar areal (med plog, brøyt, brann og gift, for å nemna nokre få) for å få plass til sine eigne prosjekt. Det kan også handla om naturkatastrofar som storm, ras eller vulkanutbrot, eller om noko så «naturleg» som store flokkar av rotedyr (villsvin) eller beitedyr som hindrar overgangen frå grasslette til buskland og skog.

Lebeltet mellom lyngheia og hagen har eit veldig plantemangfald og er uhyre viktig for ei rad fuglar, dyr, insekt og amfibiar. Her er det lite vind som slepp gjennom!

Mykje av det som i dag er kystlynghei, var ein gong urskog. Då steinaldermenneska brende ned kystskogane for å få beite til sauene sine, sette dei suksesjonen langt tilbake. Og med vedvarande beiting i dei to og tre tusenåra som har gått, har lyngheia blitt verande open og vindutsett. Plantane som veks der har og blitt stadig betre tilpassa det harske klimaet dei er utsette for.

Men, så skjer det då at nokre pionerplantar i lyngheia, som brakje/einer, får bli ståande over lengre tid. Dei veks seg større og kraftigare, og dannar barriere både mot beitedyr og etter kvart mot vind. Dette er nok til at suksesjonen kjem i gang att.

Beitedyr er nødvendige for å halda kystlyngheia, vårt eldste kultiverte landskap, open. Dei fungerer som “disturbance” i dette spesielle landskapet. Her er det hanen Sindre som viser dei fram.

Det er dette som har føregått framfor huset vårt. Berre i dei ti åra me har budd på denne eigedomen, har det skjedd ei rivande naturutvikling. Innanfor brakjebeltet kom lauvtrea. Bjørk, raun, asal, selje, lønn, ask og eik. Då auka tilførselen av karbon i molda monaleg, og med den auken fekk også mikrolivet (først og fremst sopp og dei som jaktar på den) langt betre kår. Det påverka næringssirkulasjonen i molda positivt, og dermed vart det vekserom for ei lang rekke buskar, grasartar, blomar og urter. I dag er det eit betydeleg større mangfald av artsgrupper i dette smale vindbrytande beltet enn det ein finn i lyngheia utanfor. 

Tiltak for meir liv i hagen

Og i hagen? Dei som anla denne på tidleg 70-tal, erfarte nok også vindutfordringa. Svaret deira var å planta sitkagraner. Då me kom her i 2010, omringa eit tjuetals svære eksemplar av arten eigedomen. Dei hadde i røynda vakse seg alt for høge til å ha særleg effekt på vinden langs bakken. Det dei derimot hadde ein veldig effekt på var solljoset, og den effekten var så definitivt negativ. I den del av hagen der desse stod, vaks det eigentleg berre organismar som hentar næring frå atmosfæren og ikkje frå molda. Altså mose og grønske.

Dette legjerdet er handlaga av sitkagran. Over tid blir det dekka av vekstar. I forgrunnen eit fikentre på veg med nye blad.

Sitkagranane måtte difor ned. Med eit lite mobilt sagbruk, skar eg opp dei store stammene til villmarkspanel. Dette blei vindgjerde mot den store opne lyngheia i vest og nordvest. Med desse grepa vart situasjonen for plantane i hagen snudd på hovudet. To negative vart to positive. No slapp ljoset inn, medan vinden i langt større grad strauk over og forbi. Dette hadde ein direkte  effekt på plantane innanfor sine evner til å etablera seg og veksa.

Men det store gjennombrotet kom likevel først då me slutta med meir eller mindre all form for mekanisk omarbeiding av molda. Og ikkje minst då «gjødsel» berekna på direkte planteopptak blei erstatta med ymsande former for kompost og kompost-te, tilført for å auka mikrolivet og gje dette næring. (Det verdiskapande samspelet mellom plantar og mikroliv er inngåande skildra i Jordboka og Jordboka II. Her finn du og mykje meir om suksesjon).

Kiwi i “Det eksotiske hjørnet”. Denne planten toler godt låge temperaturar, men er ikkje begeistra for mykje vind.

Pr no er hagen på veg mot det me innanfor regenerativ terminologi omtalar som «syntropisk jordbruk» (sjå denne bloggartikkelen og Kompostboka for meir om dette), ein tilstand der naturen sjølv har overtatt det meste av dyrkingsoppgåvene, og der «alt» av plantar veks og trivest. Prøvar av molda viser eit fullverdig økosystem med betydelege mengder av både sopp og mikrorovdyr. Dette borgar i seg sjølv for vekst, men også for effektiv karbonfangst og lagring (det er mikrolivet generelt, og soppen spesielt, som bind karbonet i molda).

Suksesjonen mot meir mangfald (og meir karbonlagring) kan såleis gå svært så raskt når forholda bli lagt aktivt til rette for dette, og når ein unngår for mykje «disturbance». Den bognande, mangfaldige hagen er innanfor rekkevidde for dei aller fleste. Modell3L er utvikla (som eit lite praksistillegg til dei tre bøkene) for å syna deg vegen dit.


Tre viktige ord på L

«Vekstverktøyet» eg har valt å kalla Modell3L er utleia frå denne lokale forteljinga om suksesjon. For kva er det eigentleg som endrar seg når me bevegar oss frå lynghei, via naturleg danna lebelte og vidare inn i hagen?

Med tre ord kan me forklara ganske mykje av dette. Dei byrjar alle på L. To av dei har det vore fokus på lenge. Også i såkalla «konvensjonelle» miljø. Kunnskapen om den tredje, og aller viktigaste, er det først og fremst «alternative» dyrkingsmiljø som har arbeidd fram.

Tett planting av ulike vekstar i ulike høgder, er eit viktig tiltak for både Livd, Ljos og Liv i hagen

Dei er:

  1. Livd
  2. Ljos
  3. Liv (i jorda)


L1: Livd

Eit krav til den som vil ha mest mogleg nytte av Gaia Dyrkingshjelp SA, er å sørgja for skikkeleg livd mot vinden.

Vind, spesielt kald nordavind, er uhyre effektiv veksthemmar. Dei færraste av mat- og nytteplantane våre vil trivast om ein plantar dei på stader der dei er direkte utsette for denne.  

Ute der Gaia sjølv styrer dyrkinga fullt og heilt («i naturen»), stiller dette seg noko annleis. Mange vindutsette landskap kan vera både ganske så artsmangfaldige og særs fargerike, men dei ofte kortvekste og spesialtilpassa artane i slike landskap er i mindre grad høvande i hagane våre.

Dei første åra i hagen vår laut mange plantar bukka under for den iskalde nordvesten som ofte bles i dette området på sein vinter og tidleg vår (den som gjev dei få buskane og småtrea som klamrar seg fast i lyngheia framfor oss distinktiv, skeiv form). Det skjer ikkje no lenger.

Det vindstoppande gjerdet av sitka har synt seg å verka godt, men vegetasjonsbeltet framfor huset er endå meir effektivt. Dette har vakse seg gradvis høgare og tettare dei åra me har vore her. I hagen innanfor blir det merkbart mindre vind for kvart år som går. Og mindre vind gir betre vekst.

L2: Ljos

For å erfara effektane av manglande ljos, er det berre å ta seg ein tur inn i den mørke granskogen. Der veks det nesten ingen ting utanom grantre.

På hagesenteret finst det avdeling for «skuggetolande» plantar. Det er langt fleire planteartar som toler varierande grad av skugge, enn det er plantar som tolererer sterk vind. Men dess mindre ljos ein kan tilby, dess færre blir dei likevel. Og omvendt; dess meir ljos og sol, dess fleire planteartar vil trivast.

Fotosyntesen, det verdiskapande møtet mellom den grøne planten og den lysande sola, er heilt avgjerande for all vekst. Gjennom denne urgamle prosessen produserer plantane livets viktigaste byggjestein, karbon. Halvparten av dette karbonet går ned i molda, og halvparten av dette att brukar plantane som «valuta» overfor mikrolivet. I byte mot ein sup av den verdfulle sukkerblandinga får planten all den varierte næring den treng.

Etande blomar direktesådd i eit 5 cm tjukt lag med karbonrik kompost. Eg la ut komposten og sådde. Gaia gjorde resten.

L3: Liv

Den tredje L’en er den det har vore aller minst fokus på. Men, når alt kjem til alt, står den for det aller viktigaste. Det kan veksa plantar i vind og i skugge, men ingenting kan veksa utan Liv i molda. Alle de som har lese Jordboka, Jordboka II og Kompostboka veit kor essensielt dette livet er. Utan Liv hjelper verken Ljos eller Livd.

Mikrolivet er grunnmuren i Mor Natur sine fantastiske byggverk. Er ikkje livet til stades i molda di, vil ikkje naturen kunna hjelpa deg i det heile. Konsekvensane? At du må bruka dag ut og dag inn gjennom heile veksesesongen med alle dei oppgåver Gaia i utgangspunktet kunne ha utført. Resultat? Frustrasjon, misnøye og høge kostnader (ut og inn på hagesenter etter plantar, jord, «gjødsel», sprøytemidlar, osv.). 


Gi dyrkingsareala dine karakterar!

Modell3L (her visualisert som ein trekant som kviler på L3) kan brukast til å forstå og analysera notidssituasjon og som verktøy for å planleggja for vidare planting og utvikling i hagen/åkeren.

Modell3L visualisert

Om du vil gjera dette litt «systematisk», kan du t.d. lagast eit karaktersystem for kvar av dei tre L’ane. Slike kan gå frå «Svært godt» til «Lite godt», eller ein kan eventuelt bruka ein poengskala. Det viktigaste er å kunna skilja mellom optimale, mindre optimale og direkte dårlege vilkår for vekst.  

Livd (L1) og Ljos (L2) er relative storleikar. Rundt omkring på dyrkingsareala dine vil forholda variera. Det er meir eller mindre Livd og meir eller mindre Ljos. Denne variasjonen er utgangspunktet for å gje karakter. Ein skala frå 1 til 6 vil effektivt kunna frå fram denne variasjonen, der 1 er direkte utsett for kald vind (L1) eller full skugge (L2) og 6 er full vindskjerming (L1) eller full sol (L2).

For Liv (L3) må poengsystemet vera litt annleis. Eit fungerande økosystem i molda er eit absolutt krav for den som vil dyrka naturnært. Det hjelper ikkje med berre bakteriar (som er den tilstand eg veldig ofte finn når eg analyserer «konvensjonell» landbruksjord i mikroskopet), det må også vera rovdyr til å jaga bakteriar. Utan rovdyra blir ikkje næring frigjort. Sopp må også vera til stades for at veldig mange av dei plantar me dyrkar i hagen skal trivast.

Den vakre akeleia er ein plante som toler både vind og ein god del skugge. Den klarar seg svært godt sjølv. Ligg forholda til rette, så spreier den seg også veldig fort.

Eit fullverdig økosystem er difor nødvendig for å få poeng på L3 i det heile. Derifrå (altså med eit fullverdig økosystem som minimumskrav) handlar det om mengder av dei ulike organismane og fordelinga mellom dei. Sjølv har eg difor laga eit poengsystem frå 4 til 10 på L3. For å få karakteren 10 må det vera rikt med rovdyr (av alle grupper), eit minimum av bakteriar, og betydelege mengder sopp. Då veit eg at det vil bli frigjort store mengder næring, og at det meste av planteslag vil kunna trivast. Mykje av den mold eg har analysert frå regenerativt (moldbyggjande) drivne åkrar/hagar, har oppnådd svært høg score for Liv.

Eit slikt «metodisk» system for å setja karakter på L3 fungerer for meg, ettersom eg har høve til å analysera og kvantifisera livet i molda med hjelp av mikroskopet. Men dette siste er absolutt ikkje avgjerande for å kunna bruka Modell3L. Du kan lett laga eit «karaktersystem» for Liv basert på meir kvalitative undersøkingar av di eiga mold. Er den laus og fin? Luktar den av skogsbotn? Er det tilsett rikeleg med organisk materiale / kompost over tid? Er det mykje meitemark å sjå (ein veldig god indikasjon på rikt mikroliv)? Veks det mykje mose på arealet (trekkjer ned ettersom mose ofte veks på areal der andre plantar ikkje vil veksa)? Vaks det godt på dette arealet i fjor / er voksteren god på arealet no? Har det vore grave/fresa/pløgd her nyleg (trekkjer karakteren ned, ettersom mekanisk forstyrring av molda set livet tilbake)? Er det nytta kunstgjødsel eller gift her i seinare tid (trekkjer karakteren ned pga sterkt negativ innverknad på mikrolivet)? Blir organisk materiell raskt omdanna (for å sjekka dette kan du forsiktig grava ned små, utbrukte klesplagg av ull/bomull – gamle truser er populære til dette akkurat no)? Osv.


Døme på bruk av modellen

Frå prøvedyrkingsareala våre tørkesommaren 2018. Rike avlingar utan vatning

Som analyseverktøy kan du for eksempel bruka modellen som eg har gjort over, altså for å forklara utviklinga av dei tre landskapstypane like ved huset vårt. Når du observerer hagen og landskapet rundt deg, vil du sjå store variasjonar i vekst og plantetrivsel. Modell3L hjelper deg med å forstå kvifor det veks godt nokre stader og dårleg andre, eller kvifor plantemangfaldet er stort ein stad og langt meir avgrensa ein annan.

Tørkesommaren 2018 hjelpte denne analysemåten meg med å finna svar på kvifor store delar av dyrkingsareala i Norge var i ferd med å visna bort, medan regenerativt drivne areal (m.a. vårt prøvedyrkingsareal) hadde rekordresultat:

På såkalla «konvensjonelt» drivne areal (med pløying, kunstgjødsling og sprøyting) er det ofte lite liv i molda, og plantane er difor avhengig av tilført lettoppløyseleg næring og vatning. Ettersom dette blir tilført i overflata, vil ikkje røter ha særlege grunnar til å søkja djupt nedover. Desse plantane blir difor utsette for tørke (og areala dei veks på er tilsvarande dårleg rusta for å takla store nedbørsmengder).

Modne mandlar i hagen hausten 2019.

På regenerativt drivne areal stiller det seg radikalt annleis. Rikeleg med sol gir rikeleg med fotosyntese. Og rikeleg med liv i molda gir effektiv omdanning av karbonet frå fotosyntesen til plantenæring. Røtene søkjer djupt for å få tilgang til denne næringa, og plantane blir då langt betre rusta mot uttørking. Dessutan vil kompost – som dei aller fleste regenerative gardsbruk nyttar mykje av – effektivt halda på fuktigheit.

Som planleggingsverktøy kan Modell3L hjelpa deg til å laga eit dyrkingskart over heile arealet du disponerer. Her kan du merka inn område med mykje/lite ljos, mykje/lite vind, særleg god jord, osv. Kvart område du kartlegg kan få karakter på kvar L.

Med ein viss bakgrunnsinformasjon om dei krav til vekseområde kvar plante set, vil du då effektivt kunna styra vidare utvikling av hagen på ein kontrollert måte. Varmekjære og lite hardføre plantar vil kunna setjast der dei høver best, og plantar som toler meir kan dekkja til areal med dårlegare veksttilhøve. Dette vil spara deg for både kostnader og den frustrasjon det er å oppleva at verdfulle vekstar døyr bort.

Aprikostre

For oss har det etter kvart blitt eit poeng i seg sjølv å kunna prova at det ikkje er vintertemperaturen som set avgrensingar for kva du kan dyrka her på Sør-Vestlandet. Om me kunne finna areal på tomta med høg «score» på L1 og L2, burde det – kombinert med metodane me brukar for full utteljing på L3 – vera råd å få plantar ein vanlegvis assosierer med langt varmare strok til å trivast.

«Det eksotiske hjørnet» kallar me no delen av hagen der brorparten av dei særleg varmekjære vekstane står. Her er det svært lite vind, mykje sol og 10 poeng på L3-skalaen. Då veks rett og slett det meste!


Tiltak for å betra forholda

Dess betre utteljing på dei tre L’ane (og særleg på L3!), dess betre legg du såleis til rette for den mangfaldsproduserande Mor Natur i hagen din. Det finst ei rekkje tiltak du kan setja inn for å gjera forholda betre:

Livd: Leveggar kan byggjast av tre, eller dei kan lagast av plantar (Det siste er sterkt å tilrå. Tette hekkar blir viktige leveområde både for insekt, dyr, amfibiar og fuglar.). Du kan og bruka gjennomsiktige materialar som hardplast og glas (sjå eige bilde). Då slepp du eventuell negativ effekt på L2.

“Halvtekkjå” er ein levegg av plexiglas med tre veggar og tak. Den beskyttar effektivt grønsaksåkeren mot nordvesten, og er i tillegg ein flott stad å starta grønsakplanter. På sommaren er her ideelt for å dyrka tomat, agurk, paprika, etc.

Det finst veldig mange gode eksempel på flotte og effektive le rundt i norske hagar (på nettet finn du og mange gode tips).

Ljos: Effekten av å sleppa ljoset til, vil ein merka med ein gong. Berre sjå kva som skjer når ein lagar ei open glenne i det som var ein tett granskog! På veldig kort tid vil det grøne nærast eksplodera fram frå skogbotnen. I hagen kan det handla om å klippa ned tre eller buskar, eventuelt å flytta på fysiske objekt som stenger for sollyset.

Liv: Å leggja til rette for mest mogleg liv er dei mest effektive vekstfremjande tiltak ein kan gjera i hagen eller åkeren. Det gjeld å pensjonera jordfres/plog, minimera graving elles og ikkje bruka verken kunstgjødsel eller gift. Derifrå gjeld byggjande tiltak som jamleg tilføring av kompost oppå bakken, tilføring av kompost-te, eventuelt å direkte-kompostera på dyrkingsareala (mykje meir om dette i Kompostboka).

Tilføring av kompost full av liv, er det aller mest vekstfremjande tiltaket ein kan gjera i hagen. Hugs å leggja komposten oppå bakken!

Aktiv planting er også svært viktig. Unngå for store felt med same plante, og plant gjerne tett. Då sørgjer ein for endå meir livgivande karbon, endå meir Liv og endå meir Livd. Ser du ein naken flekk, så hiv i ein neve frø. Gjerne av nitrogenfikserande vekstar som kløver eller vikke.



Du treng ikkje grøne fingrar, du treng grønt hovud

Følgjande praksisar blir ofte nemnde som kjenneteikn på regenerativ/naturbyggjande  dyrking:

  • Forstyrr molda så lite som mogleg
  • Ha jorda dekka med plantar og organisk materiale så mykje som mogleg
  • Dyrk eit mangfald av vekstar så ofte som mogleg
  • Om du dyrkar eittårige vekstar, dyrk alltid rikeleg med fleirårige i tillegg
Artikkelforfattaren

Desse råda vil alle hjelpa deg med å styrkja livet i molda. Som Modell3L er dei utleia av observasjonar av naturen og omsetjingar av desse observasjonane til aktivitetar og praksisar. Dei er også støtta av erfaringane til stadig fleire regenerative dyrkarar over heile verda.

Eit kjenneteikn ved denne raskt veksande rørsla er aktiv deling av kunnskap. Slik opnar ein opp for stadig fleire, og slik tek ein over tid matproduksjonen i verda i langt meir naturnær retning.

Som dyrkar med ønskje om å bidra til dette heilt nødvendige paradigmeskiftet, har du såleis eit vell av etablert kunnskap å nytta deg av. Både Modell3L og råda over vil hjelpa deg med å gjera hagen/åkeren din naturbyggjande.  

Samtidig må det understrekast på det sterkaste at regenerativ dyrking ikkje skal vera «ekspertstyrt». Tvert om er det ei utstrekt målsetjing at kunnskap skal takast tilbake til den som dyrkar. I våre freistnader på aktivt samarbeid med den produktive og mangfaldige naturen finst det ingen «sanningar», berre tolkingar og erfaringar. Me må kvar gjera våre eigne.  

Heimedyrking av mat blir stadig meir populært. Med Mor Natur som dyrkingspartnar kan du dyrka det meste av det du treng – og utan andre innsatsfaktorar enn eigenprodusert kompost.

«Grøne fingrar» er ein nokså mystisk eigenskap som det blir påstått at nokon har og nokon ikkje har. Eg trur ikkje det nødvendigvis handlar om fingrane i det heile, men om ein anna kroppsdel. Om «grønt hovud». Altså evna til å «lesa» korleis produktiviteten i naturen verkar, og til å omsetja kunnskapen til dyrkingspraksis.

Du blir ikkje regenerativ dyrkar av berre å følgja andre sine råd. Du blir det ved å oppleva at val du sjølv har tatt, basert på dine eigne refleksjonar, viser seg å vera rette. Du blir det ved å oppleva at Mor Natur svarar positivt på tiltaka dine. Du blir det når du kjenner innanfrå at du og henne er på same lag. Når det skjer, veks engasjementet, meistringskjensla, brannen.

Det er med regenerativ dyrking som med all anna nyskaping: du må leva for noko før du kan leva av noko!