Mennesket er 100% avhengig av naturen, men øydelegg den raskare enn nokosinne. Kvifor?
Og om kva møtet med ein liten fisk i skogen fortalde meg om ånd, naturens viktigaste, og sterkt truga, byggjestein
Av prof. Dag Jørund Lønning
– Sjølvsagt opnar me ikkje fjellheimen vår for turisme og fjellklatring. Åndene held til der.
Statsministeren i Bhutan, landet med bruttonasjonallukke framfor bruttonasjonalprodukt som viktigaste nasjonale måleeining, til programmet «60 Minutes».
Varmt møte i kaldt vintermørke
Eg går lange turar med hundane kvar morgon. Gjerne både 5 og 10 kilometer. Også om vinteren. Klokka halv sju i desember er det framleis timevis til det ljosnar, og lommelykta er difor ein fast og nødvendig følgjesvein over steinar, røter og humpar på skogstiane. På ein av mine faste turar passerer eg over ein liten bekk. Den er berre nokre centimeter djup i tørre periodar, men synest aldri å tørka heilt ut. Her, langt ifrå næraste vatn, har nokre aurar funne opphaldsstad. Kvar gong eg kryssar over den vesle brua stoppar eg og lyser ned. Der ser eg dei stå i straumen. Lang og ganske tynn kroppsform tyder på avgrensa mattilgang, men dei klarar seg tilsynelatande godt likevel.

Forfattaren i fjellet på heimeøya Stord
Det kjennest godt å stå der i det stille og kalde stupmørket langt inne i skogen og betrakta dei vakre fiskane. Ei slags samkjensle. Me deler denne tida og denne staden. Me kommuniserer. På naturanto. Hundane anar og at noko spesielt føregår. Vesle Tia, som elles er travelt oppteken med å gjeta lysstrålen (utan nemneverdig hell), sit no stilt. Under og oppå brua er representantar for tre artar som materielt sett er ekstremt ulike men som likevel deler det avgjerande, det som gjer oss alle til natur, det bankande og mystiske livet.
Dei første gongane eg lyste ned på dei, drog fiskane vitskremde til alle kantar. Så roa dei seg gradvis, og no står dei nesten i ro når eg kjem.
Møta har gjort noko med meg og. Fått meg til å reflektera over kor mykje synet mitt på liv og natur har endra seg alt medan eg gradvis, gjennom forsking og formidling, har søkt meg djupare ned i den levande molda og innover i det framtidige naturnære samfunnet. For ikkje så altfor mange år sidan ville eg nok ha vurdert å dra heim etter fiskestonga. Om ikkje anna så for «sporten» si skuld. For litt spenning, eit lite napp i eit snøre, og «gleda» ved å sjå fisken sprella hjelpelaust i lufta. For deretter å bli avliva og truleg etterlaten daud i mosen etter at ein rask inspeksjon avslørte den som for liten som mat.
Der eg no står på brua og ser ned på mine vevre medlevande slår det meg kor fullstendig uaktuelt det ville vera å ta livet av dei. Kva rett har eg til det når eg ikkje må? Ja, kva slags vesen er det eigentleg som gjer det å drepa medskapningar til sport og underhaldning?
Det er sjølvsagt ingen enkle grenseoppgangar her. Menneske er, til liks med m.a. høns og grisar, omnivore, altså altetande. Frå våre tidlegaste tider på planeten har me ete både plantar, fisk og kjøt. I våre dagar trugar likevel produksjons- og forbruksmønster sjølve artsmangfaldet i naturen. Då kan me, nettopp fordi me er omnivore, bli langt meir medvitne i forhold til det me puttar i oss. Sjølv fiskar eg framleis, men no berre på bestandar eg veit toler det godt. Eg har heller ikkje slutta å eta kjøt, men stiller langt tydelegare krav til at dyra skal ha hatt gode levekår (og då vert det ganske mykje ein ikkje et, for å seia det varsamt..). Og finst det gode plantebaserte alternativ, og det gjer det stort sett, så vel eg stadig oftare dei. Ein plante, og særleg den fleirårige, toler varsam hausting. Den kjem att. Dyret og fisken, derimot, har berre eitt liv. Og, igjen, kven har gjeve meg rett til å gjera slutt på akkurat det livet berre for å få meg ein litt meir velsmakande frukost?
Utanfor den antroposentriske bobla ser verda heilt annleis ut
I fleire tiår no har me i den rike del av verda blitt vane med å leva innanfor ei 100% antroposentrisk og kolonialistisk boble. Inni den er verken ein levande aure i ein liten bekk eller noko av det andre livet i skogen noko anna enn «ressursar» for det mennesket som eventuelt finn bruksnytte. Natur har ingen eigenverdi.
Men når ein trør ut av denne bobla, ser verda og tilværet heilt annleis ut. Ja, med ein gong ein vedkjenner seg at mennesket aldri har stått i noko særstilling i naturen, og heller aldri har blitt tildelt noko slags herskerett over andre levande, endrar det meste seg fundamentalt. Ein ser liv for det det er. Som nært knytt til ein sjølv.
Innanfor bobla vil denne vesle forteljinga knapt vera meir enn ein litt merkeleg anekdote. Eit hyggeleg lite avbrekk frå det som betyr noko. Utanfor handlar den om noko uendeleg mykje større og viktigare. Om heilskap og samanheng. Om menneske og natur. Om kva livet er og gjer.
Dei fire sentrale elementa i tilværet
I bøkene og i mange av bloggane og artiklane mine skriv eg mykje om forholdet mellom karbon og nitrogen. Både i molda og i naturen elles. Desse to grunnstoffa er kritisk viktige komponentar i alt organisk og levande, men alltid i eit bestemt og nøye avstemt forhold. Karbonet, den grunnleggjande byggjesteinen i liv, både må og skal dominera. Det høgpotente nitrogenet er alltid til stades der plantar veks, men i naturen berre i nøye avstemte mengder. Blir det for mykje vert nitrogen ei farleg gift som ureinar, drep og raserer. 
Men det finst to endå meir overordna byggjesteinar i tilværet. Også desse er gjensidig avhengige av kvarandre. Men der den eine er yta, er den andre sjølve innhaldet, den som alltid må dominera for at natur skal vera natur.
I mangel av fullgode alternativet vil eg nytta det gamle ordparet ånd versus materie. Men først ei presisering. Ånd er eit uhyre misbrukt ord. Først og fremst av dei store monoteistiske religionane. Framfor det holistiske og opne valde dei reduksjonisme, simplistisk sanningsdyrking og hierarkisk maktkoppbygging. Framfor å vera definisjonssprengande, fornyande og til stades i alt liv, blei ånd redusert til påstått frittlevande objektiv eksistens. Ved denne fråkoplinga mellom ånd og natur opna ein også for at enkeltartar kunne «veljast ut» som overordna andre og resten kategoriserast som «nyttige», «unyttige» eller til og med «skadelege». Dermed blei religion i røynda ein pådrivar for massiv naturøyding. Settlarane som først fordreiv og massakrerte dei opphavlege innbyggjarane og deretter øydela den fantastisk rike molda på den amerikanske prærien, hevda å ha Gud på si side.. Det finst mange tilsvarande eksempel.
Åndsplaneten
Når det er sagt finn me og leiande skikkelsar i historia som både var religiøse i monoteistisk forstand og opne for å sjå livet i seg sjølv som både mystisk, nyskapande og «heilagt». Den protestantiske teologen og fredsprisvinnaren Albert Schweitzer er eit nærliggjande døme.
Reverence for life – vyrdnad for det levande – vart filosofien hans, ein filosofi som har inspirert mange (inkludert meg sjølv) i både naturvern- og dyrevelferdskampen. Det er på mange måtar forståinga hans av livet sjølv som heilagt, som ånd, eg tek med meg inn i denne teksten.
Schweitzer sine skrifter er fulle av fascinerande refleksjonar om livet sitt vesen. Eg er liv som ynskjer å leva, omringa av liv som ynskjer å leva, skreiv han. Denne korte setninga summerer på ein fantastisk måte kva vyrdnad for det levande eigentleg handlar om. Kvart einskild liv er del av Livet og alle einskildliv er difor viktige. Det er kvart einaste vesle eller store levande vesen sin intense vilje til å kunne halda fram med å leva som driv livet vidare. Dette ynsket og denne viljen sameiner oss; bakterien, blomen, insektet, bokfinken, hunden, auren og mennesket. Me har alle fått det same livet i gåve, og me er alle del av det same gigantiske og skapande nettverket. Gaia. Den levande naturen.
Ånd er det boblande livet i seg sjølv, livet sitt bankande hjarte. Våre eigne «sensorar» for kontakt til og band med det levande utanfor vår eigen kropp alle er åndelege. Kjærleik, venskap og empati skjer mellom ånd og ånd, ikkje mellom ånd og materie. Det er ikkje eit daudt skal ein blir glad i eller ven med. Det er og berre som liv/ånd eg kan gle meg over dei tre aurane i skogen. Det er som liv/ånd me har fått ein relasjon. Det er og som liv/ånd eg gler meg til å møta dei att. Stunda i mørket der på brua har blitt høgdepunktet på ruta mi.
Ånd er den enorme, skapande krafta me aldri fullt ut vil forstå, der den spelar seg ut i mikroben, mennesket, blomen eller fisken. Ånd er medvit, kvalitet, kreativitet og nyskaping, forventning, kjærleik, von, sorg og glede. Og mykje, mykje meir. Ånd er rett og slett alt det grenselaust viktige som ikkje let seg telja, vega og rekna.
Materie er då alt det andre, inkludert livet si, til ei kvar tid, fysiske form. Saman femnar dei om alt det me kallar natur.
Så langt me kjenner til er planeten vår unik. Den er ein åndsplanet. Dei andre me har data om er utelukkande materie. Livlause ørkenlandskap. Vår er den einaste grøne og organiske, den einaste der liv, altså ånd, utvikla seg. I hundrevis av millionar år fekk dette vedunderlege og magiske spela seg ut. Det nyskapte, utvida og mangfaldiggjorde.
Heilt fram til eit uhyre destruktivt vesen dukka opp, eit vesen som i si egoistiske jakt på kortsiktig materielt utbytte fullstendig ignorerte liv/ånd. Då gjekk det alvorleg gale veldig, veldig fort.
Det haustande mennesket og den brutale undertrykkinga av ånd/liv
Homo messis, det haustande mennesket, er ein ny underart av homo sapiens, ein underart med ekstrem ekspertise på uttømming av materielle naturverdiar. Mest mogleg, fortast mogleg, er programerklæringa. Og strategien bar frukter i form av massiv rikdomsoppbygging, som igjen kunne investerast i endå meir effektiv haustingsteknologi. Naturen som heilskap laut likevel betala prisen. På rekordtid vart molda utarma, skogane meia ned, hava og vassvegane forgifta og forplasta og naturmangfaldet desimert.
Korleis kunne desse enorme overgrepa skje? Svaret på det er både enkelt og skremmande. Homo messis fekk aldri nokosinne tildelt eigedomsrett over naturen og artsmangfaldet, han rana den til seg. Og det første han gjorde som sjølvutnemnd «grunneigar» var å strippa naturen for all ånd. Når det er gjort, ligg lendet ope for rasering og nedbygging. Borte er respekt, ærefrykt, ovundring for livets mirakel eller for livet i det heile. Når alt i staden blir materie blir dette altet tevling, uttømming, utbytting, utarming, fiendebilete og krig, undertrykking og konsentrasjon av rikdom og makt.
Det er uhyre lenge sida maktmenneske oppdaga det enorme øydingspotensialet i det å fjerna den åndelege dimensjonen ved den/dei andre. Etterpå har dei utnytta det til fulle. Å redusera det, den eller dei ein ønskjer å kontrollera til rein materie kan effektivt maskera undertrykking, brutalitet og destruksjon. Strategien blei nytta for å forklara og forsvara kolonivelde og slaveri (dei som sat lenka fast i skipa på veg frå Afrika var ikkje åndsvesen, blei det hevda), og den blir nytta i dag for å byggja ned natur og undertrykka andre artar av levande (i offentleg språkbruk er det ikkje levande natur som ryk med til den nye vindparken eller motorvegen, det er «areal»; altså eit privat eller offentleg eigd område med ein bestemt farge på eit plankart i kommunehuset).
Døma er tallause, og øydeleggingane held fram med stadig aukande styrke no i Skamtida. Det dominerande industrilandbruket er det kanskje mest åndstomme og destruktive av alle naturforbrukssystem mennesket har utvikla. Her er det å behandla det levande som daud materie satt i system. Det største og viktigaste av alle økosystem, den levande molda, er redusert til noko så snevert og ørande lite som «vekstmedium». Karbonlagra blir tømde og dei naturlege, produktive prosessane i molda øydelagde ved hjelp av enorme mengder tilsett nitrogen. Så store mengder at økosystem over svære område kollapsar. Vidare blir dyr som skal bli til mat fråtatt all individualitet og eigenverdi og redusert til reine samlebandsobjekt (slaktekyllingar får ikkje eit nummer ein gong). Enorme mengder med liv har som einaste eksistensgrunngjeving å tena det som i røynda er snevre menneskelege kapitalinteresser.
Dette er en groteske situasjonen no i Skamtida: Alt det homo messis haustar er skapt av liv/ånd, men sjølv er denne aktøren den fremste åndsdrepar i planethistoria. Han og ho styrer politikken, forvaltinga, næringslivet, så vel som det såkalla «grøne skiftet» i store delar av verda i dag.
Ein metode for å forska på det åndelege og kva denne avslører om den dominerande vestlege kulturen
Trass i dette likar me som bur i det vestlege forbrukarsamfunnet å presentera oss sjølve som både «avanserte, utvikla og siviliserte» (orda er henta frå ein avisartikkel eg las nyleg, ein av mange som framleis insisterer hardnakka på at me i vesten er så utruleg mykje betre enn resten..).
Slike seigliva påstandar kan faktisk sjekkast ut, m.a. ved hjelp av metodane til den portugisiske antropologen Narciso Barrera-Bassols. Nesten på eiga hand har han utvikla eit nytt fagfelt, etnopedologien, kunnskapen om mold i eit fleirkulturelt perspektiv.
For å kunna samanlikna korleis ulike kulturar vurderer og brukar mold, nyttar han ein spesiell trekantmodell (KCP-modellen). Kvar kant uttrykkjer eit aspekt i forholdet mellom menneske og mold, og samla gjev denne modellen oss eit vitskapleg verktøy for effektivt å kunna samanlikna korleis ulike kulturar forstår og verkar inn på sine naturgitte omgivnader:
Kosmos representerer den åndelege dimensjonen. Under denne overskrifta samlar ein alt frå meir eller mindre direkte religiøse og kollektive haldningar på den eine sida til meir personlege forteljingar om og erfaringar med molda som levande på den andre. Sjølv har eg mange gongar skildra det å byggja mold gjennom kompostering, og seinare dyrka plantar i denne, som uhyre meiningsfullt, ja nærast «sakralt». Ei slik erfaring vil definitivt gå inn under denne kategorien.
Corpus er kunnskap om mold. Kva den består av, kva som lever i den, kva mold gjer, korleis plantane sitt næringsopptak skjer i molda, kva som er «god» versus «mindre god» mold, osv. Gamle jordbrukskulturar kan ha særs omfattande klassifikasjonssystem for mold, og det utan å ha tilgjenge på anna «måleutstyr» enn dei menneskelege sansane. Det regenerative landbruket i vår tid kjennest også ved eit tydeleg fokus på økosystema i molda og korleis jordbruk kan drivast utan at desse kjem til skade. Vidare søkjer ein også eit aktivt samarbeid med moldlivet for auka karbonlagring og produktivitet.
Praxis er då bruk, alle dei driftsmåtar og teknikkar menneske har utvikla for å kunna dyrka matplantar i molda.
Modellen har synt seg som eit særs godt verktøy for å vurdera kva status mold har i eit samfunn. Eg har sjølv nytta meg av denne modellen i arbeidet med bøkene mine om jord og kompost. Det som slår ein er kor avgjerande viktig kosmos-biten, altså ånd, er for at jord skal bli tatt skikkeleg vare på. Den som innser at ein arbeider med eit enormt og uhyre viktig, kanskje til og med «heilagt», økosystem, vil både søkja meir kunnskap og visa langt større varsemd i praktisk jordbruk.
Og motsett. Dersom kosmos-kategorien er meir eller mindre tom, og ånd såleis kopla av, er det i røynda berre å køyra på. Først og fremst med eksterne innsatsfaktorar; gigantiske maskinar, kunstgjødsel og gift. Igjen, det moderne industrilandbruket står i ei negativ særstilling her. Det er null rom for ånd/liv i dei forteljingar om jord som sirkulerer innanfor denne driftsforma. Molda er i staden eit reint medium utan eigen identitet og utan sjølvstendig verdi (utover arealverdi og det den gjev i økonomisk utbytte).
Etter mange samtalar med industribønder heime og ute opp gjennom åra er eg skremd både over det store fleirtalet si mangel på ærefrykt for livet i molda og for den manglande kunnskapen om det same. Industribonden kan gjerne frykteleg mykje om maskinar, materie, men forsvinnande lite om liv, ånd. Og dette blir tydeleg reflektert gjennom praksis. Pløying, pløying, pløying, kunstgjødsling, kunstgjødsling, kunstgjødsling, giftsprøyting, giftsprøyting, giftsprøyting. I ein evig runddans. Økosystema i molda får elendige vilkår. Resultata er at livet i molda gradvis forsvinn og stadig meir karbon går tapt, karbon som skal gje opphav til framtidig liv.
Kulturar som respekterer ånd vernar om naturen, kulturar som ikkje respekterer ånd øydar den
KCP-modellen kan også brukast for å samanlikna haldningar til natur meir generelt. Mine erfaringar er at ein stort sett finn akkurat det same: Der natur blir sett som ånd/liv, der har den eit uhyre sterkt vern mot misbruk. Ånd skaper relasjonar og band mellom menneske og andre livsformer. I naturvernande kulturar har liv/ånd både ein tydeleg identitet og ei tydeleg røyst innetter. Den enkeltperson som øydar natur skadar ikkje berre seg sjølv, men også samfunnet rundt seg.
I kulturar (og Skamtida er eit ypparleg døme) som har lite eller inkje å bidra med i kosmos-kategorien, er naturen derimot utan reelt vern mot menneskelege herjingar. Den har verken rettar eller røyst på arenaer der vedtak blir gjort.
Køyrer me rådande skamtidskultur gjennom KCP-modellen får me i det heile stusslege svar. Tidsalderen som er skapt og forvalta av homo messis kjem ut som åndeleg snever (kosmos), uhyre kunnskapsgrunn når det kjem til samanhengane i naturen (corpus) og i tillegg dødeleg for våre medartar (praxis).
Me har rett og slett lite å vera stolte over. Skamtida er eit globalt terrorvelde tufta på nitrogen og materie, på det som gjev rask haustingsgevinst og/eller kan målast og kvantifiserast. Dei relativt sett få som har tilgang på materielle ressursar kan leva i overflod (til alle lager er oppbrukte) medan alle dei som ikkje har det lyt leva anten i naud eller med psykiske lidingar forårsaka av åndsundertrykking. For dei generasjonar som skal koma blir tilværet eit sant helvete på jord. Skamtida er jakt etter det me ikkje treng (endå meir materielle verdiar) på kostnad av det me verkeleg treng (åndsverdiar).
Mot grønare tider?
Total snunad er einaste realistiske mogleik. Det blir ikkje noko «grønt skifte» av å byta ei naturøydeleggjande energiform med ei anna og tru at forbruksfesten då berre kan halda fram som før. Menneskja treng nye verdiar, nye mål og nye praksisar. Ja eit heilt nytt utviklingsparadigme.
I Første Losebok. Naturanto lanserte eg homo messis sitt motstykke. Homo satorem, det såande mennesket, mennesket som byggjer meir natur enn det tek ut. Ho er hovudpersonen i den neste loseboka, boka om korleis verdiar kan skapast og gode samfunn byggjast utan at dette går utover medskapningane våre.
Grøntida, homo satorem sin tidsalder, er først og fremst lokal. Den er tufta på naturen sine fornyande syklusar og har dei to bestanddelane det aldri kan bli for mykje av, ånd og karbon, som viktigaste byggjesteinar. Nitrogen og materie er framleis livsviktige, men aldri som dominerande. Tidsalderen kjennest ved følgjande tre utviklingstrekk:
- Når dei fire viktigaste elementa i tilværet er korrekt balanserte, går farten i menneskesamfunnet ned, og det blir igjen mogleg å trekkja pusten. Setja seg ned og reflektera. Snakka saman. Kjenna på meining.
- Grunna forbodet mot naturøyding må mat dyrkast/haustast og nødvendige materielle verdiar skapast med naturen som likestilt partner. Dette trenar og fremjar kreative evner, evner som generasjonar med passiv gjenskaping og forbrukarflokkvandring nesten gjorde overflødige.
- Samfunnsmåla er også endra. Den åndstomme Mammon er detronisert som gudebilde og essensielle åndsverdiar som glede og trivsel er gjort til overordna i den vidare samfunnsutviklinga.
Regenerativ utvikling er nettopp å nytta den menneskelege kreativiteten til å byggja framfor å øyda. Dei artar som overlever over tid er dei som blir nyttige for andre og for heile økosystem, og homo satorem har i røynda alle føresetnader for å bli ein slik art.
Alle har me ein liten aure i nærskogen. Om me søkjer å møta denne som likeverdig medlevande, som ånd/liv, kan den syna oss vegen.
Me har det i oss. Saman kan me skapa Grøntida.




