«Latmannsplanting»

 

Av Dag Jørund Lønning

Me har slutta å grava i hagen. Også ved planting av buskar og tre. Det går heilt fint utan. Faktisk trivst nyplantane betre enn dei nokosinne har gjort. Kvifor skal me menneske alltid grava hol i alt?

Planting av større vekstar har vore ei slags «final frontier» for dei som forfektar gravefrie dyrkingsmetodar. Når eg har halde foredrag rundt om i landet har eg ofte fått følgjande spørsmål: «Men kva når me skal planta bærbuskar og frukttre, kan me ikkje grava då heller?» Kva svarar ein til slikt?? Eg har stort sett replisert med at akkurat når det gjeld utplanting av slike store plantar, er det ikkje så mange alternativ til å ty til spaden.

Problemet er at all graving påverkar økosystemet i molda negativt. Å snu opp ned på livet under oss, er på eit vis samanliknbart med flatehogst. Ja visst reetablerer livet seg, men reetablering vil alltid ta tid. Konsekvensen er uansett at den nye planten din ikkje får hjelpa den skal ha frå molda. Den blir i staden ståande og stura. Og du, dyrkaren, blir gåande og venta og venta på at nykomaren skal slå til..

I fjor bestemte den hagegale kona seg for at nok var nok (ho har mange gode eigenskapar, men tolmod høyrer ikkje til blant desse). Jordbokmetoden, som me elles brukar i all dyrking, skulle no takast i bruk også ved utplanting av prydbuskar og tre. Praksis blei følgjande: Først blir det laga ei «ramme» av gamle vedkubbar (dette for å trekkja sopp), deretter blir planten tatt ut av potta og sett rett oppå bakken inni ramma, deretter blir det fylt på med kompost og flis rundt rotklumpen.

Resten av jobben gjer naturen. Kompost er arbeidande liv i enorme mengder. Ein vesentleg del av arbeidet til dette livet er å skaffa næring til planten. Planten betalar på si side med små sukkerbitar den skyt ut frå røtene. Med denne «late» plantemetoden startar samspelet i det du set planten på bakken. Det eksisterande økosystemet under er uforstyrra, ettersom spaden har fått henga verkeslaus i bua, og med den tilførte komposten forsterkar du næringsutvekslinga mellom plante og mikroliv ytterlegare.

Resultat? Du slepp stureperioden for planten, og du slepp venteperioden for deg. Nykomaren i hagen byrjar å veksa meir eller mindre med ein gong. Etter kort tid søkjer røtene seg nedover gjennom torva, og ikkje lenge etter dette igjen er det som om den aldri har vakse nokon annan stad (alle bilda til denne artikkelen er av vekstar som er planta etter denne metoden).

Og difor «latmannsplanting» (kona sitt omgrep). Du sparer tid og krefter, og du sparer irritasjon (den som automatisk kjem når spaden smell i stein, fjell og/eller trerøter, og du aldri får planteholet der du ville ha det). Du får og meir tid til berre å vera. Med livet rundt deg. Og ikkje minst under deg.

Latmannsplanting som jordbrukspolitikk

Men uttrykket «latmannsplanting» er godt av andre og meir overordna årsaker også. Det er eit tydeleg svar til den stadig tilbakevendande innvendinga den naturnære dyrkaren blir møtt med frå såkalla «konvensjonelle» miljø: «Ja, men den metoden der er jo så tidkrevjande at ingen som skal tena pengar på det kan bruka den!»

Det den som ytrar dette i praksis hevdar, er at jordbruk der ein let naturen gjera størstedelen av arbeidet er meir tid- og arbeidskrevjande enn driftsformer der alt arbeid må gjerast av menneske og svindyre maskinar. Forstå det den som kan!

Dei som i dag prøver det dei kan å latterleggjera naturnære driftsmetodar, er dei same som meiner at «jordbruk» = runde på runde med pløying med store maskinar, gjødsling med like store maskinar og giftsprøyting med endå andre reiskapar (framleis like store og dyre).

Mange av nyskaparane eg har møtt i arbeidet med jordbøkene, rapporterer om tøffe møte med vaktarane av dei etablerte sanningane innanfor jordbruket. Forsøk på latterleggjering verkar å vera vanleg hersketeknikk.

Men framtida tilhøyrer definitivt ikkje desse vaktarane! Det er lenge sida «sanningane» dei forfektar slutta å vera sanne. Me er på veg inn i ei tid der det meste må bli annleis innanfor jordbruket: I dag drep industrilandbruket matjord tilsvarande 30 fotballbanar pr minutt. I morgon må me snu om 180 grader og dyrka mat samtidig som me byggjer opp att naturen rundt oss.

Skal me lukkast, må me vinna leiken og gleda tilbake. Gleda over å spela på lag med livet, gleda over å eksperimentera og erfara. Jordbruk må gå frå å vera for dei få til å bli for dei mange. Slik det ein gong var.

Også hagedyrkaren må få rom. Mangfald er ekstremt viktig i tider som skrik etter nye idear. Er det ein ting me kan slå fast innanfor nyskapingsfaget er det følgjande: Den avgjerande nyvinninga kjem nesten aldri frå etablerte miljø!

Det er nettopp glede eg kjenner på her eg sit i «latmannshagen» min. I generasjonar har mennesket – ved hjelp av ei lang rekke kjemiske og mekaniske innretningar – prøvd å halda Gaia på avstand frå åker og hage. Denne kampen har ført oss til kanten av avgrunnen. Det eg – og mange andre som eksperimenterer med naturnære dyrkingsmetodar – no erfarer, er at Gaia kan vera ein fantastisk effektiv og ekstremt produktiv samarbeidspartnar om me lærer oss å spela på lag. Det å invitera Gaia inn, endrar i praksis alt.

Framover må me må avlæra mykje og læra det meste på nytt. Sett i dette perspektivet er ikkje “latmannsplanting» nytt i det heile. Det er slik Gaia alltid har gjort det. I skogen er det ingen som pløyer, ingen som gjødslar, ingen som sprøytar. Men det eksploderer av liv likevel. Organisk materiale landar på bakken. Der blir det omdanna. Gaia byggjer mold oppover. Det er me menneske som har fått denne merkelege og fikse ideen om at me absolutt må grava oss nedover..

Her eg sit og kjenner på livet under og rundt meg, kjenner eg meg også som del av ein stor global familie. Millionar av menneske over heile verda eksperimenterer no med naturnære dyrkingspraksisar. Aktøren diktaren Rolf Jacobsen kallar «den lille bonden» stod i fleire tiår aleine i kampen mot industrialiseringa av jordbruket. Mot det samtida kalla «Utviklinga». Men no får ho og han fleire og fleire allierte både i bygd og by.

Og framtida?? Den er vår!!