Denne komposten er frå i fjor, og har godgjort seg i “Komposthuset” gjennom vinteren. Utgangspunktet er eit stort mangfald av råvarer, noko som er viktig for å stimulera eit mangfald av organismar.
Staben ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) møttest nyleg heime hos rektor Dag Jørund Lønning for eit miniseminar om regenerative driftsformer. Fokus for seminaret var effektiv bygging av mold og intensiv matproduksjon på små areal.
Dag Jørund orienterte om dyrkingsteknikkar som kan stimulera det enorme universet av mikroorganismar til å setja ekstra fart på sirkulering av næringsstoff – og difor produsera endå meir tilgjengeleg plantenæring.
Dag Jørund forklarar kvifor “mangfald” bør vera eit overordna prinsipp i all plantedyrking.
Følgjande tema blei behandla:
Produksjon og bruk av kompostte var tema under seminaret
Forskar Olav Eggebø prøver seg med luftegaffelen – eit reiskap som effektivt tilfører oksygen djupt nede i molda utan å snu denne.
Med basis i Jordboka har HLB om kort tid klar eit to dagars intensivkurs i regenerativt landbruk/hagebruk. Kurset er bygd rundt temalista over. Dette kurset skal me tilby over heile landet. Interesserte kan kontakta høgskulen på [email protected]