HGUt leiar storsatsing på naturbyggjande/regenerativt landbruk i Rogaland
PRESSEMELDING 20.05.20
Høgskulen for grøn utvikling, ved professor Dag Jørund Lønning, skal dei tre komande åra leia arbeidet med å utvikla ei større pilotsatsing på naturbyggjande (regenerativt) landbruk i Rogaland.
13 gardar over heile fylket (kan bli fleire) skal prøva ut regenerative dyrkingsteknikkar. Gardane representerer stor breidde både i produksjonar og storleikar. Her er alt frå større mjølkebruk til små, men intensive marknadshagar for produksjon og sal av grønsaker.
Kva er regenerativt jordbruk?
Regenerativt landbruk har som mål å produsera mat samtidig som ein aukar det biologiske mangfaldet både i molda og oppå bakken. Med å byggja opp det enorme økosystemet i molda, legg en også til rette for effektiv karbonbinding.
Prosjektet skal utforska korleis landbruket framover kan bli eit viktig verktøy i kampen mot øydeleggjande klimaendringar og akselererande naturmangfaldstap.
Aktivt samarbeid med dei verdiskapande kreftene i naturen står sentralt i regenerativt jordbruk. Følgjande enkle prinsipp er viktige. Dei er alle utleia av korleis naturen fungerer:
- Forstyrr molda så lite som mogleg
- Ha molda dekka med plantar så ofte som mogleg
- Dyrk eit mangfald av vekstar så mykje som mogleg
Desse prinsippa kan utviklast vidare og tilpassast til kvar enkelt gard og produksjon. Dette blir sentralt i prosjektet.
Organisering og budsjett
Prosjektleiar Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) på Bryne tilbyr i dag det einaste høgskulekurset i regenerativt landbruk i Skandinavia. Høgskulen er også norsk representant i det internasjonale kunnskapsnettverket Regeneration International.
Første del av prosjektarbeidet er kunnskapsoverføring. Dernest skal det utviklast gardsplanar, før ein går i gang med konkrete dyrkingsforsøk neste sesong.
HGUt skal følgja opp gjennom heile prosjektperioden og dokumentera erfaringane og resultata. Ein skal bruka både kvalitative (m.a. trivsel, opplevingar av vekst, effektar på bildet av landbruket utetter) og kvantitative (økonomi og målingar av jordliv) indikatorar.
Erfaringane skal formaliserast og kommuniserast både innover i landbruket og utover mot samfunnet elles. Det er m.a. lagt opp til eit praktbok om bøndene i prosjektet og deira arbeid med å utvikla landbruket til å bli eit verktøy for auka naturmangfald og karbonfangst.
Rogaland Bonde- og Småbrukarlag er prosjekteigar, og organisasjonen skal bruka resultata frå prosjektet aktivt både i forhold til eigne medlemmer og til landbruket elles. Småbrukarlagsmedlemmene Torbjørn Norland og Nils Melbø vil og sitja i styringsgruppa. Tredje medlem i gruppa er bygdeutviklar Astrid Brommeland ved Fylkesmannen i Rogaland. Brommeland vil ha ei aktiv koordinatorrolle i prosjektet.
Prosjektet har ei samla ramme på om lag 4,7 millionar kroner over tre år, og er delfinansiert av Rogaland fylkeskommune.
I løyvingsvedtaket skriv Fylkeskommunen m.a.:
Dette er eit prosjekt fylkeskommunen har store forventningar til. Grunnen er søkelyset på kunnskapsbygging, deling og spreiing for at landbruket i framtida skal verta mest mogleg klimasmart, berekraftig og livskraftig i heile Rogaland. Prosjektet følgjer opp fleire av FN sine berekraftsmål. Prosjektet har eit breitt berekraftsperspektiv kor alle dei tre dimensjonane: økologisk, samfunnsmessig og økonomisk berekraft blir ivaretatt.
Nøgd og spent prosjektleiar
Prof. Dag Jørund Lønning har utvikla prosjektet og skal også leia forskingsarbeidet. Lønning har skrive dei tre einaste fagbøkene om regenerativt/naturbyggjande jordbruk på norsk (Jordboka, 2017, Jordboka II, 2019, og Kompostboka, 2020), og har arbeidd intensivt med denne driftsforma dei siste fem åra. Han har sjølv blitt så interessert i økosystemet i molda at han m.a. har etterutdanna seg innanfor forholdet mellom jordbiologi og plantevekst gjennom sentrale kunnskapsmiljø i California.
Lønning ser på dette prosjektet som eit gjennombrot for regenerativt jordbruk i Norge:
–I dag er eg veldig glad. Prosjektet er fantastisk spennande for HGUt som kunnskapsmiljø. Endå viktigare er den nye given dette kan gje for landbruket. Regenerativt jordbruk er ei typisk vinn-vinn løysing. Ein produserer mat med særs høg kvalitet, samtidig som ein byggjer det aller viktigaste i naturen; levande mold. Den alt anna liv skal veksa fram frå. Frå å vera definert som det største problemet, blir landbruket ei uhyre sentral løysing i kampen mot klimaendringar og naturmangfaldstap. Eg gler meg til å ta fatt, og til å samarbeida med forvalting og bøndene i nettverket i å løfta framtidslandbruket!
Prosjektet Regenerativt landbruksnettverk Rogaland: Molda som naturbyggar og klimaløysing har formell oppstart i juli 2020 og skal pågå fram til utpå våren 2023.