Tekst og foto: Dag Jørund Lønning
Her er ein hyllest til ein ekte verdsborgar.
Kjent og uhyre kjær for alle som er glade i kysten og kystlandskapet. Med sine karateriske skrik, elegante vengeslag og effektive stupdykk, både var den og er den ein uhyre viktig ingrediens i den livsbrusande og tareangande sommaren ved øyar, skjær, svaberg og strender.
Dette er i aller høgste grad ein lokal fugl. Å sjå den framkallar minne. Om magiske og mystiske somrar som ein gong var. Om badeturar til barndomsstranda med dei som ikkje er med oss lenger. Om barnelatter og livsutprøvande ungdomsår då framtida endå var open og ljos.
Samtidig er det ingen fuglar på denne planeten som er så globale som raudnebbterna. I løpet av eit år kan den tilbakeleggja nærare 40 000 (!) km. Frå hekkeområda i Arktis til overvintringsområda i Antarktis og tilbake att. Rundt planeten, med andre ord.
Som så mange andre artar er også raudnebbterna i tilbakegang. Både den og den nære slektningen Makrellterna er forsvunne frå mange lokalitetar ved kysten. Særleg her sør. Når terneskriket tagnar, er det ikkje berre økosystema som lir. Det er ein dimensjon ved det kystnære menneskelivet som forsvinn.
Samtidig er det framleis så mange att i verda at me burde ha gode høve til å sikra framtida til denne fantastiske fuglen (den står på den globale raudlista, men er framleis ikkje rekna som direkte truga). Om me berre strekte oss litt. Først og fremst bør me lytta til bodskapen hennar: Grenser er ei menneskeleg oppfinning. Gaia er derimot eitt. Effektivt naturvern er å sjå samanhengar, å samarbeida på tvers; mellom menneske og mellom menneske og natur. Grensa sin einaste potensielt positive funksjon er om den kan vera eit verktøy til å bli betre på slikt samarbeid innanfor enn utanfor. Grensa er destruktiv og øydeleggjande når funksjonen først og fremst er å stenga den andre ute.
Om få månader skal raudnebbterna eg får desse flotte bilda av starta på den lange, lange reisa sørover. Frå kaldlandet i nord til islandet i sør. Med seg håpar ho å få dei to små nøsta ho no vaktar om (mot måsar, kråker og turgåarar) med skarpe åtvaringsskrik og kliniske åtaksdykk.
Det vert ei farefull ferd. Oddsa er elendige. Ho skal kryssa ein fullstendig menneskeokkupert planet, ein planet der det ikkje-menneskelege livet er forskyve til utkantar og små restareal. Ho skal trassa nedbygde kystlandskap, forsura og plastfulle hav med stadig mindre fisk, veksande ørkenar, nedbrende skogar, enorme område som ein gong var mangfaldig natur, men som no er giftsprøytte og kjemikalieavhengige monokulturar.
Eg kjenner eg vert djupt, djupt imponert der eg står bak kameraet. Audmjuk. Alle kjende menneskelege vågestykke bleiknar fullstendig mot den enorme oppgåvå desse små kroppane står overfor.
Det er ein livsvilje her som inspirerer. Til å kjempa vidare for at også nye generasjonar av liv skal få oppleva magiske kystsomrar. Til å kjempa vidare for at framtida ein dag igjen kan bli open og ljos.
Så mykje lukke til, vesle fugl! Og takk for alt du gav og gir!