Boklansering og folkefest for den naturnære hagen

For ein festdag den vart, lanseringsdagen for Jordboka for hagen. Meir enn 250 menneske frå store delar av landet møtte i Litlabø Samfunnshus på Stord for å ønskja boka velkomen og for å få kunnskapspåfyll rundt hagen som arena for matdyrking, karbonfangst og auka naturmangfald.

260 menneske var til stades då professor Dag Jørund Lønning lanserte «Jordboka for hagen».

Professor Dag Jørund Lønning, forfattar av den nye boka, hadde første innleiing. Tema var den aukande avstanden mellom menneske og natur og korleis denne kjem til uttrykk gjennom ugraset og skadegjerarane sine herjingar i hagen. Han gjekk gjennom både kulturelle og agronomiske årsaker, og synte korleis naturen generelt, og skogen spesielt, kan visa vegen til  den bognande, naturnære og sjølvfornyande hagen. Verken «jord» (les: torv), «gjødsel» (les: nitrogenureining) eller gift treng å kjøpast inn. Naturen fornyar seg sjølv med dei organiske emne som finst på staden. Slik må det bli i hagen og.

Helen Fredholm hadde neste hovudinnlegg der hennar eigen regenerative hage på Toten var

Helen Fredholm inviterte dei frammøtte til den fantastiske hagen hennar på Toten. Framgangsmåte: samarbeid med naturen.

utgangspunktet. Denne er nok ein av dei aller flottaste i landet, og Fredholm avslørte at aktivt samarbeid med naturen er den viktigaste årsaka til den veldig grøda: «Eg utfører 20% og naturen 80% av arbeidet i hagen», fortalde ho.

Tredje hovudinnleiar var naturfotograf Jan Rabben. Akkompagnert av fantastiske bilde av fuglar og dyr i eigen hage, fortalde han korleis me alle kan leggja til rette for meir fauna tett på oss.

Fotograf Jan Rabben delte gode tips til korleis ein kan få fleire fuglar og dyr i hagen.

I tillegg til dei tre innleiingane framførte seniorredaktør Jorunn Sundsmark i Kagge forlag og styremedlem i Høgskulen for grøn utvikling, Ingve Berntsen, flotte helsingar til forfattaren.

Plantesalet gjekk bra. Her er det Staudehagen sin stand.

Det var mykje aktivitet på dei mange standane.

I gangar og hallar elles var det fotoutstilling og andre utstillingar frå ei rekke lag, organisasjonar og bedrifter med fokus på natur og hage: Stord Hagelag, Stord Fotoklubb, Norsk Permakulturforeining, Blomen hage og landskap AS, Staudehagen, Aarvik gard, Lønning Lutlandbruk, Høgskulen for grøn utvikling og Naturvernforbundet.

Og boka? Vel, bokhandelen som stod for salet hadde bestilt dobbelt tal bøker enn enn det som er vanleg på ei lansering, men likevel gjekk dei veldig fort tomme. Til tider var det lang kø av kjøpelystne, og ein like lang kø for å få boka signert av forfattaren.

Per Sveinung Lønning i Stord fotoklubb var kurator for fotoutstillinga.

To brør. Kjell Lønning var programleiar for dagen.

Programmet blei stødig leia av gardbrukar Kjell Lønning, bror til Dag Jørund. Han sytte for både dikt, alvor og skjemt og til og med konsert på sildahovud!

Familien var også representert ved gartnar/blomedekoratør Anne-Mette Lønning, kona til Dag Jørund. Ho stod for den flotte utsmykkinga av scenen.

Den særs vellukka festdagen blei mogleg gjennom stor frivillig innsats frå medlemmer i Sagvåg Bygdalag og Naturvernforbundet på Stord og frå bygdefolk elles.

Arrangørar var Høgskulen for grøn utvikling, Sagvåg Bygdalag og Naturvernforbundet på Stord.