Finst det rom for bygda i Nye Stavanger?
Prof. Dag Jørund Lønning
Reformar skal gjera verda betre. Når det motsette skjer, vert endringane deformar i staden. Dei viser seg å gjera verda verre.
Eg er invitert til å skriva nokre ord om ein kommune som endå ikkje eksisterer, Nye Stavanger. Inga lett oppgåve i seg sjølv, og eg får heller ikkje så mykje hjelp når eg vender seg til den etablerte kunnskapen om tidlegare kommunesamanslåingar.
At bygdekommunar slår seg saman med bykommunar er for så vidt ikkje noko nytt. Det me veit om tidlegare samanslåingar, handlar derimot stort sett om kommunar med landegrenser felles. Målsetjingane har stort sett vore å gjera ting meir lettvinte. Denne kunnskapen har avgrensa relevans i dette tilfellet. «Lettvint» er ikkje det første eg tenkjer på i forhold til dei bykommunane me no får (Nye Stavanger og Nye Sandnes) Her må ein jo kryssa både over og under fjordar (ved hjelp av ymsande transportmiddel), og til og med reisa gjennom andre kommunar, for å koma frå den eine enden til den neste. Nye Stavanger (og Nye Sandnes) er difor noko ganske så nytt. Eit eksperiment, rett og slett.
Dette i seg sjølv gjer jo nydanninga spennande. Nyskaping er trass alt faget mitt. Det nye interesserer og fascinerer meg også personleg. Utan vilje til å prøva ut nye løysingar kjem ein ikkje vidare. Men samtidig har ikkje det nye verdi i seg sjølv. Me endrar ikkje berre fordi det er moro (og heller ikkje bør ein endra berre fordi ideologien ein forfektar hevdar at stort er betre enn smått). Reformar skal gjera verda betre. Når det motsette skjer, vert endringane deformar i staden. Dei viser seg å gjera verda verre.
Det går nok nokre år før me kan konkludera om Nye Stavanger blir det eine eller det andre. Det ligg openbert nokre veldig spennande utviklingspotensial i den koplinga mellom by og land som den nye storkommunen er. Men utfordringane står og i kø. Avstandar og kommunikasjon er langt frå dei største. Korleis resultatet til slutt blir, kjem mykje kjem an på kor vidt ein har medvit om desse utfordringane, og om dei val ein gjer i dag for å møta dei. La oss sjå litt nærare på nokre av desse:
For det første går det definitivt ikkje «av seg sjølv» å integrera så vidt ulike kommunar. Stavanger er sjølve erkebyen i Rogaland. Her finn ein urbanitet i både nyare og meir moden versjon. Den siste representert ved herremenn og fruer som både talar danna bymål og held skjødehundar. På Finnøy og Rennesøy er husdyra derimot sauer og kyr. På mange måtar er båe øysamfunna erkebygder. Vel har dei fastlandssamband, men noko som i det heile minnar om urbanitet er det knappast mogleg å få auge på.
Om ein set dette litt på spissen, så handlar bypolitikk i stor grad om å avgrensa og styra marknadskrefter, medan bygdepolitikk er å leggja til rette for og lokka. Slik at det finst marknadskrefter i det heile. Alternativt handlar bypolitikk om at dei opne flatene stadig blir færre, medan bygdepolitikk er å sørga for at dei held seg så store som råd (jordvern). Skal sentrum få halda fram med å utvikla seg som by og bygdene som bygder, trengst det såleis svært ulike verktøyskrin. For samferdselspolitikk, for arealpolitikk, for kven som får løyve til kva kvar.
Dette er krevjande, for å seia det mildt. Historia seier det same. For om me likevel ser litt mot dei tidlegare bygdekommunar som har blitt innlemma i større byar, er dei rett og slett vanskelege å få auga på i dag. Dei eksisterer knappast som stader i det heile.
For det andre er ein kommune langt meir enn tenesteproduksjon. For mange, veldig mange, handlar det først og fremst om identitet. Dette er hovudgrunnen til at samanslåingsdebattar er så betente. Kommunen er staden ein kjem frå, og stader har særpreg, kjenneteikn, spesielle historier. Det er lett å hevda at identiteten ikkje blir påverka av ei samanslåing, men i røynda ser me at små kommunar er avgjerande viktige når det gjeld å forvalta og oppretthalda identitetssærpreget. Når kommunen forsvinn, oppstår det eit alvorleg tomrom. Kven skal no dra lasset? Eldsjelene? Ja, kanskje ei stund. Lag og organisasjonar? Kanskje dei og til ein viss grad, men før eller seinare lyt primæroppgåvene prioriterast.
Både Finnøy og Rennesøy kommunar er og har vore aktive på samfunnsutviklingsfeltet. Kva som skjer etter 1 januar verkar litt meir uklart. Det trengst rett og slett ein medviten politikk, og definerte aktørar, for å sikra at Finnøy får vera Finnøy og Rennesøy får vera Rennesøy også i framtida. Dette er kritisk viktig for at denne samanslåinga skal bli vellukka sett med bygdeblikket.
For det tredje har samanslåingar ein veldig stygg tendens til på sikt å føra til nedleggingar av dei minste og mest perifære (sett frå sentrum) tilboda. Når dei raude tala kjem, er det slike som gjerne vert salderingspostar. Den vesle bygdeskulen. Det minste legekontoret. Den minst brukte buss- eller båtruta.
Den lite fokuserte interne sentraliseringa, har ført til at den norske utkantgrenda i dag er på raudlista. Kommune- og regionssenteret blir i stadig sterkare grad prioritert over heile landet, og utfordringa blir så definitivt ikkje mindre når kommunesenteret i dette tilfellet er ein av landets største byar. Igjen trengst det medvit, tydeleg politikk og tydelege politikarar. Om ikkje opnar ein raskt døra for bygdelistene; Finnøylista, Rennesøylista, Bylista, osv…
Men så til det som kan bli verkeleg spennande med den nye kommunen: For Nye Stavanger vil kunna utvikla næraste fullverdige verdikjeder for lokal mat. Eg har sett at nokre stavangerrøyster alt har vore ute i media og skrytt av alle sauene og tomatane ein plutseleg får, og at ein no blir størst i landet på både det eine og det andre. Gløym det der tonnasjepreiket! Ein vinn ikkje kampen om framtidas matscene ved å vera større og sterkare enn naboen på enkeltprodukt, ein vinn den gjennom å utvikla mangfald. Og det er her den nye storkommunen har enorme potensial. Tomatar, sau og andre «tradisjonelle» produksjonar må vera med ja, men også grønsaker og frukt frå øyane, og, ikkje minst, den nye og uhyre spennande urbane matproduksjonen og foredlinga som alt skjer i ulike bydelar i noverande Stavanger. Globalt står småskala urban dyrking i dag for meir enn 20% av matproduksjonen i verda. Dette talet berre stig. Også i Norge og Stavanger. Fleire og fleire dyrkar også mat heime. Parsellhagane og andelslandbruka blir i tillegg fleire og fleire.
Det er i det heile sterkt aukande interesse i store delar av befolkninga for at avstanden mellom den som dyrkar og den som et blir så kort som råd. Nye Stavanger har her potensiale til å bli landsleiande. For å lukkast må ein leggja til rette for kunnskapsbygging og -flyt langs heile verdikjeda, dei lokale marknadene må revitaliserast, og endå mykje meir av foredlinga må takast lokalt. Dyktige kokkar og spennande restaurantar er sjølvsagt naturlege og integrerte delar av ei slik satsing. Slik kan også Nye Stavanger bli ein endå meir spennande reiselivskommune. Mat er uhyre viktig for den reisande. I Nye Stavanger kan lokal mat potensielt bli ein hovudattraksjon.
Når erkebyen og erkebygda skal integrerast til ei eining trengst eit felles tema. Mat kan så definitivt vera dette temaet. Men så er me då tilbake til behovet for tydeleg politikk att. Det eg omtalar her er berre eit potensial. Det blir ikkje røyndom utan mykje og målbevisst arbeid av mange over lang tid.
Eg gler meg til å følgja den nye kommunen framover.