Eksempelets makt. Om klimakrisa, nyskaparen og nasjonalstaten

Av Prof. Dag Jørund Lønning

Albert Einstein skal ein gong ha sagt at den tankegang som skapte eit problem sjølvsagt ikkje kan brukast når det same problemet skal løysast.

Desse orda er skremmande aktuelle i vår tid: Me skodar utover ein planet der menneskeskapte klima- og miljøkriser tårnar seg opp i stadig aukande tal, den eine meir alvorleg enn den andre. Samtidig er me milevis frå å villa bryta med dei idear, kulturar og næringspraksisar som skapte desse krisene; altså industrisamfunn, industrilandbruk og forbrukarsamfunn.

Store delar av det offentlege Norge har gått i forsvarsposisjon djupt nede i den nynasjonalistiske skyttargrava.

Landet vårt er i den absolutte verdstoppen når det gjeld å fornekta at krisene i det heile skuldast menneskeleg påverknad, alt medan ei endå mykje større gruppe (ei gruppe som inkluderer brorparten av politikarane våre) forfektar at, «joda, mennesket er nok medskuldig i desse krisene, men dei kan likevel løysast med små reformar og justeringar» – les: justeringar som ikkje treng påverka verken næringsstruktur eller forbruksmønster..

Store delar av det offentlege Norge har vidare gått i forsvarsposisjon djupt nede i den nynasjonalistiske skyttargrava. Der nede der ein berre ser flisa i den andre sitt auge, og ikkje bjelken i sitt eige:

  • Vidare får statistikkar som viser at me er verdas beste land å bu i alltid store overskrifter, medan den nye statistikken som viser at denne levestandarden også gjer oss til eit av dei minst berekraftige land i verda, knappast blir nemnt i det heile (eg viste til denne her på Komposten ved nyårsskiftet, men har ikkje sett at nokon andre har trekt den fram).

Konsekvensane av all denne passiviteten er anten (a) ingen endring i det heile eller (b) endringar som er ørsmå, ubetydelege, og heilt utan evne til å gjera noko med rota til dei akselererande miljøproblema.

I mi levetid har det aldri vore lengre mellom dei modige her heime. Mellom nyskaparane. Dei som vågar å trø ut frå flokken og frå den smale, nedtrødde sti. Dei som vågar å innta dei nødvendige, men upopulære standpunkta. Som torer å tala den mette forbrukaren midt i mot. Som torer å utfordra etablerte sanningar, og å ta kampen opp mot forvaltaren av dei same sanningane (altså dei som gjer alt for å latterleggjera og å bortdøma alt anna enn å halda fram som me stemnar som «utopisk» eller «urealistisk»).

I mi levetid har det aldri vore lengre mellom dei modige her heime.

Men nettopp fordi dei modige er så få, er dei også så viktige. For sjølv om kulturelle konstruksjonar (ideologiar, religionar, moralsystem, osv.) har enorm innverknad på liva våre, er me likevel eit empirisk vesen. Når me ser menneske gjera noko me ikkje trudde var mogleg, viser det oss at me tok feil: Det er menneskeleg. Det er mogleg. Også for meg.

Nyskaparen har alltid vore farleg. Han og ho utfordrar. Menneskehistoria er ei lang og blodig forteljing om brutal undertrykking av dei som tenkte og handla annleis. Av røystene som utfordra makta. Samtidig er det berre Nyskaparen som har ei så tydeleg historisk røyst at den høyrest over flokkjustis og brutal maktutøving på vegner av det etablerte.

Denne paradoksale dobbelheita – undertrykking av, men også beundring for, dei annleistenkjande – ligg som basis i veldig mange menneskekulturar. Uttrykket «eksempelets makt» er så gammalt i menneskehistoria at ingen veit kor det eigentleg kjem frå. Dei gamle grekarane brukte det, ei rekkje religionar har brukt det. Det har også filosofar og politiske leiarar. «Ver den endring du ønskjer å sjå i verda!» sa Mahatma Gandhi. «Det gode eksempelet er ikkje berre den viktigaste måten du kan påverka andre på, det er den einaste måten!» sa Albert Schweitzer.

«Ver den endring du ønskjer å sjå i verda!»

Nyskaparen si rolle i menneskehistoria har i all hovudsak vore å korrigera, å finna opp, å innovera. No må det bli å leia. Me må rett og slett nyskapa det nyskapande. For skal me vinna den største av alle kampar, den mest krevjande mennesket nokosinne har stått overfor, er det nyskaparen si grense- og sanningsbryting som også må bli flokken sitt modus operandi.

«Revolusjon» er omvelting; rask og radikal endring. Behovet har aldri vore tydelegare og større enn no. For å gå tilbake til Einstein: me klarar rett og slett ikkje å løysa dei mange problema våre utan å tenkja og handla på heilt nye måtar.

Det er ikkje ein snever og våpenbasert «erstatt-eit-sett-av-makthavarar-med-eit-anna-sett-av-makthavarar»-revolusjon det handlar om. Det er noko veldig mykje meir. Me treng ei total omvelting av både verdisett, kulturar og handlemåtar. Heile vårt forhold til den ikkje-menneskelege verda rundt oss må endrast.

Samtidig må me også oversetja til dei eksisterande strukturane rundt oss. Det er der revolusjonen må starta. Nyskaparen er gjerne det modige og annleistenkjande enkeltmennesket, men også grupper av menneske kan handla nyskapande.

Me treng ei total omvelting av både verdisett, kulturar og handlemåtar. Heile vårt forhold til den ikkje-menneskelege verda rundt oss må endrast.

Me treng difor nyskapande grender og nabolag, grender som tek modige, kollektive steg for å verna og byggja natur, for å sirkulera ressursar, for å etablera lokale verdikjeder. Me treng nyskapande kommunar, einingar som brukar sin sjølvråderett for det den er verd for ei meir naturnær framtid. Me treng kommunar og fylke som følgjer opp viktige klimakriseerklæringar med nyskapande tiltak for å involvera befolkninga i sirkulær økonomi og aktiv naturbygging.

Og ikkje minst treng me nyskapande nasjonalstatar. I ei tid der den overordna kampen ikkje handlar om grenser mellom land, men om menneskja, livet og det grøne på den eine sida, mot Dystopia – det daude og daudebringande landskapet – på den andre, har nasjonalstaten berre eitt eksistensgrunnlag: Den må vera det gode eksempelet. Eksempelet til etterfølging. Det som viser andre statar at positiv endring er mogleg.

Nasjonen Norge har i så måte eit positivt døme å visa til: Røykelova til Dagfinn Høibråten. Frå vesle Norge har denne spreidd seg til store delar av verda. Det viktige, globalt sett, var sjølvsagt ikkje at talet på røykarar gjekk ned i vesle Noreg. Det var eksempelets makt. Norge viste at det gjekk an å tenkja nytt og annleis. Det eine landet etter det andre følgde etter.

Kan me opna porten til den naturnære, kompostmoderne framtida?

Som styrtrikt land har me absolutt alle føresetnader for å gå føre med nyskapande og radikale tiltak også i kampen mot klimaendringar og naturmangfaldstap. Andre land og delstatar, langt fattigare enn oss, viser at dette er mogleg: At det går an å verkeleg løfta naturvernet (Chile), at ein kan forby gift i landbruksproduksjonen og likevel koma ut på plussida (Sikkim), og at all matproduksjon kan gjerast regenerativ (Andhra Pradesh).

Som styrtrikt land har me absolutt alle føresetnader for å gå føre med nyskapande og radikale tiltak også i kampen mot klimaendringar og naturmangfaldstap.

Desse nyvinningane skjer alle innanfor ei formell, avgrensa territorial eining. Ein brukar sjølvstendet til noko positivt og byggjande. Ein inspirerer og går føre. Ein er eksempelets makt. Og difor er også ei rekke indiske delstatar no på veg i same retning som Sikkim og Andhra Pradesh.

I Jordboka II og i Kompostboka skriv eg om den kompostmoderne framtida. Kompost kjem frå «componare» – å setja saman på nytt. Skal me unngå å tapa dei enorme kampane som ligg føre oss, må det meste setjast saman på nytt.

Eg får ofte spørsmål om eg er optimist med tanke på framtida? Det er eit vondt og vanskeleg spørsmål å svara på. Eg har så veldig lyst til å svara ja.

Eg får ofte spørsmål om eg er optimist med tanke på framtida? Det er eit vondt og vanskeleg spørsmål å svara på. Eg har så veldig lyst til å svara ja. Og eg ville definitivt ha svara ja dersom samtidsmennesket hadde innsett den særs alvorlege situasjonen me er i og heilhjarta gått inn i kampen. Diverre er mennesket menneskets verste fiende. Det store fleirtalet er diverre endå fanga i fornektinga, i forbrukarsamfunnet, industrilandbruket og den sjelegiftige nasjonalismen. Og det har me ikkje tid til. Planetklokka tikkar rett og slett for fort.

Difor vel eg å svara med eit dilemma: Det nyskapande har ekstremt tronge kår i dag, samtidig som verda me lever i har eit ekstremt behov for nyskaping.