«Det villaste, viltraste, morosamaste og mest tankevekkjande eg har lese på lenge»

Tekst og foto: HGUt

Dag Jørund Lønning las opp fleire passasjar frå den nye boka.

Med orda i overskrifta innleia redaktør i magasinet Bondevennen, Bothild Å. Nordsletten, bokbadinga av professor, høgskulerektor og forfattar Dag Jørund Lønning.

Første Losebok. Naturanto er Lønning si femtande bok, men den første skjønnlitterære. Slik markerte den HGUt-arrangerte lanseringsfesten «Grøn laurdag» i Bryne Mølle 27 november dermed ein slags litterær debut.

Tematisk er nok Lønning likevel på trygg grunn. Boka byggjer på mange vis vidare på det naturnære og regenerative tankegodset som vart utvikla i Jordboka, Jordboka II og Kompostboka, men løftar det no opp på eit samfunnsnivå: Kan me leva gode og fullverdige liv utan å øydeleggja natur? Korleis kan ei grøn og naturnær framtid for menneska sjå ut, og korleis kjem me eventuelt dit?

Frå “Skamtid” til “Grøntid”?

Handlinga spinn rundt «grøntidslos» Ascendere Promoveo. Ascendere har fått det store oppdraget å opplysa, inspirera og motivera menneskja gjennom det veldige og tvingande nødvendige hamskiftet

Bothild Å. Nordsletten hadde oppgåva som “bokbadar”

som skal ta oss frå «Skamtida» (tidsalderen når mennesket gjer det meste motsett av og i konflikt med naturen; ein tidsalder som minner veldig om tida me lever i no..), «Katastrofetida» (tida når Mor Natur for alvor slår tilbake), og inn i «Grøntida» (tida når nedbygging og øydelegging av natur ikkje lenger er lov, og mennesket difor må finna, som alle andre artar, si byggjande rolle i naturen).

Til å hjelpa seg med det enorme oppdraget, hentar Ascendere inn nokre av dei fremste tenkjarar i verdshistoria. Dei kjem frå i dag, i går og i førgårs. Saman slår dei seg ned blant småbrukarar og fiskarbønder i eit lite, vestnorsk øysamfunn.

Mange av dei frammøtte fekk med seg signerte eksemplar av Første Losebok. Naturanto med heim.

Med dette bakteppet kan det meste skje, noko bokbad-dialogen mellom Nordsletten og Lønning fekk tydeleg fram. Boka omhandlar dei største utfordringar menneskja nokosinne har stått overfor, men den er samtidig full av løgne episodar og lune bygdelivsskildringar. Vidare utfordrar den ei rad av samtida sine etablerte «sanningar» om menneske, natur og artar i naturen. Noko passasjen Lønning las frå kapittelet «Å forelska seg i høymol» var eit særs godt døme på.

«Denne boka er meint å skulla synleggjera», fortalde Lønning vidare, «at våre viktigaste verktøy i møte med dei mange kriser og katastrofar som tårnar seg opp, ikkje er den nesten gudeleggjorte «Ny Teknologi», men kreativitet, tanke- og nyskaparkraft. Dette er krefter som ligg i oss alle. Me kan ikkje sitja og venta på at andre skal skapa Grøntida for oss, me må skapa den sjølve».

Bokbadet blei følgt opp av fleire faginnlegg som var med og gav endå meir substans til kva Grøntida kan koma til å handla om.

Alette Sandvik

Alette Sandvik: Mennesket i naturen og naturen i mennesket

Biolog og kjend naturvernar Alette Sandvik heldt eit svært spennande og innhaldsrikt foredrag om forholdet vårt til det liv som er rundt oss og kampen for norsk natur i 2021. Med sine eigne rikhaldige naturopplevingar og flotte fotografi som bakgrunn, tok ho salen gjennom ei rad av dei utfordringar medskapningane våre står overfor i dag. Dei er alle menneskeskapte. Nøkkelen til ei grøn framtid er difor grunnleggjande kulturell endring. Me må slutta fred med naturen, sa Sandvik, og reflekterte med det også eit heilt sentralt tema i Første Losebok.

Matthew Hoffman

Rhys Evans og Matthew Hoffmann: Internasjonale «grøne» eksempel

Rhys Evans og Matthew Hoffman, båe tilsette som førsteamanuensar ved Høgskulen for grøn utvikling, følgde opp med ei gjennomgang av ei rekke internasjonale eksempel på korleis menneske kan gjevast leverom utan at dette treng gå på kostnad av natur og naturareal. Nyskapande offentlege tiltak frå USA, Nederland, Wales og Finland vart trekte fram for å visa at me både kan bu annleis, bruka landskapet rundt oss annleis, planleggja annleis, og forhalda oss til kvarandre på langt meir menneskevarme måtar. Så kanskje er ikkje den grøne framtida så veldig langt unna likevel? Men, vart det understreka, me vil aldri nå den utan eit grunnleggjande skifte i synet vårt på naturen. Me må gå frå å vera øydeleggjarar til å bli medspelarar.

Helene Tråsavik

Regenerative gründerar: Helene Tråsavik, Marte Dale og Ingve Berntsen

Dei tre tidlegare BA-studentane ved HGUt, Helene Tråsavik, Marte Dale og Ingve Berntsen, runda av dagen med tre korte innlegg om korleis det regenerative og nyskapande tankegodset som høgskulen formidlar kan setjast i bruk på svært ulike måtar:

Helene synte korleis ein av dei verkelege «verstingane», moteindustrien, kan endrast i naturfornyande retning. Sentralt står bruk av naturfiber, materiale som kan komposterast, regenerative, naturfornyane, dyrkingsmetodar, og verdikjeder som gir rikeleg att også til råvareprodusentane.

Marte Dale

Marte fortalde om sitt eige arbeid med å fornya undervisninga om natur i skulen. Naturen gir eit fantastisk rom både til å utforska skapningane me omgir oss med og oss sjølve som naturvesen. Regenerative og djupøkologiske tankesett er båe sentrale verktøy for å bryta ned den avstand som har oppstått mellom oss og det «der ute». Ho gav gode eksempel på korleis dette kan gjennomførast i praksis.

Ingve Berntsen

Ingve fortalde om kampen for å byggja opp ei gardsdrift som har gått på tvers av alle dei volumråd både landbruksundervisning og rådgivarapparat har dyrka i lang tid. «Galskap» var ordet som møtte han (frå nesten alle andre enn miljøet ved HGUt) då han fortalde at han ville satsa på den gamle rasen Vestlandsk fjordfe. I dag har han ein stor flokk av denne unike rasen på garden. Dei små og lette dyra er eminente klatrarar og landskapspleiarar, kulturhistorieformidlarar, og effektive naturbyggjarar. Det å driva med denne rasen, og ikkje minst gje dyra rom til å leva i pakt med sine naturlege behov, har gjort kvar dag til ein meiningsfull læringsarena og skapt veldig mange nye verdiar.

Johan Barstad: Me er stolte av studentane våre!

Stødig programleiar for dagen var seniorforskar ved HGUt, Johan Barstad. Han avslutta med å understreka kor stolte me som høgskule er av dei studentane våre som tek lærdommen med seg og nyttar den til å skapa noko nytt og uhyre viktig.

Økologisk Norge, Ungdomsorganisasjonen Spire, Norsk Ornitologisk Foreining og Grønefed Regenerative hadde alle stand, og saman med eit deltakande og ivrig publikum var dei med og gjorde dette til ein verkeleg festdag for den grøne framtida og alle dei som kjempar for den.

Gjengen frå Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) som alle medverka aktivt til “Grøn laurdag” både med innlegg, programleiing og tilrettelegging: Maria Bryne, Johan Barstad, Rhys Evans, Matthew Hoffman og Dag Jørund Lønning. Fotograf er Mikkjell Lønning, også han med ei lang fartstid i HGUt bak seg.