Me taper kampen mot klima- og naturkrisene
Og me taper fordi me nektar å innsjå dei reelle årsakene
Av prof. Dag Jørund Lønning
To tredelar av all global oppvarming sida 1990 skuldast forbruket til dei 10% rikaste på planeten vår.
Eg sit og scrollar gjennom nyheiter. Kongehus, kjendiseri, «høge dieselprisar» og anna skvalder dominerer. Slik det alltid gjer. Planetkrisene blir knappast nemnde. At i snitt 70% av livet rundt oss er desimert dei siste 50 åra er redusert til ein parentes. Til noko for spesielt interesserte.
I den grad me i det heile har noko form for samfunnsdebatt om klima- og naturkriser, dreier den seg stort sett om flyindustri og, i seinare tid, om datasenter (streamingtenester, lagring og AI).
Og ja, desse er ille nok[i], men pr. no utgjer dei likevel ikkje «meir» enn 2% kvar av dei totale utsleppa.[ii] Det er framleis veldig langt att til dei STORE skurkane.

Forfattaren
For dei verkelege drivkreftene bak både klima- og naturkollaps har vore dei same i mange, mange år. Men det er og mange år sida dei eigentleg var tema i samfunnsdebatten.
Inst inne trur eg dei fleste veit at det finst gigantiske elefantar i rommet (altså i kvardagen vår). Men me vil for all del unngå å peika på dei og/eller snakka om dei.
Kvifor? Fordi me då i røynda peikar på oss sjølve, på det destruktive økonomisystemet me har bygd opp og på dei naturøydande liva me lever i Skamtida, altså i det vestlege overforbrukssamfunnet.
Men om me ikkje peikar på dei reelle årsakene, så vil me heller aldri finna tiltaka som verkar. Så her er dei:
Møt elefant nummer 1
Den første av romelefantane heiter Forbruk.
Han er enorm. Me støyter borti han kvar einaste dag, til dels mange gonger om dagen. Men me har blitt så utruleg flinke til å lata som om han ikkje er der. Og det sjølv om han stadig veks. Til å lata att augo, venda ryggen til, til å ikkje nemna han i det heile.
Så lenge me aktivt prøver å ignorera han, vil me aldri ha noko som helst sjanse til å nå verken 2-gradarsmål eller noko anna mål. Alt vil berre bli verre og verre.
For Forbruk – privat forbruk – står for ein stad mellom 60% og 75% av dei globale klimautsleppa. Aukande forbruk er også den desidert viktigaste enkeltårsaka til naturkrisene.
Det er produksjon, transport, bruk og kast av forbruksvarer som også er den viktigaste drivaren både for bruk av fossil energi og for energi i det heile. Fleire kjelder oppgjer at heile 60% av den fossile energibruken har dette opphavet.
Dette er uhyre tydelege tal. Så tydelege at dei representerer ein fasit når det gjeld kva som faktisk ville hjelpa i kampen mot klima- og naturkollaps.
Men tala er også ubehagelege. Det er så mykje lettare/kjekkare å snakka om alle dei problema som ein trur ikkje involverer ein sjølv. Så difor blir Forbruk verande u-debattert. Usynleg, rett og slett. Difor held me fram med å dunka borti den enorme elefanten og lata som ingenting.
Om skamtidspopularismen
Dette gjeld så definitivt for politikarane og. Me lever i popularismen[iii] sin tidsalder. Tidsalderen når politikk har blitt eit, stort sett godt betalt, yrke. Engasjement og idealisme har gått ut på dato i Skamtida. No handlar det i staden om til ei kvar tid å sikra seg nok røyster til at ein kan halda fram i yrket.
Og desse røystene får ein definitivt ikkje ved å utfordra Forbrukaren – aktøren med stadig fleire rettar og stadig færre plikter. Den sikraste strategien for val/attval er å gjera det diametralt motsette; nemleg å innbilla folk flest, her i verdas rikaste land, at dei har det så altfor ille, og at dei difor har krav på endå mykje meir enn det dei har pr no ..
Som ambisiøs karrierepolitikar kan ein, av same årsak, heller ikkje utfordra den rådande økonomiske modellen. Og det trass i at denne modellen konsumerer enorme mengder energi, slepp ut like enorme mengder klimagassar og krev ditto med areal.
Skal ein bli attvald kan ein heller ikkje pirka i alle dei som lever av å selja andre det dei slett ikkje treng. Altså av å selja, årsak uttrykket, kortlivd «drit».
Ein lyt også gå stilt i dørene med at fleire og fleire i langt pengefattigare land lever av å produsera dei same masseprodukta. Med at lønene der kan haldast nede og timetalet oppe, og med at dei heller ikkje alltid er så nøye med aldersgrenser og HMS ++. Alt dette er jo trass i alt for at den vestlege forbrukaren, sjølve veljaren, skal kunna halda fram med å kjøpa meir og meir, oftare og oftare, billegare og billegare..
Eit anna tema me rike (borgarar og politikarar) heller ikkje ønskjer særleg debatt om, er alt bosset det blir av dette. Slikt trugar harmonimodellen. (Out of sight, out of mind – gjeld på dette feltet som på så mange andre i Vesten i dag). Over 35 millionar tonn boss blir difor eksportert frå EU til fattige land kvart einaste år..
Dette er knappast noko å vera stolte av. Så like godt å teia stilt?
Så lenge ingen tek det opp, blir det ikkje verken sak eller debatt. Og då teier nok media og. Det er nok ikkje mange klikk å henta på slikt. Då er det mykje sikrare med kjendisar/skandalar, sminketips og «kosesaker».
Møt elefant nummer 2
Den andre elefanten, den som tek opp nesten heile resten av rommet, er kanskje endå verre å relatera seg til. Den heiter Brutalt urettvis global fordeling.
For forbruket – av produkt og areal – er ikkje jamleg fordelt mellom menneske på denne planeten. Så langt derifrå, faktisk.
I 2025 kom ein metastudie som burde fått svære alarmklokker til å ringja og verdas regjeringar til å møtast til globalt krisemøte. Dette skjedde ikkje. Her heime blei vel artikkelen knappast nemnd.
Studien viser noko særs oppsiktsvekkjande: To tredelar av all global oppvarming sida 1990 skuldast forbruket til dei 10% rikaste på planeten vår. To tredelar! Tygg litt på den. Motsett står då dei 90% mindre/minst rike for berre ein tredel.
Desse ekstreme tala vitnar om ei menneskeverd i fullstendig ubalanse.
Men knappast ei sjel (i alle fall ikkje ei «offisiell» ei) snakkar om dette heller. Ingen initiativ eller tiltak er på trappene. Det er heilt stilt. Blikkstilt.
Ein gong var global fordeling eit politisk tema. Omgrep som «internasjonal solidaritet» og «ny økonomisk verdsorden» kunna høyrast, også her heime i Noreg. Men dette er lenge sidan. Politiske parti som ein gong blei til på slike tema, verkar i staden like overopptekne med å degga for Forbrukaren som resten av partijungelen er det.
Det store skamtidssviket
Eg kjenner på djup fortviling når eg skriv dette. At Skamtida og den komande Katastrofetida er menneskeskapte, er så definitivt ikkje ny informasjon. Dei fleste menneske veit dette, i alle fall om dei tenkjer seg litt om. Dei fleste politikarar (dei med eit snev av samvit) veit det og.
Men så vel ein altså likevel karriere og kortsiktigheit. Me held fram med forbruksfesten som om morgondagen ikkje eksisterer. .
Det er der me er no.
Nokre prosents reduksjon i forbruket her i den rike delen av verda, ville hatt veldig effekt. Det ville verkeleg ha kutta fossil energibruk og minka presset på naturareala monaleg.
Men nei. Det er heilt stilt. Frå ålmenta. Frå media. Frå politikarar over heile spennet. La elefantane bli verande usynlege heilt til det siste.
Konsekvensane? Vel dei er at me som art er i ferd med å mislukkast fullstendig i kampen mot dei sjølvskapte eksistenstrugande krisene som tårnar seg opp føre oss.
Dette er sjølvsagt eit gigantisk svik. Mot komande generasjonar av menneske (som kjem til å få det steintøft), men først og fremst mot livet sjølv.
Mot Grøntidå?
I Losebøkene mine ligg den dystopiske Katastrofetida mellom Skamtida og Grøntida; altså den nye tidsalderen der mennesket ikkje lenger øydelegg natur.
At denne siste tidsalderen ein dag kjem/må koma er eg framleis overtydd om. Men tek me ikkje, som sivilisasjon, eit snarleg og brutalt oppgjer med forbruket og Forbrukaren, er eg diverre redd for at det blir særs få som får oppleva den.
[i] Datasenterutviklinga må sjølvsagt avgrensast og regulerast, og me kan alle bli meir selektive og sjølvstrikte når det gjeld bruk av både flyreiser og av tenester som krev stor datalagringskapasitet.
[ii] Til samanlikning utgjer kunstgjødsel (produksjon og bruk), som dei færraste snakkar om i denne samanhengen, minst like store klimautslepp (minimum 2%), OG, ei langt større fare for naturmangfaldet (utarming og nitrogenforgifting av jordsmonnet).
[iii] Tida når ein ikkje driv politikk for å endra men for å bli populær. Eit langt meir presist ord enn «populisme» i denne samanhengen.




