Den Nye Grøne Revolusjonen del 2:
Menneske og natur på same lag
Bryne 15 – 16 mars, 2019
Matproduksjon på naturen sine premissar er fullt ut mogleg, både i stor og liten skala. Det er også einaste farbare veg i ei krisetid som vår. Og verdiskapinga kan framleis aukast – både økonomisk, sosialt og kulturelt.
Lanseringsseminaret for professor Dag Jørund Lønning si Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre fylte i oktober 2017 Storstova på Bryne med 400 berekraftsentusiastar frå heile Skandinavia.
15 – 16.mars 2019 skal oppfølgjaren – Jordboka II. Nærare naturen. Inn i det kompostmoderne – lanserast. I den samanheng inviterer HLB til ny storkonferanse, denne gong med verdas aller fremste nyskaparar innanfor naturnær og berekraftig matproduksjon som innleiarar.
Her finn du fullstendig program
Sentrale tema for konferansen
- Mangesysleri er «inn», ikkje «ut». Og kjøttproduksjon kan gjerast både naturnær og dyrevennleg – og likevel vera økonomisk svært så produktiv
- Det skapande mennesket og molda: om å byggja humus, natur, trivsel og eit leveleg framtidsklima – og det i ein og same operasjon
- Grøntproduksjon på naturen sine premissar: høg produktivitet, stort produktmangfald, naturbaserte innsatsfaktorar, stor verdiskaping
- Korleis fungerer næringssamspelet i matjorda, og korleis får me naturen til å «gjødsla» nytteplantane våre?
Innleiarar
Me er stolte over å kunna presentera det som truleg er det sterkaste feltet av innleiarar på ein konferanse om berekraftig landbruk i Skandinavia nokosinne:
Joel Salatin. Med sin svært naturnære og samtidig økonomisk produktive måte å driva storskala husdyrproduksjon, inspirerer Salatin nye generasjonar av bønder, politikarar, forvaltarar og naturvernarar over heile verda. Hans fantastiske Polyface Farm – garden med dei mange ansikt – er provet på at mangesysleri ikkje berre er fortida men også framtida for landbruket. Mange, mange tusen menneske besøker denne garden kvart år. Kjernen i Salatin sin landbruksfilosofi er å la det enkelte produksjonsdyr få leva så tett opp til sitt naturlege levesett som det er mogleg å koma i ein produksjonssamanheng. Han er svært opptatt av både miljøvern og etikk i husdyrhaldet, samtidig som han også presenterer seg sjølv som «kapitalist».
Elaine Ingham. Dr. Ingham er jordbiolog og den forskar internasjonalt som truleg har bidratt mest til den framveksande kunnskapen om det omfattande næringssamspelet mellom plantar og mikroliv i molda. Gjennom nyskapande forsøks- og forskingsarbeid over heile verda, har ho effektivt utfordra og tilbakevist mange av dei «sanningar» som ligg til grunn for det sterkt kjemisk baserte og miljøøydeleggjande industrilandbruket. Omgrepet The Soil Food Web er hennar, og ho er også president i det verdsomspennande selskapet med same namn. Elaine har i mange år studert samanhengen mellom innhaldet av mikroliv i matjorda og plantevekst. Ho viser i sine foredrag ei rad konkrete døme på korleis me med enkle midlar (t.d. kompost og kompost-te) kan auka innhaldet av produktivt mikroliv i molda, og dermed leggja til rette for langt meir effektiv planteproduksjon (både grønsaker og gras). Og det heilt utan kjemiske innsatsmidlar.
Charles Dowding. I den vesle landsbyen Alhampton sør i England, ligg det som truleg er ein av verdas mest produktive hagar – i alle høve om me snakkar matproduksjon. På nokre få mål har Dowding bygd opp ein ekstremt effektiv og produktiv heilårsproduksjon med grønsaker, ein produksjon som i dag forsyner mange familiar i Somerset. Charles brukar ingen kjemiske tilsetjingsmidlar og har gjennom mange år prøvd ut og vidareutvikla pløye- og gravefrie produksjonsmetodar. Han har skrive ei lang rekke bøker om småskalaproduksjon av grønsaker, og er kjent over heile verda innanfor økologiske og permakulturelle produksjonsmiljø.
Dag Jørund Lønning. Professor og høgskulerektor Lønning er forfattar av Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre, boka som gjorde matjord til eit breitt folkeleg tema og som blei ei av dei mest selde populærvitskaplege bøker i Norge i 2017/18. Frå scenen i Storstova vil Lønning denne gongen presentera Jordboka II. Nærmare naturen, boka som søkjer endå djupare ned i molda og som lanserer naturnær matproduksjon – produksjonsformene som byggjer framfor å øydeleggja natur – som reelt alternativ til dagens industrilandbruksparadigme. Lønning er utnemnd til både Årets landbruksbloggar og Årets bygdeprofil i Norge, og har i fleire år på rad stått på lista over dei «100 mektigaste i norsk landbruk». Han har skrive ei lang rekke bøker og artiklar om forholdet mellom menneske og mold.
Gjennomføring
Fredag 15 mars:
Heildagsseminar i Storstova med faglege innlegg av alle dei fire innleiarane. Enkel lunsj.
Det blir eit spesielt lanseringstilbod på Jordboka II og høve til å sikra seg signerte eksemplar.
Seminaret går mellom kl. 11.00 og 17.00
Laurdag 16 mars:
Parallelle arbeidsseminar. Her blir det høve til å bli inngåande kjent med dei ulike produksjonsmetodane. Forelesarane viser også praktiske døme. Det blir gode høve til å spørsmål og få innspel til eigne aktivitetar og idear.
Parallellsesjonane vil gå på ulike arenaer rundt i Bryne.
Sesjonane går mellom kl 10 og 16 med to timars lunsjpause.
Parallellsesjonar:
- Joel Salatin: Økonomisk produktiv kjøttproduksjon (kjem inn på mange husdyrslag) på naturen sine premissar. Steg for steg oppbygging av dei ulike produksjonane. Heil dag. 4 t foredrag.
- Charles Dowding: Intensiv og naturnær grønsaksproduksjon; steg for steg. Korleis etablera ein marknadshage?; steg for steg. Heil dag 4 t foredrag. (relevant både for profesjonelle produsentar og for hagebrukarar)
- Elaine Ingham: Korleis verkar næringssamspelet i molda? Kva type nytteplantar trivst kvar? Korleis kan me spela på lag med naturen for å oppnå høgast mogleg avling (alle typar vekstar, også gras)? Heil dag 4 t foredrag. (relevant for alle med interesse for matjord og dyrking)
- Dag Jørund Lønning og Maria Almli (forskar HLB): Naturnær matproduksjon i mold og hav. Kan landbruket gå frå «versting» til «besting» i klima- og miljøspørsmål? Kva er det å nyskapa med mold/natur som ressurs? Kva krav stiller me til det bærekraftige framtidslandbruket? Me får og eit møte i ord og bilde med den naturnære kystfiskaren. Heil dag 4 t foredrag. (relevant for alle).
Billettar
Alle billettar er no lagde ut for sal gjennom Storstova sitt eige billettsystem. Lanseringsseminaret for den første Jordboka var fullbooka, og denne gongen blir det nok endå meir rift om billettane. Det løner seg difor å vera tidleg ute.
Det blir selt tre ulike typar billettar. Alle billettar inkluderer enkel lunsj:
Billettype A: Todagarsbillett. Kr 1600,-
Billettype B: Dagsbillett fredag. Kr 925,-.
Billettype C: Dagsbillett laurdag. Kr 925,-
Her kjøper du todagarsbillett + billett til fredag
Her kjøper du billett til parallellsesjonane laurdag
Alle som kjøper todagarsbillett eller dagsbillett for laurdag vil i forkant av konferansen få ein epost frå oss med spørsmål om kva parallellsesjon de ønskjer å delta på (prioritet 1, 2 og 3).
Stands
Organisasjonar og bedrifter blir med dette inviterte til å ha stands i foajeen i Storstova fredag. Her blir det no langt større plass enn det var sist.
Vilkår og prisar for standleige får de ved å senda ein epost til [email protected]
Overnatting
Deltakarane må sjølve ordna overnatting. Det er mange tilbod mellom Stavanger og Egersund. Dei to hotella på Bryne er båe mindre enn 10 minuttars gange frå konferansehallen, Storstova. Dei har spesialprisar for kongressen. Dei må kontaktast direkte på telefon eller epost. Referer til HLB-konferansen 15 – 16 Mars ved booking.
Tilbod 15 – 16 Mars 2019:
Jæren Hotel. Enkeltrom NOK 995. Dobbelrom NOK 1195. 3 minuttars gange frå Storstova.
Bryne kro og hotel. Enkeltrom NOK 695. Dobbeltrom NOK 895. 10 minuttars gange frå Storstova.
Alle hovudinnleiarar har stadfesta deltaking. Me tek likevel atterhald mot uføresette hendingar. Alle billettar blir refunderte ved eventuell avlysing.
Arrangementet er sponsa av: