Hønsa elskar å sparka i mosen.

Å laga mold av mose

Vipps så har ein ei fullgod karbonkjelde som verken slepper ut store mengder CO2 eller fremjar pløying.

Av Dag Jørund Lønning

Å finna ei god og stabil karbonkjelde er viktig for alle som komposterer. Like viktig er det for dei som driv med høns på naturnært vis – altså som frittgåande i mindre flokkar (under tak ute, for vår del). Det å ha karbonrikt materiale som underlag i hønsegarden er essensielt for å unngå opphoping av hønsemøkk og dermed også av patogene bakteriar.

Problemet er at det ideelle karbonrike materialet i liten grad finst. Flis er bra. Men eigentleg berre den grove ein lagar sjølv på kompostkverna. Og ein treng ganske store mengder (og stor kvern) for at det skal monna som strø. Den tørka industrielle småflisa ein får kjøpt i ball i landbruksutstyr-forretninga, er derimot eit langt dårlegare utgangspunkt. Den klumpar seg og dannar anaerobe område i både kompost og åker. Komposterer svært seint gjer den og.

Skogstorvmosen er uhyre enkel å hausta. Den løsnar i store flak.

Halm er på mange vis ypparleg. Dei fjørkledde likar det godt, og materialet komposterer godt i etterkant. Det er likevel eit veldig stort MEN ute og går her. Fram til ein i framtida vonleg får tak i halm frå fleirårig korn (sjå Jordboka I), så er dette organisk materiell som er henta frå svært lite moldlivvennleg pløyejordbruk. (Pløying er eit ganske så brutalt åtak på det viktigaste økosystemet på planeten, den levande molda, og det ville nok verka smått paradoksalt om me som fremjar det naturnære og pløyefrie skulle fylla hagane våre med slikt).

Torvstrø er jo også svært bra i bruk. MEN’et der er likevel velkjent. Myr er langtidslagra karbon. Anaerob omdanning går særs mykje seinare enn aerob. Difor ligg den uomdanna mosen trygt i myra. Når me opnar myra opp for å dyrka den eller for å ta ut torv, slepp oksygenet til. Då startar aerob omdanning. Den går veldig mykje fortare, og store mengder CO2 slepp ut i atmosfæren.

Så om ingen av desse tre vanlege er å tilrå, kva skal ein då bruka?

Eg hadde gått og grunna på dette ei stund, men i fjor vår kom eg på ei anna og eigentleg ganske så sjølvsagt karbonkjelde. Sjølvsagt fordi den finst over alt.

Sindre og Spretten var sjølvsagt med på å leggja inn mose i hønsegarden.

De som har lese bøkene mine, veit at eg er glad i å bruka skogen som læringsarena. Her kjem ein uhyre tett på Mor Natur si eiga moldbygging. Og det var på ein skogstur eg fekk auga på den. Det vil seia, eg har alltid sett den, men ikkje sett den inn i denne samanhengen.

Kva eg snakkar om? Overflatemosen vel. Skogstorvmosen som er over alt der ute i den litt fuktige vestlandske bar- og blandingsskogen (og sikkert i alle andre norske skogar og). Den dekkar svære område, og den er uhyre lett å hausta. Store flak løsnar i slengen.

Ok, så var det berre å gå i gang. Tre trillebårlass blei køyrt inn i hønsegarden. Nokre veker seinare eitt til. I tida etterpå har eg gått og vendt med ei jernrive, og etterfylt med litt flis for god lufttilgang.

Skogsbotnen er dekka av mose. Mengdene er betydelege. Dette feltet blei hausta tidleg i mai 2020. I april 2021 er mosen tilbake og dekkar nesten alt.

No i vår var det å køyra ut. Det som var mose, var no kompost. Flott kompost. Fleire nettartiklar eg kom over i fjor, påstod at det ville ta mange år å kompostera mose. Dette er med respekt å melda tøys! Ein treng berre nok nitrogenhaldig materiale.

Den karbonrike mosen og den nitrogenrike hønsegjødsla har sett i gang ein urgammal prosess i hønsegarden. Milliardar og trillionar av mikroorganismar har hatt optimale forhold, ikkje minst grunna taket som har halde regnet unna, til å byggja det viktigaste av alt; levande mold. Det tok under eit år.

Mengda forbausa meg og. Eg køyrde ut seks lass. Altså to fleire lass med ferdig kompost ut enn lass med skogsmose inn. Det blir nok kompost til årets dyrking i alle dei ti sengene i grønsakåkeren bak huset. Og eg er eigentleg ikkje i tvil om at denne enkle kompostblandinga ville vera eit flott alternativ til all den torva hagesentera og gartneria nyttar.

Er det så å gå i gang og hausta ukontrollert? Definitivt ikkje. Først og fremst må du vera sikker på kva art mose du tek. Og ein skal alltid hausta med varsemd uansett. Ikkje ta alt på ein stad. Sprei haustinga utover.

Frå mose til flott mold. Denne vil plantane trivast i.

Når dette er sagt. Skogstorvmosen regenererer overraskande fort. Eg har no også gått over areala eg hausta i fjor. Mosen er tilbake. Nesten like tjukk som i fjor. Av det utleier eg at hausting kvart anna år kan vera høvande. Då er du garantert å ikkje gjera skade.

Mosen løyser fleire utfordringar:

  • Vipps har ein ei fullgod karbonkjelde som verken slepper ut store mengder CO2 eller fremjar pløying.
  • Gratis er den og.
  • Og så er ein til og med sjølvforsynt: Mosen veks bak huset. Hønsa er her allereie.
  • Komposten som blir resultatet av omdanninga blir nytta til å byggja livet i matjorda og til å dyrka eigen mat.

Neste prosjekt? Poteter i mose. Så følg med, følg med.

Alle foto: forfattaren