Eit ikkje-antroposentrisk blikk på sopp og sopptur
Av prof. Dag Jørund Lønning
I konvensjonelt landmisbruk er sopp og bakteriar nærast for skjellsord å rekna, men i regenerative dyrkingspraksisar er dei fullstendig avgjerande. Det er dei me søkjer å mobilisera. Det er dei som både nærer og vernar om nytteplantane våre. Får me ikkje dei på vår side vil me alltid mislukkast.
Når alt er til for menneske

Forfattaren studerer ei gruppe klubbehonningsopp (saprofyttar) som arbeider med å omgjera ein morken stubbe til mold.
Det antroposentriske (menneskesentrerte) blikket reduserer mold, det desidert største og viktigaste økosystemet på planeten, til «vekstmedium» for reine menneskeinteresser. Behandlinga av molda har vore deretter, med utarming og øydelegging av enorme landareal som konsekvens.
Dette same blikket (om enn i annan skala) vurderer soppen som no (i august) bognar på skogsbotnen som til for å etast. Er den ikkje etande, framstår den som verdlaus og irrelevant. Skulle den i tillegg vera giftig for menneske, blir ordbruken nærast fiendtleg.
Dette er i alle fall intrykket eg sit att med etter å ha gått gjennom ganske så mange nettoppslag og medieartiklar om sopp. «Sopptur» er einstydande med matauk, og artiklar om kva soppane eigentleg er og gjer i naturen glimrar fullstendig med sitt fråvær.
Ja, mange soppar er gode å eta. Det tykkjer både menneskje og ei lang rekke andre skapningar, men dette er eigentleg berre ein ørliten parentes i ei historie som i røynda femnar om alt levande. Som molda er ikkje soppane til for verken menneske eller andre enkeltartar. Dei er langt viktigare enn som så. Dei er heilt avgjerande for alt liv på jorda.

Raudskrubb. Dannar sopprot med bjørk.
På lærande sopptur utan korg
På seinsommaren i år har eg gått på «sopptur» kvar einaste morgon. Ikkje væpna med kniv og korg (sjølv om eg gjerne fyller i lomma til ein god lunsj om eg skulle koma over ein steinsopp eller ei klynge med freistande kantarell), men med forvitenskap og kamera. Då vert alle soppar like spennande og interessante, uavhengig av om dei er etande for menneske eller ikkje.
Når ein forskar på regenerativ dyrking, er den sjølvfornyande naturskogen den desidert viktigaste læringsarenaen. Det er dei produktive samanhengane som rår her me regenerative søkjer å etterapa og nyskapa: Samanhengane som skaper den sjølvfornyande evigheitsmaskina skogen i røynda er. Samanhengane som gjer at treet kan veksa og trivast i sitt eige avfall.
Soppane er sjølve grunnmuren. Saman med bakteriane er dei heilt avgjerande i dei komplekse, storskala arts- og individsamarbeida me kallar «skog».
Det som var skal bli

Krittøsterssopp. Saprofytt.
Og skal bedet og åkeren etterapa skogen, må bakteriar og sopp bli like viktige og dominerande her. Bakteriane, i alle fall mange av artane, er stort sett lettbedne. Ikkje minst med dei nitrogenmengder me no i Skamtida bombarderer omgivnadene våre med. Med soppane er det annleis. Dei treng karbon og her er me som samfunn på minussida. Dei dominerande måtane å (for)driva mold på, gjer at enorme mengder karbon forsvinn. Og då forsvinn og soppen. Med dei særs negative konsekvensar dette har for både karbonfangst (mykoriza-soppane er dei store karbonlagrarane i naturen), plantevekst og plante- og jordhelse.
Så det er for å læra mest mogleg om miljøa der soppane framleis finst og trivst eg, i selskap med Tia og Spretten, vandrar lange skogsturar kvar einaste morgon no i august og september.
Og har ein sansane med seg er det uhyre mykje å plukka opp. Eg lærer korleis dei to sentrale hovudgruppene av skogssoppar delar nyskapingsoppgåvene mellom seg i den uforstyrra molda. Det som var skal bli. Nedbrytarane, saprofyttane, bryt ned og omdannar karbonrikt materiale: blad, barnåler, døyande tre, greiner og stubbar. Mykoriza-soppane byggjer opp, gjennom sine fantastiske og komplekse samarbeid med tre, buskar og fleirårige plantar meir generelt. Fenomenet sopprot er ei samarbeidande samankopling mellom plante og sopp. Soppen fraktar næringsstoff inn til planten og får sukkerstoff frå fotosyntesen tilbake. I seinare år har me og blitt klare over at desse samarbeida er endå mykje meir omfattande og fantastiske, m.a. ved at plantane kommuniserer seg i mellom gjennom sopprøtene.

Lillastilka slørsopp. Dannar sopprot med bartre.
Legg ein til rette for soppen ordnar det meste seg
Det er sterkt å tenkja på, der og står og tek bilde av endå ein soppart, at på kvadratmeteren under meg no, kan det finnast fleire millionar meter med hyfar. Dette tilsvarer mellom 10 og 20 meter berre i ei lita teskei med skogsjord[i].
Alle desse metrane utfører oppgåver. Fruktlekamen eg fotograferer, lekamen som nærast all menneskeleg merksemd synest å konsentrera seg om, utgjer – i snitt – knappast ein hundredel av den totale organismen i vekt, og langt mindre enn ein tusendel i volum.
I «Jordboka for hagen» skriv eg at soppen i jorda er den viktigaste organismegruppa me kan dyrka. Både i åker- og hagemold. Det står eg for. I konvensjonelt, kjemiavhengig, landmisbruk er sopp og bakteriar nærast for skjellsord å rekna, men i regenerative dyrkingspraksisar er dei fullstendig avgjerande. Det er dei me søkjer å mobilisera. Det er dei som både nærer og vernar om nytteplantane våre. Får me ikkje dei på vår side vil me alltid mislukkast.
Tilfører ein nok karbon så kjem dei

Klubbtraktsopp. Dannar sopprot med bartre.
I den eksperimentelle skoghagen eg held på å utvikla, har soppen no vandra inn i fullt monn. Tidlegare i sesongen kom Våråkersoppen. Dette er ein saprofytt. Den bryt ned flisa eg har tilført og gjer næring tilgjengeleg for både plantar og mikrolivet i molda meir generelt. No seinare i sommaren har mykoriza-soppar og dukka opp i blandinga mi av heimelaga kompost, flis og skogsbotn. I år først og fremst pluggsopp. Den poppar opp blant poteter, hortensia, staudekokarde og andre plantar. Fascinerande! No veit eg at hyfane spreier seg og at næring blir frigjort og distribuert. No veit eg at nytteplantane har lukkast med å kopla seg på det enorme nettverket som mykoriza-mycelet utgjer.
«Men pluggsopp? Er ikkje den rekna som giftig?» spør kanskje soppkjennarane blant lesarane no.

Dunbleiksopp. Saprofytt. Kjem fort i flishaugen.
Det er den. Og mange fleire med den. I år ser eg VELDIG mykje av den uhyre giftige spiss giftslørsopp her eg bur (på Stord). Eg finn den på kvar einaste tur. Til dels i store mengder. Nokre stader er den faktisk heilt dominerande. Dette er både spesielt og potensielt farleg. Spesielt om det er mange urøynde haustarar i skogen. Eg har difor gått ut med ei åtvaring i lokalavisa.
Samtidig veit eg og at gifta er i fruktlekamen og ikkje i mycelet under bakken. Spiss giftslørsopp er ein uhyre viktig mykoriza-sopp som samarbeider aktivt med fleire sentrale planteslag i skogen. Gifta brukar den truleg for å unngå å bli eten av insekt (og folk?). Dermed kan den spreia seg meir effektivt.
Det same gjeld pluggsopp (som rett nok er mykje mindre giftig enn den nemnde slørsoppen). Eg har sjølvsagt ikkje tenkt å eta den, og kva er då problemet? Påverknaden soppen har på plantane rundt den er utelukkande positiv.

Spiss giftslørsopp. Ein av landets desidert giftigaste for folk, men uhyre nyttig mykoriza-sopp i naturen.
Det regenerative blikket
Eg starta med å skriva om det antroposentriske blikket. Det som såg etter parentesar og lite relevante enkeltdelar. Eg vil avslutta med å skriva om det regenerative blikket. Dette ser etter heilskapar. Etter samspel, samarbeid og samanhengar. Den dagen me innser at natur og alle dei produktive prosessane i den er like lite og like mykje til for oss som for alle andre medskapningar rundt oss, kan me bli ein del av desse samanhengane.
Det er den innsikta, og dei radikalt endra handlingane som må følgja den, som utløyser Grøntida.

Pluggsopp blant skogspotetene mine. Pluggsopp er ein mykoriza-sopp og poteter tek sopprot, så kanskje?




