Når “Tyngden” prøver å truga den annleistenkande til å tia

 

Av Dag Jørund Lønning

For ein som har levd heile livet tett på mennesket sin bruk av naturressursane rundt seg i jakta på mat og meining, er det uhyre trist å registrera korleis naturen, og dei som løftar fram det viktige i å ta vare på den, er gjort til hovudfiendar i det stadig meir sekteriske industrilandbruket.

Ny innleiing: Eit tilsvar til industrilandbruksapologetane og deira (person)åtak

I den eine meir alvorlege rapporten etter den andre, kjem det fram korleis industrilandbruket i verda er drivande hovudårsak til akselererande klimaendringar, massive tap av biologisk mangfald, og no også drastisk redusert ferskvasskvalitet verda over.

Skal me ha ei von om ein grøn planet i framtida, må det naturøydeleggjande industrilandbruket utfordrast og erstattast i dag. Det er dette arbeidet med det naturnære jord- og hagebruket handlar om.

Men eg skal ikkje stikka under ein stol at det til tider er svært så tøft å stå i dette. Massiv baksnakking (i det siste har fleire menneske rundt meg blitt oppringte og bedne om å distansera seg frå meg), og det som nesten må kallast løgnaktig trakassering i media, er tydelegvis noko ein må rekna med. Det kanskje aller verste dømet på det siste kom frå ein kommentator i Nationen. I ein og same kommentar påstår han både at eg i eigenskap av å vera sosialantropolog i røynda ikkje har peiling på matjord (At antropologar har arbeidd med matjord i lange tider, og at menneske og mold faktisk er ei eiga faggrein innan antropologien, nemner han ikkje), og at eg meiner at dyrehald i seg sjølv er umoralsk (Dette siste utleier han frå at eg har teke til orde for betre standardar for dyrevelferd. Den utleiinga seier difor veldig mykje om korleis han sjølv oppfattar dyr og dyrehald! Og igjen, han unnlèt å nemna at eg i veldig mange artiklar opp gjennom åra, inkludert dei to jordbøkene, løftar fram dei uhyre viktige beitedyra).

Medlemsavisa Bondebladet lagar på si side ei heil sak (tufta på oppringing frå ein person som meiner at redaksjonen er meir naturleg enn lesarinnlegget når ein skal imøtegå ein annan si meining) ut av at eg i ein bloggtekst skriv at den engelske filosofen David Cooper har teke i bruk eit ord frå holocaust i si skildring av dyrehaldet i delar av industrilandbruket i verda. Det einaste konkrete eg klarar å få ut av den ganske så syltynne suppa bladet har kort i hop, er at dette er informasjon eg ikkje burde ha brakt vidare. No meiner eg likevel framleis at det er særs relevant at ein internasjonalt kjent filosof på forholdet mellom menneske og natur nyttar eit så sterkt og meiningsladd ord. Cooper er ein uhyre reflektert og sakleg tenkjar, og han tek nok definitivt ikkje slike kontroversielle analogiar i bruk med lett hjarte. Men ved å gjera det ristar han i oss, får oss til å bråvakna (jmf. oppslaget i Bondebladet), og vonleg, slik han ser det, til å innsjå det store behovet for, verda over, ein vidtrekkande etisk og moralsk gjennomgang av måtane me menneske forstår og brukar den ikkje-menneskelege verda rundt oss. Ein slik gjennomgang trengst kanskje i medlemsbladet med, ettersom ein tilsynelatande meiner at semantikk er viktigare enn dyrevelferd (for temaet artikkelen min tek opp, berører dei ikkje i det heile i oppslaget, heller ikkje når dei har bede om kommentarar frå både den eine og den andre)? Mitt spørsmål til Bondebladet er difor: Dersom eg sluttar å sitera David Cooper, vil de då halda trykket oppe på dyrevelferd? Sjølv har eg mange andre filosofar eg kan sitera, så dersom svaret er ja, så har me ein avtale!

Dette var to av mange eksempel dei siste månadane. Her er nokre fleire døme på at takhøgda i alle fall ikkje blir høgare i det offisielle landbrukspolitiske rommet for tida: At eg tek til orde for å satsa også på mindre einingar framover, er svært kritikkverdig i følgje offisielle landbruksrepresentantar. I andre samanhengar har eg blitt skulda for å «undergrava landbruket» når eg ytrar ønskje om fleire bønder og fleire einingar i drift. At eg løftar fram den vesle mangesyslaren på bygda som særleg viktig, har, vidare, utløyst kommentarar om at eg vil «tilbake til tresko og steingnaging». Eg har til og med fått kritikk for å vera for oppteken av internasjonale tilhøve og globale utfordringar. Og eller registrerer eg jo at mi interesse for livet i matjorda, både som noko me må verna om og betre nytta oss av, er ei evig kjelde til stor irritasjon for desse som ser den same molda som utbyttingsobjekt.

For ein antropolog som arbeider med mennesket sitt forhold til molda og naturen, er slike tilbakemeldingar sjølvsagt «data». Men personleg, for ein som har levd heile livet tett på mennesket sin bruk av naturressursane rundt seg i jakta på mat og meining, er det uhyre trist å registrera korleis naturen, og dei som løftar fram det viktige i å ta vare på den, er gjort til hovudfiendar i det stadig meir sekteriske industrilandbruket.

Men det er ei anna, og langt hyggelegare, side ved denne historia. For vel er industrilandbruksapologetane både høgrøysta og maktsterke. Men dei er få, og dei blir stadig færre! For dei aller fleste tilbakemeldingar eg får er av det positive slaget. Det betyr mykje at folk ringer, sender epostar, tekstmeldingar, eller uttrykkjer støtte i sosiale media. Dei som uttrykkjer støtte kjem frå innanfor landbruket, ja, men også frå stadig fleire menneske som brenn for naturnær matproduksjon og Den nye grøne revolusjonen. Denne gruppa blir stadig større. Eg merkar det veldig sterkt når eg reiser rundt i landet og held foredrag. Det er mykje folk over alt, og den same tilbakemeldinga går igjen: Noko er i ferd med å skje.

Eg merkar det også her på Komposten.no. For kvart meir eller mindre infame åtak, blir det fleire lesarar. Det er no fleire enn 250 000 som les artiklane her inne om menneskeleg nyskaping og om dei djupe banda mellom mennesket og molda. Dette varmar!

Framover håpar eg me blir fleire som tek denne kampen i det opne. Eg håpar og at fleire og fleire gardbrukarar ser at naturfiendtleg høgrepopulistisk sekterisme (a la kommentatoren i Nationen, som i den same teksten også presterer å offentleg latterleggjera ei engasjert og dyktig kvinne som har bygd seg opp eit kosthold basert på lokalt dyrka plantar, samt å hevda at den einaste grunnen til at ein hjort eksisterer er for å vera mottakar av ei kule og deretter bli putta i ei gryte) ikkje er vegen å gå framover, og at dei mange der ute som ønskjer eit meir naturnært landbruk ikkje er fiendar men potensielle allierte i kampen for ei grøn framtid.

Dette var mitt personlege tilsvar på dei nylege åtaka. Eg publiserer det her og ikkje i dei to nemnde avisene, ettersom eg ikkje ser noko grunn til å vera med og legitimera personsjikane som debattverkemiddel.

Men eg har også ein fagleg kommentar. Det er ein tekst eg har publisert tidlegare. Den står seg godt endå. Den handlar om «forvaltarane av dei etablerte sanningane» og deira destruktive rolle i eit menneskesamfunn med desperat, ja livsnødvendig, behov for nytenking og kreativitet. Min personlege kommentar var ei innleiing til denne:

 

«Tyngden» si destruktive stemme

Nyskaparen sin erkefiende, Tyngden. I “Slik talte Zarathustra” biletgjer Nietzsche Tyngden som ein drake.

Filosofen Friedrich Nietzsche har vore svært viktig for meg i mitt arbeid som nyskapingsforskar gjennom mange år. Han minner oss om fridomen vår til å velja, om at liva våre og framtida blir til gjennom dei aktive eller passive vala me gjer. Som enkeltmenneske og som samfunn.

I storverket Slik talte Zarathustra får me møta den ultimate nyskaparen. Nietzsche skildrar denne, for samfunnet så viktige, endringsagenten sin evige og tunge kamp mot dei etablerte sanningane. Dei som stenger for det nye. Samt mot forvaltarane av desse.

Nietzsche kallar nyskaparen sin erkefiende for Tyngden. Dette er han som pålegg oss å bøya oss for etablerte (menneskeskapte) «sanningar» som om dei var naturlover. Tyngden er han som møter nye, progressive idear og praksisar med «Det der er ikkje realistisk!», «Det der går aldri!», «Det der er berre putl!», osv.

Tyngden uttrykkjer Lagnadstrua, vår aller verste menneskelege oppfinning (og det seier ikkje lite!). Det er Tyngden som har vunne når småbønder står med ryggen mot veggen og uttrykkjer at «Me har ikkje noko val. Me må berre bli større. Me må berre bli færre».

Uendeleg mange gongar dei siste tjue år har eg møtt eller blitt fortalt om den destruktive effekten av Tyngden si røyst. Mange mobiliseringsprosessar i organisasjonsliv eller lokalsamfunn er temmeleg rituelle. Framme sit dei med dei nye og spennande ideane. Dei er ofte yngre, og ofte kvinner. Bak, nær utgangsdøra, sit den andre definerte gruppa i salen. Dei er ofte ikkje-yngre, og ofte ikkje-kvinner. Når ein representant frå ein av dei første radene då reiser seg og presenterer den nye ideen, reiser ein nær døra seg med kommentaren: «Det der blir det aldri noko av. Det der har eg ikkje noko tru på!»

Mange som sit på nye idear er usikre i startfasen. Og gjennom denne «dialogen» har Tyngden, han som sjølv meiner å inneha dei endelege løysingane og sanningane, drepe uhyre mange gode idear før dei i det heile tatt blir prøvde ut.

Dei siste åra har eg studert nyskaparar innanfor såkalla regenerativt landbruk, enkeltbønder og organisasjonar som arbeider for å spela på lag med dei produktive krefter som finst i naturen/matjorda frå før av. Dette framfor å halda fram med å øydeleggja dei, og difor saga av greina ein sit på.

Dette nyskapingsarbeidet skjer innanfor ein næringssektor som på verdsbasis er versting når det gjeld både klimautslepp, katastrofalt tap av matjord, og like katastrofalt fall i biologisk mangfald.

Eg har reist verda rundt for å møta nyskaparar som arbeider fram reelle alternativ til industriproduksjon, alternativ som byggjer på sirkulering av organiske ressursar lokalt, minimal mekanisk bearbeiding av molda, og fråvære av kjemiske innsatsmildar som oljebasert gjødsel og gift. Kostnadane for bonden går drastisk ned, og miljøpåverknadene er minimale.

I tillegg utviklar dei nye verdikjeder frå jord til bord, kjeder som både gir rom for fleire hender i molda og rike tilbod til ein veksande marknad for reelt lokal mat.

Det både er og har vore fantastisk å få møta desse, intervjua dei og få høve til å prøva ut nokre av ideane i praksis m.a. på HLB sine dyrkingsfelt på Jæren. Det er kjekt å registrera at dei nye naturvennlege produksjonsformene no blir tekne i bruk i land etter land, på både små og store einingar (gardar på fleire tusen mål både i Australia, Sør-Afrika og USA har endra fokus frå kjemi til biologi som vekstinputs).

Men så er det denne gamle erkefienden att. For ei erfaring har nærast alle som utviklar naturnære landbrukspraksisar: Ingenting provoserer Tyngden meir enn arbeid for naturnær matproduksjon! Det er vanskeleg å sjå at pløye- og kjemikaliefrie produksjonsmetodar skadar nokon, men likevel blir Tyngden fullstendig rasande når han får høyra om slikt nyskapingsarbeid.

Så då reiser dei seg, ein etter ein, frå plassen bak ved utgangsdøra (eller eigentleg frå museale fagskyttargraver), og rasar høglytt (i ymsande medium) mot den og dei som torer å påstå at me både kan og må velja annleis enn me har gjort dei siste 40 år (perioden der industrialiseringa av landbruket både har massejaga folk frå bygdene og sett alt liv på planeten i fare). Dersom den som skulle våga seg til å ymta om noko slikt til og med skulle visa seg å koma frå utanfor Tyngden sin eigen snevre «fagkrins», blir raseriet så sterkt at det skummar om munnvikane..

Nyskaparen sin erkefiende Tyngden har alltid vore ein løgnar. Fordi han prøver å innbilla det einaste reelt veljande vesenet i naturen at det ikkje har val. Men no er han farlegare enn nokosinne. Fordi planeten si framtid står i fare. Fordi hans, LandbruksTyngden, si eiga «realistiske» oppskrift – å setja endå meir fart på industrialiseringa i matproduksjonen – er ei oppskrift på total katastrofe.

Det positive er at det ikkje er mange att i denne destruktive gruppa bak ved døra. Dei ropar endå høgt, men stemmene er i ferd med å drukna i eit endringskor. Dette stadig meir mangfaldige koret vil ha mykje meir lokal mat, langt mindre kjemikaliebruk, meir samspel med naturen, meir respekt for livet både over og under bakken, meir dyrevelferd, fleire hender i molda, nye sosiale produksjonsformer og meir fokus på menneskeleg trivsel. Eg skal for eigen del lova å halda fram arbeidet for at dette koret før eller seinare fullstendig overdøyver dei surmaga og stadig meir usaklege ropa frå den destruktive Tyngden.