Sansen for Dansen

Prof. Dag Jørund Lønning

Skal planeten bergast må det meste endrast, fortel FN sitt klimapanel. Kan våre grensesprengande, estetiske sansar bli redninga?

Prof. Dag Jørund Lønning ved statue av Friedrich Nietzsche. Statuen står ved Nietzsche sin barndomsheim i Röcken i den tyske delstaten Sachsen Anhalt.

Friedrich Nietzsche samanlikna ein gong mennesket med eit bolbyggjande insekt. Våre kulturelt konstruerte «sanningar» – forbod, påbod, kategoriar, sektorar, planar og definisjonar – ligg som tjukke lag mellom oss og verda rundt oss. Dei filtrerer og styrer vår kontakt med denne verda og fortel oss kva ein bør/må gjera, kva ein ikkje bør/må gjera, kva ein skal sjå etter og kvar ein skal sjå etter det, samt kva og kven som er innanfor og utanfor.

Det kan godt verta både «lunt og koseleg» inni eit bol med så mange ytre lag (for dei som slepp inn), men bolbygginga går på kostnad av fridomen til å endra og nyskapa. For det er slik «kultur» verkar. Den byggjer fellesskap, men fungerer samtidig sterkt konserverande. Kulturelt produserte «sanningar» har nemleg ein tendens til å «forsvinna» frå syne. Me sluttar å stilla spørsmål ved dei. Me tek dei for gitt. Dei blir nesten som «naturlover» å rekna.

Felles for nesten alle menneskekulturar, er at nettopp naturen, eller den ikkje-menneskelege verda, blir framstilt som vår evige «andre». Som noko utanfor det menneskelege. Det same store fleirtalet av kulturar plasserer også mennesket over naturen.

Dette hierarkiet blir sjeldan eller aldri debattert eller sett spørsmål ved. Utbytting og utnytting av andre menneske må legitimerast etisk. Utnytting og/eller utbytting av natur treng knappast slik legitimitet. Antropologar har kome opp med nesten tallause døme på korleis kultur, det ordna og tamde, det målbare, logiske og fornuftsbaserte, blir sett i opposisjon til natur, det rå, ville, uføreseielege, ukjende og gjerne farlege. Kultur blir bolverket som skal halda natur på avstand. Mennesket vart haustaren som ikkje var forplikta til å så, toppredatoren som stod utan ansvar for å gje tilbake til økosystemet.

“Me brukar no enorme ressursar på å prøva å finna ut om me er aleine i universet eller ikkje. Det hastar likevel langt meir med å få augo opp for at me ikkje er aleine på denne planeten.”

Etter kvart som teknologiane og maskinane har blitt større og meir effektive, har også mennesket blitt meir effektivt i å utøva denne haustarrolla. Naturressursane har blitt tappa stadig raskare. Havet, skogen, molda. Alle desse økosystema er truga i dag. Men framleis er den etiske debatten fråverande. Få eller ingen stiller spørsmål ved retten me eventuelt har til å tømma og øyda naturressursane rundt oss. Retten til, på kostnad av anna levande, å leggja band på stadig større del av naturressursane.

Den individuelle myggen, held Nietzsche fram, susar nok rundt i lufta fullt overtydd om at han utgjer senteret i verda og universet, og at alt anna liv er til for han sin del. Slik sett er det liten skilnad på menneske og mygg. Men det finst ein enorm skilnad likevel, for ulikt myggen, har me menneske makt til å påtvinga vårt perspektiv og våre behov på resten av livet på planeten.

Det har me gjort, og difor er me der me er i dag. I ein situasjon der FN sitt klimapanel påpeikar at me må gjera større endringar enn me nokon gong før har gjort i menneskehistoria. Kva betyr dette? Kva er det eigentleg som må endrast?

Etter å ha arbeidd intensivt med dette saksfeltet no dei siste åra (i samband med Jordboka og Jordboka II), har eg etter kvart blitt overtydd om at endringane må gå heilt inn til sjølve mergen: Til våre definisjonar av kven me sjølve er, til måtane me lever liva våre på, og, ikkje minst, til vårt forhold til våre ikkje-menneskelege omgivnader.

Me brukar no enorme ressursar på å prøva å finna ut om me er aleine i universet eller ikkje. Det hastar likevel langt meir med å få augo opp for at me ikkje er aleine på denne planeten. For det er jo slik me oppfører oss: Som om anna liv enn det menneskelege er utan interesse og verdi. World Wildlife Fund la nyleg fram ein rapport som viser fall i biologisk mangfald på 60% sidan 1960. 60% reduksjon på under 60 år! Liv det har tatt millionar av år å etablera, forsvinn for å gje endå meir rom for mennesket si utbreiing.

“Me har ein sans som sjeldan blir trekt fram. Den står i fundamental opposisjon til det ordna, kategoriserte og sektoriserte. Den gir oss det me kan kalla «rå» erfaringar, erfaringar som ikkje er filtrerte verken gjennom kultur- eller språkfilter. Dette er den estetiske sansen vår. “

Denne masseutryddinga er mogleg nettopp fordi me har definert natur som noko «der ute». Når me utryddar andre artar og øydelegg heile livsmiljø, sagar me sjølvsagt eit stadig djupare hakk ned i greina me sit på. Men konsekvensane for oss menneske blir likevel berre oppfatta som å vera indirekte. Reaksjonen vår vert heller slik: «Det er sjølvsagt trist og alvorleg at dyra forsvinn, men ikkje trist og alvorleg nok til at det skulle føra til grunnleggjande endringar i måtane me lever forbrukarliva våre på, utøver næring på, eller brukar naturressursane på».

Skal «større endringar enn me nokon gong før har gjort i menneskehistoria» i det heile vera mogleg, må difor natursynet vårt endra seg. Ein kan øydeleggja det som ligg utanfor ein sjølv, ikkje det ein sjølv er midt i. Me treng definisjonar av natur som inkluderer oss og gir oss produktive, naturbyggjande roller. I mange år har me i praksis definert og teknologisert oss lenger og lenger bort frå naturen. No må me rett og slett gå i motsett retning.

Me må bryta ut av bolet, og utfordra dei kulturelle laga me har bygd mellom oss og andre levande organismar. Me må også utfordra kulturelt produserte hierarki der målbare einingar, logikk og «fornuft» blir sett på som dei einaste sikre kjeldene til erkjenning om naturen (sjølv ikkje den mest stringente, tal-orienterte naturvitskap evnar i røynda å koma opp med noko anna enn eit snevert, til dels veldig snevert, menneskeleg perspektiv).

Men kva slags sansar og evner har me då å trekkja på? Når målet er å koma nærmare våre ikkje-menneskelege omgivnader? Altså det som ikkje let seg fanga i definisjonar eller måla i indikatorar og tal. Dette me søkjer ligg utanfor kultur og bortanfor språk. Så korleis kjem me oss «dit»?

Me har ein sans som sjeldan blir trekt fram. I alle høve ikkje i denne samanhengen. Den står i fundamental opposisjon til det ordna, kategoriserte og sektoriserte. Den sprenger alle slike grenser. Den gir oss det me kan kalla «rå» erfaringar, erfaringar som ikkje er filtrerte verken gjennom kultur- eller språkfilter.

Dette er den estetiske sansen vår. Nietzsche sette det brennande, utamde og estetiske i rak motsetnad til den kalde, kalkulerande fornufta, og påstod at det berre er som estetikk at livet kan gje meining. Den estetiske sansen er alle sansar sett i spel på ein gong. Men den er meir enn summen av delane. Den set oss i stand til å koma i kontakt med heilskap, med det som verken kan målast, teljast eller vegast.

Estetikk er sansekunnskap. Ei estetisk innleving er ei indre kjensle av at noko viktig og rett fell på plass. Ei kjensle av å stå midt i noko. Jean Paul Sartre kalla denne kjensla fridom. Den uendelege fridomen til å velja som eksisterer bortanfor alle kulturelt produserte grenser. Ikkje-monoteistiske religionar har vekselvis kalla den Det Mystiske, Gud eller Natur. Den amerikanske filosofen Robert Pirsig kalla den Kvalitet. Alle veit kva kvalitet er, skreiv han, men ingen klarar å definera kvalitet. Ingen definisjon er stor nok, rett og slett. Du står midt i noko som kjennest uhyre meiningsfullt og uendeleg mykje større enn deg sjølv.

“Den direkte estetiske innlevinga er ein veldig inspirasjon, ein inspirasjon som driv fram den skapande handlinga.”

Den direkte estetiske erfaringa er alltid personleg. Den er mi. Den kan i røynda ikkje kommuniserast vidare – fordi det essensielle i den ligg bortanfor både kultur og språk. Den stiller meg i ein avkledd, personleg relasjon til omgivnadene mine. Den er eit møte med råmaterialet i tilværet. Med det vakre. Med naturen. Før alle tolkingar, konvensjonar, tal og ord. Den er eit møte med krafta i mine eigne kjensler og sansar. Dette møtet ansvarleggjer meg og aktiverer meg.

Filosofen Heraklit sa ein gong at berre det brennande kan føra det nye inn i verda. Det brennande her er nettopp mennesket som er i direkte kontakt med det verdfulle. Derifrå har me omgrepet eldsjel, han eller ho som endrar omgivnadene sine gjennom engasjement og innleving. Ordet «engasjert» er eit av dei vakraste og mest positive me veit. Ordet vitnar om det same sterke, direkte og grensesprengande bandet mellom eit menneske og eit spesielt tema eller interessefelt.

Den som gjenskaper har ei oppskrift. Oppskrifta finst i etablerte kulturelle konvensjonar eller er til og med nedskriven på papir. Gjenskaping kan puggast. Ein gjer det andre har gjort før. «Sosialisering» kallast det, når barnet blir lært opp til å bli ein minst like effektiv forbrukar som det foreldra har vore. Nyskaparen, derimot, skaper utifrå eit eksistensielt estetisk tildriv. Det er ei grensesprengande handling utan noko form for oppskrift. Den går på tvers av alle sektorar, planverk og konvensjonar, fordi den føddest langt bortanfor dei alle. Den direkte estetiske innlevinga er ein veldig inspirasjon, ein inspirasjon som driv fram den skapande handlinga.

Gjenskaping har ført oss dit me er i dag. No treng me nyskaparane. Over tid må heile forbrukarkulturen vår endra seg. Samspel må erstatta dominans i forholdet til våre ikkje-menneskelege omgivnader. Me treng å innsjå at ingen har gjeve oss retten til å tømma naturressursane. Me har rana den til oss.

Når me no må gå frå å øyda til å byggja natur, må me også gå bortanfor alle etablerte sanningar og konvensjonar for å finna dei nye svara og løysingane. Ei enorm oppgåve, ja, men då er det godt å vita at den estetiske sansen kan trenast opp: Nietzsche att, om korleis me har blitt lært opp til å sjå på nyskaparen: “Og dei som blei sett dansande, blei sett på som gale av alle dei som ikkje kunne høyra musikken.”

Dette er eit vakkert bilde på det estetiske møtet med naturen, med råmaterialet i tilværet, og kva dette møtet kan gjera med oss. Nyskaparen høyrer musikken og byrjar å dansa. For å feira og verna om livet. Vona for dei som kjem etter oss, må vera at nyskaparen i samtida får stadig fleire med seg. At bolverka mot naturen forvitrar. At mennesket blir ein dansande art.

Denne teksten er ein liten forsmak på Jordboka II. Boka kjem ut i mars 2019 og presenterer ein plattform for korleis mennesket kan koma «nærmare» naturen og oppnå aktive roller i nokre av dei viktigaste økosystema på planeten.