Von i vonlause tider?

Prof. Dag Jørund Lønning

Det er ikkje berre mora ved barnesenga som byrjar å innsjå at det blir stadig vanskelegare å synga “den evige songen” om at ætter skal følgja ætters gang og at morgondagen alltid blir betre.

I uminnelege tider har det vore vanleg å ta inn grønt ved vintersolkvervet. Det gjorde dei gamle egyptarane, det gjorde keltarane, og det gjorde våre heimlege vikingar. Det starta med greiner, det haldt fram med heile tre. Dei første joletrea hang opp-ned i taket. Deretter kom det ned på bakken og golvet, og fekk pynt og ljos.

Med det grøne treet og det brennande ljoset i den svarte vinternatta, minner me oss sjølve om at det alltid kjem noko betre. At våren ein dag kjem tilbake, at sju vonde år blir etterfølgde av sju gode. For slik er jo naturen sitt vesen. Daude blir til liv. Mørke blir etterfølgd av ljos. Me har lært oss å sjå menneskelivet og menneskesamfunnet på same måte. Nye generasjonar skal få det betre enn dei som gjekk føre. Meir velstand. Mindre slit og slep. Og i liva våre seier me: «Det kjennest vanskeleg no, men det blir alltid betre seinare. Tru meg, eg har vore der sjølv».

Motivet er velkjent i mange kulturar: Mora sit ved barnesenga og held ein liten krabat i handa. Ho syng og nynnar, minner den vesle, som både har hatt ein litt vond dag og i tillegg er mørkredd, om at han skal vakna opp til noko betre og ljosare i morgon.

Dei siste åra har det likevel skjedd noko med oss. Fleire og fleire byrjar å ta inn over seg at noko fundamentalt har endra seg. At det som har vore sant i milliardar av år, kanskje ikkje er like sant lenger. At sjølv det tryggaste av det trygge i tilværet, naturen, byrjar å venda seg mot oss.

Smått om senn innser me også at det er me som har gjort det slik. Med dei liv me har levd det siste hundreåret, hundreåret då me gjekk frå å vera 2 milliardar til å bli nesten 8 milliardar. Hundreåret då me lærte oss å tappa opp naturen sine fossile ressursar og å utvinna enorme mengder nitrogen kjemisk frå atmosfæren. Hundreåret for vekstretorikken. Hundreåret då me for alvor la naturen under oss. Den blei utbyttingsobjektet som måtte blø for at overflods- og forbrukarsamfunnet kunne veksa fram.

I 1970 var første året me brukte meir av naturressursane enn dei naturen klarar å fornya. I 2018 kom den såkalla «World Overshoot Day» først i august. Resten av året har me gått i minus, eit minus som vert overførte til den enorme gjelda me overlèt etterkomarane våre. I form av utarma matjord, nedbrende skogar, erosjon og forørkning, forsura og forsøpla hav, flaum og tørke.

Det er ikkje berre mora ved barnesenga som byrjar å innsjå at det blir stadig vanskelegare å synga «den evige songen” om at ætter skal følgja ætters gang og at morgondagen alltid blir betre. Eit breitt fleirtal av befolkninga synest å ha akseptert tesen om menneskeskapte klimaendringar. Dette er bra, men ei slik vedkjenning er likevel berre eit lite steg på vegen. For i røynda rår fornektinga framleis grunnen.

Nokre reaksjonsmønster gjentek seg. Det første er: Ja, det skjer, men det er andre sin feil! Media både heime og ute er fulle av utspel frå politikarar, næringslivsfolk og andre som med stor patos hevdar eiga (nasjonen sin, bedrifta si, sektoren sin) totale uskuld på miljø- og klimafeltet. Dei seier stort sett det same alle: Det må peikast på andre enn oss! I beste fall seier ein seg villig til visse revisjonar og små endringar, men knapt noko som reelt endrar eller utfordrar måtane ein løyser oppgåvene på i dag.

Den andre reaksjonen er meir komplisert. Det er så lett å «resignera» overfor dei dystopiske framtidsbilda. Menneske taper trua på ei positiv framtid, på det meiningsfulle livet i verda. Då grip ein til dekadansen, den reine nytinga. Nietzsche kallar denne reaksjonen «nihilisme». Det er ei kjensle av meiningstap, av å «mista fotfeste». Trua på at ingenting nyttar. At det ikkje er noko “vesle eg” kan gjera. Ein trekkjer seg difor heller tilbake til det forbruket som ikkje krev noko av ein. Kjøpefesten held fram med uminska styrke.

Men når alle verdiar i notida vitnar om ei framtid som berre er vond, skremmande og vanskeleg, må desse verdiane «omvurderast», held Nietzsche fram. Menneske har skapt dei, og menneske kan endra dei. Det einaste gitte med framtida, er at me berre kan føreseia denne om me ikkje endrar våre notidige haldningar, handlingar og val.

Me skal framleis tenna ljos til jol! Me må aldri mista vona og trua på livet og den nye våren. Men det er ikkje ei disneyfisert forbrukarvon om «fred på jord» to dagar i jolehelga me treng. Me treng tru og von som motiverer og forpliktar oss til handling. Me må alle endra oss framover. Å skyva ansvar over på andre, løyser aldri noko som helst. Endring kan berre skje gjennom aktiv involvering.

No like før jul har eg lagt siste handa på Jordboka II (blir lagt fram på den store lanseringskonferansen 15 – 16 mars 2019). I arbeidet har eg kome svært tett på utfordringane som får FN sitt klimapanel til å konkludera med at menneskerasen må gjera større endringar på kort tid enn den nokosinne har gjort. Samtidig kjenner eg endå på ei sterk von, fordi me kan vera så tett på ei av dei aller viktigaste løysingane.

Historia om mennesket og molda er historia om vårt forhold til naturen, historia om korleis me forstår og brukar naturen. Det er i molda me er både nærmast og fjernast. Me er nærmast når me spelar på lag med livet som er der frå før, når me styrkar det, set fart på det og legg til rette for at det får gjera den jobben det er meint å skulla gjera frå naturen si side. Då byggjer me natur. Me er fjernast når me drep livet med vår avanserte mekanikk og kjemiske oppløysingar, og gjer det rikaste økosystemet på planeten – grunnlaget for alt liv i naturen elles – om til noko så uhyre snevert som «vekstmedium» for menneskelege interesser. Då øydar me natur, og då knelar planeten.

Så til jol i år tenner eg ljos for alle dei som går føre i Den nye grøne revolusjonen; i utviklinga av eit jord- og hagebruk som spelar på lag med og byggjer opp om dei produktive kreftene i naturen (de møtte nokre av dei i den første Jordboka – de møter fleire i Jordboka II). Eg tenner ljos for vona og trua. På at mennesket evnar å finna tilbake til den levande molda.  Det er mogleg endå. Gjennom engasjement og handling.

Denne kronikken står også på trykk i Bondevennen 14.12.18