Det kan dyrkast veldig mykje mat i ein liten hage!

Intensiv matproduksjon i hagen

Dag Jørund Lønning

Interessa for småskala matproduksjon er større enn på lenge. Og fleire og fleire av dei nye jordbrukarane ønskjer å dyrka så naturnært som råd.

Nokre av dei mest arealintensive gardane i verda i dag er faktisk regenerative. Dei brukar verken sprøytemidlar eller kunstgjødsel. Og i forsvinnande liten grad uomdanna husdyrgjødsel. I staden brukar dei dekkvekstar, fangvekstar og kompost, og skaper dermed ideelle tilhøve for ein rik og næringsskapande jordbiologi.

Filosofien er følgjande:

  • Jord skal aktivt byggjast på oppover, og i så liten grad som mogleg gravast i nedover.
  • Jorda skal vera dekka av plantar så langt dette er mogleg.
  • Som i naturen er eit mangfald av vekstar viktig. Mangfald oppå molda gjev mangfald nede i molda.

Med slike enkle prinsipp, kan ein dyrka store mengder mat på svært små areal. For dei som meistrar dei regenerative teknikkane og satsar på slik dyrking som levebrød, kan fortenesta pr. arealeining bli god. Me treng heller ikkje reisa heilt til Singing Frogs Farm i California for å finna døme (kjekt å sjå at Elizabeth og Paul på SFF har blitt dei reine kjendisane her i landet etter at dei vart presenterte i Jordboka!). Like på andre sida av Kjølen ligg Ridgedale Permaculture. Med ein dyrkingssesong på berre tre månader, rapporterer dei om omsetnad pr. kvadratmeter dyrkingsareal på 40 Euro (!). Eit lite reknestykke fortel at inntekt pr. dekar er nesten svimlande høg.

Så kor store mengder mat kan ein dyrka i eit intensivt system i hagen? Dette blir eit eige forskings- og forsøksprosjekt dei neste to åra. Eg skal vitja og snakka med mange menneske som har satsa på denne typen intensiv og naturnær produksjon. Korleis gjer dei det? Kva råd har dei å koma med?

Men eg skal og dyrka sjølv. Dronebildet over er frå min eigen hage. Tidleg i mai er dei fleste beda godt i gang. Dei 15 dyrkingsfelta (3 er ikkje med på bildet) gjev rom for ei lang rekke grønsaksslag, mange ulike rotfrukter, fangvekstar av mange slag og storleikar, meir enn 30 ulike slag etande blomar, samt eit tilsvarande mangfald av erter og bønnetypar.

Alt står tett. VELDIG tett.

All mold og kompost i beda er produsert i hagen (med ein liten hønseflokk i utandørs halmgard som medhjelparar). Det blir ikkje tilført verken kjemiske innsatsmidlar eller uomdanna husdyrgjødsel. Berre kompost og kompostte. Mat til organismane i molda.

Eksperimentet vart så smått starta opp i fjor. Trass i vedvarande dårleg vær, var avlingane langt over det eg har hatt nokon stad tidlegare. Dess tettare eg planta, dess betre vaks det! For plantar er ikkje tærande. Dei er nærande. Dei fører karbon ned i molda. Og der nede er myriadar av våre mikroskopiske vener klare til å gjera jobben sin: i bytte mot søtstoff frå planten, produserer dei all den næring planten treng.

Og smaken av grønsaker som veks i verkeleg levande mold versus dei som har vakse i kjemi? Vel, det er berre å ta ein blindtest..

I år blir det meir dokumentering. Eg lovar å følgja opp med rapportar og bilde undervegs. Resultat kjem og i den neste jordboka. Så følg med!