Den lokale marknadsplassen. Brei verdiskaping. Foto: Shutterstock

Å læra verda å fø seg sjølv

 

Dag Jørund Lønning

 

Moldinteressa blømer. Utanfor landbruket..

I tida etter Jordboka kom i fjor haust har eg reist land og strand med foredrag og møtt veldig mange menneske med brennande engasjement både for å verna om molda og for trygg, lokal mat. Mold som tema har stort sett trekt fulle hus over alt. Eg har også blitt kjent med ei rad  nye og spennande småskala dyrkingsprosjekt, prosjekt som veks fram med rekordfart over heile landet.

Tenk det! Innanfor landbruksfamilien, der me i festlege stunder høglytt syng om dyrking som kultur, har det jo i mange år vore ei etablert sanning at stadig færre skal involverast i moldbasert aktivitet. Samt at desse stadig færre må bli arealmessig større, og ta i bruk meir og meir effektive maskinar som gjer at den fysiske kontakten med elementet under oss i praksis blir meir eller mindre borte.

Kva kallar me dei som står utanfor landbrukspolitikken?

Måten landbrukspolitikken er innretta på, forsterkar dette skiljet mellom dei få innanfor og dei mange utanfor. Når politikken blir innsnevra til å retta seg mot færre og færre aktørar, blir det fleire og fleire den ikkje handlar om. Desse mange utanforståande blir i staden plasserte i den store samlebåsen «forbrukarar». Dei som har det å stilla krav som samfunnsoppdrag. Krav om «nyare», «betre», «større», «billegare», osv.

Det høyrest kanskje forlokkande ut? Å kunna leggja ansvaret over på andre? Å vera fri til berre å krevja? Men veit me at det er dette menneske i dag inst inne vil? Har me spurt dei det gjeld om dei faktisk ønskjer å bli plasserte i denne båsen?

Stadig fleire menneske gjev tydelege uttrykk for at dei ikkje vil dette. I staden arbeider dei aktivt for å utvikla alternative, inkluderande verdiskapingssystem for mat. Dei vil involvera seg direkte. Dei vil ha ansvar og dei vil ta ansvar.

Den lokale matrevolusjonen er komen til oss også

«Den lokale matrevolusjonen», ein revolusjon som i lang tid har vakse seg sterkare både i USA og i ei lang rekke europeiske land, er så definitivt komen til Noreg også. Det som driv denne revolusjonen framover, er det store folkelege behovet for involvering i og eigarskap til dei systema den livsviktige maten vår blir produsert, foredla og distribuert gjennom.

Tek ein steget ut av den snevre landbrukssektoren, møter ein rett og slett ei heilt anna verd. I den verda er det stadig fleire som interesserer seg for mold og for å bruka mold. Eg kan ikkje hugsa å ha opplevd like stor interesse for mold som det er no. Mange av dei me har avskrive som «forbrukarar» opprettar i vår tid direkte kanalar til lokale dyrkarar dei kjenner og stolar på. Fleire og fleire dyrkar også sjølve. På større eller mindre areal. Andelslandbruka opplever nærast eksponentiell vekst for tida. Berre siste år har Noreg fått mange tusen nye jordbrukarar. I tillegg driv 800 millionar menneske rundt om i verda parsellhagar. Globalt blir heile 20% av maten no dyrka gjennom slike menneskenære prosessar, og dette talet berre stig.

Kva skjer når industrilandbruk skal «fø verda»?

Ein av dei som har stått lengst i fronten for den lokale matrevolusjonen er den amerikanske forfattaren Michael Brownlee. I ei bok om eigne erfaringar poengterer han noko uendeleg viktig: Vår globale utfordring i dag er ikkje å fø verda, men å læra verda å fø seg sjølv.

Skilnaden på desse to er fundamental. Industrilandbruket sine talspersonar vil ha oss til å kjøpa den første versjonen. Men ein form for matproduksjon som stenger ute brorparten av menneskja, vil aldri vera verken sosialt eller økologisk berekraftig. Me får daglege påminningar om det siste. I løpet av kort tid no har det vore lagt fram to svære internasjonale kunnskapsstudiar. Den eine handlar om det katastrofale fallet i biologisk mangfald som kloden no står midt oppe i. Den andre om det like katastrofale tapet av matjord. I tillegg fekk me i fjor haust ei alvorlege påminning om at dei avgjerande viktige insekta er i ferd med å forsvinna frå økosystema våre. Og hovudskurken? Industrilandbruket. Denne produksjonsforma kan produsera store volum med «billeg mat» på kort tid, men når ein samtidig forbrukar naturressursane endå raskare, er det å saga av greina ein sjølv sit på ein altfor mild analogi.

Og kor billeg er denne volummaten eigentleg? Vel, eigentleg er den svindyr! The Sustainable Food Trust har sett på kva engelskmenn i røynda betaler for maten, og fann at for kvart pund ein brukar på «billege» landbruksprodukt, betalar ein tilsvarande sum over skattesetelen for å bøta på dei miljøproblem og negative helseeffektar det avstandsfremjande industrielle landbruket skaper.

Me er alle aktørar i lokale verdikjeder

Den lokale matrevolusjonen går til frontalåtak på denne farlege og framandgjerande avstanden mellom menneske og verdikjedene for mat. Framfor å stenga menneske ute, er fokuset i staden på brei involvering og breitt eigarskap. Alle er viktige når lokale verdikjeder for mat skal utviklast. Alle får roller. Dei som dyrkar, sjølvsagt, men også det å kjøpa og foredla mat er handlingar som har store konsekvensar. Der «forbrukaren» er opplært etter å gå etter det som er billeg (og ironisk nok gjerne brukar store pengar på drivstoff og billettar for å få tak i det), er ein medborgar medviten om at det å bli aktiv del av lokale verdikjeder kan vera eit vesentleg bidrag til fleire kortreiste matprodukt, til trygg mat, til lokale arbeidsplassar, til eit levande landskap, osv.

Å byggja framtidslandbruket

Det er på høg, høg tid at me i landbruket vender oss utover mot dei tusenvis som er genuint opptekne av sjølve grunnressursen vår, molda. Potensielle alliansepartnerar står nærast i kø. Framtidslandbruket? Det er lokalt forankra med menneske i sentrum. Det byggjer nye band mellom den som dyrkar og den som et, det jublar for alle dei menneske som ønskjer å stikka nevane ned att i molda, det spelar aktivt på lag med dei fantastiske produktive kreftene som finst i molda frå naturen si side. Det byggjer mold framfor å øyda den.

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) set no i gang eit stort forskings- og utviklingsprogram for å hamra ut denne inkluderande modellen. Me tar med oss den viktige påminninga frå Brownlee: Ingen enkeltaktørar kan «fø» verda, men me kan alle så definitivt vera med og læra verda å fø seg sjølv. Først då får me berekraft.

 

Publisert i kronikkserien Moldrok i Bondevennen. Delt 600+ gongar på hlb.no.