2018: Året Den nye grøne revolusjonen skaut fart

Prof. Dag Jørund Lønning

Kriser mobiliserer til engasjement og kreativitet. Slik også med miljø- og klimakrisa. Året me har bak oss, vart året då nye tusenar av menneske over heile verda involverte seg aktivt i utviklinga av eit naturnært og produktivt alternativ til miljøøydande industrilandbruk. Det vart også året då ein delstat med femti millionar menneske og seks millionar gardar tok eit uhyre viktig steg mot ei berekraftig framtid.  

Eit veldig spennande år går mot slutten. For min del har det vore eit år på reisefot. Eg held mange foredrag også i eit normalår, men i år har det vore heilt «vilt». Og veldig kjekt! Jordboka – og bodskapen i den – har nådd fram til mange tusen. Eg har besøkt alle delar av landet med foredrag om mold, nyskaping og berekraft. I periodar har det vore fleire foredrag kvar veke. Dei aller fleste har vore meir eller mindre fullbooka. Og engasjementet er heile vegen veldig stort.

Noko er rett og slett i ferd med å skje! Og det skjer fort.

I fleire generasjonar no har me bøygd oss i støvet for våre eigenproduserte myter om at alt berre bli større, at alt blir betre når kjemien erstattar biologien i molda og maskinane får frigjort oss frå tungarbeidet. Me har skapt sjølvoppfyllande profetiar av desse mytane, og over lengre tid no har me hjelpelaust både observert og følt dei enorme og akselererande miljøøydeleggingane som vart resultatet.

Mangel på tydelege alternativ har ført til handlingslamming. Men slik er det ikkje lenger. Den framveksande kunnskapen om den levande molda snur det meste på hovudet. Med å spela på lag med naturen framfor å øydeleggja den, vil kostnadane gå ned og produktiviteten gå opp. Det kan dyrkast meir på mindre område. Fleire og fleire gardar viser dette. Over heile verda. Også i Norge.

Frå HLB sitt dyrkingsforsøk etter jordbokmetoden tørkesommaren 2018. Kompost blei lagt rett på bakken. Desse vekstane vart vatna dagen dei vart sådde/planta, og stod etter det nesten 8 veker utan vatn. Likevel blei avlinga veldig god.

Like kjekt er det med den veldige og raskt veksande interessa for å dyrka meir av eigen mat heime. Sommarblomar i kunstgjødsla, klimafiendtleg torv må vika for grønsaker dyrka i levande mold og kompost. Metoden er enkel; kompost kan leggjast rett på bakken. Slik slepp ein å øydeleggja naturlege økosystem i molda. Vårt (HLB) forsøk i sommar viste dette svært så godt: plantane klarte seg 8 veker utan vatn, og det i den varmaste sommar nokosinne. Avlingane vart veldig gode. Naturen, livet i molda, gjorde jobben. Den gav plantane næring og sikra vasstilgang sjølve når det ikkje kom ein drope ovanfrå.

Kommersiell og naturnær småskaladyrking før stadig fleire. Alt i 2007 hevda FAO at småskala urbant landbruk stod for mellom 15 og 20% av matproduksjonen i verda. Sida den tid har interessa for og praktiseringa av denne typen produksjon eksplodert.

I tradisjonelle landbruksmedia er det likevel nesten ingenting om desse endringane, truleg fordi aktørane er nye og mange også utanfor den tradisjonelle landbrukssektoren. Dette er ein folkeleg revolusjon. Den skjer nedanfrå, og både såkalla «tradisjonelle fagmiljø» og politiske parti – vane som dei er med ovanfrå-og-ned-prosessar og ekspertvelde på dette feltet – verkar ute av stand til å ta dei raske og omfattande omveltingane inn over seg. 800 millionar menneske er no involverte i parsellhagedrift, andelslandbruk i alle moglege former breier om seg i rekordfart, og her heime har dei nye kanalane for direktekontakt mellom den som dyrkar og den som et – REKO-ringane – fått 100 000 medlemmer (!) på berre eitt år.

Interessa for karbonlagring i mold aukar også raskt. Igjen over heile verda. At ein hage eller ein gard kan drivast – utan alt for store omleggingar – på måtar som gjer at den fangar meir karbon enn den slepp ut, fungerer motiverande. Kor mykje kvar enkelt klarar å fanga er avhengig av ei rekke faktorar, nokre kjende og mange ukjende (meir om dette i Jordboka II). Her må kvar og ein av oss læra gjennom erfaring. Det sentrale er uansett at folk deltar. Dess fleire som tek del, dess meir karbon fangar me. Og dess meir berekraftig blir denne løysinga.

Ja, me treng meir kunnskap, men den aller viktigaste kunnskapen i vår tid er den som  motiverer enkeltmenneske og lokalsamfunn til handling. Me treng ord og kunnskap som gir Kvarmannsen aktive roller. Kunnskap som syner at me alle kan bidra, uansett om me eig ein svær åker eller ei lita altankasse. Dette er det sentrale målet med jordbøkene. Å folkeleggjera molda. Å redda den frå «ekspertveldet» og frå alle dei som vil driva den på industrielle måtar som ikkje annerkjenner livet. Frå dei som vil behandla det levande som om det var daud materie.

Kunnskapen om den levande molda gjer noko med oss. Dette er noko alle kan gjera. Natur fascinerer, og det å samarbeida med naturen engasjerer. Engasjement, interesse og hendene i molda er den viktigaste teknologien. Ressursane er lokale. Kompost. Omdanning og fornying.

Den levande molda er vår felles eige og vår felles skatt. Me eig den saman med alle medskapningar på planeten. Me har plikt til å forvalta den på måtar som gjer at nye generasjonar av levande framleis kan nyta godt av molda sine livgjevande eigenskapar. Me kan alle bidra til denne viktigaste av alle oppgåver.

I tillegg til kunnskap som motiverer, treng me djerve politikarar – politikarar som ser det å skapa levelege vilkår for framtidige generasjonar som vesentleg viktigare enn å sikra attval for ein sjølv. Politikarar som dei me finn i den indiske delstaten Andhra Pradesh.

Sommaren 2018 gjorde delstatsforsamlinga i denne sørlege indiske staten med om lag 50 millionar innbyggjarar eit vedtak som kan koma til å få store, positive ringverknader og konsekvensar for ettertida. Som første territoriale eining i verda, vedtok dei at absolutt alt landbruk skal bli naturnært. Dette gjeld seks millionar gardar, tre gongar så mange som det finst i heile USA. Og det så raskt som innan 2024. Delstatane Karnataka og Himachal Pradesh, båe med fleire millionar gardar, vurderer no sterkt å gjera det same.

Zero Budget Natural Farming (ZBNF) blir den indiske utgåva av naturnært landbruk kalla. «Zero Budget» fordi kostnadane for bonden er minimale. Ressursane er lokale, og finst stort sett på garden frå før av. Levande mold rik på mikroliv, og som difor held på vatn og næringsstoff, er hovudmål. Dette oppnår ein med jorddekke, bruk av kompost (frå dyregjødsel og frå plantemateriale), ulike gjæra uttrekk av organisk materiale, ingen pløying, og eit stort mangfald av vekstar. Agroskogbruk – dyrkingssystem som kombinerer skogsdrift og jordbruk – er ein viktig del av dette.

ZBNF gjer det mogleg å auka produksjonen på små areal utan å utarma jordsmonnet. Erfaringane for dei hundretusenar av bønder som alt har lagt om frå industrielle, kjemibaserte produksjonsmetodar har vore særs gode. Avlingane og inntektene har gått opp, og ZBNF-gardar står seg også langt betre mot klimarelatert ekstremvær.

ZBNF har vakse fram i India som ein reaksjon på dei enorme miljørelaterte og sosiale problema som kom med industrilandbruket. Desse heng saman. Industrielt kjemilandbruk medfører store kostnader og gradvis utarma mold. Som då gir endå større kostnader for å halda produksjonen oppe. Etter kvart som dei store multinasjonale landbrukskorporasjonane gjorde sine inntog i indisk landbruk, steig difor den økonomiske avhengigheita og gjeldsbyrda blant bøndene. Med den kom også sjølvmorda. Utviklinga blei over tid så negativ at den vart kalla «den store agrare krisa».

Det å satsa naturnært er difor ei frigjeringsrørsle. For både natur og menneske. Natur skal attende til ein tilstand der den evnar å yta høgt samtidig som den fornyer seg sjølv. Enkeltbonden og lokalsamfunnet skal vinna fridomen tilbake ved å kutta banda til multinasjonale korporasjonar og i staden satsa på tradisjonell kunnskap, organiske ressursar frå nærområdet og plantemateriell som ikkje er pålagt patentavgifter.

Lokal maktstyrking («empowerment») er eit av det naturnære landbruket sine hovudmål. Her er ein rapport eg fekk frå ein indisk landbruksrådgjevar, ein rådgjevar som er knytt til eit av stadig fleire internasjonale nettverk for naturnær matproduksjon:

«Etter å ha arbeidd innanfor tradisjonelt landbruk i 25 år, vart det stadig klarare for meg at industrilandbruket var den sentrale årsaka til den stadig meir alvorlege rurale krisa i India. I 2013 bestemte eg meg difor for å starta opp rådgjeving innanfor ZNBF. Fokuset var på små og marginale bønder (med gardar på inntil 20 mål). 

Me valde ut klynger av gardar i område med lite vatn, område der bøndene var under tunge gjeldsbyrder p.g.a. høge kostnader til kjemiske og genmodifiserte innsatsfaktorar. Sjølvmord var ikkje uvanleg.

Etter fleire dialog- og motiveringssamlingar, vedtok bøndene å prøva ut ZBNF under vår rettleiing. Den første naturnære klynga starta opp i juli 2013.

Då me starta var gjennomsnittsinnhaldet av organisk materiell i molda så lågt som 0.3%. Det vart i all hovudsak dyrka bomull, soyabønner og appelsinar. Mykje sprøytemidlar vart nytta.

Fokuset vårt var på å få tilbake livet i molda. Omveltinga starta med at me auka mangfaldet av vekstar monaleg. 20% av arealet vart sett av til agroskogbruk for å etablera fordelaktige mikroklima. Me tok også i bruk lokale vekstar som dekkvekstar, og auka bruken av kompost basert på husdyrgjødsel. Me innførte forbod mot ugrasbekjemping og alle former for kunstgjødsel og kjemiske innsatsmidlar, og introduserte i staden jorddekke for å verna molda og halda på jordråme. Relevant tradisjonskunnskap blei også identifisert og mobilisert.

Første året etter endringane steig det organiske innhaldet i molda til 0,75%. Etter det fjerde året er den på mellom 3% og 4%. Den vil halda fram med å stiga. Produksjonen av frukt og grønsaker utgjorde 50 tonn pr fire mål i første produksjonsår. Etter det fjerde året er den på 90 tonn.

Bonden sine inntekter har auka monaleg. Kostnadane er minimerte. Dette gjer at alle bønder i klynga no er gjeldfrie, med dei veldig positive konsekvensar dette har fått for lokalsamfunn og sosialt liv.

No er me i gang med å skalera opp til større og fleire gardar. Levande mold, levande lokalsamfunn og ein levande og helsig planet heng saman. Dei er våre mål.”

Grunngjevinga for dette paradigmeskiftet i indisk landbruk er ikkje først og fremst «fordi forbrukaren vil ha det», men fordi det er tvingande nødvendig for planethelsa og for at også dei som kjem etter oss skal kunna dyrka maten sin i levande mold.

Den menneskelege dimensjonen i dette er også avgjerande. Den som startar opp med naturnært jordbruk – i liten eller større skala – kjenner fort på å vera del av noko større. Kjenner på at det ein gjer er viktig. Gjennom språk og fellesskap deler me denne kjensla. Både dei som dyrkar med dei nye naturnære metodane, og dei stadig fleire som handlar hos desse. Slik får den nye grøne revolusjonen momentum.

I 2019 kjem Jordboka II. 15 og 16 mars møtest fleire hundre forkjemparar for naturnær matproduksjon frå mange ulike land på Bryne til lanseringsfest. Eg gler meg, og håpar de gjer det og!

Me er berre så vidt i gang. Den nye grøne revolusjonen kjem til å veksa seg endå mykje sterkare framover. Den er vårt felles håp.

Eg ønskjer dykk alle eit godt, naturnært nytt år!