Homo Consumptor og det visne joletreet
Av prof. Dag Jørund Lønning
Liv består av, produserer og sirkulerer organisk materiale. Gjennom nærast endelause samarbeid og samspel innanfor og på tvers av artsgrenser blir det organiske som var heile tida gjort om til det livet som skal bli.
Det er likevel ein som har meldt seg ut av dette allstadverande samarbeidet. Av alle dei mange millionar artar me finn på planeten er det berre underarten Homo Sapiens Consumptor, også kalla forbrukaren, som har brote så fundamentalt med samarbeida i naturen at han har gjort organisk materiale, livet sitt fundament, til problem.
Ja, beintfram til eit enormt problem. Faktisk til eit av dei aller største. Om me zoomar ut ligg 1,5 milliardar tonn mat til ei kvar tid og rotnar på planeten vår. Rotning er ein anaerob nedbrytingsprosess som produserer enorme mengder med klimapotent metan.
Ei viktig årsak er å finna i Consumptor si forteljing om kva det er å leva eit rikt og godt liv. Som den første menneskeart nokosinne dyrkar han ein rein haustingskultur. Å forbruka er å hausta utan eit påfølgjande krav om å så. Vidare er ansvarsfråskriving ein sentral del av Homo Consumptor sitt tilvære. Sjølv har han nok med å eta og kosa seg. Og ja, han kan strekkja seg til å dra i snora. Men resten lyt andre ta seg av.
Desse «andre» er oftast ein eller annan offentleg instans. I store delar av verda utan noko anna tilbod enn dyngen eller det store opne røyret ut i hav eller vassdrag. Såkalla rike land prøver i vår tid å gjera litt meir ut av «avfallshandteringa». Men det er og i slike land Consumptor er aller mest dominerande, og det offentlege lyt vakta seg vel for å utfordra han for mykje. Blir ikkje løysingane enkle og lettvinte, set forbrukaren seg på bakbeina: «Korleis i alle dagar skal eg kunna gå rundt og hugsa kva som skal i den brune, svarte eller blå dunken? Kva med plast? Det var visst i den brune».
Neste veke hugsar han likevel at den brune ikkje var til plast men til matavfall, men det å bøya seg ned og ta ut plasten før han tømmer matrestane oppi er «alt for mykje stress»..
Eg var ein gong tilhengar av kommunale innsamlingsordningar for matavfall. Etter kvart som eg får fleire og fleire rapportar frå hagedyrkarar som finn alt frå maling til glas og plast i komposten dei kjøper frå det offentlege avfallsselskapet blir eg mindre og mindre entusiastisk (I tillegg kjem sjølvsagt at denne typen kompost stort sett blir ei nitrogenbombe. Og er det noko den jamne hageeigar ikkje treng, er det endå meir nitrogen.).
Nyleg las eg ein artikkel om det store «avfallsproblemet» joletreet utgjer for dei tusen heimar. Det er visst ikkje måte på kor vanskeleg livet til Consumptor vert når festen er over og oppryddinga startar. Også her må det offentlege difor trø til med eigne ordningar. På visse datoar er det berre å slenga treet ut i vegen, og så kjem «andre» og hentar det. («Me bed om at treet er fritt for pynt», presiserte ein representant for det offentlege i artikkelen).
Illustrasjonane til denne saka er joletreet vårt frå jola som nett var. Det første bildet viser det pynta treet (med tydelege teikn på at det er januar og at det har fått for lite vatn), dei siste viser restane der dei blir dekke i bed, ved til neste jol og karboninnhald i kompostbingen. På enklast mogleg måte er det organiske omgjort frå «avfall» til ressurs. Akkurat slik det er i naturen.
Videosnutten under viser sjølve bingen. Sjølv med fleire minusgrader ute går den no på over 60 grader. Og det berre på «matavfallet» frå kjøkenet kombinert med visna lauv frå hagen. Den produserer store mengder energi som kan nyttast til oppvarming OG ny jord som kan førast tilbake til dei grunnleggjande verdiskapingsprosessane i naturen.
Dette er uhyre enkle og lett tilgjengelege løysingar. Dei kan gjerast på eiga hand eller i eit nabolagsfellesskap. Desse er framtida. Consumptor er den fremste årsaka til krisene i vår tid, og han er såleis heilt ueigna til å løysa dei. Me treng ikkje eit forbrukarsamfunn, me treng eit ansvarssamfunn.
I Første Losebok. Naturanto skriv eg om korleis Skamtida (Homo Consumptor sin tidsalder) banar veg for Katastrofetida. I den komande Jordboka for hagen skriv eg om alt det du og eg kan gjera for å hindra at me kjem dit. Dette blir og heilt sentralt på den store lanseringsfesten (Der du er hjarteleg velkomen!).
Eitt er i alle fall sikkert: Ingen krise blir løyst når ein set seg ned og ventar på at andre skal gjera jobben.