Mat kan dyrkast overalt
Og mange dominerande mytar kan avlivast i same slengen
Av professor Dag Jørund Lønning
Mat er eit allment behov og difor eit like allment ansvar. Dagens industrilandbruk er både naturøydande, dyrt, tungvint og ute av stand til å gjera seg nytte av det lokale ressursgrunnlaget. Behovet for dramatiske endringar er skrikande. Maten må demokratiserast. Mange fleire må involverast og mange fleire både må og kan dyrka. Vanskeleg er det slett ikkje.
Om mosepoteter, myrpoteter, skogskål og skogspoteter.

Forfattaren med fleirårig bladkål dyrka i skogkanten.
I arbeidet med å vidareutvikla og fremja regenerativ dyrking har eg eksperimentert mykje dei seinaste åra. Eg har dyrka poteter på areal som har vore fullstendig dekka av mose så vel som på skogsbotn og på myr. Fleirårig kål og strandkål har eg dyrka i skogkanten under svære hatlebuskar, mellom bjørnebærkratt og innimellom gyvel og berberis.
Utfordringar har det sjølvsagt vore. Til neste år legg eg til litt meir fuktigheitshaldande flis på skogspotetene (for å gjera dei endå betre i stand til å takla varme og tørke) og litt meir nitrogenhaldig kompost på myrpotetene (dei fekk berre omdanna grastorv i år), men avlingar, til dels særs gode avlingar, har det blitt heile vegen likevel.
Framgangsmåten har alltid vore den same: Bruk det du har av organisk materiale (det vere seg kompost, kompostert grastorv/mose, lauv, halm, flis, planterestar, kompostert fiskeslo/slakteavfall – eigentleg restar etter alt som ein gong har vore i live) og legg det rett oppå marka. Dyrk i dette!
Mine personlege favorittar er mosekompost (oppskrift i bøkene mine), fliskompost (også oppskrift i bøkene mine) og flis (her trengst ikkje oppskrift, berre fliskvern). Først og fremst fordi det er desse karbonkjeldene eg har mest tilgang på.
Regenerativ dyrking har som overordna mål å byggja natur, i denne samanhengen ny mold. Effekten av dette er god og sunn mat. Min erfaring med pionerdyrking er følgjande: Første året går mykje systemenergi med til å omdanna organisk materiale til humus og mold. Men framleis blir det overraskande godt med både poteter og grønsaker. Andre året blir avlingane særs gode. Då treng ein heller ikkje tilsetja meir enn eit tynt lag med organisk materiale på toppen (slik naturen gjer det).
Når Mor Natur får vera gartnaren går det bra med det meste

Poteter dyrka på skogsbotnen.
Kva eg sit att med?
For det første unik læring med og av Mor Natur, gartnaren med mange millionar års erfaring. Den som har sansane opne lærer noko nytt av henne kva einaste dag.
For det andre betydeleg meir naturmangfald (meir fugle- og insektliv, mykje meir mikroliv i molda og difor eit fabelaktig utgangspunkt for å dyrka endå meir avanserte plantar neste år).
For det tredje masse velsmakande poteter (her i huset er me sjølvforsynte på 50 m2 med skog og myr alt i dyrkingsår 1) samt overflod av fleirårig kål (her er me meir enn sjølvforsynte).
Null plantesjukdomar er ein ekstrabonus (så lytefrie poteter som dei eg dyrka i skogsjorda i sommar har eg knappast sett – Årsak? Vel, sopprota vernar planten i naturen, og poteter tek sopprot. Så kvifor ikkje i potetfeltet også?).
MEN også med erfaringar som set meg i stand til å tilbakevisa sterkt dominerande mytar om plantedyrking og matproduksjon. Eg skal ta for meg tre av dei her.
Nei, dagens norske industrilandbruk er ikkje «robust». Tvert om, faktisk
Den første er politisk og har vore aktivt spreidd i fleire tiår no. Faktisk i så stor grad at den har blitt hegemonisk – og det på tvers av det politiske landskapet. For når politikarar ringer meg med spørsmål om landbrukspolitiske tips eller innspel, er det ikkje reelle alternativ dei spør etter. I beste fall handlar det om små justeringar. Oftast om tillegg til det eksisterande. Altså nok ei spesialstøtteordning. Sjølve myta, at det mest «robuste» landbruket er eit storskalalandbruk drive av «profesjonelle» aktørar, står fast.
I røynda er det sjølvsagt motsett. Då det lokale datt ut av jordbrukssystemet, slutta det å vera robust. Etterpå har det går frå ille til verre til verst. Det politikken støttar opp under i dag er ikkje lenger jordbruk, det er jordforbruk, driftsmetodar som utarmar livet i jordsmonnet, slepp ut store karbonmengder, forgiftar og medverkar til storskala nitrogenureining over svære område. Økonomisk er det ein politikk som masseproduserer nye millionærar på feil side av null.

Enorme mengder med sopphyfar i potetfeltet i skogen. Alle potetene som vaks her var lytefrie.
I denne bobla betyr «robust» tydelegvis at færre og færre produserer maten til fleire og fleire med stadig større skade på naturen. I røynda er det vanskeleg å koma på noko meir vaklevore og sårbart.
For å finna verkeleg robuste verdiskapingssystem må me igjen sjå til naturen. Denne byggjer på breispektra samarbeid på tvers av artsgrenser og er alltid lokal. Dess fleire aktørar til å dela på oppgåvene, dess sterkare og meir produktivt vert systemet. Overskottet i ein organisk prosess blir næringa i ein annan. Det minste grasstrå i naturen har eit gigantisk økosystem rundt røtene sine, eit system som sikrar både næringstilgang og vern mot potensielle skadegjerarar.
Eit nytt og naturnært jordbrukssystem må byggjast over same leist. Innsatsfaktorar treng sjølvsagt ikkje importerast. Dei er her allereie. Overalt. Me er alle omringa av organiske ressursar. Mange av desse blir i dag definerte som «avfall». Kunnskap om korleis desse i staden kan omdannast til levande og produktiv jord må inn frå barnehagen av.
Med andre ord må jordbrukspolitikken leggjast dramatisk om, frå (brutalt mislukka[i]) næringspolitikk til reell matsikringspolitikk. Produksjonen av mat må gjennom ei demokratisering. Mange, mange fleire må involverast og få eigarskap. Mange, mange fleire må bli stimulerte til og få rom til å dyrka. I bygd og by. Til sjølvforsyning så vel som til vidareforedling. Me treng båe. Dei lokale verdikjedene må byggjast ut og styrkast monaleg.
Jo, det det går heilt fint å dyrka mat i veldig store delar av Noreg
Den andre myta heng saman med denne første. «Berre 3 % av landarealet vårt er eigna til å dyrka mat på» får ein titt og ofte høyra.
Treprosentargumentet kan vera godt å gripa til i debatt med arealkåte utbyggjarar, men kor mange trur eigentleg på at det er uråd å dyrka matplantar på 97% av Noreg sitt landareal?
Det går an å seia dette på ein annan måte: Viss den dominerande metoden for å dyrka mat – altså naturøydande storskaladrift med gigamaskinar, utstrekt pløying og kjemisk basert monokultur – set ein ute av stand til å nytta 97% av sitt eige landa

Settepotetene blir lagde oppå mosen. Oppå der att legg ein det ein måtte ha tilgjengeleg av organisk materiale.
real, er det slett ikkje rart at den nasjonale sjølvforsyningsraten er så urovekkande låg.
Eg kan med dette offisielt roa ned alle de der ute som sit med eigedom som ikkje inngår i desse 3 berømte prosentane; for så lenge klimaet opnar for dette går det an å dyrka matplantar meir eller mindre overalt.
Arkeologiske funn viser at den første matdyrkinga i Europa, på Hebridane for ca 12 000 år sida, var regenerativ. Det vil seia naturfornyande. Etterlatenskapar etter folk og dyr vart lagt rett på berg og dyrka i. Slik bygde ein ny jord og meir liv.
Denne metoden fungerer svært fint endå. Så lenge det finst tilstrekkeleg med ljos og vatn kan ein – med å tilføra organisk materiale – dyrka på berg, på skogsbotn, på mose, på myr, på plen, på grus og jamvel på asfalt.
Hovudmålet, fortel eg studentane mine i regenerativ jordbruk, er å byggja natur. Dyrking av rikelege mengder av sunne og velsmakande matvekstar er ein effekt av å lukkast med hovudmålet.
Med slike metodar går den dyrkande frå å vera ein jordforbrukar til å bli ein naturbyggar. Kvifor? Fordi mold er basis for alt liv. Den levande molda er sjølve motoren i den einaste reelle evigheitsmaskinen, naturen. Molda omdannar det som var til det som skal bli. Når det blir mindre levande mold får det negative konsekvensar for alt anna liv på planeten. Når me derimot byggjer ny mold, blir det meir liv rundt oss og under oss. Mikrolivet eksploderer i den vedvarande omdanninga av organisk materiale til humus, karbon blir lagra, det vert fleire insekt, meir mangfaldig planteliv, meir fugleliv og fleire pattedyr.
Dette kan alle prøva ut og medverka til. Mat blir det definitivt og mykje spennande og viktig naturlæring på kjøpet.

Skogspoteter
Nei, det er slett ikkje vanskeleg å dyrka mat
Myte nummer tre, at matdyrking er så «vanskeleg», er av nyare dato. Opphavet er ikkje kjent, og det er heller ikkje heilt klart kva som eventuelt skulle vera så vanskeleg med dette.
Når eg er ute og held foredrag merkar eg likevel at myta har sett seg, og det også blant dei som er langt meir enn gjennomsnittleg opptekne av plantar og dyrking. Folk kvir seg for å gå i gang. Dei har fått høyra at det å dyrka eigen mat er både arbeidskrevjande og dyrt. Så ofte eg kan seier eg difor følgjande:
Regenerativt jordbruk er ikkje vanskeleg og slett ikkje dyrt. Her blir sjølv nybegynnaren fort den vidarekomne. Innsatsfaktorane finst utanfor stovedøra og Mor Natur utfører store delar av sjølve jobben. Det eg gjer som dyrkar er å tilføra organisk materiale oppå marka. Så sår eg, set poteter, eller set ned den aktuelle planten. Eventuelt etterfyller eg gjerne litt med organisk materiale gjennom vekstsesongen om dette syner seg naudsynt. Utover den arbeidsinnsatsen er det dei mangfaldige og fantastiske systemprosessane i molda som arbeider. Dei gir plantane mine alt dei treng av næring og dei vernar dei effektivt mot skadegjerarar. Eg kjem først inn att når maten skal haustast.
Uhyre lettvint og veldig effektivt.
Den viktigaste forma for beredskap
Når meir og meir av det me et blir produsert og (ultra)prosessert gjennom storskala industrisystem, blir avstanden mellom menneske og maten brutalt stor. Dei tre mytane eg no har gått gjennom, har det til felles at dei forsterkar denne avstanden ytterlegare.

Det kan byggjast store mengder mold på kort tid i slike dyrkingssystem.
Difor er dei ikkje berre usanne men direkte farlege. Mat er verken luksusgode eller forbruksvare, den er eit menneskeleg basisbehov. Og såleis eit felles ansvar. Når me i staden overlèt ansvaret til eit marknadssystem som blir stadig meir sentralisert, storskala og straumlinjeforma, gjer det oss alle uhyre sårbare.
«Beredskap» er eit populært ord i våre dagar. Men som tilfellet er med det meste no i Skamtida blir også dette omsett til storskala og/eller vare. Til noko som kan seljast og kjøpast. Det handlar om svære kornsiloar eller om ein ferdigpakka kartong på butikken. Check, check, beredskap på plass..
Men ser me igjen til naturen, ser me at det å vera førebudd på kriser handlar om noko uendeleg mykje viktigare enn varer: Det handlar om kunnskap. Kunnskap om kvar og korleis mat kan oppdrivast når flaumen, tørken, eller kva det måtte vera, gjer det uråd å hausta frå dei vanlege kjeldene.
Gjennom nesten heile vår tid på denne kloten er det kunnskap om alt det fantastiske etande som finst i naturen rundt oss og om det å dyrka mat med dei organiske ressursar som finst på staden, som har berga oss menneske også. Å ta vare på og spreia slik kunnskap, er det desidert viktigaste og mest effektive av alle moglege beredskapstiltak.
Eit lett omskrive kinesisk ordtak lyder slik: Gje ein mann ein blomkål og du mettar han for ein kort periode. Lær mannen å dyrka og han kan gå mett resten av livet.
Dette er ikkje ei myte men ei viktig oppskrift på verkeleg mattryggleik.
[i] Det burde ikkje vera naudsynt å kvalifisera denne påstanden, men eg gjer det likevel: Noreg har verdas nesten høgaste støttenivå for landbruket. Og det held fram med å stiga samtidig som talet på støttemottakarar fell dramatisk. Det betyr meir og meir offentlege pengar pr bruk. Alt medan den nasjonale sjølvforsyninga går i kjellaren. Den er no på om lag 43%.
På slutten av 90-talet gjennomførte eg eit større forskingsprosjekt om rekruttering til landbruket. Alt då var talet på gardbrukarar altfor lågt, om lag 70 000. No er knapt halvparten att. Og gardane blir berre større og større, og mindre og mindre baserte på lokale ressursar. Den same næringsutøvaren som gaular «Kjøp norsk!» i ålmenta, fôrar med soya frå Brasil, sprøytar med gift frå USA eller Tyskland og gjerdar bøen, med ryggen til eigen skog, med gjerdestolpar frå Baltikum.
Eg har vore i dette gamet lenge no, og eg kan med handa på hjarta seia at det er VELDIG lenge sidan orda «landbruk» og «bygdeutvikling» figurerte i same setning. «Landbruk over heile landet» er også redusert til eit munntame. Ja, orda høyrest framleis fine ut i festtalar og politiske program, men ein skal ikkje reisa langt for å avsløra realitetane. Den kanskje einaste attverande bonden i bygda slår 32 andre gardar og køyrer traktoren 25 mil for å gjera jobben.
For å vera tydeleg og personleg: Det er komplett uforståeleg for meg at oppegåande menneske framleis støttar dette systemet!




